Hals og rygg og sol

 
Ein slik sjuk dag har passert. Og så var den sjukt vakker.


Sola skin over ein bedrøveleg heim. Eller…… kanskje ikkje riktig bedrøveleg……..men sterkt redusert er den. Halsbetennelseskrigen herjar hos henne som har den.

Med smerte.

Ho går på penicillin og smertestillande. Eg krøker meg rundt om i tilvære. Eg har og bevega meg innover bretta med smertestillande. Feiring av ho som fyller er 18 er utsett til påska.

 

Vi har dessverre ikkje anset tenestefolk, så huset ber sterkt preg av dette fokuset på sjukdom og andre begrensnigar. Slik som kjøkenbenkar, bad og golv ber sterkt preg av situasjonen, rot og uorden.

 

Da eg sto opp i dag fekk eg meg ein skikkeleg overrasking. Inne på badet var det vorte rydda i løpet av natta. Eg fekk ein mistanke og stakk hovudet inn til ho med halsen.

“Eg fekk ikkje sova fordi det var så vondt” sa ho.

 

Så gjekk eg på kjøkenet, og da trengte det seg eit utbrot ut av munnen. For der var alle benkar BLÅST og alle koppar reine.

No søv ho.


 

 

Så har dagen gått og vi er framme ved kvelden. Ho som sov vakna igjen. Vi fekk besøk og hadde vår første kaffistund utpå terrassen dette året.

Da vi var for sjølv att, fann eg mellomste på badet oppløyst i tåre. Halsen vart ikkje betre. Legevakta vart kontakta, og her utmed kysten har vi ein legebåt som turnerer rundt. Den var eit stykke unna, så det var berre og sette seg i bilen. Vi tok farvel med yngste som skulle attende til byen og hybelen, så ho fekk berre pakke og ta bussen utan oss til stades. Ba henne ta med seg det ho ville av mat, for rakk ikkje laga middag før vi måtte dra. 

Det viste seg at det måtte sterkare lut til, for halsen var visst ikkje så vakker. Og jenta fekk beskjed om at enno nokre dagar heime, så byen og det som lokkar må venta.

 

På returen måtte eg ta ein stopp, desse polerte himlane, fargane, solnedgangen og sjøen. Prøvde å fange det til deg som leser. Men som du sikkert forstår var det vakrare i røyndomen.


No er senga neste post på programmet. Nokre gong vert det berre slik som det er no. Men eg får nok hyve innpå med litt C-vitaminer, neste helg skal eg til Trondheim og den etter det til Oslo. Noko anna enn ryggen tenkte eg ikkje ta på meg, synest vi har teke vårt ansvar av sjukdom i dette huset no.

 

Og dagen gjekk over himmelen

 

Liksom berre tom og trøyt. Eg vakna nok for tidleg.

 

 

For i dag tidleg spratt eg opp av senga berre etter seks timar med søvn. Eg skulle køyra yngste til bussen som gjekk fem over halv sju. Tenkte å vera att på sentrum, eg syntes eg hadde så mykje å gjera som kunne væra greitt å få gjort når verda mest var folketom.

 

Da eg kjem ned på rommet for å kvitra god morgon, fekk eg berre eit sukk attende om lite søvn og hosting natta lang.

 

Så det vart trede dag heim frå skule, men i kveld reiste ho. Mellomste held på med sitt, tenkte å reise opp att til Trondheim – men i kveld er forma elendig.

 

Og ryggen min og eg er eit skikkeleg sørgjeleg kapitel, vi er uvener.

 

Eg sto likevel opp tidleg og fekk gjort litt av alt.

 

Så dagen har vandra med sine gjeremål. Papir og telefonar. Kattane fekk ormekur. Boffen stakk av til morgonen med tydeleg dårleg samvit da han var innfanga.

 

I går vart legen og eg einig om at dette gjekk for sakte, med meg og betringa. Ho foreslo opphald på rehabilitering, og eg er villig til mest alt om det kan føra til framgang. Redusere denne irriterende manko på energi og oversikt.

