Slik er det

 

Akkurat slik, og akkurat det er det ikkje noko å gjera med. Så da gjer eg alt anna som eg kan.

 

For laurdagen er stått opp og eg med den. Dagen er alvorsam, men sola dreg på smilet attom skyane. Eg trur det er kaldare, kjente det da eg kom heim i gårkveld. Det var kaldare luft.

Eg er i gong med å få dagen på føtene. To tablettar sa legen i går, eg var hos henne. Eg var der for å få svar etter eg tok MR av knea. Enkelt og greitt er brusken på tur bort, så da er knaking og vondtar slik dei skal være. Eller slik det vil være og bli.

Så no er både kne og hender slik.

Så klart synes eg det er kjedeleg, men eg må sjå etter kva eg kan gjera. Ikkje kva eg ikkje kan.

Legen ville redusera arbeidsdagen, men eg ville venta.......sjå meir, tenkje meg om.

Det er ei stor gruppe menneske som slit med dette.

Ja, ja.......fibromyalgi, utbrent og slitasjegikt........der det er hjerterom er det husrom. Og slike problem er ikkje det minste farleg.

 

I dag er eg bedt på fårikålmiddag og etterpå er det kino med "Kongens nei".

Det vert triveleg.

For triveleg og bra og fint kan eg ha det i bøtter og spann.

 

Ein riktig fin laurdag til deg som les, kva er dine planar for dagen?

 

 

Harmoni i handel og vandel

 

For ein september.  For ein haust. I dag har dagen vore vakrare enn ein draum. Eg tok ikkje bilete da det var som vakrast, eg tenkte eg fekk gøyma det i minnet.

 

I dag skulle mor til tannlegen.  Vi køyrde oss ein tur etterpå, ved ein glitrande fjord, så blank og med så mange fargesjatteringar at det var heilt utruleg.

 

Elles har eg hatt ein dag med butikkar og handling. Mat til både hund og meg. Eg har vorte flink til å unngå produkt som er ferdiglaga og halvfabrikata til meg. Eg går også for mykje økologisk.

 

I dag kom også desse massasjeballane eg tinga. Frå i morgon startar eg å stå på piggar til morgonstellet. Ei oppfordring frå psykomotorikeren.

 

Ein annan ting eg kjøpte meg i dag var ei ny fiskestang. Så no skal eg gjera alvor av å gå ned til sjøen for å fiske. Hadde lyst i kveld, men klokka var litt for mange.

 

Eit par nye planter fekk eg også tak i, litt usikker på namnet......skal finne det ut, men ikkje i kveld.

 

Men eg fekk tatt nokre bilete da eg var hos mor og far. Sjøen heilt spegelblank.

 

Ser du kva dette er?

Eg skulle ta eit bilete av Alpeklematisen som vaks innom og utom verandaen.

 

Før eg for laga sola teikningar i fjella.

Heime var sola gått ned, men den fargela skyene. Det var ei slik ro. Høyrde det klang i bjøllene frå kyrne på jordet like nedanfor huset saman med nokre raut.

Da eg kom inn, etter og ha sett alt på plass, tok eg ein runde med vasskanna og spruteflaska.......så fekk plantene litt stell. Det må eg være flink til når eg har gått til innkjøp av så mange nye planter.

Det er harmoni i hausten min.

 

Har du hatt ein vakker dag?

 

Ynskjer deg ein riktig fin septemberkveld.

 

 

Symjetak

Morgonen kom  men den lågmælte lyden på telefonen. Først håpa eg tida var stilt feil.

 

Det var den ikkje. Så det var berre å koma seg opp. Ute var det ubestemmeleg grått. Eg fann fram badedrakt og handduk. Heldt på å gløyme sjampo og såpe......men fekk pakka det ned.

Etter juicen var eg på veg i bilen, men tid og lydbok. Eg fann parkering og var inne i gongen nokre minuttar før garderoben vart låst opp.

 

Eg har fått tilbod om trening i symjebassenget. Det var godt å kjenne det varme vatnet omslutte kroppen.  Det var berre damer, det er visst berre damer som har kropp. - Som har sagt stopp.

Eg helsa, var mange kjente.

 

Så starta det, kjente det stramma og var vondt og godt. Mest som ein vert meditativ. Augo forsvann i spegelbilete i bassenget, vindauga og skogen utanfor - i bassenget.

 

Etter treninga fekk vi nokre minuttar til eigentrening. Kroppen kjendes varm og mjuk, eg la meg framover i vatnet........berre nasen som stakk opp.

Tok nokre symjetak.

Kjende føtene var med, at eg greidde å ta fråsparka.

Fullstendig, aldeles herleg.

Dei gongane eg bada i sommar greidde eg mest ikkje symje fordi eg ikkje klarte å sparke frå. No klarte eg det.

 

Da eg kom heim skein sola. Eg gjekk forbi dei blå haustastersane og kjende det skulle bli godt med frukost og at dagen var god.  



                                                                                                                                                                                                          

Søndag, tankane og maten

Eg sit her med ein sein søndagsfrukost, både tanketom og med tankar. Sola skin sidt innover golvet.

 

For det er ein vakker haustdag, så ut må eg etter kvart.

 

Eg et heimbaka brød og risbananpannekaker.

 

Det er vemodig, alle haustar står utanfor døra og bankar på. Dei vil verta minnast.

Dei har alltid hatt ei sorg i seg. Over at sommaren var over. Men hausten kan bære seg sjølv fordi den er også vakker og god.

Tenkjer eg medan eg gomlar pannekake.

 

Veka mi har hatt eit vidt innhald. Den har vore travel, såpass travel at eg er litt svimmel over alt. Men så tåler eg nok ikkje så mykje.

Eg vart forskrekka da eg var hos psykomotorikeren, over kroppen min. Det var så lett å samanlikna kva som var og kva som er. Når det er ti månader sidan sist.

Eg har eit arbeid å gjera. Men eg kan!

 

Eg har møtt dei som ikkje kan -.

Og eg har vore der alderen har innhenta livet. I veka som er gått.

 

Fredagen vart eg bedt på middag hos jentene. Dei  hadde kyllingfilet fylt med spinat og parmaskinke og ost snara i rundt. Til dessert fekk vi varm sjokoladefondant med is. Ja - det var godt. - Og triveleg. Dei er flinke.

mingla vi alle vidare. To til kjærleiken, faren til tv'n, yngste fekk kanskje besøk.....men funderte på om ho eigentleg hadde venner.......og eg skulle trille attende over fjella.

Men først tok eg ein butikkrunde for å sjå om eg fann noko slikt:

Det er for å gi undersottene massasje under....ein må starta på botnen for å kom seg opp.....litt slik til topps......

Det gjorde eg ikkje, fann slike altså, så bestilte på nettet i går. Men eg fekk kjøpt økologisk rug, så no skal eg til å lage gjæring for surdeig.

 

Så slik held vi på.

Kvar er vi og kor går vi......

 

Men eg skal straks ut i hausten og sola. Trur ein tur er sunt for kropp og sjel. Uansett årstid.

 

Ynskjer alle ein herleg søndag.

 

 

Akkurat no

 

Dagen strekte seg bort i kvelden før eg var heime. Eg trudde eg skulle være heime før. Huset låg der som eg forlèt det.

