Det vakre i gave

Det finnest så mange hyggelege menneskjer. Over alt. Også her eg er……..ikkje minst her.

 

Da eg kom hit for snart ei veke sidan møtte eg ei dame som eg hadde vorte kjend med her på blogg.no. Vi har faktisk hatt kontakt i fem år. Eg hadde fått inntrykk at ho var triveleg og effektiv på bloggen hennar. Ho var mest ferdig med tida si her da eg kom, så eg hadde følgt bloggen hennar med spenning medan ho var her. Det viste seg at ho var riktig så triveleg, ho virka så ung og ho hadde eit så fint vesen at det mest stråla av henne. Ho heiter fruensvilje her på blogg.no……og her skriv ho om møtet vårt i Ut av boblen.

 

Eg tok med meg spegelrefleksapparatet mitt hit, men hadde ikkje med meg minnebrikke. Det er lenge sidan eg har bruka det, fordi ei fjør er i stykke som skal helda brikka på plass. Eg hadde kjøpt en tape som skulle gjera den jobben – men her hadde dei ikkje minnebrikke. I går kjem ei dame som låner meg hennar sin da ho får høyra om ståa.

Og i dag, i dag gjekk eg på tur med apparatet. Det var fantastisk og kunne bruka noko anna enn mobilen. Eg gjekk mest frå konseptane med å knipse. Her kjem eit lite utval.

 

Eg tok oppover mot den staden eg har gått eit par gong før.


Fjella og det nyutsprunge bladverket er aldri så vakkert som no.


Ein gong syntest eg tre i mengder var kjedeleg, i dag er eg hekt og fasinert av trea.


Kan kontrasten verta større, den gamle lastebilen framom nyutsprunge, unge tre?

 

Fortida og framtida……..stokkane skal nok verta ved.


Strekane i lufta, dei vart så mange – sivilisasjonen – det laga ein rytme.




Ein gamal trestamme og dei nye, unge, kvite…..den gamle kan mest verka usømeleg eller stikk han nasen sin berre bort i framtida?

 

Elva som skummar forbi, den vil verta større når snøsmeltinga får fart på seg.


Så er eg attende til Bedringens veg.

Bregnar som krøllar seg opp.


Treet er kappa og bladverket sprutar ut av det felte og ferdige…….

 

Over alt står det benkar så dei som er på betring ikkje skal gje opp.

 Så nærme eg meg tettstaden…….Sylte.

Heggbløming passar for forelska hjarta.

 Heilt nede att.

Og inne ventar middagen.

 

Takk for at du vart med :)-

Ynskje deg ei fin veke.

 

Sol på blå himmel

 

Etter ei veke kjem helga. I helga kan eg summere. I helga kan eg kvile………litt.

 

Laurdagen sto opp med sol. Blå himmel over høge, kvite fjell er eit syn ein morgon i mai.

Etter frukosten gjekk eg meg ein tur i butikken – med sandalar og boblejakke.

Lufta var kald, eg hadde gnagsår og måtte kjøpe meg gnagsårplaster. Det vart og børste, tullbriller og sjampo…….og blåbær som kos til kvelden.




Eg stoppa omtrentleg anna kvar skritt for å ta bilete. Dette var dagen for bilete.

 


Seinare gjekk eg opp att Strandpromenaden. Ikkje så lang ein tur, men så nydeleg.


Eg måtte ned på steinane, heilt ned til vasskanten.


Litt lengre borte var det mura opp store steinar og eg måtte ned for å balansere på desse steinane…..tenkte det var betre trening enn å gå på asfalt.




Til slutt var eg borte ved elva.

Fann ut at turen var alt for kort, så eg gjekk over vegen til Bedringens veg og gjekk attmed elva og oppover den.


På venstre side var det lange renner for der låg ein jordbæråker. Valldal er visst kjend for gode jordbær.


Til slutt var eg ute av skogen, og der voks ein hekk av spirea ved vegen. Der snudde eg.

Eg måtte ta bilete alt i eit,  også på turen attende. Det er så vakkert no.


Til slutt var eg attende ved brua. Da var det middagstid.


