Ferie i november

Det er håp, det er håp i hengande snøre, seier vi. Og kvifor seier eg no det……..

 

………ja sei det, eigentleg er det ingen grunn. Men da eg gjekk over parkeringsplassen i dag på høge heler til meg å være, kjente eg det. Eg kjente ei sjølvsikkerheit det er lenge sidan eg har kjent. Ikkje veit eg kvar den kom frå heller. Den berre var der. Eg var til stades i meg sjølv, eg kunne gå rak i ryggen utan at skuldrene heisa seg opp under øyra i stress. Seinare held eg på å få tullfliren, eg synes ting kan være så likt ein komedie. Eg såg at eg gjorde folk litt usikre, men eg greidde ikkje stogga. Og eg vil ikkje det, gjera folk usikre – eg vil at folk skal ha det bra. Men latteren berre bobla ukontrollert ut. Fikk tru at dei andre tilskreiv det at eg berre er slik, litt rar.

 

Eg kan godt ta på meg å være litt rar. Heilt greitt. “Trur du det er håp?” spurte eg seinare. Og den eg spurte trudde det. Temaet var eit anna, men det har ikkje noko å seia.

 

I morgon er det bytur. Eg fekk ei liste. Fekk beskjed om å ta med sengekleda med raude hjarta på og eit skift til. Det viste seg at det med hjarta låg i skittentøykorga. Så no durar vaskemaskina.

 

Eg skal ta ut den siste veka med ferie. Osloturen var utset til eit anna år. Til eit nytt år, eg skulle eigentelg dit til byen i mitt hjarta. Men det viste seg umogleg å få alt til å gå opp.

Så bra det vart som det vert.

Og i morgon skal eg kanskje sjå etter noko åt meg sjølv. Om vi får tid og kreftene til slikt. Eg er nokså trengande på noko nytt, synest ikkje på meg at ein gong var alt annleis. Men det synest nok ikkje heilt kor gamalt alt er heller, for dei gamle kunstane kan også brukast til å kamuflera.

 

No har eg snart slukt ein pakke med dadlar, skulle berre ta ein til kaffien etter middagen. Hadde nok ulvehunger etter noko søtt. No skal eg rekne ut realiteten for ein slik avsporing. Svart på kvitt.


 

Grått og vått

 

Det er ein slik skikkeleg grå dag. Ein grå og ordentleg våt dag. Den kan ikkje verta meir grå dagen.

 

“Eg må ta bilete, det er så fine fargar”, seier ho eg køyrer til bussen. Så fiksar ho opp mobilen. “Det grøne og oransje”, seier ho forklarande der vi står og ser ut på ei falma myr med furuskog attom. Eg ser berre ein grå dag.

 

Jentene vart til i dag, no er dei reist attende til liva sine. Det har vore ei fin helg. Ei intens helg. Ei helg som gjekk fort. Vi har snakka i haug og dung. Dyra har hatt ei storveges helg, dei har vore kosa med til den store gullmedalje. Alle dyra var inne, med mattankane sine. Gjekk ein over golvet var det i fare for og tråkke på ein hale. Dyra tok i mot all kosen dei fekk. Og all maten. Eg vart stressa over alt. Det vart mest for livleg.

No er eg i mitt einsame tilvære igjen. Ikkje som i; trist, men som i; av og til er det mange folk og andre gong ikkje, og alt er like greitt. Begge delar er godt.

 

Det ligg eit salig rot over heimen, og eg skal snart rydda i lortete handdukar og kasserollar som må vaskast. Men først vil eg berre ta inn lyden av knitringa i omnen og duren frå oppvaskmaskina. Eg må også sette på ein klesvask. Og må også setje meg opp ei lita plan. Over ferien, over fødselsdagsfeiring og over jula. Ta eit oversyn. Eigentleg er eg glad i planar. Men dei har drukna i å ikkje strekkje til.  Om eit par dagar har ei veke ferie.

 

Livet er ein mosaikk. Eg ser på bitane, glasbitane i farga glas. Eg er oppå ein liten haug med oversikt og ser på- og gjennom det farga glaset. Kjenner det er godt på ein grå dag å gjera slikt. Før eg fortset med mitt.

 

F for fredag

Innom i forbifarten. Her ståkar vi på kjøkenet, vi skal koooooose oss…. Er plana.

