Pakkebrev

Skal vi stoppa attmed postkassen, seier mi yngste. Så ho svingar innom med L’n attpå bilen.

Og ut sprett ho som øver køyring. Ho kjem attende med mykje reklame og eit brev. Eit brev til MEG!!!

Det var frå godeste Frodith.

Eg måtte opne det meg ein gong der og da. Inne ikonvolutten låg ei lita veske, akkurat passe til og ha mobilen i. Og så fin den var, sjå her:

Så no slepp eg å leita meir etter telefonen.

Eg fikk den fordi eg var med i en challenge, denne.

Men overraskinga var ikkje ferdig med dette. Inne i konvolutten låg ein konvolutt til.

Der fann eg denne søte magneten.

Og denne fikk eg for at eg bokstaveleg tolvte time kasta meg ut i denne konkurransen.

Så tusen takk til søte Frodith som opnar galleriet sitt med mykje hjarterom rett som der.

Dokumentasjon

 

Eg sa eg skulle om vi gjorde……… Og vi gjorde det.

 

Etter at havrepannekaka ikkje kjendes fullt så godt i magen, såg vi to i huset på kvarandre. Vi gjer det sa vi……………….

Vi dreg opp til Sandvatnet, joggar på stranda og badar. Sjølv om temperaturen berre viste 11 gradar på målaren utanføre kjøkenvindaget.

Dette var i gårkveld.

 

Vi pakka med oss vatten, handdukar og hund. Og vi følte oss tøffe, spreke og litt slik på “toppen av fjellet”.

Sanden var så kald at den mest svei under føtene.

Yngste la i veg først.

Vi tok nokre turar att og fram langs stranda for å få opp varmen.

Like før vi reiste opp såg eg gjennom eit gamalt IFORM blad, og der fann eg akkurat det som passa og finne. Eit innlegg om trening på stranda. Den var riktignok utført med sola hengande høgt på himmelen, men det måtte fungera attmed eit fjellvatten under heilt andre temperaturar også…..Så vi to som skulle akkurat på ei strand, vi pugga inn tre øvingar kvar. Da vi hadde fått opp varmen såpass at det gjekk å legga seg i den kalde sanda, køyrde vi på.

Vi skulle ta 12 repetisjonar, men akkurat der fjuska vi. Alt er betre enn ingenting trur eg vi begge tenkte. 

I bladet sto det vi skulle klaske hender da vi var ferdig, så det gjorde vi.

Så var vi klar over siste post, og den viktigste. Sjølve badeturen. Først for yngsteberta ut i.


Og så eg. Det rare var at det var ikkje så kaldt i vatnet. Og det var nok den kalde lufta som hjelpte på der. Men det VAR kaldt. Og frykteleg friskt.

Og korleis trur du det føltes etterpå?

Jau, fantastisk herleg, kroppen var god og varm. Og så å køyra ned til varm dusj og middag etter dette var absolutt ikkje feil.

Etterpå snakka vi om kvifor vi ikkje gjorde slikt meir.

 

Har du gjort noko i sommar som har gått utanom komfortsona di og som du fekk ein positiv oppleving av?

 

Dagar med vêr

I morgon fer vi på fjellet og badar sa vi i går. Etter vi forsto vi mest ikkje kunne det da…….

 

For i går, i går var ein vêr dag. Som starta med steikande sol og frukost på terrassen. Så både graset kunne slåast og kroppen solast……..tenkte eg.

Men så skya det over og plutseleg var levenet laust. Det slo i dører og møblane på terrassen vart enormt livlege med puter strødd utover. Så medan vinden reiv og sleit fekk eg organisert etter beste evne. Friskt var det, litt slik å sloss mot naturkreftene….. Og verre skulle det bli.

Han Tor tok reisa si over himmelen med bulder og brak. Og boffen som ikkje er glad i han Tor, bjeffa i veg. Skikkeleg hurlumhei var det. Og som det ikkje var nok, vart det strødd sukker over landskapet. Men hallo…….det var ikkje sukker, det var hagel ein sommardag i august.

Så du forstår at i går var det ingen dag til å bada i -.

 

Dagen i dag start grå og skikkeleg trist med regn og regn og regn. Vi to i huset fann ut at litt slik reinsing var nok riktig i dag……..av både klede og til innvortes bruk. Så medan vaskemaskina rullar med magen sin for reine klede, laga vi oss ein juice av eple og pastinakk. Og ja, tusen takk, den smakte søtt og godt.

