Himlane og fargane

 

Hausten med alle dei fine himlane.  Alle dei fine fargane.

Naturen er så roleg. På ein måte. Visst kan stormane rasa. Men denne veka har vore som eit vakkert fargeskrin.

Det godt berre å sjå. Å sjå. Å sjå og sjå.







Dagane går så fort. No er vi alt straks i midten av oktober.

 

I dag gjekk eg ein tur ned til sjøen for å sjå om eg fann sveiva eg mista i sjøen. Sveiva frå fiskestonga. Eg klatra bortover berget, og skjøna at sveiva var ikkje viktig at eg skulle ramle i sjøen. Akkurat da trudde eg at eg satt fast. Men eg greidde å koma meg attende.

Helga har vore stille og roleg. I dag fann vi ut at vi skulle gå ut å eta. Søster, mor og far.

No er søplet trilla ned til vegen. I omnen står det eit brød til steiking. Eit surdeigsbrød. Dei er så gode.

 

Og i morgon er ein ny veke i farta.

 

 

Kroppen sin stemme

Sola  kjem på skrå i møte, no midt på dagen. Akkurat da kan den varme litt. Om morgonane er det eit anslag av rim. Ein morgon måtte eg fram med skrapa….

 

Eg tru sommarkleda kan pakkast vekk. Vurderer om eg skal pakka ein koffert, slik i alle tilfelle………..

Eg har tenkt at helst to gong i året når det er som kaldast…….i alle fall ein gong -, skal eg reisa mot sol, sjø og strand.

Har tenkt det i haust. Vurderer om eg kan ta ei slik reise utan selskap, og er ikkje heilt sikker…..

Helsa. For helsa.

For eg tru det vil gjera bra.

 

I går gjorde eg noko anna som er bra. Eg møtte opp med papir og tusj. Enklast har det vore å teke med seg strikkinga. Men eg skal teikna igjen tenkte eg.

Det må øvast på som alt anna. Så i går tok eg ein stivbein joggetur med tusjen.

Det var triveleg, så eg dreg nok neste gong også og eg melder meg nok inn att.

 

I dag har eg fokusert på kropp.

Eg fekk nokre sterke tankar. Om korleis eg har behandle kroppen i gjennom år. Gjennom eit heilt liv.

Har det berre vore meg har det på ein måte vore greitt. Men vi er så mange, så utruleg mange. Som ikkje låner kroppen eit øyre.

 

Eg har hatt time hos psykomotorikeren.

 

Spesielt vi damer er flinke til å ignorere den. Vi vil den skal være slik vi vil og vi treng.

Kroppen sin stemme høyrer vi ikkje på.

Vi vaskar den, smør den inn og steller med den for at vi skal lukte og kjenne oss bra.

Vi slankar på den og presser den for å sjå bra ut etter tidas forventningar. Vi pakker inn og skjærer vekk.

Vi spring og sprenger for å få den til å yte. Den skal fungere.

Den SKAL!

Men når spør vi kroppen om kva som er best for den………….

Kjenner du terne dine, kva fot som bær tyngda akkurat no.

Korleis har fingrane det -.

Kva gjer du med skuldrene?

Er dei løfta?

Og pusten, korleis er det med den?

 

Eg har ikkje høyrd på kroppen min. Ikkje eigentleg. Jau, eg trur eg har gjort det……men det var for at den skulle presentera. Kroppen har å lystre slik eg vil den skal.

Men korleis er det med tyngda, står eg riktig, har knea mine det bra……..

Og når ein kan ropa eit rungande NEI, da starar ein å skjøna noko……….med hjelp.

 

Plutseleg skjønar ein at ein aldri har høyrd på kroppen, kjent på korleis ein stoppa å puste når noko er ubehageleg. Alle dei ørsmå mekanismane som handlar om kropp, sjel og intellekt.

 

Da eg skjøna kor dårleg den har vorte bruka kjende eg tårane, eller kanskje var det kroppen som vart så glad over å verta høyrd……..

 

Let du kroppen din ha ei stemme?

 

 

Ooops, ei veke passert

Så lakkar ei helg mot kveld og natt. Saman med ei heil veke. For det har ikkje strøyma bokstavar gjennom fingrane mine til tastaturet. Derfor – ingen blogg. Før no!

 

Mykje av grunnen er nok at kvardagen er travlare. To dagar i veka er eg i veg til behandling. Det opplev eg som mykje.

Denne helga har yngste vore heime. Vi har kvitra og skravla i veg.

I går var det handledag med mor mi. Som vanleg vart det avslutta heime hos dei, vi åt graut og etterpå vart det kaffi. Dei er så glade når dei får besøk. Og toppen er når det også kjem barnebarn. Vi synest også det koseleg så klart.

Yngste fekk inn nokre vedsekkar slik at dei får tent opp i omnen. Far kommenterte at varmen vart så mykje betre.

 

I dag fekk vi ein tur opp til brønnen. Vatnet hadde minka.

Vi måtte gå opp til dit vatnet blir ført inn i eit rør. Hadde ikkje yngste vore med hadde eg ikkje greidd å utretta noko. Vi fekk unna fleire steinar og bølgjeblekkplater. Det hadde samla seg blad rundt silen, om det var det som var grunnen til at vatnet hadde minka veit eg ikkje. Vi prøva det beste vi kunne. Det var siste vaktdagen i denne omgang, så no er stafettpinnen sendt vidare.

Da vi kom ned, klatra yngste opp på taket der ho gjekk over takrenna på eine sida av huset. Ho fann også at nokre taksteinane hadde sklidd, slik at det var opent hol inn i huset. Slik er ikkje bra. Det er forfall!

No har ho reist med bussen attende.

 

Sist søndag gjorde eg noko eg har tenkt i mange år. Eg tok med meg fiskestanga ned til sjøen. Heilt ny var den.

Enkelt var det ikkje.

Skog og fiskestong passar dårleg saman.

Eg fekk til slutt funne meg ein plass oppå eit berg nedmed sjøen. Redd var eg for å snubla, sena skulle ikkje hunden rota seg inn i og kroken måtte han ikkje trappa i seg….. Så det var å helda tunga midt i munnen.

Første kastet var skikkeleg mislukka, og sena spann utover.

Men til slutt fekk eg det til. Da eg kjende det rykka vart eg overraska…….for eg hadde ikkje ordna meg på at det skulle verta fisk.

Hunden vart heilt vill. At det kan koma noko levande opp frå sjøen hadde ikkje han opplevd før. Det vart eit styr!

Men til slutt hadde eg fått hengt fisken,  som var ein sei, høgt opp i eit tre.

Enno fekk eg fleire, ein glapp, ein var så liten at eg slapp han laus igjen. Til slutt fekk eg ein stor torsk på kroken. Da hadde eg mista sveiva på snella ut i sjøen. Eg måtte ta eit alvorsord med boffen, for han klynka, glefsa etter fisken og småbjeffa aldeles frykteleg.

Men til tross for sveiva, eg hadde hatt ein aldeles fantastisk dag i den varme lufta nede ved sjøen. Hadde mest ikkje lyst til å gå opp igjen. Da mørket kom måtte eg berre finna vegen heim.

Om kvelden vart det koka fersk fisk. Og eg følte meg som ein ekte fangstkvinne.

 

I kveld føler eg meg berre litt oppbruka…..men no er det straks ny veke.