piiP

Så sit eg her. Vil blogga. For det er ei stund sidan. Sidan eg skreiv eit innlegg.

 

For alt er ved det same og alt er ansleis.

Slik er det alltid.

No er eg trøyt. Dagen har vore lang. Eg har vore i Trondheim. Nokon har reist høgt opp i det blå.

Medan eg sto igjen. I sol ein kald oktoberdag som likevel hadde plussgrader.

Etterpå henta eg yngste på Dragvoll. Vi fann ein stad og eta.

Vegetabilsk.

Så dro vi innom midterste, ho var på arbeid.

Og så reiste eg heim, men var framom eldstemann. Vi snakka om jula. Den blir nok som den har vore dei siste åra.

Det er godt og væra heime til tross for at det er kaldt, stille og tomt. Men det er akkurat no i kveld. Og no skal eg sova meg kvil til arbeidsdagen i morgon. Da skal eg gjera så mykje.

Tenkjer eg.

Og så vil eg tru eg kan få orden på at eg om dagen ser rødt…altså utanfrå. Eg går i rundt med eit raudt auge, og er litt lei av det.

Men alt ordner seg. Slik er det. Og aller først ei natt med søvn for å rydda bort denne dagen. I morgon kjem ein ny, og etter det enno ein.

 

 

 

Blad, blomster og krusedullar

Opp frå der eg parkerte bilen tok eg bilete. Eg hadde lyst til å knipsa i det uendelege.

 

Ein litt tung dag er snart oppbruka. Og det er like greitt.

Men den vesle stubben frå der eg parkerer bilen og til inngongsdøra kunne fortsatt i det uendelege. I dag trong eg omsorg. Det og kan ta bilete kan hjelpe. Å sjå kor mange krusedullar som finnest.

Der ute i naturen. Strek og linjer.

Avblomstra. Livet er ein aning avblomstra i dag.

I skyggeland. Haust og alderdom. 

Men formene er fine.

Og inn i mellom- og attom, finnest det.

Lyspunkta.

Eg ynskjer meg berre ei snill verd. I dag har den hatt ein litt høg pris. Og eg har for låg pris.

Men godt å kunne ta bilete. Høyre musikk og være inne i si eiga verd. For det er greit å trøsta seg sjølv nokre gong. Når verda er ein aning for tung og ein kjenner seg sår.

Med musikk, blomster og krusedullar.

Og i morgon er ein ny dag!

 

 

Ein måndagskveld framom varmen

For kaldt er det i kveld. Berre tre gradar. Godt å sitte framom omnen og legga ut bileta frå dagen.

 

Dette var siste fridagen, av fleire etter kvarandre.

Sola kom også fram etter regnet. Så det å koma seg ut i den friske lufta var godt. Den friske lufta på fjellet.

Vi ville finna fotomotiv.

No har eg berre mobilen, men ei viss glede kan også det gje. Fargane held på å forsvinne. Sola forsvann også attom dis. Men motiva fann vi.

Heile tida.

Og eg måtte ta bilete av mitt yndlingmotiv.

Enno er elva isfri. Og nokre lauvblad heng fortsatt på trea.

Men det startar å verta nakent.

Godt var det å koma heim, få mat og varme i kroppen.

I morgon er det arbeidsdag, lang med mange møter. Så no må eg finna natta. Og i tillegg må eg fasta for ein unevneleg time på sjukehuset. Noko eg trudde eg skulle få sleppe med da eg var til same time i fjor. Men når det først er slik, så er det så klart bra ein vert følgd opp.

Men først natt og så arbeidsdag.

Ynskjer god natt og fin tirsdag<3.

 

Varme vindar

Ein vakker, fri, fredag har runda himmelhvelvingen. Det er kveld og snart natt og alt er godt.

 

Temperaturar opp mot 20 grader og mjuke vindar i solglitter. Sjøl om sola er sid, er den enno der. Enno nokre dagar og veker.

Dei varme vindane som strauk gjennom dagen tørka kleda fort.  

Handdukane blafra mellom trestammane. Og høgt i det blå svinga ein ørn seg. Runde på runde.

Og medan gjekk dagen. Med solhelsing, tekopper i solveggen, samtalar og planlegging av helga.