Og akkurat no kom sola fram, så kanskje vi kan ta fri frå tankane om framtida, reine klede og pakking for dagar som straks kjem.

Kanskje vi kan ta oss eit bad etter ein springartur i sanda på stranda…………??????

 

Og gjer vi det skal eg jammen dokumentera hendinga.

 

Men no regnar det igjen……………… 

Nokre få små

Sola, sola, sola…….den var her mest heile dag i går. Og da vil ein gjerne så mykje……

 

Det ropa på meg frå alle kroker. Hit, hit sa det. Du må komme hit, du må gjera ditt og du må gjæra datt.

Eg rista på hovudet……blir så frykteleg kjasete av slikt mas. Eg kan ikkje alt, og alt set seg fast som ein propp liksom. Ristinga hjelpte og tankane kom i driv.

Så eg ropa til yngste som var nede. Og ho var heilt med på plana.

Vi hadde snakka om setertur, men eg hadde og snakka om å ta med meg foreldra mine opp. Dei hadde ikkje vore der i sommar.

Dei sa tvert ja til planane. Så vi dura i veg, innom butikken for å handla inn til graut og spekemat. Eg hadde berre shorts og topp med knyting bak nakken. Så eg tok etter jakken. Da reagerte yngste, kvifor skulle eg det………. Så eg valte å prøva turen innom butikken så lettkledd.

Der var det fullt av folk, der var det mange turistar, mange var sikkert slike fisketuristar i utgåva menn, frå Mellom-Europa. Der var det innvandrarar og folk frå jobben. Og eg følte dei stirra….., veit ikkje om dei gjorde, på denne godt vaksne dama med mage og hengpuppar……. Men eg fauk som ein prosjektil gjennom butikken og sette ryggen mot dei fleste, så ukomfortabel er det lenge sidan eg har følt meg.

Og dottera lo av mor si, som vart så forknytt av sin lettkledde framtoning. Det er ikkje så lenge sidan eg kunne gå gjennom verkelegheita tynn og langbeint med ein kropp som sat meir fast, så eg veit kjensla. Berre ein liten jakke hadde hjelpt meg i går. Så slik skal ikkje eg gå på butikken i lokalmiljøet mitt meir. Yngste skal få le.

Men vi kom oss opp. Eg hadde litt startproblem, kvar var fyrstikkene og virka gassen……? Til slutt var det berre flatbrødet som var fråverande, og det fekk våga seg.

Vi hadde ein storveges dag, og foreldra mine kosa seg og skein i kapp med sola. Og dei fortalte historier frå sin eigen ungdom.

Vi køyrde oss ein tur innover til eit fellesbeite. Og vi lo godt da mor uttrykker sin meiningar om kor dumt ho synest det var at folk ikkje heldt sau lengre. Ho hadde ikkje før sagt setninga frå seg ein gong før det dukkar opp mengder av sau frå det djupe graset langs vegen.

På turen attende stoppar vi attmed eit vatn. Yngste og eg hadde tatt med oss badedrakter. Ho vassa først uti.

Eg etter.

Og langt ut i august er vatnet framleis ISKALDT. Kjente det isa i beina. Eg kom meg litt lengre ut før eg dukka meg så fort nedi at mest badedrakta ikkje vart våt. Og eg synest det heldt. Men yngste meinte det vart for dårleg. Vi sto der omtrentleg fem meter frå kvarandre.

“Eg skal symje bort til deg” sa eg.

Så eg la meg ned og tok nokre få, små tak.

no kan eg seie eg har bada.

 

Andre veka

 

Ein dag i august. Ein dag i ferien. Andre ferieveka har starta. Og eg, eg sviv i rundt i mi eiga verd.

 

I går tenkte eg opp til fleire ting……tenk det.

Litt ironi ein måndag.

Eg vakna til dagen seint, men oppdaga at dagen smaka sommar. Ute på terrassen blomstra det, og temperaturen tålte absolutt lette klede – til tross for at også skydekket var lett.

I går tenkte eg at eg skulle både ta ein tur på ei fotoutstilling og vitja naboar der vi budde før. Samtidig som eg henta yngste heim og fekk levert ein pressening som høyrde faren til. Dei hadde og så mykje kattemat med seg oppover som det var greitt å få hit til dei som skulle ha det. Slik tenkte eg.

No vart det berre til at eg henta eine jenta mi. Den andre jenta mi, den mellomste, sa: “har du lest kortet mitt no mamma?”

