Reise med ljoset

 

Eg reiste med ljoset og kom attende med ljoset i dag. Framom og attom låg mørket. Det var ei vakker reise.

 

Mørket omslutta meg da eg låste meg ut i dag. Så eg fekk ta del i den nye dagen som kom. – Opp over horisonten på den blanke oktoberhimmelen. Fargane og naturen greidde mest å trollbinda meg.

Og eg tenkte; kvifor står eg ikkje opp i sjutida og får med meg oppvakninga til ein ny dag når eg ikkje treng stå opp så tidleg. Saman med fotoapparatet.

Eg snakka seinare med mellomste om dette. Kanskje vi kan gjera det til helga….

Men det krev ein blank himmel og stille vatn av vind heilt i ro.

Da turen gjekk heim i ettermiddag fekk eg alt i reprise. Berre andre vegen. Dagen som forsvann inn i mørke. Og fargane, om muleg, enno meir fantastisk. Med sola som eit minne som fargela skyer til raude prikkar. Og blånar og dis og skylag over i den lilla farga. Det var til å verta heilt lykkeleg av. Eg trong ikkje meir enn alt dette vakre.

Til slutt klarte eg i å dy meg der i bilen. Eg kika fram og attende for å sjå at ingen bilar kom. Og så stoppa eg og tok bilete. Eg måtte, sjølv om eg berre hadde med meg mobilen.

Og så var eg igjen attende til mørke. Reisa i ljoset var over. Men opp over åskammen steig ein stor rund måne. Den skein så intenst at eg mest måtte famla etter solbrillene.

Jau, hausten ER vakker.

16 kommentarer

Siste innlegg