 

Eg har ei kjensle av fridom i ufriheita. Hausten verkar så enkel. Alt er så enkelt. Og eg har tid. Eg kjenner på tid.

I bilen har eg lydboka, den høyrer eg på medan eg køyrer fint og roleg gjennom verda mi. Heime har eg fleire bøker eg har opna. Eg les litt. Eg har eit strikketøy eg kan få ferdig på eit blunk. Om eg strikkar. Eg strikkar litt. Til og med lappeteppet har fått nokre nye lappar.

Morgonane inneheld grøn juice, og i dag rakk eg ikkje meir. Snar skal eg i gong med surdeigsbrød om eg greier å halda liv i gjæringa eg må starta opp. I dag skal eg koka meg ei ny supe til middag. For eg drikk ein del av det. Nokså mange av dei vegetabilske.

Rund meg har dei grøne plantane auka, og eg vatnar gjevnleg, til og med sprayar blada med vatn.

Alt er så greitt.

Utanom kroppen. Men det har liksom ikkje all verda å seia. Eg satsar berre på at den skal verta betre.

I morgon har eg time hos psykomotorikeren, snart eit år sidan sist. Han gløymde meg i alle. Det gjorde meg frykteleg sint oppdaga eg. Men eg skal gje han ein sjanse, for eg har trua på det han gjer. Så eg satsar på at sinnet forsvinn i det store bilete.

For alt er greitt. På ein måte.

-At regnet kom attende. - At veka mi er litt for fullpakka. Det er denne kjensla av fridom.  Ikkje sikkert den var her i går. Ikkje sikkert den kjem i morgon. Men akkurat no er den her.



 

Etter ein lang dag

 

Klokka ringte halv sju, no er den halvtolv på kvelden. Og det er hysterisk godt berre å sitja her å trykke bokstavar utover skjermen.

 

Etter morgonens vanlege prosedyrar var det nokre timar attmed pulten. Før eg henta mor på slikt ho må.

Turen gjekk til Kristiansund på ein av dei varmaste dagane....kanskje i heile sommar, og i alle fall i haust. Sokkane måtte eg ta av meg, og bukse og langerma bomullsgenser var i meste laget. Og eg som hadde mobilisert meg med regnjakke og ulljakke-.

 

Eg tenkte også sjå etter regnkappe og støvlar. Det orka eg ikkje.

Byen var liksom så tom i dag. Kanskje var det fordi yngste ikkje bor der lengre........

 

Men vi to som tok turen i dag fekk kosa oss både med god mat på kinesisk og innom eit knippe med butikkar. Gjorde det først kjøp med tanke på høgtida ved enden av året også.

Til slutt var vi innom Plantasjen. Eg fekk kjøpt meg eføy, aloe vera, kala og hengeasparges. Handla også lyng til å setje ute.

 

Far hadde koka kaffi til vi kom dit. Trur eg drakk tre koppar før eg tok bilen den siste etappen.

No sit eg i ein tilstand tilnærma overtrøyt........og ja, senga står øvst på plana.

 

Skal berre ta bilete av kala først, mor fortalte at momor mi hadde kvite kala i vindauga. Eg hadde lyst til å kjøpa det også.

 

 

Søndag med sol og regn

- er snart over. Ein fin dag i september. Ein slik dag ein vil gøyme i minnet.

 

Denne helga kom og gjekk også. Enno er det nokre få timar, men sola har gått med attom fjella.

Eg sit her med smaken...... Den er god og fin. Både gjennom opplevingar og maten. Når barna kjem heime er maten ekstra viktig. For vi skal kosa oss. Det obligatoriske spørsmålet frå meg er "kva for mat skal vi ha?" For oftast får eg ikkje svara........men vi kjem fram til løysningane.

Fredagskvelden var det halvfabrikata, chicken tandoori, gårkveld var det heimlaga pizza og i dag baka laks med heimlaga lakris/bringbær is som dessert.

Eg sette maten i omnen før vi tok oss ein skogstur. Da skein sola etter ein regnfull formiddag.

 

På ei høgde møtte vi fullt av sauer. Dei var nok nysgjerrig på oss. Yngste fikk lyst til å helsa nærmare på dei og lista seg bortover. Og plutseleg fann saurene ut at dei ville helsa og kom mot henne i samla tropp.

Ho såg dei med dei største horna kom først og vart litt engsteleg. Men da mellomste ropa at dei var ikkje farlege slappa ho av. Dei først snappa grastustene ho baud fram før dei snudde og fekk avstanden til oss igjen.

 

Det er herleg med sola og hausten når den er så mild og god.

Så snudde vi nasen ned att. Hovudærendet  var vatnet i brønnen, og tilkomsten var så bra at det rann over.

Vi gjekk forbi kyrne og nedover vegen. Før vi var heime og kunne ete.

Og så hadde jentene pakka sekkene sine og turen attende til byen sto for tur. Første turen saman attende der begge har adresse Trondheim.

"Korleis er det" ville eg veta, "når draumen er realitet?"

Tida gjekk så fort, sa dei, at dei mest ikkje fekk kjent etter. Men når tanken fekk plass kjende dei ilingar i magen av glede. At draumen om å bo i same by ,i same hus, i same leilegheit hadde skjedd.

Og så kom bussen å snappa dei vekk og boffen og eg sto att i verda vår.

 

 

Sola skin og eg drikk grønt

 

Torsdagen glitrar. Til og med inne, sjølv om det er støvete. Fordi sola skin.

 

Eg sit her og ventar, på at eg kan eta. I går starta eg på att. Og verknaden var der med ein gong. Så no har eg ein kropp som er på parti. Men eg likar ikkje å putte slikt i meg. Likevel var det fantastisk. Eg var framom mor og far, eg svinsa i rundt, opp og ned av stol, utan kamp.

I dag har eg ikkje heile dagen heime. Det har vore godt med ein heil dag her. Ute og inne....ute i sola for glede og inn for å få vekk støvet.

Denne helga blir vi fleire. Er ikkje heilt sikker på kor mange, men jentene kjem i alle fall.

 

No skal eg laga min grøne juice. Den skal være reinsande. Reinsar kanskje litt ut av det eg ikkje er så glad for å ta. Trur eg snart har drukke den kvar morgon  i ein månad. Den er ein god start på dagen.

Den er laga av:

2 epler, 3 cm squash, 3 cm agurk, 2 cm ingefærrot, 1/3 sitron, ½ selleristong og ein neve spinat

Så puttar eg det i juicemaskina og får ein god, grøn juice ut.

Prøv den ein vakker dag. Om du kan og om du vil.

 

Men uansett, ha ein vakker dag.

 

På veg mot mørke

 

Men attom, attom........finnest ljoset. Alltid.

 

Ein sving innom for å fortelja at det er ikkje noko nytt under sola. I mi verd. Dagane labbar mot haust. Ein venner seg til det også.

I dag har eg vore i Kristiansund. På MR. Desse knea som har gjeve meg avgrensingar på eit blunk-. I dag vart dei skiva opp i avfotograferingar.

Før ærendet hadde eg eit anna ærend.

Planter!