 

Så slik er det heime hos A/S Klag og Syt, Host og Hark. Men reknar med eit rimeleg kort opphald før eg skal vidare til Vakker Bloming i Vårbakken sponsa av Varm Sol i Nakken.

Sjuk og sjukare

 

Basselurkane er flytta til hus. Dei herjar med nasar, hals…. og rygg.

 

Ei doven stemning ligg over heimen. Litt feberheit. Stikkande og sår for nokon. På retur for andre. Det hostast og harkast, verda har vore betre for opp til fleire.

Absolutt.

 
Lucas og Miranda er nok friskare enn oss på tobeinte

Eg er den friske. Men det er så rart med det, eg hadde inga lyst å stå opp til morgonen – sjølv om sola skein lokkande inn gjennom vindauga. Eg ville berre forsvinna inn i drøymar om walk-in closet, skyvedører av glas og store terrassar. Ei verd utan problem, ei verd som eit illustrert vekeblad.

 

Vart trekt ut av draumane av telefonen. Det var mellomste. Ho greidde ikkje få noko gjennom halsen. Det stakk. Forma var langt unna formfull. Det måtte avlysast det eine etter andre. Og som den mora eg er sa eg så klart at ho måtte koma heim! Eg sendte melding til faren om han kunne henta henne og så møttes vi på halvvegen. Men ho måtte ta bussen seinare på dagen da den gjekk. Faren var også heime og var sjuk.

 

Yngste kom opp og følte seg betre, medan ho hosta surklande. Ho tenkte å ta bussen attende til hybelen, men da eg såg på henne syntes eg kanskje ikkje det var så lurt. Ho fekk venta til neste dag.

 

Eg kom meg opp og etter kvart ut for å trilla åt slike gjeremål som å starte utskrivinga av over eit og eit halvt tusen ark. Kjente at kroppen ikkje var heilt på part. Så det spørs om det er noko rusk i koppen min også, for det er typisk at dei svake punkt i kroppen vert angrepet. Så ryggen vil ikkje retta seg ut, med det ubehaget det er.

 

No er heile denne fantastiske gjengen samla i stova, to på data og ei under dyna i skuvsenga. Ho i senga kjem med nokre rasande, pistrete utbrot, for tilstanden er nok litt meir enn ubehageleg..

 

No skal eg laga supe av gulrot og ingefær. Den er sterk.

 

 

Ein liten pause

 

Sol, regn og vind. Fredagen er glitrande med dråpar på ruta. Og ljoset viser fram det ei flink husmor ikkje ville ha vist fram.

 

Her i huset bor inga flink husmor, men eg treng å leika ei i dag. For går alt som det skal, blir det feiring i morgon. Akkurat i skrivande stund er eg usikker. For snart på tur heim kjem ei sjuk, nyutsprunge 18 åringen. Og i seinare tid har vi ikkje blanda sjukdom og gamle menneske, så det er den feiringa i morgon……. Men får berre avventa, og eg må handtere dagen som det vert fest i morgon. Derfor er det berre å brette om armer og ermer og slikt.

 

Dei kurande og diettprega dagane slo meg på ein måte meir ut enn elles. Plastikk etter salatar, frukt og anna emballasje vart berre liggande igjen på benken. Slik kan det ikkje ligge. Men dei ti dagane har resultert i fem kilo vips borte……sjølv om eg er fullstendig klar over hendinga plutseleg attende……. Og i går fekk eg klump i magen av sodd og kaker.


 

Gårdagen, ein dag for tårar, vemod og tankar. Slik det er når nokon har gått bort. Men og ein dag til å treffe folk eg ikkje har sett på lenge. Kjente at energien min ikkje var heilt til stades, så måtte forholda meg til det. Derfor var eg nok meir introvert enn ekstravert. Og ein slik dag er god når ein er heime igjen, når ein kan ta av seg dei mørke kleda.

 

Gårdagen starta med ein frukost, ein fri og vanleg frukost. Feiring av ferdig fart. Eg hadde mykje halve matrestar att, halv appelsin og opna granateple, slikt. Derfor brukte eg opp noko med å laga meg ein fruktsalat. Ein god start dagen.

 

Snart må eg ut og hente klesvasken som har blåse av klessnora. Ta med meg boffen inn, som er ute og leikar seg med venninna si. Han var oppe på nabogarden og henta henne. Når leiken for hunden er slutt skal eg til å leika denne husmora. Før eg hentar sjuklingen som kjem med bussen. Ein frank og fri dag er godt i gong heilt utan fritidsproblem.

 

Ein riktig fin fredag til deg som har vore innom på vitjing.

 

Slik i all enkelheit

 

Kveld i stua, i stolen sit frua…….men eg er kanskje ikkje det?

 

Men eg er meg sjølv uansett kva eg er. -Frue eller ikkje.

Kanskje eg er ei furu eller furie?

Akkurat no er eg mest mett og trøyt. Slik snart midtvegs i mi travle veke. Når for mykje skal inn i timane tek eg bloggfri. Men så er det eigentleg så godt å trykke ned nokre ord også. Og når eg først ha gjort det så må eg innom med nokre kommentarar til fleire av dei eg følgjer. Det er da tida går enda fortare. Så blir eg sitjande å henge ved data’n  langt inn i tida som går og går og går -.

 

Eg trur eg kviler nå eg skriv. Kosar meg gjer eg i alle fall. Det er berre for dumt dette med tida……..knappen, kvar er den? Det har vore så fint og variert denne tida.

 

I gårkveld, etter dagen i byen, returen med ferga og alt. Da orka eg ikkje å tenkje eit ord ein gong.

Forresten var det nokre fantastiske himlar i går. Prøvde å fanga ein av dei på mobilen i ferjekøa. Men for og ha fått fram noko skulle eg nok gått ut……..og akkurat det orka eg ikkje.

 

Da eg var på tur heim til meg sjølv, etter og ha køyrd ho som var med heim, skulle eg ned ein lang bakke……..og plutseleg mista hjula veg-grepet. For det hadde vorte glatt, slik hysterisk isglatt. Mot meg kom fleire store søpledunkar, ikkje at det var det verste å kollidere i. Eg svinga desperat på rattet, og bilen dansa og kvein. Og like før samanstøet fekk eg bilen til å skrifta retning, og rett ut på hovudvegen bar det.

Heldigvis kom ingen andre bilar da.

Phu-, så det var eg frykteleg, enormt glad for.

Vegen heimover gjekk i nokså roleg tempo kan ein seia. Og da eg var komen heim, inn og opp, såg eg strøbilen passera nedpå vegen. Det trur eg var bra.

 

Da orka eg ikkje å skriva. Det var i går.

 

No har eg nett ete ein sein middag. Eg har invitert til fødselsdagsfeiringa i helga. Så det var vel det eg rakk i dag. Jaa-, eg har gjort noko før dette. Akkurat no dunkar vaskemaskin i sentrifugal takt. Og det første eg gjorde da eg kom heim i ettermiddag, også kalla kveld, var å skifta sko. Ta på ullgenser, vindjakke og refleksvest. Finna fram bandet og det var ein som ikkje let seg be to gong, for å seia det slik. Det heldt å seia “vi skal ut”, da vart det både piping og vill dans. Og det gjorde godt både for dei med to bein og dei med fire den turen ut.

 

Slik i all enkelheit.

 

I kveld

Vi er framme ved første vårmånad. Noko så inn i hampen godt. Godt langt inn i dei inste avkrokar av sjela.

 

 

Så sit eg her. Det er søndagskveld og helga er over. I kveld må søpla trillast ned til vegen. Og i morgon er det bytur. Mor skal på kontroll, og eg er sjåfør. På soverommet nede står ein bag pakka, så slapp yngste ha med seg den på bussen full av sengklede, handklede og slikt.

 

No er begge jentene dratt, eg køyrde dei til kvar sin buss for og ha mest mogleg tid saman med dei. Ja, eg måtte køyre etter den eine bussen eit stykke for marginane vart for små.

Like før vi for var sola kome framom nok eit fjell, og soldagen har auka myke. Husveggen vart bada i sola.





Fargane var så fine, så måtte ta nokre bilete. Og mellomste sprang barføtt ut for å sjå etter snøklokkene. Dei var komne langt, men dei blømar ikkje enno.

Attende frå bilturen var mørke kome, berre litt ljos attom skyane.

 

Dette blir ei travlare veke enn vanleg, men får tru alt går greitt. Neste helg skal vi feira ho som fyller 18 år.


Berre ein bitte liten..

 

tur inn her. Fordi eg har ingenting å meddele, eller eigentleg har eg det og….

 

fordi bilen står igjen utafor døra. Den er godkjent, endeleg! Den har vindaugeviskarar som virke. Den har hjul med eksakt riktig trykk. Og eg treng ikkje verken være redd for politi eller køyra meir buss.

“Køyrer du buss ofte du kan det løna seg å kjøpa eit verdikort, for om ikkje vert det dyrt for deg” sa bussjåføren til meg i dag. Eg takka han for at han sa i frå om det, men at dette nok var siste gongen i denne omgong.

 

Eg har teke skulebussen to morgonar. Det er eigentleg ei fasinerande reise og ei føling av å væra flue på veggen. For det første virka alle barna svært veltilpass og harmonisk. Det er svært godt å registrera.

 

“Eg trur Magnus er forelska i deg”, sa ein gut til jenta som sat på andre sida av midtgongen. Dei mimra attende og ho hadde nett fortalt at han Magnus bruka å ta kråkefot på henne før. Nei, det trudde ikkje jenta,  “eg er berre til plage” sa ho. Dei var i alderen ti, tolv år.

“Kom og sett deg her Anders”, sa ein større gut til ein mindre. Den vesle guten sette seg i setet attom den større guten. Da det var gjort snudde den store guten seg og sa “hei” til den vesle guten, og han svara “hei” attende. Det var den samtalen. Men eg tenkte at det var nok ein god start på dagen for ein liten gut og verta slik inkludert av ein større.

 

Men i morgon kan eg ta bilen og legga distansen attom meg akkompagnert av lydboka eg er i gong med; Mors gaver av Cecilie Enger.



Sjåfør på laurdag

 

Innpakka i pledd sit eg her. Det er inn i hampen kaldt.

 

Løna for å væra snill er ikkje alltid så god. Eg sit her på ein iskald hybel og ventar.  Ventar på at tida skal gå. Akkurat det siste lika eg. For oftast spring tida frå meg, så at det er eg som ventar på den er ein god oppleving. Men ikkje at det er så kaldt.

 

Men eg held nok ut. Eg har ein varm kaffikopp ei armlengd unna. Kjøpte meg og berlinarbollar, berlinarbollar med vaniljefyll. Og akkurat det er kjempegodt.

 

I familien min har folk det med å verta godt vaksen. Eine morbroren min var 93 da han nettopp døyde. I dag var både han og mange fleire bedt i 95 års dag. Dama som feirar sit i rullestol og har gjort det sidan ho var ung. I dag bedte ho inn til selskap, og det er ho sjølv som har ordna opp. Feiringa var i byen, og faren min er ikkje i slik form at han kan ta buss. Så eg sa nokså snart at eg kunne køyra. Eg synest det er så fint dei får møtast. Livet er ikkje lengre enn at slikt må ein finna rom til. Plutseleg går folk ut døra til den neste dimensjonen. Og da er det ingen vits å angra det ein ikkje rakk. Så i dag er eg sjåfør. Foreldra mine og mor sin bror med kone, dei er i alderen 82 til 91. Dama er søskenbarn til mor og broren. Så der fekk eg forklart det…….vi kan ha det med å væra  nokså detaljer. I alle fall nokre av oss. Av og til.

 

Eg hadde ikkje så mange ærend, kjøpte inn litt mat. Til tida etter berlinarbollane. Den tida må berre koma no. Men eg kunne sette meg inn på hybelen til yngste. Så her sit eg. Klaprande kaldt er det altså, alt av varme var avskrudd. Trur eg skal let det stå på ein liten lunk når eg går. I morgonkveld kjem yngsteberta attende frå ei veke vinterferie. Denne helga er ho og vitjar syster si i Trondheim. Dei tenkte seg på Urørt på Samfunnet i går kveld. Så dei er i andre enden av skalaen, med ungdom og livet som byr. Dei skulle møte eine syskenbarnet sitt  og dele helga under same tak. Og i dag var dei alle tre bedt til syter mi. Familie er viktig synest vi.

 

No ser eg at tida snart likevel har gått. Eg skriv no med valne fingrar. Det skal bli godt å setja seg i bilen, plukka opp dei som har feira, køyra ombord i ferga, koma seg over på andre sida. Køyre dei to ektepara heim, dei bor berre nokre hus frå kvarandre. Trur ikkje eg legg inn noko besøk hos foreldra mine i kveld, men berre køyrer heim åt meg sjølv. Får tent opp i omnen og krype saman framom den med kanskje ein wokrett på tallerkenen. Og ha ein liten bit laurdagskveld før natta kan taka over.

 

 

 

Fredag den 13.

 

Det er denne dagen i dag ja. Eg bryr meg ikkje så mykje.

 

“Det er ledig fredag den 13..” sa dama på tannlegekontoret. Så eg noterte timen og skal sette meg i bilen om under ein time. Det er ein halv time og køyra. Eg er nok ikkje så overtruisk slik av meg. Reknar med at denne dagen er like grei som andre dagar.

 

I går derimot, syntes eg det var ekkelt å køyra. I skuggeparti låg eit tynt islag, så bilen vart ustødig. Da må ein berre bruka tida. Men dagen i går var vakker, fekk slik må-ta-bilete kikk medan eg køyrde.

 

I dag er dagen grå.

 

Når eg er heime igjen har eg slike planar ein frå gamalt av bruka å ha på fredagar. Og som dei mest ihuga framleis har. Men kanskje skal eg kjøpa meg ein bukett av noko som ein premie for at eg forhåpentlegvis føler meg slik greitt flink utpå ettermiddagen.

 

Brukar du å vaska i huset ditt kvar fredag?

 

Er du forsiktig på fredag den 13.?

 

Ha ein riktig fin og god dag uansett.

 

YES, eg kan

 

Snart er midnattstimen her. Så eg må snart sette strek for denne måndagen. Straks.

 

Men eg er svolta. Kan eg ta meg ei brødskive så seint. Å yes, eg kan…..men kan eg sette infintivmerket framom eit engelsk ord som ikkje ein gong er eit verb. -Det kan eg nok sikkert ikkje, men i kveld kan eg det også.

 

I dag har eg køyrd fort i vinden som ruska i bilen, ei føling av krefter og kraft. Eg har handla ein liter kefir til minstesyster, eg har båre ved for foreldre og hjelpa min vaksne far inne på facebook sin veden. Fekk og middag der, altså ikkje på facebook, men hos foreldra mine.

Eg har vore leksehjelp til mi hybelbuande yngste med hjelp av telefon og snapchat…….kva er det som ikkje går i dag liksom.

Og no, som ein god borgar skulle eg teke av sengteppe av senga, teke tøflane forsiktig av og set dei fint frå meg halveges stikkande fram under senga. Men ikkje denne dama, ikkje er senga oppreidd og ikkje har eg tøflar. Men brødskive har eg lyst på. Så kan eg skriva å framom yes, så kan eg iallfall ta meg ei brødskive.