Før kveldsmaten gjekk eg ein halv time og trena styrke. Eg er så glad for denne foten som oppfører seg så bra, det er ein fryd å kjenne denne betringa. No er det berre dette gnagsåret, men eg har plaster og får det fred for sko i morgon satsar eg at på måndagen kan eg ta på meg sko igjen…….

No har eg kosa meg med ein kopp natt te og blåbær. Så da er det snart natta.

 

Framgong

 

Timane fletter seg i kvarandre. Eg er i gong……..

 

Eg er i gong med det nye livet. Det nye livet som skal vare. Og eg må dele noko eg er så ENORMT glad for.

 

Det var berre så vidt eg fekk lov til å reisa hit på rehabilitering og trening av den unge turnuslegen. Fordi venstre kne berre plutseleg hovna opp. Heilt utan grunn. Og kneet har så klart bekymra meg. Kor mykje kunne eg vera med på?

 

Tysdagskvelden var eg med å gjekk ein tur på ein liten time på krykkjer. I går var eg med på trening i basseng, i går kveld var eg med å gjekk ein tur utan krykker som varte ein time. I dag hadde vi gjennomgong i treningsrom. I ettermiddag var eg med å gjekk ein tur i til dels bratt oppoverbakke på ein og ein halv time. Og i kveld var eg i bassenget og først da eg skulle symje på magen var eg stiv som ein stokk, men eg strekte og tøygde og til slutt klarte eg det.

 

Og kneet, kneet vert både betre og betre. Eg haltar mest ikkje. Dette gjer meg så glad og eg måtte dela.

HURRA!!!!!

 

Her er bilete frå turen som tok ein og ein halv time og som gjekk opp til ein foss.

 





Ei uverkeleg verd

 

Enn og berre tenkje på seg sjølv? Fire veker til ende……….

 

På ein måte kom eg i mål………eller………..eg kom i mål. Koffertar kom inn i bilen, sko, ting og tang. Det tok tid i lengder. Trudde mest ikkje eg kom meg i veg, for hovudet starta å slutta……..slutte å fungere.

 

Men så sat eg da der, i bilen og var på veg. Eg hadde ringt og sagt eg kom seint. I Kristiansund køyrde eg innom Stormberg på Futura. Dei gjev forresten  ein superbra service………..for og ha sagt det. Dette seier eg heilt for eiga rekning.

 

Eg kika ikkje på noko klokke, starta berre opp. To fergjer skulle eg ta. Begge fergen låg ved kai, eg kom som den siste bilen og ferga køyrde med ein gong eg var om bord…………er det ikkje det som heiter flow?

 

Så var eg framme etter og ha køyrd i fasinerande natur. Og naturen her har fjell stupbratt ned i sjøen. Toppane er kvite og nede på flata ved sjøen er verda ljosegrøn med blomane frukttre. Eg er i Valldal, eg er på Muritunet.

 

Eg er ferdig med to dagar. Fine, gode, slitsame dagar. Dagar som eg føler er eksklusive, dyrebare og med energi som gåve………..etter kvart.

 

I dag hadde eg noko fritid midt på dagen. Eg tok meg ein spasertur ved sjøkanten. Gjekk på rullesteinane og plukka med meg ein glitrande stein eg fann. For eit glitrande liv.

Her er nokre bilete frå turen.







 

Når det berre stemmer

Ein og annan gong stemmer det. Det er godt og stemt og det vert vakker musikk.

 

Og nokre gong gjennom livet har det stemt. Det har stemt så til dei gradar at eg har tenkt at no treng eg ikkje meir.

Den gongen eg var på tur nedover Europa med tog. Eg var komen til Hellas. Eg trur vi var på Korfu, men det er underordna. Den varme lufta som leika med sinn og skinn.

Vi skulle dra ut til ei strand og det var sannsynleg ein drosje vi sat på med, eller så var det nokon vi hadde møtt, det er heller ikkje viktig. Det var ein svart bil med opne vindauga, ei gamal modell der ein forsvann ned i skinnseta. Inventaret var i mørkt tre. Kanskje det var ein Volvo Amazon……?

Vi kom gjennom ein olivenlund og rundt ein sving. Inne i bilen spela det eit vakkert, klassisk stykke. Utom bilvindauga ser eg ei kvit strand langt der nede. Det asurblåe havet med solglitter som strekkjer seg utover til horisonten.