Ho hadde laga eit fødselsdagskort, som eg ikkje tok meg tid til å lesa da eg fekk det på dagen. Og etterpå har det berre dukka opp i små glimt i husken. Men aldri samtidig med både tid og å ha kortet i handa. Eg kjente eg vart lei meg over meg sjølv. Kva for mor var eg eigentleg?

I dag fann eg fram kortet. Saman med tid. For eg ville ha tida til å kosa meg med det når eg las det.

Eg vart rørt. Mi fine, gode mellomste.

 

Henta og all kattematen, kattmat som dei ikkje kan selja på butikken der kjærasten til sonen min arbeider. Fordi emballasjen har vorte skadd. Så ho tenkjer på oss og dyra våre. Ho er og ei fantastisk jente.

Samtidig vart eg overraska med ein pakke frå dei der sør. Ei fødselsdagsgåve. Kjempespent pakka eg opp.

Og eg vart så glad for gåva. Eg synest mat er veldig spanande. Pai er eg svært glad i. Og her var det både oppskrifter og ei lita, nett paiform. Det var og med eit krydderglas, men det er ikkje med på bilete. Tru eg må testa ein av oppskriftene i dag.

Fekk forresten ein flaske vin frå x’n, men ikkje den same flaska han fikk frå meg…ha ha.

No dukka yngste opp, ho trudde det var dårleg vær, så ho hadde tenkt ho berre kunne sove.

No ska vi kose oss med dagen, sommaren og ferien.

Ha ein riktig fin dag. Er det sommar hos deg?

Eg tenkjer på deg og saknar deg

Han vart fort noko viktig for henne. Dagane var fargelagt av HAN. Meldingane frå han førte glede med seg. Innhald. Først. Men så starta uroa å gnage…….

 


 

Han var på tur heim. På tur heim til seg sjølv. Så han kom nærare henne, men likevel så alt for langt unna. Ho følte ho kjende det på seg at mila krympa mellom dei.

Så fekk ho meldinga. Meldinga om at han var heime. Ho skunde seg å svara. Kjende ho var så glad over at den lange tida med den store avstanden var over. Den avstanden av kilometer og tid ho tok på seg arbeidet med å ta da dei vart kjende.

Dagen gjekk utan ho høyrde meir, noko ho syntest var naturleg. Han måtte sove etter den lange bilturen. Da dagen etter gjekk og den etter det, utan livsteikn, starta ei uro å gnage. Kva hadde skjedd, låg han der sjuk utan å greie og kontakta nokon…… Eller var han ferdig med henne, sjølv om orda han sende sa noko heilt anna……?

Enn og forelska seg slik…….. Etter eitt møte. Var ho desperat eller var han mannen i hennar liv???

Dei hadde allereie snakka om framtida. Han var flyttbar hadde han sagt. Ho hadde barna, dei gjekk på skule her ho budde.

Den tredje dagen sendte ho ei melding der ho spurte om noko hadde skjedd.

Det kom ikkje noko svar.

Det var da ho vart ein stalker.

 

Barna var hos faren så ho hadde søndagen for seg sjølv. Ho gjekk inn på nett og leita etter HAN. Han hadde fortalt at han ville gjerne finne seg ein kjæraste så han hadde lagt seg inn på eit par nettbaserte datingsider. Ho laga seg profil og gjekk inn. Kjende kvalme over å gjera dette…. Ho hadde gjort det ein gong før, for å sjå kva han skreiv.

Han var borte!

Var det fordi han hadde møtt henne eller for nokon annan……???

Så gjekk ho inn på det ho trudde var facebookprofilen hans, som han hadde sagt han ikkje bruka i nokon stor grad. Den var like tom som tidlegare.

Tida går fort på nett.

Plutseleg kom det inn ein aksept på veneførespurnad.

Frå HAN.

Ho vart varm og kald. Hadde ho kome borti og spurt han om venskap…..så flaut. Han levde i alle fall. Ho slo av heile data’en og gjekk i gong med å leggje saman klede. Barna kom heim om eit par timer og ho måtte få unna seg en del arbeid.

Om kvelden da barna låg, tok ho fram att pc’en. Ho hadde tenkt på alt frå å orsaka seg til å dure i veg med mistankane.

Det ho skreiv til slutt var “er du Pedro frå Spania?”