Eg kjøpte meg fleire planter som skal ha god reinsande effekt. Treng det trur eg.

På tur heim kom den lova vinden. Det ruska  håra slik at dei sto på kryss og tvers oppå hovudet. Ute på havet fauk sjøen kvitt. Men tura med ferga attende gjekk overraskande greitt.

Heime skein sola gjennom skyene. Laga naturen fantastisk gyllen.

Da eg kom opp der eg bur var fargane vorte enno meir intense.

No drikk eg natt te og gle meg på å krypa under dyna.

God natt.

Tid

"Vil du høyra", seier ho på telefonen ein dag. Etterpå be eg om at eg må får høyra meir når ho kjem heim.

 

Ho seier ho ikkje har hatt inspirasjon lenge, men så kom den. Og at ho prøva seg på dialekt.

I helga fekk eg høyra meir. Eg likar så godt når mellomste tek fram gitaren.

"Er det greitt eg spelar på rommet"" seier ho.

Ja, berre døra får stå opa var det greitt. For eg vil høyre ordentleg.

 

Ho syng om å væra lita. Eg må smila litt over at ho syng om at ho fekk Cola å drikke, som det var drikken. Det var nok ikkje det.....som dei fleste foreldre var eg opptatt av det de små fekk i seg av  dei gode byggesteinar. Men på eit vis passa det vel inn i teksten da.

 

Over helga trefte eg tilfeldig ein som spurte etter henne, han sa han kan tenkje seg å øva inn nokre av songane hennar saman med henne. Det har vore ordentleg artig synes eg.

Men det viktigaste er gleda ho har av songen.

 

 

Ikkje noko spesielt

Det er berre ein dag på slutten av august og ferien er over. Det rengar og alt er slik det er og det er greitt.

 

Vurderte både å reise til Trondheim og køyra mykje rusk på søpla. Men det regnar og kroppen er ikkje på parti.

I dag har eg fri. Eg kan ikkje auka opp enno, det er for mykje som strikar. Det er berre vondtane i ledda. Eg testar, prøver på andre veka utan legemiddel. Må antakeleg tilbake til dei.

 

Eg har hatt ei svært hyggeleg helg. Mine to eldste og eg.

Vi snakka

Ikkje om vêr og vind. Men om livet. Om å leva og om verdiar. Om system. Om grunnelement. Kva som vert presentert og kva som er. Korleis alt vert påverka av alt.

Eldstemann fortalte om slikt eg ikkje visste, men hadde kjend likevel. Frå før. Eg fortalte om redsla. For ein har ingen av sine å miste. Eg kan bruka ordet audmjuk her. For det er det eg blir. Når alt som kunne ha gått gale ikkje gjorde det. Når livet ikkje forsvant der det har vore naturleg. Og ikkje rart redsla beit seg fast i kroppen.

 

For ei tid attende skreiv Lillaskjel om å stå vakt 24/7 her. Den metaforen har eg bruka. Å stå vakt i så mange år har sin pris. Som eg har gjort. Eg er i ferd med å legge frå meg "kikkerten" og gå ned frå "tårnet". Men at vakta vart så hard har sin årsak. Av og til er det tøft, men det er alltid nokon som har større utfordringar.

 

Det er godt å kunne snakka saman, kunne reflektera. Og eg lærer også. For det er så mykje eg ikkje veit, sjølv om eg veit meir enn mange om mangt som eg tenkjer ikkje har vore naudsynt eg visste.

 

Mellomste var litt stille.

"Eg seier ikkje noko fordi det meste blir sagt, men eg tenkjer fordi" sa ho.

Ho kom heim med sår hals og varm panne. Litt upassande fordi ho hadde arbeid å utføra, men med skjerf, C-vitamin og Ibux vart det parkert og dagen etter greidde ho det ho skulle. I tillegg hadde ho skrevet ein ny song og var glad for at det hadde dukka opp inspirasjon. Søndag spela ho, og eg likar så godt å høyra på.

Skal dele den i neste innlegg.

 

Veggen vart ikkje måla. Men vi samarbeidde om matlaging og dela tida med samtalen. Av og til er det vel så viktig som gjeremåla.

Det regnar.

For litt sidan gjekk det tre rautande kyr forbi. Dei var våte. Dei gjekk opp mot garden dei høyrer til. Ville kanskje inn. Forstår det godt.

 

 

Den siste før det startar

 

Fredagen er godt i gong. Med hybelkaninar i krærne, men likevel ei kjensle av kontroll.

 

Eg vakna forbausande tidleg. Den store kongroa i taket var gått i skjul. Trur den har krabba inn gjennom det opne vindauga på badet, og at den eigentlege heimen hennar er skogen.

Det lukta stramt av skoa som låg til tørk, på baderomsgolvet, etter ein tur for å sjå om det var vatn i brønnane i regnet. Vi har dårleg med vatn og dårleg vatn, så vi har starta ei vaktordning framover. 

Eg har starta å kjøpe vatn.

 

Men det var for tidleg. - Å stå opp. Eg hadde lånt meg ei bok på biblioteket om baking. Om å baka brød med mindre gjær og lengre heving. Derfor var det seint før eg la meg for eg starta å baka for seint.

Så eg la meg igjen.

Da eg vakna eit par timar seinare var dagen godt i gong og klokka viste halv ti. Vekta viste to kilo minus på ei veke.

Det er for mykje på for kort tid.

Eg er i gong med å motvirke alle plagar med nebb og klør.

 

Maten min er prega av det eg les og å ville få ein friskare kropp. Så frukosten min inneheldt ein reinsande juice og rundstykka med mindre gjær. Begge deler smakar kjempegodt.

Eg er i gong og det er bra og eg er glad.

 

I kveld kjem mellomste og eldste heim. Eg har ein ciabattabrød-deig til heving. Med lite gjær. Vi må kosa oss. Har sett på oppskrifter av sunt snacks. Men innser at eg rekk ikkje så mykje i timane eg har til bruk. Kampen mot kaninane må takast først. -Hybelkaninane.

 

Det regnar, så planane om måling i helga står i fare for å regna vekk ser eg. Men ikkje noko er gale utan at det er bra for noko. Det blir vatten i brønnane som vil seia vatten i kranane. Og da får ein dusja, som er bra for velværet og hygiena. Men drikkevatnet fortset eg å kjøpa. Enn så lenge.

 

Dette er siste feriedagen min. Og eg ta med meg det eg har starta på inn i framtida. For framtida.

 

 

Enn om dei kjenner det.....

 

I dag les eg blogg, eg må til med noko anna..... Men ein kan få idear. Og eg fekk lyst til å fortelje -.

 

Eg kom på ein episode da eg las Karidansen sitt innlegg her. Om slikt som ikkje er direkte til å forstå ut i frå vår naturvitskapelege kultur og tankegong.

 

For mange år sidan, medan eg budde i Oslo, fekk eg eingong ein ide.

Eg har alltid likt å overraske.

Faren min har fødselsdag i slutten av januar så eg fekk ei intens lyst til å reise oppover for å overraske han og resten av familien. Det var ingen rund dag og eg hadde ikkje det for vane å gjera slikt. Eg hadde aldri gjort det før.

