Borte, borte

Det er berre å akseptera. Sjølv om det er svært vanskeleg.

Eg hadde eit håp. Eit nokså godt eit også, faktisk.

No må eg pakke det ned. Enn så vanskeleg det er.

I juni da eg kom heim frå reisa mi i Spania og oppdaga at datamaskina mi var borte, var eg oppgjeve. Tenkte eg måtte klara meg utan til eg fekk henta den. Lærte meg å blogge på mobil. Det er greit å kunna.

På hittegodskontoret på Gardemoen hadde dei funne ein data same dagen som eg mista min. Rekna med som sikkert at det måtte være min.

Tida gjekk, utan at eg hadde ærend eller nokon kunne reise framom kontoret for avgløymde ting. Ikkje før no da eg kom heim frå Danmark.

Eg labba på meg gnagsår i vandringane over avstandane. Men endeleg sto eg framom skranken til hittegodsen.

Endeleg!

Gledde meg til å sjå min kjære, gamle pc att. Det er ein acer hadde dei sagt, eg meinte eg hadde ein HP. Men er ein forvirra, så er ein forvirra.

Eg fekk lagt pc’n framom meg. Den dei hadde funne gjengløymd den dagen eg mista min.

Eg såg det med ein gong. Det var ikkje min pc!!!

Og det var det.

Ikkje kunne eg trylla, og ikkje kunne dei.

Eg var komen fram til punktom’et.

Eg greidde å snu, koma meg gjennom sikkerheitskontrollen for å reisa vidare. Og med det same tok eg ikkje inn omfanget. Med at eg hadde bilete attende til 2012 liggande der.

No trur eg at eg har lagt bileta inn på ein ekstern harddisk fram til denne våren. Men alle bileta frå Spaniaturen. Alle dokument.

Men verda må gå viare, inga anna råd. Får håpe det ikkje dukkar skikkeleg dårlege overraskningar opp av dette. Eg må greie å kasta det attom meg.

For den er nok borte, borte.

 

 

12 kommentarer

Siste innlegg