Kategori: Blogg

Jordbær, blåbær, graut og vatn med lime

 

 

Enno er dagen åpen, men den er likevel lagt. Programmet er klart.

 

 

Eg sit her med ein sein frukost.

Eg er ferdig med mi kom-inn-i-kroppen tid, solhelsinga som eg auka dobbelt opp i går, og ei anna øving eg varierar dag for dag, vaska dunputer (ja, eg veit det er søndag, for dei som er nøye på slikt…),

No sit eg her med grauten av havregryn og rug, koka på vatn og mandelmjølk, dynga ned av blåbær og jorbær. Kaffi på kanna og lime i vassglaset.

 

Og ja, eg likar det når eg har ein slik start på dagen. Kjemisk fri for stress og med ein kontrollert innfallsmetode.

Men om ein par timar er eg på hjul, for å henta og levere. Yngste skulle ha ein discman til filminnspeling, som skal leverast, mor og far skal væra med attende. For vi er bedt til velslesyster som bor i ned under. 

Ho har fødselsdag i dag.

Så må eg hugsa å ta med varane eg handla til foreldra mine.

 

Men enno kan eg sitja her, høyra på musikk og eiga tida.

 

Fb, den god vilje og tida

Vil du bli min ven, gjennom fb kjem spørsmålet. Nokre gong stiller ein det sjølv. Både av fri vilje og utan.

 

 

“Ha, ha, har du ståka no” seier eine jenta mi.

Perpleks rister eg på hovudet.

Eg hadde sendt ein forespørsel om venskap til ein ven av henne.

No skal eg innrømme at eg har ståka inn i mellom, og av den grunn sendt spørsmål om venskap. Slikt er ekkelt, men eg trur ikkje eg er den einaste. Men denne gongen var ikkje det tilfellet, for når ein sit og knotar på ein mobil er feiltrykka lett å gjera.

 

Det kjem også spørsmål, frå utenlandske, ukjente folk. Gjerne med ein eller annan militær rang. Dei vert avvist.

 

Eg brukar ikkje fb-kontoen min så mykje, så spørsmålet om venskap er det ikkje lengre så mange av. Men her om dagen kom eit spørsmål. Først vart eg mest usikker, men så skjøna eg det. Og eg svara.

Det var både rart og artig. Spørsmålet kom frå ei ung jente.

 

Oppover tida har eg hatt anfall av å ville gjera det eg syntes var riktig. Prøve å gjera ein forskjell, liksom.

Som lita ville eg gjerna berge ein Biafra unge. Redde naturen frå søppel forsøkte eg også på slutten av sekstitalet, noko dei andre ungane lo av. Eg meldte meg inn i Framtiden i våre hender, til det vart for dyrt for studiesituasjonen.

Besøksheim tenkte eg, og så vart eg det.

Eg fekk overbevist han eg var gift med. Vi hadde alt to ungar.

 

Ho som vi fekk ansvaret for nokre helger var året yngre enn mi yngste. Ho var hos oss gjennom eit år. Da var eg gravid på nytt og samstundes vart det snakk om å utvida ordninga. Så eg måtte seia nei.

Så det vart berre dette eine året, eit år i ein unge sitt liv. Der eg gjorde meg nokre tankar om det var riktig å plassera så små ungar ei og anna helg hos framande.

Den vesle ungen hadde store alvorsame augo. Kva visste ho om tidsperspektivet.

 

Før dette skreiv eg på ei historie om ein liten unge som ikkje hadde det rundt seg som den skulle, eg måtte legge vekk skrivinga, det var for stor parallell.

 

Seinare traff eg mora, og eg fekk vite korleis det gjekk med ungane. Og eg har tenkt litt etterpå korleis det gjekk ut over det eg fekk vite frå det tilfeldige møtet med mora den gongen.

 

Denne jenta var det som tok kontakt. Ho hadde funne namnet mitt i rapportane eg skreiv etter besøka. Ho var usikker om ho skulle ta kontakt sa ho.

 

Vi skal ta oss ein prat ein dag. Eg vonar så at ho har det bra i livet sitt. For alle ungar fortjener ein god start.

Eg sa eg syntes det var fint ho tok kontakt. Og at eg har bilete fra da ho var hos oss.

 

Av og til kan fb være meir enn det eg synest det er i det daglege. Og så er eg spent på samtalen som ligg framom.

Eg vil tru det er ei god fortelling eg får høyra.