Svaret kom nokså raskt, at det var han. Og at han trudde ho hadde gløymt han, funne nokon annan, fordi han ikkje hadde høyrd frå henne, ikkje fått svar påmeldingane sine………

Ho kjende kor godt det var at alt var som det skulle igjen. Inni henne. Det kunne nok hende at det kunne skje, at meldingar ikkje kom fram. Og etter at ei venninne som kunne spansk, hadde lest linkane og ein samtale frå ein og same dame som hadde dukka opp på veggen hans på facebook da dei vart vener, kjende ho den god kjensla fekk plass igjen. I tillegg hagla meldingane inn frå han dagen etter, kor han sakna henne.

Dei hadde snakka om å møtast når han var attende i Noreg. Ho hadde ei ferieveke til gode. Så ho hadde snakka med faren til barna om han kunne passa dei den veka. Dei budde såpass nære at det gjekk greitt.

Meldingane kom som før utover veka, om kor han sakna henne og tenkte på henne. Ho sakna også han, men ho sakna noko meir. Ho tenkte språket kunne være ei utfordring for han til å væra verbal. Derfor vart meldingane så einsidige. Da ho ymta frampå om den ferieveka, fekk ho ikkje den ivrige reaksjonen attende som ho hadde venta. Ho forsto han hadde mykje å gjera på jobben, og at han ikkje kunne ta seg fri. Men ho kunne da kome til han, være samen med han når han var ferdig på jobb……

Det var straks ny helg, og ho valte og vente til kvelden med å svara på meldinga han hadde sendt henne om morgonen. Om at han tenkte på henne. Det kom ikkje svar, så han hadde nok lagt seg. Neste dag gjekk også, utan svar. Ho kjende ho vart fylt av uro igjen.

I starten var ho så trygg på dette. På han. Auga og blikket, væremåten hans, alt, hadde gjort henne trygg på han. Men all denne tida med meldingar som ikkje fortalte så mykje meir kven han eigentleg var, hadde gjort noko med tryggheita. Gjort noko med orda frå han, han sa han ville ha henne. Ord ho hadde trudd på, men som hadde mista betyding fordi det berre var ord over månadar. Handlingane var fråverande, ynskje om å leggje konkrete planer var for fråverande. Dette var berre luftslott tenkte ho. Kjente på kjensla av å verta skvisa mellom tryggheita og uroa.

Om kvelden kom det melding. Han skreiv at han hadde lagt frå seg telefonen heime om morgonen. Igjen kjende ho gleda spreidde seg. Han var der likevel.

Men ho måtte finne ut om denne veka. Det måtte passe med jobben. Ho kunne få ta ut ferien om to veker, og det passa også for faren, barna kunne bo hos han.

Ho sendte ei melding, om dei kunne ta ein prat i helga. Ho fekk svar at han skulle arbeide på laurdag, om ikkje så lang dag. Og at jau da, dei kunne ta ein prat – ein dag.

Da kjende ho det. Uroa. Igjen var det den som fylt henne. Og da ho såg han hadde vore på facebook kvelden før, samtidig som han hadde fått ein link igjen frå denne dama. Ei dame som hadde vorte lagt til som ven på nyåret, såg ho, og som hadde sendt linkar jamleg etter det. Da skjøna ho at dette ikkje gjekk. Ho vart så fargelagt av dette, enorm glede og frykteleg nedstemt etter kva ho trudde gjennom eit liv på nett og mobil.

Var det eit slikt liv ho ville ha?

Ho kjende ho var redd sannheita, at han eigentleg tenkte på ei dame i Spania og var redd for å såra henne. Men var ikkje sannheita betre. Likevel…. Og om så var, så fekk ho ta den sorga det ville føre til. Den ville gå over, men å gå slik i det uvisse fortjente ho ikkje sa ho til seg sjølv.

Ho hadde allreie starta og skriva eit brev i hovudet. Ho trong ikkje nokon samtale over telefon. Kanskje ho skulle bruka mail. Det var hennar ord og hennar kjensle ho ville formidla. Formidla det slik at han forsto at han måtte seia sannheita. Sannheita slik ho vart trygg og slapp mistanken. For den hadde han set høgt hadde han sagt, sannheita. Ho ville berre vera trygg, sleppe usikkerheit sjølv om det kunne føre til at ho ikkje hadde nokon å tenke på…….. Det sannsynlege var at ho ville nok overleva det også.

Ho hadde gjort det mange gong før.

For mange år sidan og framover

Her sit eg og kan ikkje anna gjera. Eller……..det kan eg nok, så klart……. Men ikkje der eg ville ha vore i dag.