Og alt ein ikkje rakk får ein rekka ein annan gong.

På handletur møtte vi eldstemann og yngsteberta som kom med bussen. Etter middag vart yngste køyrd til vennefest, eldstemannen, kjæresten og eg er datanerder over i natta. Med tekoppar, headsett og fokus på det vi kvar er oppteke av. For etter mykje prat kan også det være godt. Før natta tek oss.

 

Når dagen og natta leiest

For dagane flyt gjennom tilværet som ein gyllen straum. I haustskrud. Dei flyt og hastar forbi.

Desse evindelege dagane, som står opp og legg seg. Og med alt dei har innanfor ramene sine. Eg lever med dei. Med alt mitt. No har eg nokre fridagar. Der hausten er på det vakraste med milde og gode temperaturar. I gårkveld var det ein gåtur før mørke tok over. Her er nokre bilete.

Idag, på tur heim, vart det stopp for nye bilet. Akkurat da sola gjekk ned og fargela verda.

 

Ein nyt slikt. Det vil vera noko å leva på når vinteren har teke over. Og så passa det godt med denne skya som ein avslutning før ei ny natt.

Persilleriet

Tidlegare i veka var eg i Trondheim på sjukehuset. Da kom eg over Persilleriet.

 

På bordet kom dette, ein vegetarrett. Godt smakte det, og utruleg mett vart eg.

Vi skulle møtast etter alle hadde gjort sitt. Så der i den vesle spiseplassen møttest vi; to sett søstre. Mi søster og mine to jenter.

Ei riktig kosleleg stund.

Dei hadde også fermatert drikke. Gjæra, grøn te.

Så er du på St. Olav og skal eta vil eg absolutt tilrå Perselleriet. Det ligg i Bevegelsessenteret.

 

 

Tann og lekjar

I dag skulle eg setja ei tann på stift. Stressa la eg meg ned med stive musklar.

-For no skulle eg prøva noko nytt. Eg visste verken kva eg gjekk til eller kostnadane.

I dag skulle tanna festast i den tanna som var slipa til. Ikkje kom dei til å setja bedøving fekk eg vite.

Stiv som ein pinne låg eg der og venta på smertene og til slutt kostnadene.

No gjekk alt smertefritt. Både jobben og rekninga. Det meste av den hadde eg betalt ved første vitjing.

I kveld kan eg hake ut dette.

Det neste på proggrammet er St. Olav. Vil tru vegen over fjellet ikkje er isa. Etter sjukehuset skal eg treffe begge jentene mine og mellomste søster. Eg vil også tru eg vil møte sonen så vidt. Så morgondagen vil verta ein fin dag.

Trur den dagen eg grudde meg mest til den veka her, var dagen som er over. Og den gjekk da som smurt den.

Eigentleg er det dumt å bruka energi på å grue seg……

 

 

Berre kveld

Det er mørkt utanføre vindauga. Mørkt og kaldt. Ein søndagskveld er i ferd med å passere.

 

Ei ny veke står klar for berre og passera. Eg er sliten av den før den er i gong. Det er så mange avtalar og så mykje farting. Og ein skal vinna så mykje meir. Tannlege i morgon, Trondheim og sjukehus på tirsdag, Kristiansund på onsdag, møte på torsdag før biblioteket. Eg skal også arbeida, ja onsdagen er arbeid. Men kontoret, kontoret, når skal eg dit, for oppgåvane som også må løysast. Og temperaturen viser mest berre eit siffer i heile veka. Plutseleg vil tala væra blå. Eg skal pakke ned sommarkleda. Ta fram dei for kalde dagar. Sjølv om eg eigentelg ikkje vil. Eg er ikkje mentalt forberedt.

Samtidig vil eg ha vekta ned.  Forsøke kva som fungerer bedtre. Proteiner, fermentert mat, økologisk, trening og traving i eit surr av periodisk faste og andre, kanskje sunne, påhitt.

Heldigvis har eg klart solhelsinga to morgonar no, etter at kroppen spora av og viste gamle taktar med at den ingentig fekk til. Den er på rett spor igjen. Men hovudet mitt er ikkje glad for søndagskvelden, mørket, regnet og den kalde temperaturen.