Einsemd

Det er søndag. Ute suser det. Kvite, små filler fyk gjennom lufta. Inne seier det tikk takk.

 

 

Klokka fortel om minutt som skundar seg langsomt forbi.

Eg har huset for meg sjølv. Saman med dyra. Første dagen slik på fem veker.

Koseleg med folk og koseleg å være for seg sjølv.

 

No var det godt.

 

Kaffe og brødskiv i einsom majestet.

I går køyrde eg heim sonen og kjæresten. Fekk henta bankkortet mitt samstundes.

Det har vore ei aktiv veke, mykje som skjer. Alle fem vekene har vore aktive.

 

I dag tenkjer eg å ta ei vitjing hos foreldra mine, samstundes som eg får henta ladaren min på kontoret. Mobilen er utlada, og det er ikkje så lurt. Om nokon prøvar å nå meg.

Lett for at tilvære startar å snubla, når det er for mykje som ein prøver å plassera inn i dagane. Og alt kan ein ikkje bestemma, for ting berre kjem, hendelsar berre oppstår.

 

Kanskje skulla eg gått meg ein tur også.

Ute.

I dag.

Vi får sjå.

Minst mogleg timeplan.

 

Eg er glad i einsemda.

Inn i mellom alt. For eg treng den.

 

Er du glad i einsemda?

 

 

 

 

Telefon i det uendelege

 

Usikkert ser eg på innkallinga. Overstrøket time. Klokka åtte.

 

Kjem etter at det nok berre er for å ta prøver. Så klokka åtte er ikkje noko å bry seg om.

Vaknar likevel tidleg og er på veg. Til legekontoret mest ein time unna.

Gjer eit forsøk på å nå kontoret på telefon. For å væra sikker.

Vel framme oppdagar eg kvifor eg ikkje kjem fram. Telefonen ringer i eit sett. Den stakkars legesekretærer skal utføra alt.

 

 

Og ja, det var berre blodprøver før St. Olav i neste veke.

Men når det einmanns…orsak….einkvinnesforetaket av eit legekontor har tid til å stikka meg, er usikkert.

Telefonen ringer og ringer. Og her sit eg og ventar ein føremiddag.

 

Våren i vente

I år kom fastelavn seint. Det er fordi påsken er sein.

 

 

Men det er alltid ei koseleg markering. På våren som er i vente.

Og no, i mars, er vi i våren etter min måte å sjå det på. For mars er vårmånad. Sjølv om snøen la seg på nytt. Det er berre eit tynt lag. Eit tynt lag.

Fredagskveld og fastelavnsris og fargerik middag.

 

Og i dag såg eg nokre krokusar hadde spira så vidt. Vi er på rett veg.

Vitjing hos foreldra mine med bollar og krem.

 

På rett veg mot ei varmare årstid.

Fortsetjinga

Det er så mange hendingar. No er det ein pustepause i skinet frå teljosa.

 

Og aller først må eg dvele ved det faktum at eg er her.
Omplassert og plassert.
På blogg.no!

Først forsto eg ingenting, berre at eg ikkje fekk logga meg inn på blogSoft.
I gårkveld fekk eg ein mistanke, så eg opna mailboksen, og der, der sto det. At eg var overført. Så klart var det godt at det hadde skjedd.

Men eg har fortsatt denne krigen mot tida. Der

for har eg ikkje fått tid til å funne ut så mykje enno.

Så dette er slik sett ein prøve.

Meeeeen, eg fortset å blogga.

95 år

Den 29 januar 1924 vart far min født. Eg legg inn eit innlegg eg skreiv for nokre år sidan.

 

Eg vil fortelja om far. Dette er ein riktig dag til slikt.

Han er født i 1924, som er nokre år sidan. Og sjølv om kroppen har vorte skrøpeleg etter alle desse år, så er hovudet friskt. Med både humor, refleksjonar og husk. Til og med augo verkar betre enn hos dei som har mykje kortare fartstid på denne jorda.

Han var født som fjerdemann. Noko som den eldste systera syntest var i overkant mange. Så ho tok resolutt dei yngre syskena med seg på eit forsøk om å skremme denne karen attende og bort. Det gjorde dei med å sota seg til. Som vi forstår hjelpte ikkje dette stuntet. Og syskenflokken, som etter kvart vart fem, vart ein samansveisa gjeng.

Farbor Jarle, far, faster Gudlaug, farbror Sverre og faster Bergljot

 

Far fekk veksa opp på ein gard der dei hadde mat og foreldre som var glade i borna sine. Men arbeide måtte dei. Og far var ikkje av dei som var redd for arbeid. Noko som førte til at han fekk positive reaksjonar på seg sjølv. Ein god start på eit liv.

Han fekk vera med på gjeting av kyr og geiter på Bakksetra. Mykje saman med søster si, Gudlaug, som var to år eldre. Desse dagane på setra var eit avbrekk han set pris på.

Når sommaren nærma seg, flytta dei først til eldhuset. Der folka nede på garden budde gjennom sommaren. Det vart både for enklare hushald og for det var skikken. Men dei sov inne i hovudhuset.   

Den 11. juni var seterdag. Da reiste dei som skulle ta den drifta innover. Turen opp til Bakksetra tok over ein time. Turen att og fram dit måtte stort sett takast dagleg. Noko av det som måtte ned var geitosten. Dei hadde margarinkassar som det var festa taug i slik at dei kunne hengast på eit bøltre. Kassane vart lasta opp med geitost på to kilo kvar. Fire i kvar kasse. Med to kassar vart det seksten kilo som vart frakta ned til bygda. Ein måtte og væra med på onnarbeidet på garden.

Men det var og leik med bading i elva og vatnet når vêret tillet det. Og ikkje minst fisking med lange bambusstenger.

Det vart laga gjetarlister, for gjetinga gjekk på omgang. Ein gong det var eit kaldt og ufyseleg vêr kom mor deira innover dit far og Gudlaug hadde søkt ly for regnet, med pledd for å verma ungane sine.

Inga født Åsgard, gift Bakk, farmor, og far si mor

Far var svært glad i mor si. Så minnet frå den vinteren da han vart liggande sjuk, og mora sto i døra og tok farvel, er eit svært sårt minne. Ho ville ikkje klemma guten sin fordi ho var redd ho kunne smitta han. Ho sto på farten for å reise bort for behandling av tuberkulose. Far var åtte år.

To år etter vart ho erklært frisk og skulle koma heim. Ho kom heim i ei kiste. Tuberkulosen tok ho att. Far sprang ned til sjøen for å møta båten og mor si i kista.

Og å følgja mora til grava som tiåring er ei hending som prega far.

Syskena fekk tidleg oppgåver for at alt skulle gå. Faren fortset drifta på garden saman med ungane og tenestefolk som var hyra inn.

Ein gong far var rundt fjortenårs alderen og var saman med nokre andre karar på notnaustet, fekk dei sjå sild inne på bukta. Far sprang for å varsku Olaonkel som bodde oppe i Bakkan. Han fekk vera med å ro ut for å stenge silda inn. Dette silstenget fekk og far vera med å dela lotten av. Han meiner å huske at det var ein stor sum. For noko av desse pengane kjøpte han seg konfirmasjonsdress. Ein dress på trettitalet tilsvara omtrentleg ei månadsløn. Men trøyt var han dagen etter på skulen, for mykje av natta gjekk med til arbeidet.

Da krigen braut ut var han dreng på Kuli utføre Smøla. Der arbeidde han i periodar over seks år. Han var med på å samla saman vrakgods medan bombeflya dundra like over havflata og hovuda fortel han.

Da far fylte 23 år døyde faren. Familien hadde ei svakheit og det var hjarta. Bestefaren døyde også like brått fordi hjarta ikkje ville meir.

Da gjorde far det faren ikkje ville han skulle, han fekk seg hyre på ein båt. I fleire år var arbeidsplassen hans havet. Grønlandsfiske deltok han i blant anna. Følgjer du linken her kan du lesa om det fisket.

Bilete frå tida på Kystskipperskulen

Han fekk spara seg saman nok pengar til at han på slutten av tjueåra tok skippereksamen. Det var da han møtte mor. Dei likte kvarandre så godt at dei fann nokså fort ut at dei ville dela livet saman.

Eit val som førte far ut i nytt farvatn. For mor vaks opp med eit båtbyggjeri som leveveg, og far hennar hadde idear å setja ut i livet. Noko som resulterte av bygging av ein båt for å visa at ideen heldt vatn. Ein båt som far vart førar av fram til at ryggen slo seg vrang på starten av seksti talet. Noko som etter kvart førte far sin arbeidsdag attende til landjorda. Han hadde hovud for tal, som det heiter, og resten av det yrkesaktive livet fekk han leve saman med- og ha ansvaret for tala i familiefirmaet han var gifta inn i. 

Båten morfar bygde slik den såg ut dei siste åra den fekk lov å flyta på sjøen

Far er ikkje av dei som er født med mest tolmod. Han sette i gong med det han såg for seg, to hus fekk han bygd opp og grunnmuren til ei dokkestove. Og det kunne ta litt tid før siste spikaren var slege i, for pirkete er ikkje far.

På slutten av sekstitalet var det vorte ferje til Ertvågsøya, noko som resulterte i sertifikat og bil.

Og sommarferiar på hjul. Sommarens høgdepunkt.

Med opplevingar og ein far full av påfunn. Slik som den gongen han stoppa og rygga attende til nokre haikarar, som glad kom småspringande med sekkane sine bort til bilen. Og far rulla ned vindauga, med mor i forsetet og tre dotere sitjande i baksetet, og så sa han: “vi har diverre ikkje plass”.

I sin eigen form for humor kunne han gjere ei som snart var tenåring nokså flau.

Frå 50 års dagen til mor

Seinare vart mor og far i leine etter kvart som vi tre jentene flytta ut. Da var det ei tid med turar i skog og mark. I fjellet og på sjøen. Og så kom barnebarn og dei fekk mange å vitja. Og så kjøpte han seg gard. Heimgarden. For han hadde så lyst til å hjelpe til at tinga gjekk slik dei var tenkt. Var tanken.

På vitjing på Moe, her med einaste gutongen av dei seks  barnebarna, han med Kanutten i hendene

Barnebarna var nokså små enno da fingrane til far starta å svikta. Når vi var på vitjing hjelpte dei til å knappa dei små knappane på skjorta. Etter kvart fekk han meir og meir problem med motorikken. Glas velta lett ved måltida. Så starta kjensla under føtene å svikta. Han hadde fått noko som heiter nevropati.

Det har etter kvart vore mykje fall. To ting har vist seg; han kan å detta og han har sterke bein. Men ein del plastring etter kuttskadar og tørking av blod er det. Det som ein kan beundra er humøret han beheld i dette. Det held sjølv om hendene og føtene sviktar.

Han har vore vant til å vera eit fritt menneskje og klara seg sjølv. Så da sertifikatet vart inndrege da han var 89 år opplevde han det som ei kraftig inngripande. Han vart ikkje så glad i legar og samfunnet etter dette, for han følte at det å verta eldre ikkje var tolerert. Og at mulegheita til å koma seg i butikken vart så avhengig av andre. Dette vil han gjerne diskutera framleis.

Elles stavar han seg gjennom dagen sin. Han har ting og ordna i, gamle papir og ved som skal bærast opp. PC er det lenge sidan han skaffa seg. Nettbanken brukar han, men det er ikkje altid motorikken og kid-nummer samarbeider. Tv er og noko å bruka tid på med klave på hovudet. Hørselen har ikkje tålt åra.

Atlaset liker han godt å reisa i, kart har alltid interessert han, og verdsrommet.

I dag er lesinga redusert til avis og boka “Kvardag, kamp og kreativitet” av Per Eilert Orten om noko av Aure si historia. Dei siste bøkene han pløgde gjennom var 70 bøker av serien Sønnavind. Han oppdaga at han fekk hovudpine av lesinga. (No i 2019 er det stort sett aviser han les).

Da han gifta seg hadde han namnet klart om dei fekk ei jente. Han hadde lese bøkene til Olav Gullvåg om ein person full av gode eigenskaper som heite Ingvild. Og slik vart det, jenta fekk nament ho hadde fått tildelt før ho var påtenkt.

“Er det greitt eg legg ut dette på blogg” spør eg.

“Ja, om du kan lova ingen les-” seier far min.

Og det lova eg så klart. 

 

Dette skreiv eg til ein farsdag for nokre år sidan. Men det høve også til 95 års dagen. På søndag skal vi feira han. Da kjem dei seks barnebarna og det eine oldebarnet. Og så klart er vi, dei tre døtrene der. Vi har lange intervall mellom generasjonane for åra går så fort, har det vist seg. 

 

Grått og vått, mest vakkert

Så grått at det mest var vakkert,var dagen. Fredagen. Den første i år. 

 

Eg vakna med dyna på golvet. Seinare enn tenkt. Altså, ikkje at dyna var i golvet.

Men slik vert resultatet når dagen føråt vart avslutta for seint.

Dagen var godt planlagt. Jobb, telefon til legekontoret for å få time på dagen, og vart det time, hente far. Uansett skulle eg handla for dei.

Så eg hadde nokre timar ved kontorpulten, fekk ete lunsj og ønska kollegaer god helg.

Så henta eg far med god margin kva tida var, men legen hadde enda betre tid – så han sto og venta oss. Konsultasjonen gjekk fint, handleturen gjekk bra.

Etter kaffi hos foreldra mine, gjekk turen heim. Da var det mørkt.

Det var fredag og fri. Eg planla henting av ved i mørket med mobil (lommelykt) og bil.

På det tidspunktet var eg nok oppbruka og nokså sliten. Så eg kjøyrde like godt utom vegen.

Eg tok ut veden, låste bilen og gjekk inn.

Får ringe bergingsbil i morgen.

Så no sit eg slakt i ein stol og er overglad for helg etter ei halv arbeidveke.

God helg. 

Om avslag og løysing

No har eg hatt litt av nokre dagar. Såpass krevande at dei greidde å rokka i grunnfjellet mitt.

-Slik etter kvart har eg lært leksa om løysningane som alltid vil dukke opp-.

Etter kvart seig lærdommen inn.

Eg har lært om å bekymra seg og om å overleva-.

-Og at eg er heldig på mange vis. Heldig med reaksjonane mine, for dei har kunna vore meir krevjande for meg, om eg måtte gjennom ein stor mengde tungsinn i tillegg.

 

I fire år har eg gått på det som heiter AAP (arbeisavklaringspengar) i 50%. Først i fjor sommar fekk eg ein diagnose på problema mine.

-At eg hadde leddgikt, for å bruka eit enkelt ord.

No nærma tida seg for slutten, men det var søkt om utvida periode for AAP fordi det tok så lang tid å koma dit eg er no. Og eg er ikkje kome i remittering, det vil seia at sjukdommen vert heldt nede gjennom medisinering. Så overraskinga var stor da det kom eit avslag, samtidig som perioden omtrenteleg var over.

1/3 av den økonomiske situasjonen dett vekk frå no om torsdagen.

Slikt er sjokk. 

 

Slitenheita er det som er det største problemet, så det å gå inn i heile jobben igjen no har nok temmeleg fort set meg på sidelinja.

Så eg måtte arbeidda meg gjennom reaksjonen på vedtaket. Men eg gjekk heldigvis nokså fort til handling.

I dag kom eg meg hakket vidare. Resultatet veit eg så klart ikkje.

Men det er alltid bedre å gjera enn å fortvila.

Eg sat oppe halve natta i natt, for å koma i mål. Da eg kom heim frå jobb i dag, gjekk eg meg ein tur i lutter glede. Over at eg hadde lagt det tyngste attom.

I denne omgong.

No er det opp til andre ei stakket stund.

Og for å seia det i klartekst; eg er ikkje ute etter at nokon skal synest synd i meg – for det er det IKKJE!

Alle har sitt.

Det er riktig som det er sagt; Det handlar aldri om korleis ein har det, berre om korleis ein tek det. 

 

No skal eg ha ei god natt. Det ynskjer eg deg som er innom også, drøym om alt det vakre <3. 

 

 

Morgontankar

Når innhaldet er for stort for dagen må ein bruka natta. 

 

Så eg, som er flink på å sova, har hatt meir trøblete netter. Men i natt sov eg som eit barn. Vakna til og med av vekkerklokka, ikkje før den ringte. No sit eg klar for dagen med mine vassglas. Snart dusj og «ut i verda» klede.

-Men litt til berre i singlet og shorts.

Ute kvitrer nebb som et bær. Derfor sløyfer eg gåturen, det blir ein hagetur med nettinnballing av bærbusker.

– Før dusjen og resten av dagen.

Men medan eg drikk vatnet mitt er det godt og berre let tankane festa seg i bokstavane. Det er alt dette eg skal plassere i dagane. Og det å virke. Virker ein godt så går dagane flott…..

Det skjer ein del. Først har eg ein dag å markera, ein som ikkje vart som tenkt. Eg hadde eit ynskje, men det vert ein flik av ynskjet mitt. Det skal seiast.

Neste helg går eit stort arrangement av stabelen, no er eg over i jobb.

Og ellers skjer også ting, både på godt og vondt. Slikt tek plass i tankane.

I natt sov eg. Derfor kan eg ta fatt på ein ny dag litt meir opplagt. Og det er bra  Men først berre her, her i mi verd, med naturlydane, tankane og vassglasa.

Ønsker deg ein fin onsdag.