For 24 år sidan låg eg med ein liten gut i armane. Eit levande, lite barn, passe stort og heilt perfekt. Sidan den gong har dagen vore feira. I fjor feira han saman med jenta si, det var berre dei to.

I år reiste søstrene og faren for å være saman med han på dagen. Det var plass til meg også, men hunden hadde ikkje eg plass for. Så litt lei meg fekk eg ikkje feira saman med han i år heller. Men neste år, sa eg, da eg ringte for å gratulera tidlegare i dag. “Da er du eit kvart århundre” sa eg til han. Og han syntes tida hadde starta å gå fort.

Han har hatt ei reise gjennom livet sitt med mykje lærdom. Han ga og meg lærdom, lærte meg å sette sjøbein på landjorda. Sjølv står han på føtene sine på både betre og betre vis. Han er ein oppvakt gut.

Den første ordentlege barnefødselsdagen feira han da han var tre år. Det budde mange i gata som var omtrentleg like gamle. Vi hadde fiskekonkurranse. Eg sydde og måla fisk som eg fylte med godteri. Ungane låg på magen på golvet og fiska gjennom ei opning under gelendret framom trappeopet.

  

Fotograf Ingvild

Så kom søsterene og dei fekk gode søskenrelasjonar. Bileta under er frå 1997, 2003, 2009 og 2013.


Fotograf Ingvild

Så kom  fjortisperioden hans som eg ikkje ante konturane av. Og at denne guten har ljose foreldre er ikkje til å tru.


Fotograf Are

Frå denne perioden gjekk han over i ein periode der det handla enno meir om utseende og han hadde nokre modelloppdrag.

Fotograf veit eg ikkje



Fotograf Marina Knudsen


Fotograf veit eg ikkje



Fotograf Ingvild

Her er siste fødselsdagen eg var med og feira. Han fylte 22 år.


Fotograf Ingvild

Frå i fjor sommer.


Fotograf Ingvild

Og frå eg besøkte han og kjæresten i april. Han var heime ein tur i juni, men det hadde eg ikkje noko bilete frå.


Gratulerer med dagen Are, eg dukkar nok opp ein tur i august når eg har hundpass.

Ein sommardag

 

Det er kveld. Eg sit ute men skal straks gå inn. Ser mest ikkje bokstavane på tastaturet.

 

Det er ikkje så ofte ein kan sitja på terrassen i lette klede når det nærmar seg midnatt og ein bur på Nordmøre. I kveld går det an. Eg har tend talgljos og slått i eit glas vin.

Himmelen er ljos i vest med lett teikningar av skyer.

Det er så godt å kunne kosa seg.


I dag måtte eg på Kyrksæterøra til veterinær og kjøpe hundemat. Eg spurte mor og far om dei hadde lyst på ein tur i dag. Og slik vart det. Vi åt middag og handla der. Og så køyrde vi oss ein tur. Valet vart Kårøyan, ein gard som ligg oppom Vinjeøra ein mil innover skogen. Der ligg ein gard som har servering. Da vi kom innover møtte vi ei lita jente som kunne fortelja at det berre var opent i helgene. Men turen innover var fin med mykje idyll.

Så om det ikkje vart nokon kaffikopp der tok vi den her hos meg. Eg steikte vaflar og tok opp Sunndalsgraut frå frysaren. Etterpå sendte eg restane med gjestane. For slik kost må eg passa meg for. Så køyrde eg foreldra mine heim.

Og etterpå tok eg med meg eit vinglas ut på terrassen. Sjølv om mykje av dagen har vore i bil, kjenner eg at dette har vore ein ekte sommardag. Ein god dag som rommar sommar på sitt beste. Og eg nyt.

Endeleg

 

Det er så alt for lett at planer flyt ut. Eigentleg kan eg ikkje tillate at det skjer.

 

I dag er det onsdag, og ein gong for ikkje så lenge sidan tenkte eg at det skulle være vegedag kvar tredje veke. No trur eg vekene har lura seg forbi til likt med snop som har lura seg inn i munnen. For det er da sommar og det er kaker og ein skal da kooooooose seg……..har hjernen funne ut med hjelp av oppbruka karakterstyrke.