Og så var helga litt slik både og, sjølv om eg var på vitjing i går og hadde gjester i dag.

Det er berre det at den regna vekk. På ein måte.

Eg får nyta mitt glas med varmt vatn, skru opp humøret og sjå på ljoset attom mørket.

Ha ei fin veke.

Den vert heilt sikkert det. Når den først er igong.

 

 

Om å vinna i lotto

“Det gjev meg håp” sa yngste, da ho kom bortover perrongen å såg mora tok avskjed.

 

For yngste synest det er vanskeleg å finna prinsen. Det er liksom berre froskar som ikkje ein gong er interessant å testa ut om kan væra noko anna. Ho er berre 21 år og langt unna 60 år, forsto ho der.

Plutseleg.

Og det ga håp.

Mora hadde vent seg til å væra fullt og heilt seg sjølv, med heile breie og lange seg. Ho trong ikkje nokon annan, om ikkje han der på den kvite hesten kom. Noko ho trudde lite på.

Og skulle ho væra ærleg, ville ho heller vinna ein klekkeleg sum i lotto. For da var det mykje som kunne utrettast.

Ho hadde prøvd, etter skilsmisse og slikt. Utan at det freista ut over den tida det tok å finna ut at det var feil.

Draumen om mannen i eins liv pakkar ein kanskje aldri ned. Men den var slik passe urealistisk.

Trudde ho.

 

Men ein dag kom han gåande.

Noko ho først ikkje forsto. Men så gjekk det opp for henne. 

Det liksom hegla med parallellar. Da hendene møttest bobla det under huden, av ein hudlaus energi, som boblar i champagne.

Og ho skjøna ho var forelska. Han møtte henne med eit godt, vakkert smil.

Han hadde også tenkt han heller ville vinna i lotto. Og dei skjøna at dette var enno vansklelegare enn å vinna i lotto.

Å finna kvarandre.

Dei sto på perrongen og tok eit varmt farvel da yngste kom å såg mor si. Og fekk håp.

Ho skjøna ho hadde mange år på seg for å finna kjærleiken. For den kan godt dukke opp også etter ein har fylt 60 år. Enno så utruleg det enn er.

Det kan skje, for kjærleik har ingen alder!

 

Borte, borte

Det er berre å akseptera. Sjølv om det er svært vanskeleg.

Eg hadde eit håp. Eit nokså godt eit også, faktisk.

No må eg pakke det ned. Enn så vanskeleg det er.

I juni da eg kom heim frå reisa mi i Spania og oppdaga at datamaskina mi var borte, var eg oppgjeve. Tenkte eg måtte klara meg utan til eg fekk henta den. Lærte meg å blogge på mobil. Det er greit å kunna.

På hittegodskontoret på Gardemoen hadde dei funne ein data same dagen som eg mista min. Rekna med som sikkert at det måtte være min.

Tida gjekk, utan at eg hadde ærend eller nokon kunne reise framom kontoret for avgløymde ting. Ikkje før no da eg kom heim frå Danmark.

Eg labba på meg gnagsår i vandringane over avstandane. Men endeleg sto eg framom skranken til hittegodsen.

Endeleg!

Gledde meg til å sjå min kjære, gamle pc att. Det er ein acer hadde dei sagt, eg meinte eg hadde ein HP. Men er ein forvirra, så er ein forvirra.

Eg fekk lagt pc’n framom meg. Den dei hadde funne gjengløymd den dagen eg mista min.

Eg såg det med ein gong. Det var ikkje min pc!!!

Og det var det.

Ikkje kunne eg trylla, og ikkje kunne dei.

Eg var komen fram til punktom’et.

Eg greidde å snu, koma meg gjennom sikkerheitskontrollen for å reisa vidare. Og med det same tok eg ikkje inn omfanget. Med at eg hadde bilete attende til 2012 liggande der.

No trur eg at eg har lagt bileta inn på ein ekstern harddisk fram til denne våren. Men alle bileta frå Spaniaturen. Alle dokument.

Men verda må gå viare, inga anna råd. Får håpe det ikkje dukkar skikkeleg dårlege overraskningar opp av dette. Eg må greie å kasta det attom meg.

For den er nok borte, borte.