Med dagar i handa

 

Det luktar roser i stova. Det brenn talgljos og ein dag er over. Klokka har bikka midtnatt.

 

Eg er på ein måte godt sliten. Føler eg har bruka meg på eit godt vis. Her eg sit i rosenduft frå roser plukka i hagen. Ein raud bukett og ein kvit.

Eg har hatt ein dag med innhald på mange plan. No kjenner eg både dagen og går kvelden i kroppen.

I går segla verdas lataste dag over himmelen heilt til kvelden kom. Da fann mellomste og eg ut at slik gjekk ikkje. Så vi pakka oss sjølv og boffen inn i bilen. Vi hadde funne ut at vi skulle sette eit kryss på at vi hadde vore på eit av dei lettaste måla i noko som heiter 4Fjell. Først måtte vi framom sentrum og fylle bensin, og da vi var på veg til starten såg vi sola dukka ned i havet. Så vi var litt seine ut med denne turen vår.

Vi la friskt i veg. Fann dei raude merka og stigen. Turen skulle ta ein time opp, og ikkje var det høgt heller.

Men vi fekk likevel ei fantastisk utsikt utover havet. Til slutt hadde vi kome opp på eit berg og vi hadde ein halvtime igjen. Klokka hadde vorte elleve og det starta å mørkne såpass at vi såg mest ikkje merka. Og i og med at vi skjønte vi hadde hamrar i rundt oss og berga var glatte, snudde vi der. Men uansett, vi fekk ein times frisk gange. Vi får prøva å nå målet ein annan dag medan det er ljose dagen.

I dag har det vore smårydding i heimen, vasking av klede, litt tid i solstol. Og så reiste mellomste opp til Trondheim for å sjå på hybel og møte ei venninne. Litt seinare kom yngste heim saman med ei venninne. Eg steikte arme riddarar åt oss. Dei er no i gong med å reie opp til henne som er med på vitjing.

No kjenner eg ein iherdig Jon Blund som gjer sitt beste for å tyngje augelokka. Trur eg må kapitulera. I morgon er ein ny dag.

God natt.

16 kommentarer
    1. Det er sånn ferien skal være. Hvor man kan være litt impulsiv, og ha litt svevende planer. Og ikke minst, at det ikke er krise om man ikke når å gjøre alt man satte i gang. Fint å kunne gå den turen en annen dag også 🙂
      God natt og sov godt <3

    2. det er et ordtak som sier att det er inga skam å snu,dere fikk en fin tur og av bildene å døme noen fantastiske farger også,det er tross alt viktigere enn lengda.
      Håper du fikk en god natt så du er utkvilt i dag

    3. Det var originalt å starte ein fjelltur så seint på dag, men eg ser de fekk utbytte av turen. Bildene av kveldsola bak skyene var fine. Arme riddarar er jammen lenge sidan eg har laga, du sette meg på idèen, så det vil eg laga i kveld. :-))

    4. Eva: Så sant, kjenner ferien begynner å senke seg i kroppen. Litt av stresset sitter igjen, men bort skal det i turer, glede og sensommer :)))). Og den turen skal vi ta igjen, men må kanskje vente til mellomste er hjemme – så hun får bli med helt fram. Men det finnes et par lette turer til….må starte med de. Forma er dessverre ikke topp, og skal jeg opp på Prekestolen skjønner jeg at jeg må henge i :).
      Ha en riktig fin dag. Klem<3

    5. fruensvilje: Det var nok lurest å snu ja, så det var høyt ned der vi var og ukjent terreng med glatte berg så vart litt risiko, og jeg har ikke tenkt bruke ferien til benbrudd eller lignende. Og en timestur var helt greit, vi prøver på igjen senere.
      Natta har vært god, og du må ha en fin dag :).

    6. Oldemorbloggen: Turen gjorde godt, vakkert var det, men direkte smart var det kanskje ikkje å gå i ukjent terreng i tussmørket.
      Arme riddare smakar godt, kos deg med dei når kvelden kjem :).

    7. Det mørkner tidligere og tidligere om kvelden, og jeg merker når jeg er på nattevakt at de ikke blir så tidlig lyst heller. Håper vi likevel kan få noen tørre , fine og lyse augustdager og kvelder…

    8. Mariann Sæther Tokle: Ja, det var det vi fant ut og derfor snudde. Men vakkert var det og vi skal ta turen opp igjen under lysere forhold :).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg