Maraton

 

Når yngste i flokken har nådd deg att i alder, det er da ein skjønar noko om tida…………

 

…………..eller det er da ein skjønar at så mykje skjønar ein ikkje. Og har no det så mykje å seia eigentleg.

Når sant skal seiast er det vel ca. eit halvt århundre sidan ein var nitten, eller noko der omkring……….

Skal ein være heilt ærleg var det i alle fall ikkje i går. Og det er heilt greitt.

Eg er glad det ikkje er eg som står med det perspektivet framom meg. Eg blir heilt sliten berre ved tanken.

Ho kika ned i konvolutten med tala sin tale, ville ho ha sjansen til å koma inn på førstevalet?

Som mor let eg tal være tal, eg får vite dei likevel om eg ikkje sat der å med augo på stilkar. For tala er akkurat slik dei skal væra. Det skjer ikkje noko anna enn det som skal skje.

Alle desse vakre ungdomane. Det hadde skjedd noko på tre år. Dei hadde vaksnas til. No sto dei klare til neste etappe. Pynta i bunad og dress og fine kjolar til ære for dagen.

Eg tok bilete. Både av klassen og eit utval av dei ho var mest saman med. Dei skulle vidare, dei skulle ut å eta. Lærarar og elevar. Rollar dei straks var ferdige med for kvarandre.  

 

Sjølv rakk eg ferga så eg slapp opphaldet den har på avgangen etter.

Da hadde dagen mitt vore i eit strekk, med planlegging, møter og fandens oldemor.

No sit eg her og kjenner på at denne dagen har eg bruka kvar ein trevl på. Det skal bli godt å breie natta over seg.

 

 

Ein leksjon

 

Plutseleg skjønar eg det. Medan eg skriv skjønar eg at denne dagen er ein gåvepakke.

 

Sola sildrar ti grader over landskapet.

Eller……akkurat det vart feil. Det er i skuggen dei gradane er. Og i skuggen er ikkje sola, det er derfor det er skugge.

Eg vakna med hovudpine etter ei natt med spøkelsedraumar og hus med alt for mange rom. 

I dag eg prestere. Når eg kjem meg i bilen om litt må eg halda kontrollen til langt på ettermiddagen. Mest heile sommaren skal inn i kontrollen. Og enno vil eg meir.

 

 

Puuuuuust uuuuuuut og iiiiinn.

Ta verda med ro.

Den går uansett ikkje under i dag.

Det er berre ein krevjande onsdag, men det går bra.

Ja da, det gjer det.

I dag er eg eigentleg heldig, eg får øva meg på ikkje stressa. Ei viktig øving. Det er det eg får.

Og ikkje minst, eg treng øva på det. Etter alle år med for mykje stress. Og eg veit det, dess meir ein stressar desto mindre får ein til.

Denne dagen skal eg ri inn i solnedgongen, sitjande høgt til hest. Eg skal svinga hatten og nyta synet når sola går ned. Så skal eg setja meg ned ved leirbålet å vera fornøgd med dagen. Vel vitande om at eg gjorde så godt eg kunne.

Og så stressa eg ikkje, for eg pusta djupt og heldt taumane i eit fast og roleg grep.

Yuuuhiiiiaaa…..

 

Ha ein riktig nydeleg dag, enno er den knapt starta.

 

Ein dag er ikkje det same som ein annan dag

Det å væra i ei flytsone er enormt fint. Det å ikkje væra det er ikkje fint i det heile.

 

Har skvulpar i meg chiafrø og sitron. Frøet med all den gode næringa.

Legg eg merke til nokon forskjell?

Nei, eg har verken vorte det eine eller det andre. Eg er berre akkurat slik eg har vore.

Og når alt startar å skulle gå greitt med ny bil og greie planar, da slår Skjæbnen til.

Den forbaska Skjæbnen.

I går slo den på stortromma. Den laga direkte kaos rundt meg og for meg. Slik at eg fekk lyst til å kapitulera, flytta til Mongolia eller noko annan stad eg veit for lite om. I tillegg hadde eg gjeve meg for lite søvn natta før. Det vert ikkje likare av slikt.

“Utleveringa av vitnemål er ikkje på torsdag men på onsdag” sa yngste.

Eg tru eg vart temmeleg stille av den opplysninga.

Det er lenge sidan eg starta å spørje om når avslutninga vart. Fredag er siste skuledag og eg har biblioteket på torsdagskveldene. Så da eg fekk spørsmål om å bytte vakta til tidlegare samstundes med at eg fekk veta utdelinga var på kvelden om torsdagen, ja da hadde eg ei god kjensle – for tinga gjekk opp heilt av seg sjølv.

I tillegg skal bilen på service, som eigentleg skulle ha vore før eg kjøpte den, men eg var så ivrig på å få den med meg. Samstundes skal dei setje på hengjarfeste, for eg vart fortalt den hadde. Den hadde ikkje. Så på fredag har den fått time. På søndag flytter ho som har budd i byen i tre år. Da må eg ha bilen med hengar klar.

Så alt var ordna litt slik hånd i hanske……..heilt til eg fekk vite det i går……….

For på onsdag er det møter i fleng til langt på kveld.

Du treng ikkje koma” sa ho i byen, oppløyst i snørr og tårer.

Eg gjekk i gong. Fann ut at det var inga anna råd. Ringte å senda meldingar i øst og vest. Fekk korreks over at eg prøvde å forandre tida så like før. Sa at det verken hadde vore ein vane eller kom til å bli ein. Fekk flytta det eine møtet ein halv time, fekk utsett det andre. Har fortsett igjen ein del ringing og meldingar før alt er på plass. Var skrapa inn i sjela da eg la meg i går kveld. For slikt som dette likar eg ikkje.

Straks går eg i gong med vasking av bunadskjorte og stryking. Eg høyrde på stemmen til henne som slepp å vere utan familie da ho tek i mot dette papiret ho har streva for i tre år, at ho var svært glad. Og at ho også kan ta på seg bunaden som ho skulle.

Men eg er oppgjeve over info ein ikkje får, eller finn ut kvar er……..for det har vore leita på nett og spurt. Så eg kjem nok til å ta ein telefon til i dag, for riktig forsikra meg om at det no er riktig dag…….

 

Blått og grønt og planer

Ny dag med sol på………

 

Bladverket glitrar utanføre vindauge. Vinden snur og vender på blada i sola. Snart skal eg ut.

Først skal eg berre sitja i sola, kjenne på varmen og ta ein kopp kaffi.

Etter kvart skal eg ta turen ut i verda, hente foreldra mine til ein køyretur. Vi skal kjøpa oss middag og eg må sjekke om staden er open.

Før dagen endar må eg ha ordna med nokre bilete til morgondagen. Det vil seia eg må innom kontoret. Men det tek eg til slutt.

Akkurat no har eg ein heil, blank søndag framom meg.

Ynskjer deg ein fin dag.

 

Eit rotehovud si dagbok

 

Dette innlegget står i stor fare for å verke som eit klageinnlegg. Det er ikkje meininga.

 

For det er berre slik. Noko med realiteten og konsekvensane.

Eg har skreve om det for ei stund sidan, at det er litt mange ting på programmet om dagen. For meg altså. Det er sommar, avslutningar, flytting der ein må delta, bryllaup og jubileum.

Eg vert så fort sett ut, tømt og lyst til å ha tid med berre med meg sjølv.

Eg er glad i folk. Det er ikkje det.

Men når heile kroppen (og her er faren for å verke sutrete og klagete absolutt til stades), klagar. Frå å kome seg opp, til eting og gåing. Det stikk og skjær og verkar, så eg kvi meg til den minste rørsle. Når du mistar, sølar og veltar for motorikken ikkje heilt er der. Når du ikkje høyrer så godt og ser enno dårlegare…..da spekulerer du på om både alderdom og andre ting.

Og det er ikkje -, eg understrekar, det er ikkje noko synd i meg.

MEN. Det er her ein brukar litt mykje energi trur eg. På alt dette som protesterer i kroppen.

 

Korleis klarte du det, sa mor mi. Og det var ikkje på grunn av at ho var imponert ho spurde.

I går kveld var eg invitert to stadar.

Trudde eg.

Og ein stad i kveld.

Så var det dette med val. Skulle eg væra sosial to kveldar på rad og kva skulle eg så velja -.

Da eg vart oppringt opp til fleire gong fordi fristen var passert på det eine, sa eg ja. Sa i frå på den andre staden at eg ikkje kom.

Dit eg skulle måtte vi ut i båt for å kome fram, så ullklede måtte finnast fram. Men eg måtte sjå meir kva som sto i invitasjonen, om det var noko anna eg måtte hugsa. Det er da eg ser det; tysdag 7. juni sto det………..

Eg leita etter at det skulle stå 10. juni nokon stad, for eg trudde ikkje augo mine.

Men slik var det. Det hadde vore.

Eg berre rista på hovudet av meg sjølv da eg skjønte realiteten.

Eg lo også, for måte på å tulle.

Og så kjende eg ein enorm til lette over at eg berre kunne ta kvelden heilt med ro.