Der kunne mitt tjue år liv godt ha stoppa, eg fekk ei så sterk lukkekjensle at eg trong ikkje meir følte eg. Alt var berre så vakkert, ein perfekt symbiose av lyd, lukt og syn.

 

Nokre gong kan det stemme med menneskje. Og nokre gong blir du valt ut.

Eg var ei sjenert lang, tynn jente med fletter og briller, umælande mang ein gong men som visste kva ho ville. Ikkje direkte ein billett til popularitet.

Eg hadde og ein sterk aversjon mot folk som sleika folk oppover ryggen for å bli tatt inn i varmen, eg sto heller aleine enn gjera noko så audmjukande.

Ein dag dukka det opp ei ny jente, ho heite noko så uvanleg som Vivi, det var eit nytt namn. Dei andre ville ha ho med seg i leiken. Men ho valte meg, ein uvant situasjon. Ho vart ikkje der så lenge og ikkje veit eg kvifor ho var der, men opplevinga var såpass spesiell at eg hugsar den.

På same tida kom og ein gut og sa “eg likar deg” til meg, det var noko av det verste nokon hadde sagt. Ein gut som eg ikkje brydde meg om kom og sa noko slikt.

Det må væra to som vel.

Men dei stundene der begge vel kvarandre er fine, eg hugsar ein gong; trur det måtte væra ei etterfest og eg var slik halvveges opp i tjueåra…………eg vart sittande og snakka med ein gut.

Heile natta.

Vi fann tonen så enormt. Møtet var sterkt og vakkert. Eg tenkte; han kan eg aldri møta igjen. Opplevinga var så spesiell at eit nytt møte vil ha lett vorte ein skuffelse.

Nokre menneskjer er det nok å møte den eine gongen, slik som den homseguten den gongen på åttitallet.

 

Etter eg var skild opna det seg nye mulegheiter…….eg kunne sjå etter menn igjen. Ein ny og uvant situasjon, eg høyrer til det trufaste slaget, så uansett kor dårleg ekteskapet var på slutten var det uaktuelt å sjå til anna hold. Men etterpå kunne eg. Og eg såg menn over alt, i alle bilar sat det menn.

Det regna menn.

Eg opplevde livet levande og svært så spanande.

– Ut på markedet med meg, og den marknaden eg fann ut var naturleg……..eller naturleg kan eg nok ikkje kalla det…….men nærliggande, var nettet.

Og plutseleg ramla menn inn i livet mitt, ikkje fysisk – men kontakt fekk eg. Det var reint ut mykje forskjelleg. Eit svært spesielt medium og mange var kasta ut i einsemda og hadde funne fram til dei nye skjekkestadane.

Ein dag dukka han opp han frå ein heilt annan stad av landet. Kontakten var der. Den berre var der, intenst. Vi gjekk bort frå skriving over til telefonisk kontakt.

Eg vart rett og slett kraftig nettforelska, og han hadde det likeeins. Eg hugsar kriblinga når eg høyrde stemmen, dei lange samtalane, eg såg på bilete av han og var heilt oppslukt.

Etter mange, mange månadar skulle vi møtast – men så vart han sjuk og eg var så klart skuffa, men samtid fekk eg utsetting på det skumle som eit møte ville bli. Det gjekk enno meir tid og vi skulle prøva igjen. Vi avtalte tid og stad geografisk midt i mellom oss.

Mila vart slukt, timane gjekk også sto eg framom det mest spanande møtet på svært, svært lang tid. Eg var nervøs, eg var så nervøs at eg hadde mageknip.

Så var eg framme og eg har lyst og flykte frå alt, så ulideleg var spaninga.

Eg kom meg ut av bilen på skjelvende bein og framom sto “drømmeprinsen“.

0 kjemi!

Eg trur vi hadde eksakt på same vis, og nedturen var desperat øredøyvande i skjela. Å himlande du kor godt det var å koma seg der ifrå!

 

Det var den gongen eg lærte at det var stor forskjell på datalove og ekte kjærleik.

Men det var artig medan det sto på. Og vi veit alle at kvar helg er det nokon som vinn i Lotto, og det er sagt at uhell i spel er hell i kjærleik og vice versa.

 

Og eg vinn aldri.

 

For nokre gong stemmer alt og det vert vakker musikk………….

 

Eg orkar…….liksom ikkje……..i kveld

Eg synest lauvet er brungult på trea. Våren vil ikkje heilt jubla. Sjølv om den mest gjer det. Berre ikkje akkurat no.

 

Ein laurdag  er snart over. Nest siste kvelden heime på ein månad. I dag tok yngste og eg turen på butikken med mor. Etterpå fekk vi servert pizza, kaffi og kaker. Litt rart å tenkje på at eg ikkje skal møta dei resten av mai månad. Mor uttrykte at ho såg fram til eg var heime igjen, det er eg som på sett og vis er tryggheita deira.

 

Elles bor dei lunt og det blomar flittig utanfor huset. Men våren er litt sein på våre traktar i år.

 

Dagen starta tidleg for meg med hjulskift. Da fekk eg veta at hjullageret var modent for å skiftast ut. Og bilverkstaden ville ikkje gå god for at det ville halda turen dit eg skal på måndag. Ikkje kunne dei ta det den morgonen for eg drog heller. Eg trudde at bilen vart i orden etter EU-kontrollen og arbeidet da, men så er det både det eine etter det andre som kjem på. Eg ser ikkje anna råd enn ta sjansen, så får eg finna ein verkstad dit eg skal. Akkurat no orkar eg ikkje tenkje verken hit eller slik.

 

Utanfor huset eg bor i er våren ikkje kome så langt. Det ser mest ut som haust var det noko  som sa.

 

I morgon må eg få pakka, men ikkje heilt greitt. Eg får liksom ikkje tinga til for tida. Det er litt innballa alt. Tenkte å montera ein genser til eg skulle nedover. Kanskje eg skulle sett på den i kveld……??????

 

Eg får berre kome over denne kneika, for eg TRUR på framtida og at eg har noko fint i vente, kanskje eg har noko kjempefint……..

 

Ha ein fin laurdagskveld!

 

“Kom mai du skjønne”

Så er vi her. Akkurat her. Der naturen er full av glede for det framom. Og vi med den.

 

Siste vårmånaden er i gong. Den held på å kle seg i sommarhabitten. Det er ein fryd å sjå naturen, no -, når vi har alt framom oss. Sommaren, varmen og kanskje kjærleiken……. Det grønskast dag for dag, så augo får lov til å gleda seg stort i alt dette vakre. Det er verre med nasen, men den held vel ut dette som vert spreidd utover for å få betre groe.

 

Eg sit no berre her, den første maidagen med ein fot heva høgt over sitt vanlege nivå………….ja, den andre foten må og væra med. Denne veka med både røntgen og fleire legebesøk. Men grunnen til det vassfylte kneet vart ikkje funne. Det vert behandla som ein betennelse, og så skal eg bruka foten så lite eg kan. I går heldt den på å bli kvelt av ein støttebandasje.

Kan eg reisa til Muritunet?

Det var det store spørsmålet. Om eg ikkje vart verre i løpet av helga så gjekk det, men vart eg det måtte eg kontakte legevakt prompte sa legen. Ho var ung og hadde nok ikkje den store erfaringa enno, og sikkert redd for å gjera feil. I tillegg var ho energisk og skikkeleg dedikert til det ho var i gong med. Ho ringte både hit og dit. Så eg bestemte meg for at verre vart eg ikkje.

 

Eg ringte og rehabiliteringssenteret og forklarte situasjonen og det var berre å koma. Så i helga skal eg vaska, pakka og gjere i stand med foten høgt heva. Det vert ei artig øving.

 

Elles vart det nokre lange dagar for å få oversikt, kontroll og alt slikt på slikt en må. Eg får nokre timar å spasere av etter eg er heime, det vert og ei øving når alt likevel vil væra travelt. Men da har eg nok så mykje energi at det spruter av meg.

Eg opplyste om at eg kom attende ung, sprek……..og vakker!

– Nja, vakker var nok å forlanga for mykje var det ei som meinte.

Men eg tok det som ein god spøk.

Ha ei god 1. mai, her snør det no :).