Og gjett om turen opp påvekta i dag hadde stor motstand. Men tanken på at eg ikkje kunne fortsette slik eg har gjort, fekk meg opp. Og den viste to kilo opp, og det måtte være stopp. Heldigvis var det ikkje verre. Men om eg ikkje tek skeia i ei anna hand vil vekta vise tre tal snart……….og det vil vi ikkje ha noko av.

Så eg tok på meg treningstøy før frukost. No var det litt for varmt i dag, så bytta til ein shorts.

Eg kombinerte utfarten med eit besøk hos foreldra mine. Der er det er nokså bratt turløype opp til ei seter. Eg hadde eigentleg ei plan om å ta den turen ein gong i veka. Men eg har berre gått den ein gong like etter eg kom heim i juni, før turen no i dag.

Eg bruka ein og ein halv time til saman på vegen opp og ned. Da dreiv sveitten slik at eg mista mest synet……..det svidde på auga. Var nok litt i varmaste laget i dag.

No vurderer eg å melde meg inn att i Vektklubben som eg har vore medlem av tidlegare. Eg må nok bruka den hjelpa eg kan finne, for eg vil, eg vil frykteleg……….

Så da er det berre å gjere det ein for å lykkast da.

Opprydding på mobil

 

Mobilen kan brukast til mykje. Over tid har det samla eg mykje på telefonen min. Det trongs opprydding……..

 

Så her kjem det eit innlegg om det som låg att etterpå. Bilete som eg ikkje ville kasta og ikkje lagra……eller kanskje nokre av dei. Så her kjem eit nokså uinteressant innlegg om kva som låg igjen i mappene etter oppryddinga.


Kvifor eg har tatt dette bilete skal eg ikkje seia. Det er mor som held på med strikking slutten av februar i 2013. Eg har nok tenkt at dette bilete kunne være bra til bruk som illustrasjon. Kanskje….litt usikker…

Kan det være fargane på blada til plantene i glaskarmen som har fanga interessa skal tru? Det var i alle fall fint vêr den 15. juni i 2013. Ser eg har fått planta i blomsterkassane på terrassen også..


Her har eine av jentene kalla mor si frøken…..og det er kanskje det ein har vorte når ein ikkje lengre er gift….eller..kva er ein eignetleg da?

Men koseleg å finna ein slik lappe  på kjøkenbenken når eg står opp. Denne er frå starten av oktober  i 13.

Dette tenkte eg å senda til forhandlar av Kenwood, men når eg enno ikkje har gjort det blir det nok ikkje. Skulle lage en smoothi og hadde kjøpt inn frossen frukt til bruk. Best kom ein av kulene som eit prosjektil gjennom plasten…så om det vart noe fruktdrikke denne haustdagen i november 2013 veit eg ikkje lengre.


Havfrua, ein av dei. Trur det er den einaste eg har att. Eg produserte mange etter eg laga meg ein verkstad i kjelleren til rekkehuset vi bodde i på Flatåsen. Eg hadde to små barn og ingen jobb, men gjorde eit forsøk gjennom dette.

Denne held til på badet vårt, ein naturleg stad for ei havfrue. Denne vart fotografert på nyåret 2014.


Enno eit bilete frå badet, ein heil serie. Nok ein klage. Kjøpte vasken og kommoden på IKEA, og benken tålte ikkje fukta. Eg skulle sende ein reklamasjon, men har ikkje gjort det. Forsøket her vart gjort i starten av februar i 2014. Eg hadde nettopp hatt lekkasje på kjøkkenet og hadde ein nokså krevjande jobb framom meg. Eg skulle nok oppover til IKEA og ville visa bileta frå baderomskjøpet.


Dette er frå ein køyretur også tidleg februar i 2014, og dei husa der hadde stått nede ved sjøen på garden eg har, men var flytta dit ein gong i tida. Her er dei nokså forfalle og i dag er dei borte.


I mars same året legg eg dette bilete inn for å huska ein vin eg sikkert likte. Eg har aldri kjøpt den igjen.


Nok ein koseleg melding å vakna til. Denne låg på badet ein morgon like før vi skal reise over til Los Angeles å møte mellomste i fjor sommar.


Det var nokon som skulle sjå mangelrapporten etter EU kontrollen i fjor haust. Greitt og sende den på mobil. Grei og ha på mobil har eg nok tenkt.


Og så er vi over til mai i år. I staden for å skrive ned alt som skjer på tavla er det like greitt å ta bilete.

 

Har du mykje bilete på mobilen din? Bilete du ikkje vil kaste og ikkje bry deg om å legge over til lagring på ein meir egna stad?