Eg er klar over at det ikkje skal væra slik……..men trur desse hersens vondtane har skylda for denne mankoen av energi. Og det er heilt greitt at eg synest det er triveleg å væra saman med berre sjølv. Det er ikkje det.

Men i kveld skal eg ut og her er det riktig dato.

For her sa eg nei først, men så vart det til eg sa ja likevel.

 

Siste reis

 

Ein gamal travar har fått kvila, bytta ut med yngre krefter.

 

Slik er det. Slik går det.

Eg har hatt – og teke mange avgjerde i det siste. For slik er det, når ein skal framover.

Og det er det eg må, framover og framover og av og til attende.

Det er slitsamt å ikkje kunne lita på eit av dei viktigaste verktøya ein har; bilen.  Nå ein bur slik eg gjer ein ha bil.

På tirsdag tok Subaru’en ut på siste reis.

Her står den å kvilar i sola medan eg gjer eit ærend.

 

Den vart parkert for at eg skulle ut på prøvekøyring. Det viste seg det var siste gong den vart parkert. Ei stund etter vart skilta teke av.

Den hadde gjort jobben sin.

Eg trur det var i 2006 foreldra mine kom dit eg da budde. Dei hadde funne ein bil. Faren min vart ein trufast Subaru tilhengar dei siste tre bilane han åtte, før alder, helse og myndigheiter fann ut tida som bilførar var over. Da var han 89 år og på ingen måte klar for ei slik avgjer.

Omtrentleg samstundes starta bilen min å krangla, Passaten vart parkert i garasjen til foreldra mine og eg lånte bilen deira. Praktisk om vinteren, dei bur i bratta og glatta, men eg kom meg opp for å hente dei easy peasy.

Bilen var ein drankar, den slurpa i seg bensin med god appetitt  – og eg vart tilrådd å helda meg åt Passaten da valets kvalar sleit som verst i meg rundt sist nyttår.

Da eg tok med meg nøkkelen for å vri den om i min bil, var bilen avgått ved døden. Gjenopplevingsforsøk var ikkje å tenkja på.

Samstundes var den siste EU-kontrollen på Subaru’en ein dyr affære, den meir humpa enn rulla etter den siste operasjonen. På slutten var det så ille at det ga meg overdriven spaning i livet.

Den hadde gjort jobben sin og meir enn det. Den siste tida følte eg at den gjekk på trass berre for å være snill.

 

Så no er denne dukka opp i livet mitt. Ein Toyota Avensis.

Eg synest den er vakker. Trener på å få til ein bra flyt, ikkje berre, berre å gå frå automatgir til manuelt. Den har styrke og fart og er utan ein einaste bulk.

Men det kjennest at dette har kosta meir enn pæng, så no skal det bli godt å rulla gjennom livet i fin flyt.

Takk til det gamle og velkomen til det nye.

 

 

Søndag i sol

 

Så er helga snart historie. Første helga i juni. For tida kan ingen springa i frå. Det er den som spring frå oss.

 

Sola har gjeve meg raud brystkasse. Sjølv om solfaktor 30 var funne fram.

Mellomste som var heime, ho tok ned solstolane frå mørkloftet. I dag har vi vore late. Vi sat i dei stolane i fleire timar. Slik at vi vart mest sliten av sol, vind og duren frå kantkløpparen hos naboen.

Etter middagen reiste ho som hadde delt tida med meg med bussen attende til trønderhovudstaden. Det vart ei kort og hektisk helg. Eg måtte henta ho i går på Orkanger. Det var snakk om jobb for jenta. Både fredagskvelden i Trondheim og her i går. Så da måtte ho hentast for buss gjekk det ikkje. Heldigvis gjekk bilen både dit og attende. Denne bilen har eg snakka mykje om.

På fredag var eg i den andre byen. For å sjå etter bil. Eg har fått orden på finansane og har starta å sjå. I morgon skal eg attende for å prøvekjøre ein bil. Er ikkje enkelt dette. Eg ynskjer meg ein bil utan reperasjonar i ein årrekkje framover. For det har det vore nok av i fleire år no. Med to gamle bilar. Så eit problem går mot slutten. For dette har verkeleg vore ei hovudpine.

Så på eit vis går det framover, det er ikkje berre tida som fyk i veg. Det skjer mykje. Mest for mykje vil eg påstå. For eg er liksom så alt for mager på krefter til for mange hendelsar. Og det er ikkje slike kjensler eg vil kjenne på….at det er for mykje.

Går ut frå at alt vil kjennest mykje betre med ny bil på plass og gamle bilar kasta i “dass”.

Ja, ja, det var eit forsøk på noko…..men,

…eg ynskjer enkelt ein fin søndagskveld.

Endeleg er sommaren her.