Dette opptok hjernen min slik at eg til og med drøymde om det. Eg hugsa eg tenkte at det ville bli oppfatta, fordi eg tenkte så mykje på det -.

Flybillett vart bestilt..... ein kostnad for ein student. Ikkje gjekk det buss heilt fram heller. Så dei siste åtte, ni kilometra måtte eg gå. Det var mørkt, barfrost og det susa i furuskogen. Eg var ikkje av dei modige og skvatt skikkeleg da det kom ein joggar og sprang forbi meg der i mørket.

 

Da eg endeleg kom fram gjekk eg opp på terrassen og såg inn i stova. Der såg eg familien min i aktivitet. Eg knakka på vindauge. Den første som fikk augo på meg skvatt skikkeleg og vart heilt kvit i ansiktet.

Men mor vart ikkje overraska.

Ho hadde heile dagen hatt i tankane at eg kom heim. Ho hadde stoppa seg sjølv kvar gong tanken kom, med at så klart kom ikkje eg. Men så var tanken der att.

Eg bruka berre reise heim til, jul, påske og sommarferien.

 

Ho hadde teke opp tanken min og kjend på seg at eg kom heim utan at det var nokon logikk i det. Utanom tankeoverføring.

 

Har du opplevd slikt?

 

 

Kaptein Vom

 

Bomelom og alt godt til dagane som kom, kjem og for. Eit mindre sjarmerande innlegg....

 

 

Det er ikkje godt når kroppen på ein måte seier stopp. Når mykje av det ein skal gjera luggar i vondtar. Vi opplever det dei fleste av oss. Etter som åra går -.

 

For å seia det med ein gong, eg synest kroppen skal virke og at eg synest slike plager et uinteressant og kjedeleg. Så eg må orsaka innlegget mitt.

 

Men likevel, det er og kjedeleg når kroppen ikkje er med på det ein vil......så ein fortset å gå til lege.

 

For eg vil virke. Helst godt.

 

Med meg vart kroppen uvenner med etter eg fekk barna. I ein periode var det ei dagsreise å kome seg ned dei to etasjane til vaskemaskina. I dag trur eg det kan samanheng med at eg køyrde eit hardt løp for å få barn, med to seinabortar før eg lukkast med å bli mor - på kort tid - hadde nok sin pris.

Eg tålte mest ikkje eit pikk bort i meg før det var vondta og la på meg utrulege mange kilo. Vart etter kvart diagnostisert med fibromyalgi.

 

Etter nokre år sa eg opp diagnosen.

 

Da eg var i Oslo nettopp fann eg ut at eg måtte avgrensa kva eg gjorde og kor mange eg trefte. Eg fann og ut at i denne tilstanden måtte eg seia nei til ein date - ei problemstilling som utruleg nok dukka opp.

Og eg greidde å detta......"som ein potetsekk" sa ein som vart vitne til eit av dei tre falla i veka som gjekk. Eg slo meg ikkje nemneverdig, og det førte til skikkeleg latterbrøl og latter er ikkje bortkasta.

Men grunnen til falla er at eg har såpass stivleik i kroppen at eg ikkje greier å ta meg igjen.

 

No har eg ei lita smørbrødliste av lite alvorlege tilstander på "sjukdoms" lista mi. Og dei bør være handterlege. Noko må eg nok akseptera fordi eg ikkje er tjue lengre.

 

Bilder lån tfra Google

Den nyaste og mest vittige er at eg har noko som gamle menn får og som Kaptein Vom hadde store problem med......podegra......det vil seia; eg har for mykje urinsyre i blodet....og det kan føre til urinsyregikt. Det held eigentleg med den slitasjegikta eg allerede har fått påvist.......

 


 

 

Og akkurat dette har eg lest meg til eg kan gjera noko med, med kva eg puttar i munnen......så eigentleg var dette ei gåvepakke; Det er ikkje alvorleg, men det kan føre til mykje ubehag.

Så eg opplever det som eit utropsteng for helsa. No eg ta dei kloke val. Og det er bra. Bra for ALT!

 

"Ein kan vel ikkje sjå bort frå at du har fibromyalgi" sa legen sist......så eg tenkte ok.....ta det med da, men det er eg som må gjera noko med dette.

 

Da eg reiste på ferie tok eg med meg to bøker; Sjarmen med tarmen og Kollektivt selvmord.......synest denne oppløfta litteraturen var urkomisk.

 

 

Har nokon erfaring med Kaptein Vom......las du denne teikneserien?

Eller har du erfaring med for mykje urinsyre i kroppen og kva gjer du eventuelt for å motvirka?

 

 

Rundt, blått og raudt

Fri, frank og fredeleg. Sommar, seint og strålande. Mest utan sol. Ein dag i august. Ein dag i ferien.

 

Siste veke er i gong. Siste ferieveka mi. Denne som berre skal få lov til å skli stille og roleg over i hausten.

Vakne og ikkje skulle noko er sååå godt. Nedover fjellsidene hang grå skyer, men pytt - det hadde ingenting å seia. Eg fekk sett i gong nokre vaskemaskiner og fortsette med rydding. For tenk det, etter eg kom heim har eg sortert og rydda slik eg har tenkt lenge. For eg her meir energi. Eg har det.

Kanskje eg skal sjå etter kantarell tenkte eg. Men området det var var innramma av gjerde, der det gjekk store firbeinte. I steden fann eg tyttebær. Ikke så mykje, men litt.

Sveiten rann og konsentrerte meg for ikkje få eit uheldig steg. Det gjekk bra og eg kom meg heim med den velsle fangsten.

Da eg skulle finne ut middagen fann eg ut at dette kanskje var dagen for pannekake.

Så da bar det opp i skogen igjen....etter blåbær. Eg fekk denne kjensla av å væra barn på oppdagingstur.

Middagen smaka. Den smaka barndom og sommar.

Ferie er herleg.

 

 

Ei vakker veke

 

Eg elskar. Eg kvila i min elska sin famn. Eg kjende i mitt hjarta hans namn. Ei veke eg fekk og den deler eg vekk.

 

For her kjem bileta, og dei er mange. Når ein har det bra ein ta bilete.

Mest ei veke har eg bruk i byen i mitt hjarta. Byen eg er mest glad i. Det vart mange bilete som eg vil dela nokre av med dykk. Tøyen, Ekeberg parken, Hovedøya og Sørenga.

Kaffe på Sukkerbiten eller Nord. Pizza på Postkontoret. Ikkje alt er det bilete av, men vakkert har eg hatt det.


Nedover Østerdalen med korga i fanget.

Så på plass. Latter på verandaen.

Ekebergparken. Sol over fjorden.

Inn og opp i parken. Natur.....og....

.........kunst.....skulpturar.

Lys og skygge. Flaks at venninna mi og eg har like stor glede av å fange dette i foto.

Lyssetting.

Hovedøya, glitteret i sjøen.

Kjenne varmen av sola, høyre lyden av båra.

Ruinane etter klosteret på øya.

Kafeen var stengt da vi reiste attende.

Forsvar i gammel og ny tid.

I hamn.

Sola fargelegg himmelen over Eneberghaugen og Oslo.


Spagetti bolognese og ein fantastisk god raudvin.