 

Ho midt i kom heim i går kveld. Kva skal vi eta er det moderlege spørsmålet. Problemet er at eg skal ha streng fokus på slikt eg puttar i munnen. Men etter nokre økter med lesing i kokebøker eg har lånt, gjekk vi laus. Så her har vi laga aioli som vil skal ha til kamskjel, vi har laga spicy tomatsaus og pizzadeig, så den skal straks inn i omnen.

I tillegg står nokre sitronkjeks klar for steiking. Så reknar med at det resulterer i ein ørliten utgliding over til utskeiingane sin verden.

 

Eg måtte unna meg ein liten pause, for ryggen vert litt umedgjerleg når det vert for mykje stapping på eit kjøkengolv.

 

Men-, har prøvesmaka aioli’en, hadde parmesan i den. Det smakte.

Så trur dette blir ein rett så bra kveld etter satsinga vår.


Oppstart på dagen

 

Er det ikkje sakt at morgonstund har gull i munn? Eg veit ikkje eg om det eigentleg er slik.

 

Har du det av og til slik at du har lyst til dra dyna godt over deg og sove vidare når du bør stå opp?

I dag hadde eg ei slik oppvakning. Og grunnen er nok så enkel at det står for mange bør’ar og må’ar i kø framom meg. Så eg må nok berre til å ekspedere dei, og dei løyser seg nok når eg tek ein etter ein og ikkje tenkjer på alle samstundes.

 

Så eg kom meg opp. Morgonritualet her i hus er eit stress. For det er opp mot mange ting som må skje samstundes. For det første ligg ein stor hund utom døra mi, han reiser seg og daffar bortetter gongen med logrande glede, men like før eg når baderomsdøra  legg han overkroppen bortover golvet i eit langt strekk og sperrer døra.

Inne på kjøkenet møter eg sjefskatta Miranda som vil ha mat NO. Ho jamsar med rusten stemme. Heile tida! Samstundes blir eg fotfølgt av ein hund med bedande augo. På terrassen kan det hende Ludvik går banans, og kaster seg på døra og krafsar frenetisk med klørne på vindauget, medan hovudet ligg attover og med eit vilt stirrande blikk, rett opp. Han er hjerneskadd, stakkars katt.

 

Miranda og Cleo, den tredje katta, er søstrer. Miranda har heile tida vore sjefen. Men dei er nokså gamle, og Miranda taklar nok alderdommen dårlegast. Så om alle tre kattene slepp til i matfatet samstundes, vert det ikkje mat på den gamle sjefen. Ikkje er ho noko glad i tørrmat lengre heller. Så eg har starta og kjøpe våtmat. Primært til Miranda, slik at eg er sikker ho også får i seg næring.

Etter at både Lucas og Miranda hadde fått maten sin i dag, tek eg med meg ein stor kopp med tørrmat ut til dei to andre. Men dei har nok fått teften av våtmaten og stormar inn og bort til fatet som Miranda et av. Cleo prøver å få tak i maten, men Ludvik legg seg over heile fatet så Miranda gjev heilt opp. Ut med begge dei svarte, finne i ny mat til Miranda – og da, da endeleg er det min tur.

 

Tenne opp i omnen, hugse vitamintablettane, eller det er eigentleg tablettar med olje for å smøre ledd. Det hjelper synest eg. Og så må eg få teke penicillintabletten, det er viktig . Og da er vi klar for frukost. I dag vart det to brødskiver med makrell og persille, juice, kaffi og yoghurt. Og da kan roen senke seg ei stund for alle.


 

Ha ein riktig fin dag.

 

Tenner og besøk

 

Ein strålande måndag er over. En dag med solstrålar rett i auga når ein køyrer bil.

 

Har vore ute og hengt klede. Kunne gå ut i korterma skjorte for å henge klede etter midten av november må ein seia er bra. Kjente det var litt rim i graset, så kanskje eg berre var ekstra varmblodig i dag. Etter både tannlegebesøk og besøk.

 

I dag skulle eg eigentleg starta å rotfylle den andre tanna. Eg fortalde om kulen i tannkjøtet og at eg er hard i kinnet enno. “Ja, eg ser du er opphovna” seier tannlegeassistenten. Så dermed vart det denne tanna i dag også, dei måtte få ut puss som hadde danna seg i kinnet. Og så vart det ein ny omgang med penicillin. No håper eg denne tanna roar seg. Og så lenge den ikkje er bra var det best å venta med den andre. Eg var mest øra da eg sette meg i bilen for og køyra frå Øra. Måtte innom apoteket før turen heim. Det er kanskje ikkje så rart eg er så tiltakslaus for tida, desse tenne starta å murre alt i sommar. Så kroppen har nok bruka energien til og handtere dette. Er faktisk ei trøst det, for da er det håp.

 

Heime gjekk eg i gong å lage ei suppe med gulrot, raudløk, chili, tomat, tabasco, grønsakbuljong og appelsin. Den er varm og god, passar godt om hausten. Søster mi frå Trondheim var på tur utover for å besøke foreldra våre. Ho kom framom her først, serverte både suppe og kaffi med sokoladefondant etterpå til henne og den andre søster mi. Vi fekk ei søsterstund der rundt bordet. Ikkje ofte berre vi er samla slik. Riktig triveleg var det. Eg laga gjettekonkurranse på ingrediensane og den eine gjetta nypesuppe men vart meir usikker da ho fekk sjå flatbrødet. Ho andre gjetta tomat og chili da ho fekk sjå, men greidde ikkje finna meir ut da ho smaka.


Oppdekt bord, så no kan gjestene kome.


Ein kaffikopp etterpå.


Så er gjestene gått.

No er det mørkt utaføre vindauga, og eg skal finne fram strikketøyet og berre ta kvelden avslappa. Og så er eg ein ørlite lettare utgåve av meg sjølv. Det hjelper å fokusere på kva ein puttar i seg.

 

Tur i harmoni

 

Eg må ut, men kvar, tenkte eg. Eigentleg hadde eg lyst til å berre væra der eg var.

 

Men eg skjønte at det ikkje ville væra noko lurt. Så eg spekulerte. Målet med turen hadde eg alt bestemt, det var og hausta inn ting eg fann. Ting som kunne brukast til dekor. Ned til sjøen freista ikkje, for da måtte hekksaksa med. Det kjendes for armodsamt i dag. Enn berre ta ein runde på haugen attom huset, men det kunne eg ta ein dag eg ikkje hadde fri også.

Så vart det setra da.

Det første eg gjorde da eg kom opp var og tenne opp i omnen.

Etterpå tok eg vegen langs elva. Einen var så fin, mange hadde bær også. Så eg fekk med meg ein del greiner. På mange av furutrea var det kongler som hadde sprotte ut, dei hadde nok slept frøa sine. Dei plukka eg med meg mange av også.

 

Eg kan ikkje kalla dagen i dag anna ein rekreasjon, ikkje noko som fekk opp formkurven. Men å gå der i ro å mak, strekkje seg etter kongler, høyra på susinga i furutrea…..det var så godt. Mest som alle tida opphøyrde å eksistere, at eg var i ein lomme som inneheldt alle åra eg hadde levd.

Inne i bua var det varm da eg hadde plukka korga full. Eg koka meg ein kopp te og skreiv i seterboka. Vi skriv alltid i den når vi er innom. Sist var for litt over ein månad sidan, da begge jentene mine og ei venninne var på overnatting.

Denne enkle tømmerbua gje oss så mange opplevinga og mykje godt.

Ute starta det å mørkna, så boffen og eg måtte finna vegen ned igjen.

Og det var godt med middag og ein kaffikopp da vi kom ned.


 Riktig god søndagskveld.

 


 

Fredag i farta

Denne dagen her har eg lyst til å bruka bra. Medan dagen travar travelt avgarde, sit eg i mitt eige kaffimodus.

 

Fredag i stua og ein kopp kaffi må eg unne meg. Før. Før eg startar med slikt eg ser for meg. Som å rydde og vaske. Som å gå tur. Gå tur med hekksaks. Ha, ha. Ja, akkurat hekksaks.

Har du aldri gjort det?

Nei, eg har ikkje det eg heller. Men for omtrentleg to veker sidan tok yngste og eg vegen ned til sjøen. Der vart det opparbeidd ein skogsveg for mange år sidan. Det var faren min som fekk gjort det for å kunne ta ut noko ved nedover i bratta mot sjøen. Da vi gjekk der no sist vart eg mest forskrekka over kor mykje småskogen hadde vokse opp. Det er synd, for det er ein fin turveg. Og no er greinene så nakne og så lette å kome fram til. Så om eg får ta nokre meter i dag har det vore bra på fleir vis.

  • Vegen vert opnar og lettare å gå.
  • Eg får ei lita økt med fysiske annleis rørsle.

 

Vinn-vinn med andre ord. Eg reknar med at det vil verta mange turar for å få ned alt.

 

Elles har eg ei roleg helg framom meg heilt for meg sjølv, eller mest for meg sølv, ingen av ungene kjem heim denne helga. I morgon skal eg køyra foreldra mine til butikken og plana er at dei vert med heim og et her. Da spør eg nok om søster mi vil koma opp også, ho bor nedunder hos meg. Veit ikkje kva eg skal servere enno, må halda den fornuftige linja.  Søndagen bør eg love meg ein tur uuut! Eg synest det er godt og ha desse dagane for meg sjølv.

 

Kjenner tankane ramlar rundt. Jula, kor mange vert vi attmed bordet. Blir vi sju eller blir vi ti. Når skal eg ta siste ferie veka, og skal eg til Oslo må eg bestilla billett…. Må få klarert dette. Eg har berre lyst å sitte i den kvite stolen min, skrive og drikke kaffi. Men no er koppen tom og eg må likevel reise meg opp.

Ha ein riktig god fredag.

 

Det må

Ikkje noko er gale forutan at det er bra for noko, er det sakt. Håper det stemmer. 

 

Eg har ikkje følgt med godt nok i timen. Eller, mykje går liksom rett vest, av slikt eg skal vite. Men som alt skreve om, eg slit med konsentrasjon og da går det utover mykje. Fordi eg har vore så lenge i situasjonen og gode greier, som eigentleg ikkje er nokon god greie, så skjer ei forandring når ein har vore i situasjonen i eitt år.

Når ein har vore heilt eller delvist ut frå arbeidslivet, går ein over på AAP. Det er ei forkorting for arbeidsavklaringspengar. Ein hamnar inn under NAV sine vingar og/eller kanskje også forbundet ein er organisert i. I praksis betyr det at det ein for utbetalt reduserast ein god del.

Eg er der i dag, bokstaveleg tala. Hadde ei formeining om at det ville slå ut først på neste løn, i desember. Men nei da, da eg sjekka nokså seint i går kveld fekk eg  problem med søvnen. Det hadde allereie tredd i kraft. Den var mest fysisk vond denne oppdaginga. Men så klart, når eg tenkjer etter, så er det slik.

Akkurat no er eg litt i ingenmannsland, fordi eg ikkje veit kor mykje eg vil ha å leva av. Vedtaket er ikkje på plass enno, ringte for å purre i går. Det er nokså ekkelt ikkje å vite. For liksom å gjere dette enno “betre” har eg auka utgifter; bil, tenner og ikkje minst ei greie eg ikkje veit resultatet av. Eg har tenkt på tiltak for å redusere utgifter, for eg må berre greie dette.

Dette er ingen artig situasjon å hamna i, men eg må konsentrere meg om det eg skal.

Bli betre!

Så bekymringane kan eg ikkje bruke for lang tid på, eg må finne løysningar. Heile tida er det løysningane ein må leita etter.

 

Det som er ille er at det er så mange av oss. Så mange som ramler ut av arbeidslivet heilt eller delvist fordi vi stoppar å virke som vi skal. Eg såg ein diskusjon her om dagen på tv om temaet, og eg vart nok nokså provosert. Det var så overflatisk, og til for diskusjonens skyld. Slik diskusjonsprogram oftast er, til underholdning.


Nei, og ja, eg må berre finne løysningane for meg og mitt. I natt drøymte eg at eg selde alt og skulle flytte saman med x’n med barna, men så ville han ikkje likevel, flytinga var økonomisk basert. Så i drøymen var eg fortvila over korleis eg skulle greie det, men eg tenkte også der, at det måtte gå!

Det skal det.


Konsentrasjonstrøbbel

 

I dag går eg over i eit anna system. Eit system som gjer at inntekta mi reduserast. For eg er såkalla utbrent.

 

Eg har vore delvis ute av arbeidslivet i eit år, da skjer det noko. Slikt er ikkje så artig fordi det får økonomiske følgjer. Og utfordringar. Det er heller ikkje ideelt for den tida vi er på veg inn i. Jula. I dag kjem den siste ordinære lønna mi inn. Men slikt må berre gå. I tillegg er vi så heldige å leve i eit samfunn der sosialdemokratiet har hatt ein sterk rolle i mange år. Så alt kunne vore mykje verre.

 

Det som er verre er at eg synest framgongen har vore for dårleg. Å bli betre tek for lang tid. Men noko betring meiner eg det er. For når ein startar og ikkje greie oppgåvene sine, når ein startar å gløyme, skjuler ein. I alle fall eg. Så i staden prøvde eg enno hardare. Slik dreiv eg på lenge. Når eg endeleg tok dette på alvor, frigjorde det den energien eg hadde bruka til å gøyme at eg gløymde, så vart noko betre allereie der.

 

Men konsentrasjonen er så sørgjeleg dårleg. Det er lenge sidan eg ga opp og lesa bøker slik som før. Eg kjem meg i gjennom, men må for oftast bruka tid. Av og til har eg problem med å lesa teksting på tv, fordi tankane går så seint. Eg kan prøve å hugse på for eksempel eit tal, gå eit par skritt og talet er borte. Handarbeid, som eg tidlegare var glad i, orker eg i liten grad. Eg orkar å skriva, det gje meg glede når eg skriv på mine premisser. Det kan likevel henda eg slit for å finna orda når eg bloggar.

 

Plana mi er å bli bra. At hovudet ikkje skal bli så fort oppbruka. Når det ikkje vil virka blir det også vanskeleg å snakka. Kommunikasjon er no ein gong viktig, ikkje minst den verbale. Men plana mi er altså og bli bra fort. Sølv om eg veit ting tek tid, TTT. Det er berre ikkje så lett å skjøne korleis ein skal øve opp konsentrasjonen. Det er liksom ikkje berre å ta ein joggetur med hjernecellene. Eller bøye og tøye på dei.

 

Og for å ha det klart, dette er ikkje meint på nokon måte som ein klage. Men har nokon erfaring med dette og i tillegg gode erfaringar om kva som kan være til hjelp så vil eg være svært glad for slike innspel.  For oppe i dette har eg beheldt eit slags burlesk humør. Både glede og humor er der. Og når tanken er at det finnest alltid ei løysing, så slepp eg unna svartsyn og depresjon tendensar. Gjett om eg er glad for det. Eg greier rimeleg  bra både og ha empati og være delaktig i liva til andre. Eg er altså ikkje slukt opp av desse greiene mine.

 

Så mykje er bra, og det gjer meg glad. Og betre skal det bli, berre energien kjem på gli. For den SKAL det!

 

Dagane som går

 

 

 

Veker og helger passerer. Eg sit i den kvite stolen min og skriv. Av og til. Men meste av  tida gjer eg andre ting eller ingen ting.

 

Så er helga over. Før det vart heile veka også over. Tid. Tid og tid. Den raser gjennom tilvære om eit hurtigtog. I dag har vi feira farsdag. Vi var i Mjosundet og feira far min, jentene mine og søstera mi. Mor og far serverte bacalao, og seinare vart det kaffi og farsdagskake. Eg tok med meg ein dessert eg fann oppskrift på bak på semulegrynspakken. Den syntes eg ikkje noko om. Den vart for godt steikt, sikkert betre med mindre steiketid. Eg hadde også med ei kake eg starta på sist veke. Eg måtte frysa den ned for eg vann den ikkje ferdig sist eg prøvde. Den fann eg på bloggen her. Kaka syntest vi var kjempegod. Men eg vil tilrå god tid om du vil bake den.

 

Jentene har vore heime. Kjempekoseleg. Mellomste kom heim på torsdagskvelden, ho hadde ein jobb og gjera. Det er greitt for å spe på studielån. Yngste kom ikkje heim før laurdag. Fredagen hadde ho jobb ho også. I tillegg hadde eit radioprogram ho og tre til i klassen hennar har laga premiere. Neste sending er neste fredag. Legger link til facbooksida dei har oppretta.

 

Veka som har gått har vore krevjande. Bilar som må reparerast og tenner som ikkje roar seg. Ein morgon vakna eg i otta, da dura tankane rundt som pingpong ballar. Eg måtte til og aksjonere. Så vart det tannlege igjen, eg var hovna opp til like under auget. Så no er eg i gong med rotfylling av ei tann og antibiotika. Eg skal også rotfylle ei til. Kjenner eg er litt redusert av alt dette styret, men det går over. Alt blir historie.

 

I går natt såg vi noko rart. Over fjellet, på andre sidan av fjorden, var himmelen oransje som om månen kom opp. Men månen var ein helt annan plass. Og det som var aller rarast var at lyset blafra som om det loga flammar der attom synsvidda. Av og til forsvann mest farga og så slo den seg på. Var akkurat som ein puls. Eg har leita på nett etter kva dette kunne være, men ikkje funne noko svar.

 

Søndagskvelden skal nytast framom tv apparatet. Både der ingen skulle tru nokon kunne bu, programmet om døden og Downton Abbey skal fortærast, saman med ein kopp kaffi med noko attåt.