Gleda

Eg kjenner plutseleg eit gledeshopp. Hjarta som gjer ein piruett. Av glede. Over ferie.

 

Berre tanken og den varme lufta set i gang ein endorfindusj i mitt indre. Eg kjenner eg vert så hoppande glad. Eg kjenner gamle kjensle dukkar opp. Frå da eg var ung. Rusla barføtt ut på terrassen  ein sommardag. Vatna den eine verandakassen eg hadde. Skulle noko -. Ha heile livet framom seg utan å vete kva det kom til å innehalde.

I dag kjende eg dette, den same gode sommarkjensla, rusla ut, lese bok, ha tid……


Sola fekk eit slør av skyer framom seg etter kvart, og verda vart mest turkisgrøn.

Sommarferien min utan ei tidsbestemt plan, utanom at eg tenkte hjelpe jentene med det som dei måtte ha hjelp til før eit nytt skuleår. No har begge husvære for året. Mellomste har tinga sine hos faren og vil flytta inn i neste veka. Yngste vil reise til byen før neste helg.

Eldstemann har fødselsdag no til fredag, og i dag, etter ein prat med han, vart vi einig om at eg ikkje kom nedover til dagen. Eg hadde ikkje lagt heilt frå meg dette at kanskje eg kunne finne nokon til å passe boffen. No kan eg leggje frå meg den tanken. Og eg kan ta ein tur ned til Oslo når systera mi, som leier nedunder, er attende. Vi passar hundane åt kvarandre når vi kan.

Så frå neste helg er eg fri til å finne på noko for min eigen del, for da eg jentene klare for sine liv og skulegong. Da kan eg sjå på mitt gjennom rosa glas.

Akkurat i skrivande stund har eg nett fylgt yngst ned til bussen. Eg må nok berre finna meg i å dele samværet med dei mellom alle venene og faren. Slik er det og slik ska det væra.

Så no har eg nokre dagar i eige selskap. Eg trur eg skal ta kontakt med ei venninne, eg skal ta turen framom foreldra mine og kanskje ta dei med på ein tur, eg skal pusle med ting heime, eg skal ta meg tur i skogen, eg skal leva på mine premissar.

Eg koser meg skikkeleg og har det så fint i seinsommarferien min.


Ludvig, Lucas, Cleo og Miranda i avslappa sommarleg sameksistens.

Med dagar i handa

 

Det luktar roser i stova. Det brenn talgljos og ein dag er over. Klokka har bikka midtnatt.

 

Eg er på ein måte godt sliten. Føler eg har bruka meg på eit godt vis. Her eg sit i rosenduft frå roser plukka i hagen. Ein raud bukett og ein kvit.

Eg har hatt ein dag med innhald på mange plan. No kjenner eg både dagen og går kvelden i kroppen.

I går segla verdas lataste dag over himmelen heilt til kvelden kom. Da fann mellomste og eg ut at slik gjekk ikkje. Så vi pakka oss sjølv og boffen inn i bilen. Vi hadde funne ut at vi skulle sette eit kryss på at vi hadde vore på eit av dei lettaste måla i noko som heiter 4Fjell. Først måtte vi framom sentrum og fylle bensin, og da vi var på veg til starten såg vi sola dukka ned i havet. Så vi var litt seine ut med denne turen vår.

Vi la friskt i veg. Fann dei raude merka og stigen. Turen skulle ta ein time opp, og ikkje var det høgt heller.

Men vi fekk likevel ei fantastisk utsikt utover havet. Til slutt hadde vi kome opp på eit berg og vi hadde ein halvtime igjen. Klokka hadde vorte elleve og det starta å mørkne såpass at vi såg mest ikkje merka. Og i og med at vi skjønte vi hadde hamrar i rundt oss og berga var glatte, snudde vi der. Men uansett, vi fekk ein times frisk gange. Vi får prøva å nå målet ein annan dag medan det er ljose dagen.

I dag har det vore smårydding i heimen, vasking av klede, litt tid i solstol. Og så reiste mellomste opp til Trondheim for å sjå på hybel og møte ei venninne. Litt seinare kom yngste heim saman med ei venninne. Eg steikte arme riddarar åt oss. Dei er no i gong med å reie opp til henne som er med på vitjing.

No kjenner eg ein iherdig Jon Blund som gjer sitt beste for å tyngje augelokka. Trur eg må kapitulera. I morgon er ein ny dag.

God natt.

Mirri

Så ser eg det og tenkjer…..kankje eg skal slå meg med. Og fordi eg er så vaksen så går eg til ei anna vaksen dame.

 

Eg klappar laptop’en opp og går inn på bloggverdenen. Der møter det meg det eine svart kvite bilete etter det andre. Konkurranse står det ……….. og kven er det som køyrer i gong konkurranse anna enn Frodith. Ta bilete av dyr i svart kvitt står det……..eller meir korrekt; sort hvitt, og så seier ho Jeg spør igjen: Blir du med???

Kvifor ikkje, tenkjer eg. Eg finn fram eit gamalt bilete av ei gamal katte. Den ultimate sjefskatta.

Miranda Veranda.

Ho har våre saman med oss i nokså mange år. Var med på flytelasset hit, der vi mellomlanda ein månad hos foreldra mine for snart åtte år sidan. Da vi kom hit hadde ho fått nok av flytting og rømte. Tre månader etter dette kom ho attende og lukta skog.

I dag er ho passert 13 år og tek seg fridomar. Slik som ein rusletur over bordet. Men eg kan fortelje om ho i eit anna innlegg ein gong. I dag får ho representera og vera mitt bidrag inn i konkurransen inne hos Frodith.

Bli med du og, om du ikkje har sendt eit bidrag-.

Dagen der på og slikt

Etter ein dag med sol har sola gøymt seg attom dei grå massane. Og eg sit her min kvite stol og er mest borte etter turen med kassane. For eg er har ferie og er klar……..

 

Kva eg klar til?

Nei, nei, ikkje slik……

Eg er klar som i sliten. For eg synest det er fantastisk godt og sitte her. I stolen, Sjølv om data’n øver opp tolmodet mitt, for nokre bokstavar må eg slå ekstra hardt på for å få. Og space-tasten må eg treffe midt på, om ikkje vert alle orda drege saman til eit laaaangt uforståeleg ord som eg må rydda opp i. Når ein skriv med slikt må tolmodet fram.

Men i går altså, da tok vi turen over bruene og med ferga og med tilhengar. Etter ein god frukost. Der vi laga oss juice og laga omelett med urter frå hagen. Slik at vi måtte ta bilete fordi vi syntest det såg så godt ut. Og det var så klart det.

Så no har yngste flytta inn og fått sett på plass hos seg. Ho prøvebur i helga. Fekk melding i går kveld om at det vart så koseleg. Ho hadde vennetreff og dei var bokstaveleg talt hoppande glad for å sjå kvarandre. Dei hoppa rundt på gata da dei møttes. Slik er det og væra 18 år.

Og eg sit her i dag. Og er klar. Heilt klar til å gjera ingenting. Litt slik i ingenmannsland, litt småbekymra, litt svolten og tenkjer eg må ta tak. Eg har dagen der på. Det har gått i hektisk tempo frå eg sa ferie på torsdag. I dag har eg første dagen på lang tid utan plan.

Så først vil eg slappe av. I stolen min, som er kvit. Kanskje eg skal skifte over til det grå trekket. Det er finare.