Operaen

Byggeaktivitet

Syklar til bruk for dei som vil.





Sørenga, ein ny bydel.


Skulpturer framom Barcode.

På tur går vi forbi denne, mellom Jernbanetorget og Grønland.

Solglitter over Sørenga.

Sjøbadet

Sola går ned etter nok ein varm og nydeleg dag.








Likevel; borte bra, men heime best. Ein gong var byen min boplass, over eit tiår av mitt liv. Mykje har skjedd sidan da, men svært artig å sjå det som kjem, det som er nytt. Eg elskar Oslo som den var og som den er. Men no bor eg langt utpå landsbygda, alt har sine kvalitetar.

Ja takk, litt av alt.

 

 

58 VS 58

 

Det er ein tysdag. Skal eg prøve igjen i dag, tenkjer eg, å skriva eit blogginnlegg........

For eg har starta nokon utan at dei blir posta.

 

For tida trivest eg godt med å gjera ingenting. Og da meiner eg ingenting. Å flyta rundt utan tid har vore fantastisk. For ei stund.

Men eg veit det nærmar seg, at eg må ta tak. Må ta tak på eit anna vis enn eg nokon gong har gjort. Det store spranget.......kan ein seia.

Eg summerer og trekkjer i frå. Alle val og alt som har skjedd.

Født i 58 og 58 i år.

I går var eg hos legen. Alle prøvar var bra og det er bra. Nær som ein. Den fortalte meg at det startar å hasta. For ein er ikkje 85 når ein er født i 58.

Og så må eg visst berre akseptera ein gamal diagnose som eg sa opp for mange år sidan. Eigentleg er diagnosar underordna, men eg må til å være snill mot meg sjølv.

Mykje snillare enn eg er og som eg har lært.

Hovudet mitt har det nokså bra det, men kroppen slit. Viljen din er sterkare enn kroppen sa ein for ikkje så lenge sia.

Så når hausten er i gong må eg også være i gong. - Med ikkje å strekka og villa så mykje, anna enn å ha det bra. Gjera slikt som er godt for meg. Eg kjem ikkje til å gløyme alle dei andre, men kanskje må eg ikkje setja dei først alltid. Eg må avlære ein godt innarbeidd lærdom.

 

Sola skin inn i mellom regnskurene. Eg skal snart setja meg på eit tog. For eg har ferie og da skal ein liksom reisa bort. Da gjer eg det, fordi eg trur eg har godt av det. Og det skal bli en fin tur, sjølv om eg mest må seie at eg hatar å pakke.

Eg er på veg til noko anna. Kjenner eg gle meg til at eg har fått det enno meir til -. Starten på blogginga for tre bloggar og mange år sidan, for å finne ut kva som var feil. Spegla livet mitt i orda. Da det var ingenting igjen til meg sjølv anna enn pisken. Dess fortare eg sprang desto verre vart det. Det har skjedd mykje sia da, det har vore ei stor reise alt i alt.

På toget ska eg tenkje enno meir på den reisa og ikkje minst reisa vidare. Eg må igjen let den kreative pulsen få plass....det  gjer den ikkje i mellom permar for A4 format. Og ikkje minst skal eg nyta inntrykka gjennom togvindauge og til og med at eg må skifta tog på Hamar.

Eg og meg og alt slikt

 

Om det har vore stilt frå meg ei stund, så har eg tenkt mange innlegg....men dei visest ikkje dei.

 

Og eg tenkjer mange tankar om kva og korleis... På alle desse dagane som rasar i forvilla fart gjennomtilvære. Eg trur eg kjeder meg for lite. Eg må kjede meg meir, tenkjer eg medan yngste tek snapchatt og den eldre leikar fjortis.

For det er dette som er livet, det eg spring i gjennom.

I full fart.

Både da eg var lita og da eg var fjortis ville eg oppleva. Oppleva mykje. Det skjedde alt for lite.

Etter eg fekk meir val over livet mitt sette eg det på full styrke. Og eg sprang. Eg sprang etter bussar, trikkar, gutar, etter tida og etter viktigheita. For eg trudde det var å ha fulle avtalebøker.

Eg vart fanga inn i det travle. Så forsvann energien bit for bit, så i dag er eg så heldig å oppleva at det skal lite til. - Før at det er travelt. - For at eg er for sliten. Dei siste vekene har det vore mykje.

Ikkje at det er ille. Det er mykje ein opplever. Det blir turar på sjøen....som er aldeles herleg. Til å med oppleve ei flytande namnesøster.

Det er mykje fint. Men for travelt.

Snart har eg ferie. Ein feire som eg ikkje vil ha planer i, men som eg skjønar eg må få avstand til alt eg balar med i kvardagen. Så eg har bestilt togbillett. Samtidleg har eg ei kjensle av at det blir jafsa store bitar av den ferien.

Kanskje er løysninga rett og slett at eg må gjera meir for å føla at eg gjer mindre. Heilt greitt om denne var litt ut av samanheng......eg skjønar meg sjølv. Til ein viss grad i alle fall.

I går var det den store flyttedagen. Eg vakna tidleg. Korleis skulle eg leggja opp løpet, tenkte eg. Regna det vart madrassar våte. Det vart regn, og den eine madrassen vart våt.

Korleis skulle eg køyre......for eg er skikkeleg dårleg på å rygge med tilhengar. Den er liten, og mange fortel meg det er verre å rygge med ein liten ein. Det tru eg på. Men den er lett å hekta av. Så alt gjekk bra. Sjølv om vegane fram dit dei skulle flytta var ekstrem smale og krunglete, og til slutt ein liten gardsplass med ein smal port. Begge jentene gle seg vilt til å bo saman. Fekk flytta mellomste frå Møllenberg, der alle einvegskøyrde gatene vart breie i samanlikning med dit dei busette seg.

Vi vart svoltne og trong mat. Eldstemann, mellomste og yngste.

I dag har eg nokre fritimar før eg må gjera slikt eg må få unna før ferien. Denne gongen skal eg koma i mål, ingen ferie på overtid.

Men med ungdommar som veks ut, eit løp som ikkje står i samsvar med ressursane, med for lite plass i både klede og tid, med sterk påminning om at livet ikkje er evig.........ja.....så tru eg må gjera noko, gjera noko med kursen. Og eg må greie å gje meg meir plass i mi eiga tid.

 

 

Ein dag som i dag

 

Denne dagen, den eine dagen i året. Da teljaren liksom seier "klikk" også kjem eit nytt tal opp.

 

Det regna friskt da eg vakna. På dagen min. Eg drog dyna over meg, men sovna ikkje. Så eg sto opp. Spekulerte på om det var no eg vart vaksen. På badet hang ein lapp.

Eg snudde den.

Godt med slike vakre ord på ein dag ein kan treffa på å bli ei aning emosjonell.

Plana er å grilla. Mange grønsaker og litt anna. Eg skal også laga ei iskake. Vi blir ikkje mange. Berre litt familie.

Eg opnar pc'n, på fb dukkar det opp gratulasjonar. Går inn på bloggen. Der ligg det ei melding, frå Frodith.......om at det står noko på sida hennar.

Og der inne har ho laga eit så koseleg innlegg fordi eg har fødselsdag. Eg blir rørt, glad og får litt lyst til å gøyma meg......noko med alt fokuset på meg.

TAKK Frodith.

Du imponerer meg med alt du greier og får med deg <3.

No skal eg straks til å ordne opp til dagen. Men først skal yngste og eg eta frukost. Laks og eggerøre. Det skal bli godt.

Ynskjer ein riktig fin dag til deg som les.

 

 

Feil side

Kva veit du om elektrisk rullestol? Ein slik innretning som hjelper folk som ikkje har føtene å lita på, til å koma seg framover.

 

Eg tenkjer ikkje teknisk, men korleis den skal brukast i trafikken. For dette er nok lite kjend. Dette er ein innretning med hjul på. Og den går av seg sjølv, for den er elektrisk.

 

Kor trur du denne stolen skal være når personen som brukar den skal ut i trafikkert område?

- Ein veg der gåande og bilistar deler vegen. Det finnest mange vegar i land vårt som ikkje har fortau og sykkelbane.

 

Eg har fleire familiemedlemmar som bruka elektrisk rullestol. Og dei fortel om det same. Om skarpe blikk og til og med tilsnakk når dei kjem. For folk meiner dei er på feil side av vegen.

Ein som kjem i elektrisk rullestol er å forstå som gåande. Når dei køyrer etter vegen skal dei køyra på venstre side av vegbanen som ein gåande. Dei er ikkje syklande eller køyrande. Så bilane som kjem i mot vil få ein elektrisk rullestol i same vegbane som dei sjølve er i.

I Trafikkreglene §1Definisjoner, punkt 1, under bokstaven l står det:

Rullestol: Innretning, med 3 eller flere hjul og/eller belter, som er særskilt konstruert for forflytning av en person med redusert gangevne. Innretningen må ha egenvekt ikke over 250 kg (inklusiv eventuelle batterier), lengde ikke over 180 cm og bredde ikke over 80 cm. Dersom innretningen er motordrevet, må den være konstruert for en hastighet som ikke overstiger 10 km/t. Slik innretning anses ikke som kjøretøy etter vegtrafikkloven § 2.

I §2 Anvendelsesområde, fravikelse av vegtrafikkbestemmelser m.v. , punkt 3

3.  Som gående regnes også den som

a)  går på ski eller rulleski,

b)  fører rullestol eller sparkstøtting eller aker kjelke,

c)  Leier sykkel eller moped, triller barnevogn eller bruker lekekjøretøy.


Frå google

Dette er det nok alt for lite kunnskap om. Så eg vil prøva å kringkaste dette.  Ingen har lyst til å køyre på nokon. Attom ein sving kan det væra nokon som er ute å trillar ei barnevogn, det kan være eit dyr, ein gåande eller ein som må bruka elektrisk rullestol for å koma seg fram.....

Vær observant og ikkje køyr så du skadar nokon.

Og ein som kjem i ein elektrisk rullestol på venstre side av vegen er på riktig side. Han er gåande!

Hugs det!

 

 

Det er mykje som er bra

 

Ein ny vakker dag i ferielandet Noreg. Med vakkert solglitter i sjøen.

 

I går hadde eg ein fridag, utan at den var plagsam fri.

Eg hadde dagen med sjåføroppdrag. Køyring av yngste til og frå sommararbeid. Tømming av ein tilhengar for foreldra mine. Den sto i ein bakke, så den starta å trilla og køyrde seg fast mot bilen. Dette laga merke i lakken. Så drøymen i natt om at bilen køyrde inn i ein garasje inn i ein annan bil hadde ein touch av det verkelege.

Eg må finna noko å dekke over med, så det ikkje startar å ruste. Ikkje noko artig på ein til da ripe- og bulkfri bil.

Ikkje er eg flink på å rygga tilhengar heller. Og desse mennene på søppeltømminga kan kunsten å vera fantastisk irriterte. Det gjekk likevel greitt i dag.

Så har det vore nokre telefonar og innom for å yte nokon litt hjelp.

Men eg lever. Eg er frisk. Og det er sommar.

Eg fekk og ein halv time i solstolen.

Det er ikkje for alle det er slik. På ei lita stund kan livet snu seg. Det som er evig blir plutseleg noko som tek slutt. For livet er så skjørt. Plutseleg er historia heilt annleis. Sjukdom og død er der......

Derfor er det så viktig å setja pris på det når alt er bra. Og å huske på at det finnest ting som har vore bra når livet ikkje kjennes på parti.

 

Vel heime fordelte yngste og eg oppgåvene.

Eg laga middag og ho gjekk tur....mer korrekt.....trilla tur med boffen.

Yngste har trilla ut med brett og hund igjen i dag.

Etter grilling på verandaen og slumring i solstol. Det var godt å kome heim i kveldinga til slikt. Til sol og varme og kunne sitte ute til halv ni.

Nok ein dag med køyring hit og dit. Inn i mellom slikt ein skal.

No kjenner eg at eg er trøyt. Kanskje eg berre skal legga meg etter eg har hengt opp kleda som er til vask.

 

Har dagen din vore vakker og mild?

 

 

Ei helg og ein kveld

 

Denne helga tek kanskje toppen av kransekaka.....er det sagt. Ikkje denne helga, men kransekaka. Eg likar forresten kransekake, men det fikk eg ikkje denne helga. Det fikk eg sist.

 

Men det har vore ei helg med innhald........for å seia det slik. Meir enn nok eigentleg.

Fredagskvelden ramla det inn ei melding frå sonen........rakk ikkje flyet frå Uganda, sto det.

Uganda, svara eg.......er det ikkje i Kenya du er!!!????

Det var starten på eit døgn med å finne ut at å mista flyet frå Uganda ikkje er noko vidare lurt. Men noko flaks skale ein ha, så i ettermiddag landa han, eit døgn etter han skulle. Det var frykteleg godt å høyra stemmen da han ringte vel framme.

Jentene skulle ut på ein holme å synga, så eg køyrde dei og hovudattraksjonen - ei som kom langt i Voice - ut dit båten gjekk i frå. Det var usikkert om eg kom utover for å høyra på dei, sjølv om eg villeDet var  5% sjanse. Sa eg.

Med lite søvn etter det eg starta innlegget og laurdagen med, var det liksom nok.

Faren kom framom på veg til konserten. Da fann eg ut at han kunne få nokså store problem med å finne fram til dit båten gjekk frå. Så eg vart med. Likevel.

Det var artig å høyra dei som opptredde. Og eg møtte mange kjende, men eigentleg var eg for trøtt.

Det var godt å ta båten attende halv tolv.

 

I dag var det arrangement på museet, så eg reiste nokså tidleg dit. Det var så godt å sjå det kom mykje folk. Og eg trur dei kosa seg. Det var ein blanding mellom Eritreisk folkemusikk og populærmusikk som vart framført i naustet.

Da dagen var over var det godt å låse dørene og ta inn over seg sola som glitra i sjøen.

Til slutt for vi framom foreldra mine. Det var berre yngste som var att. Mellomste og faren var reist til Trøndelag. 

Da vi var der fekk ho melding om at hovudopptaket var klart. Framtid og studie.

"Eg blir kvalm" sa ho, da ho gjekk inn på sidene.

Bileta over fortel nok kva ho fann. Ho var så sikker på at ho ikkje hadde greidd det snittet ho måtte ha etter vidaregåande for å koma inn på 1. valet.

Det einaste eg er sikker på er at eg er i tvil om reknekunnskapane hennar.

 

Så her sit eg og ventar senga skal ropa på meg. Trøtt og mett av helg. Og med ein son på norsk jord.

 

Humørfall falleri fallera

Ein og annan gong kan det skje. Det som skjedde i dag. Heldigvis er det ikkje ofte.

 

I dag er eg noko eg mest aldri er. Eg er sur.

S-U-R!

Slik skikkelig. Akkurat som alt er gale og feil.

Eder og galle.

Når eg møtte folk og liksom skulle ta på meg det ansiktet eg bruker når eg møter folk, var det akkurat som ansiktet krakelerte.

Slik til vanleg har eg lett både for å helse og smile, for eg er oftast blid.

Alt, absolutt alt var det noko eg reagerte på. Alt var irriterande. Eg annonserte nokre ting på fb fordi eg måtte kunngjera ........og det som eg las der inne fekk det til å vrenge seg slik at eg vart enno surare.

Eg kunne bitt hovudet av nokon. Slik kjendes det.

Og eg drog filmane der eg syntest det var gjort feil........mot meg.........mot mine. Eg hadde lyst til å blese meg opp som ein kjempeball og trilla over alt eg ikkje likte og markera at nok var nok.

Av alt!

Slike ting eg ikkje bryr meg om til vanleg vart kjempestore.

Så gjett om det passa at eg mest var for meg sjølv heile dagen.

I bilen heim passa det å høyre på Radiohead. Slik skikkeleg høgt medan eg cruisa heimover i dramatisk ånd.

 

Har du høyrd noko av dei?

 

Her er eit kutt:



 
 

Kanskje syntest du ikkje om dei.....det er slik musikk ein må høyra fleire gong på.

Også når ein ikkje er sur. Helst når ein ikkje er det. Eg likar dei svært godt.

Kva gjer du om du mister humøret fullstendig?

 

 

Før alt startar igjen

 

I eit lite  pusterom før alt startar. Siste dagen min i første etappe. Men ut i august har eg tre veker til ende. Med ferie.

 

Dagen i dag har eg sagt ja til ei feiring. Så snart må eg i bilen for det.

På andre sida av fjorden ligg skodda langt nedover fjellet. Den er i fart ser eg. Vidare innover.

Eigentleg er eg nok venta til foreldra, der står ein tilhengar full av rask. Den får vente til neste tysdag som er tømmedag for slikt. Eg må mest være fleire, styrke er ikkje mi sterke side. Muskelstyrke.

No fekk eg telefon frå yngste, kan du ta med det og det sa ho. Eg må straks til.

Veker med arrangement og logistikk ligg framom.

"Skal vi reisa til Portugal" har vi stilt kvarandre spørsmål om, der har ingen av oss vore.

"Vil du være med til Spania" har eg fått spørsmål om.

Det kjennes fint å tenke seg ein tur. Men det spørs..........

I år fekk eg restskatt som vil svi. Verken skatteetaten eller eg følgde med at når du får nokon som passerer atten år skjer det noko. Så eg som har vore vant til å få attende fekk sjokk.

Men drøyma kan ein. Om tur.

No eg..., må rekka å kjøpa ei gåve.

Jentene er alltid hyggeleg å dela tid med, og å feira faren og møte ho som ein gong var svigermor går bra. Henne har eg forresten lova å vitja.....lenge.......må få det til også. Denne sommaren har vi sagt.

Alt blir ei råd, alltid, til slutt.



 

Grill og hymens lenker

 

Ei helg-, ei vakker helg er over. Og sol og skyer fargela dagane perfekt.

 

Ein vert vel smidd i hymens lenker og ikkje grilla, slik overskrifta mest kan tydast.

Men så var det berre slik at den eine dagen var grilling og neste var det gifting.

Sola sto opp om fredagen og gjorde dagen varm. Å sitja ved sjøkanten med lette sommarklede for å bli kjent med dei ein ikkje kjente frå før var ikkje feil. Det var ein vakker start på ei vakker helg der to viste verda at dei hadde valgt kvarandre.

 

Her kjem bilete frå dagane og litt tekst.

 

Fredagskvelden:






 

Laurdag:

Sola var også med oss på laurdagen, den store dagen.

Vigsla var humanetisk.


Jentene mine hadde ikkje vore i bryllaup før og syntest scena dei var i minte dei om film.



Søskenborn og søstrer-.

Fotografering mellom vigsle og mat tok ei tid. Så det var godt å kunne setja seg ved det festdekte langbordet da den var overstått.

Vi fekk kamskjel i paprikasaus til forrett, fantastisk fint, mørt hjortekjøtt med fløtegratinerte potet og portvinsglaserte gulerøter til hovudrett. Desserten var ein svært god crème brulee med lakrissmak og bringbærsorbé til. Drikke fekk vi i kvitt og rødt, utan at eg noterte meg namna.

I tillegg var det mange fine talar. Og dei VAR fine.







Kakebordet med felles oppskjering av kake høyrer med.




Ein pyntar seg, både ho som har fått ring på fingeren og dei som har. Og alle dei andre som er med på å feira.

Og så gjekk sola ned og fargela verda så vakkert. Kristiansten festning og Munkholmen låg historisk i bakgrunnen.

Med mørke skyer i tillegg fekk det ei vakker ljossetting.


Og folka snakka, lo og hadde det triveleg.


Så no er eldste mosterungen min gift.

 

 

Ein hårete dag

Når ein er bedt i bryllaup er det ein del ting og tang som må på plass. Klede, sko og i går var dagen for hår.

 

Eg stoppa ein gong i tida å gå til frisør. Eg hadde ikkje plass til det. I tillegg såg eg verre ut etter enn før. I førtiåra prøva eg mange gong, eg såg ikkje ut; sint, sur og trasig. Så eg ga opp.

Og etter kvart vart eg ei blondine heilt av meg sjølv. Til slutt var det kvitt frampå, og eg såg det var for mykje av det gode og at eg ikkje vart yngre av denne looken.

I baderomskåpet står det farge for å laga striper. Det var tanken som ikkje vart utført.

I går susa vi til Trondheim, nokre skulle ha klede og nokre sko.

Eg skulle til frisør!

Det er meir enn nok som driv med den slag her eg bor, men eg synes mange ser litt ut som meg i førtiåra.......litt slik småtrasig etterpå.

Vanskeleg dette.

Det var da eg kom på det. Skulle eg først ta ein sjanse kunne eg ta den skikkeleg. Mellomste har ei veninne som nettopp er ferdig utdanna frisør. Til henne bestilte eg og dro til.

Eg angra ikkje. No har eg funne frisøren min. Eg håper mange andre finn henne også. Ho har berre kontrakt hos Aganton Sax ut året. Da kjem det an på om ho har fått mange faste kundar forsto eg, for da fekk ho fortsetja.

Etterpå var innom mellomste. Der var det folk på vitjing. Og eg syntest det var heilt vittig med alle skoa i gongen som møtte oss.

Der sat det mange unge sinn som såg på fotball. Skikkeleg godt med ein skikkeleg dose unge menneske. Eg synest det er godt å ha tid inn i mellom med dei som er ved starten til det meste.

Snart er tida over i dette bofellesskapet, men til hausten skal begge jentene mine og to veninner av dei flytta inn i ei anna leilegheit. Den var så fin at det gløymte å spørje om det meste sa dei, når eg vile vite om ditt og datt.

Jentene fann seg ikkje klede. Så til slutt, etter butikkar var stengt og etter ein kaffikopp, køyrde vi mellomste til kjærasten - som eg ikkje har helsa på.......men no har eg vinka til han.......

Vi var innom pappaen som er litt invalid etter operasjon med berre ei hand til hjelp. Vi hadde sagt vi kunne handla mat for han.

Så heime var vi seint nok. Da gjekk yngste i gong med ein tanke. Eigentleg skulle ho ta buss til Trondheim for å sjå etter meir klede i dag.

Bryllaupet er til helga.

Ho har ei mormor som er over middels oppteke av klede. Og ho har arva ein del av desse avlagte. Så ho kom fram med ei buksedrakt, den gjekk ho i gong med å skifte eit strikk på. Og eg fann fram sko i samefarge som var i drakta. Da klokka passerte to i natt hadde ho antrekk.

Det var ei trøtt jente eg køyrde på arbeid klokka ni i dag. Men ho var i strålande humør, for ho var overbevist om finare klede å ha på seg hadde ho ikkje funne om ho hadde reist til Trondheim i dag og leita i alle butikkar som var.




 

Stripe

I kveld gjer eg ein liten vri og opprettar eit nytt tema "stripe". Ikkje sikkert det vil fungera, så dette er ein test. I tillegg skiftar eg til bokmål i denne sjangeren.

 

Hvorom allting er......

Ting henger sammen og motviljen over forandring er hardtslående.







Så ikke følg denne damens eksempel.

Riktig god natt.
 

 

Timar i natta

 

Tida går fort i dei små og grå timane. Berre let den gå fordi kan ein gjera slikt. Ein har da ferie...

 

Før dagen i dag startar ordentleg med kjøring og kasting av skrot. Butikk og handling og alt slikt, legg eg inn nye øvingar..... Eg som har funne teikneprogram på data'n min. Denne gongen vart det paint fresh eg prøva. Slik vart det......dei evinderlege damene som er så lette å teikna.....uuuppps.....måla. Men det blir fort teiknemåling. Sjølv om eg starta attafrå og arbeidde meg fram til det ljose.

Created with Microsoft Fresh Paint

Etterpå tok eg det inn i pixlr for å vri og vrenge på det der. Kosa meg kraftig med å finna ut.






 

Til slutt var natta her og det siste arbeidet eg leeenge med. Litt overarbeidd vart det eigentelg. Men eg skulle lagra det. Og så forsvann det under lagring.

Da skjøna eg det var på tide å finne senga. Så i dag er eg litt rusket på auga.

 

Kva skal du i dag?

 

 

Ost

 

I dag forsvann eg opp i ei anna tid. Ei tid da ein laga det meste av maten sin sjølv.

 

I går kveld fekk ein telefon.

"Kan vi få låna nøkkelen til seterbua" var spørsmålet.

Sommaren sin seterdag er i slutten av månaden. Eit arrangement det brukar å koma mykje folk på. Koking av ost er noko av det som skjer og yngre krefter må til å tenkja på å ta over stafettpinnen. Så det var plan om ein omgong med ostkoking for trening. Ville eg, kunne eg også væra med.

Så etter å ha køyrd yngste på jobben reiste eg til fjells.

Der var dei godt i gong. Eg har vore med på dette ein gong før og henta notatane min. Denne gongen kjendes alt mykje greiare.

Mjølka fekk koka i mange timar.

Vi rota i den store jerngryta på skift. Den sto på den ein gamal omn. Den vert teke ut kvar sommar til dette bruket. Den har ringar å ta av så den store gryta passar oppi. Slik har den har vore bruka mang ein gong på 1800-talet og oppover halve1900-talet. Og seinare, da seterdagen starta for snart tre tiår sidan vart omnen og gryta teke i bruk att.

Hundane og ungane leika seg på setervollen. Sola skein og vatnet i elvakulpen glitra.

Til slutt var osteproduktet ferdig. Det smaka karamell.

Så var det opprydding  og låsing  av buene. Vi aspirantane avtalte ein ny prøvekoking før seterdagen. Det er alltid litt vemodig å reise ned frå dette paradiset ein får lov til å nyta.

Nede igjen hadde yngste og eg funne ut at vi skulle grilla. Sommarkotelettar og maiskolbar. Vi fyra opp og sette i gong.

Berre for å skjøna at dette med grilling har vi ikkje helt teket på. Kotelettane greidde vi å brenna. Og eg har endeleg forstått at eigentleg skal ein ikkje gå frå når en driv på med dette. Det har eg alltid gjort. Blir litt som med ostekokinga, ein må passa på.

Snart no skal vi straks avslutta dagen med arme riddare. Så matfokuset er det ingenting å seia på her i garden.

Og slik heilt til slutt, kanskje snika seg til ei lite skive eksklusiv brun ost.

 

Artig å leika

Ikkje vera fornuftig på ein flekk er ikkje slik borte vekk. Av og til. I dag har det vore av og til.

 

Dagen i dag sklei vekk som kvikksølvkuler. Eg fekk ikkje heilt tak i den. Av og til fungerer det også. Berre let alt vera. Eg har vore på ei lita vitjing. Og det har også gått opp for meg at eg har ein hund som ikkje er bedt i bryllaup. Neste helg bør eg ha løysninga på det.

 

Og så oppdaga eg at det eg la ut i førre innlegget ikkje var teikna med paint, men med noko som heiter paint fresh. Derfor mått eg gjera eit nytt forsøk.........for det viste seg at paint dukka opp da eg søkte inne på pc'n. Så eg hadde paint og eg teikna ikkje i paint, men i paint fresh. Så her innrømmer eg tvert at eg laug. Derfor måtte eg gjera eit forsøk med paint også. Og heilt av seg sjølv vart det over det evigvarande temaet ho og han.


 

Etter det måtte eg prøva ein gong til med paint fresh. Og så må ein prøve for å læra. Her oppdaga eg at ein kunne lima inn eit bilete. Fann eit av meg sjølv og smeisa inn. Artig å prøva ut at det gjekk faktisk å måla over biletet.........så her leikar vi oss.

Created with Microsoft Fresh Paint
 

Men no må eg finna på noko anna.

 

Korleis har søndagen din vore?

 

 

Les mer i arkivet » September 2016 » August 2016 » Juli 2016
BforB

BforB

58, Kristiansund

Heilt enkelt er eg ei dame. Eg er oppteke av mykje og ein tanke oppbruka av alt eg ville. No leiter eg etter det store overskuddet, samtidig med at eg gler meg med mine nære. Er glade i tankar, og inn i mellom må eg ut med dei. Eg bor i ein liten kommune nord for Kristiansund, men fordi ikkje så mange bloggar der velger eg å føre opp byen som min heimplass.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits