I dag

 

Tysdag i mitt hus. Korleis styra alt frå nytt perspektiv.  – Og gamalt.

 

Da eg skulle heim frå Muritun kjende eg tankane hopa seg opp. Dei hopa seg opp alle vegar i frå. Skal…..skal……slik og slik, sa dei. Ei venninne sa noko om og gapa for høgt. Eg følte mest ho banna i kyrkja……..for det var klart eg måtte ALT.

 

Og så skjøna eg at no var eg inne på gamle handlingsmønster og tankebanar, om at oppskriftene skulle følgjes til punkt og prikke. Kanskje det som gjorde at eg har mislukkas. Alltid.

 

Og så tenkte eg gjennom saka om tankar, trening og mat……kva var viktigst og få til.

Så klart alt, men kvar skulle eg starta. Det eg måtte få til å fungere først var døgnrytmen. Altså vart det å leggje seg i rett tid, nokså relativt, det viktigaste. Men det viktige for meg er før kl.23.00.

 

Så kjem det neste som er kosthald. Og hittil går det grei. Ha, ha……dette er no berre andre dagen. Men eg har vore og handla inn i dag. Full fokus på sunt og magert, men uten hovudet fullt av oppskrifter.


Middagen i dag var eg fornøgd med. Tok seifilet og la på en seng av hermetiske tomatar, saman med basilikum, koriander, timian og kvitløk. Steikte det inne i omnen. Koka litt brokkoli til, og laga ein purre av søtpotet, mandelpotet og persillerot. I tillegg hadde eg ein klatt humus av kikkerter til.

Det var faktisk nam, nam.

No skal eg ha ein opprydding i kjøleskåpet, kjøre søster mi for levering av bil. Og så tenkjer eg også å lage brød og ein tur ut for berre slikt som er fint og få til.

Ha ein riktig fin tyrsdagskveld.


 

Livstilsendring

Det har starta. For tre veker og tre dagar sidan starta den.

 

Eg har vore sliten, sliten og sliten i mange år. Dette ville ingen ende ta. Inn i mellom har eg forsøkt å trena, forsøkt å leggje om kosthald og gått ned opp til femten kilo. Men eg har ikkje fått det til, eg har hamna attende til det utgangspunktet eg opparbeidde for mange år sidan. På eitt år klarte eg å plussa på førti kilo ekstra på mi eiga vekt.

 

Det har vore mykje som la seg i sekken min, men vekta er nok ein viktig årsak til at eg føler meg sliten. Eg vart til slutt sjukemeldt i mange prosent og klarte etter ei stund og redusere den med tjue. Da var det stopp. Inn i mellom opplevdes det også for mykje, for lite skulle til for eg mista oversikta.

 

Til slutt fekk eg tilbod om rehabilitering. I tre veker og tre dagar har eg vore her. Fokuset har vore delt i fire; arbeid, kosthald, trening og tankar.

 

Kosthaldet er mykje grønt, lite feitt og hyppig. Vi et fire måltid om dagen og skal helst rekka mellommåltid. I starten følte vi at vi åt og åt og åt. Da eg vog meg etter tre veker hadde vekta redusertes 5,4 kilo.

 

I tillegg har vi treninga, som eg datt delvis ut av på grunn av kne og gnagsår. Men pulsen har vore auka kraftig opp til mange gong. Vi har treningsrom, spinning syklar, basseng og naturen. Det er gymsal med klatrevegg. Så tilbodet er mangfaldig.

 

I tillegg har det vore fokusert på tankar og korleis mønstra i tankane kan dra oss ned og bort frå målet.

 

Vi er komen til enden. Til evaluering og til framtida. Eg har ei føling med at eg har teke sertifikatet på nytt. No skal vi ta over ansvaret for bilen sjølv. Ein av mine første planar er å lage meg ei plan. Ei timeplan. Og eg har teke av søndagskvelden til å sette den opp. For no er eg straks i gong på eiga hand. Med livstilsendringa mi.

 

Ein raud torsdag

 

I dag var ein av helgedagane i mai. Ein raud og fri dag med støle musklar.

 

Her går tida fort, som det skulle være ei overrasking. Dagane er aktive. Dei siste dagane har føtene mine vore tømmerstokkar. Tunge som bly.

Vi går turar, trenar og held på. I går hadde eg ei krevjande oppleving og ei fantastisk god ei. Den krevjande var ein opp-opp tur. Nokon på gruppa spekulera på om det var den same dama som dei gjekk med dagen før, for da hadde eg både fart og kreftene til å kommunisera i bratta. Men eg mista mest pusten på tur opp til setra.

Vi var opp på ei seter som heite ….(og det namnet har eg ikke her no :)). Det som overraska meg var gardane som låg utanfor synsvidda når vi er nede i sentrum. Fordi det er så bratt at dei kjem vekk.


Seinare fekk eg være med på handtrening. Det var utruleg god. Tenk å stikka hendene ned i varm voks slik at dei vart gode og varme. Ta av voksen og trena hender…

 

I dag hadde vi og ein fin tur opp og forbi Olavsstøtta. Opp til støtta var det svært bratt, men etterpå var det vakkert og flatt å gå innover. Vi gjekk i to timar.

 

Seinare var eg med på ein busstur inn til Gudbrandsjuvet. Og igjen var eg imponert av vakker natur. Eg tok bilete frå alle vinklar og legg her nokre ut:








Og så til slutt på tur attende var vi innom Jordbærstova, og eg hoppa over kaka og tok berre ein kopp kaffi. Men skeia ut med røykelaks vel attende.


 

Sol på blå himmel

 

Etter ei veke kjem helga. I helga kan eg summere. I helga kan eg kvile………litt.

 

Laurdagen sto opp med sol. Blå himmel over høge, kvite fjell er eit syn ein morgon i mai.

Etter frukosten gjekk eg meg ein tur i butikken – med sandalar og boblejakke.

Lufta var kald, eg hadde gnagsår og måtte kjøpe meg gnagsårplaster. Det vart og børste, tullbriller og sjampo…….og blåbær som kos til kvelden.




Eg stoppa omtrentleg anna kvar skritt for å ta bilete. Dette var dagen for bilete.

 


Seinare gjekk eg opp att Strandpromenaden. Ikkje så lang ein tur, men så nydeleg.


Eg måtte ned på steinane, heilt ned til vasskanten.


Litt lengre borte var det mura opp store steinar og eg måtte ned for å balansere på desse steinane…..tenkte det var betre trening enn å gå på asfalt.




Til slutt var eg borte ved elva.

Fann ut at turen var alt for kort, så eg gjekk over vegen til Bedringens veg og gjekk attmed elva og oppover den.


På venstre side var det lange renner for der låg ein jordbæråker. Valldal er visst kjend for gode jordbær.


Til slutt var eg ute av skogen, og der voks ein hekk av spirea ved vegen. Der snudde eg.

Eg måtte ta bilete alt i eit,  også på turen attende. Det er så vakkert no.


Til slutt var eg attende ved brua. Da var det middagstid.


Før kveldsmaten gjekk eg ein halv time og trena styrke. Eg er så glad for denne foten som oppfører seg så bra, det er ein fryd å kjenne denne betringa. No er det berre dette gnagsåret, men eg har plaster og får det fred for sko i morgon satsar eg at på måndagen kan eg ta på meg sko igjen…….

No har eg kosa meg med ein kopp natt te og blåbær. Så da er det snart natta.

 

Ei veke att

 

Eg sit her og dinglar. Overtrøtt, overmett…..ja, det meste på over……

 

Denne dagen var eit mareritt før eg vakna. Den roa seg ned til ein travel dag i solskinet. Eg vakna fire, fem, seks  og da klokka var halv sju sto eg opp og trilla søpla med til vegen. Det var tømming.

 

Eg starta roleg, tok meg tid til kaffi og frukost. Men så ramla dagen i veg, i over elleve timar heldt eg det gåande. Og eg veit det er galskap. Eg blir sint på meg sjølv, det er akkurat slik strekking eg ikkje skal!

 

Men det er berre ei veke att. Om ei veke er eg framme. Framme ved det eg legg håpet mitt i no.

Muritunet!!

 

Først skal eg berga verda, ta månen ned og henge den opp igjen. Eg skal ta ein piruett, eg skal eta meg mett og alt skal gå rett. Rett.

Og rett. Tenk om det går galt. Tenk om eg gløymer noko.

 

Og om natta er kaoset i fullstendig.

 

No har eg likevel lagt denne dagen attom meg, og eg trur eg kom meg rimeleg heilskinna frå den. Eg har ein tamper dag igjen, der eg må blåhalda på husken.  Slik at ingen tankar dett ned.

 

Og så er det alt det private. Klede…..eg må ha meir enn eit treningsantrekk  når eg skal leve eit bevegeleg liv ein månad borte. Når eg skal rehabiliterast for å bli ung, lett og sprek med energien til ein rakett.

– Skal eg ta den byturen i morgon, for det er den einaste dagen?

 

Men så er det kneet, eg har oppdaga eg har eit kne. Eit kne som ikkje kan bøyast. Heilt bortkasta spør du meg. Kven har bruk for noko slikt? Så skal eg oppsøkje……….NEI, eg orkar ikkje lege!!!

 

Så er det bilen som trillar rundt med piggane ut……riktig nok omtrentleg heilt slitt ned. Men eg trur ikkje slikt gjer seg i mai likevel. Så eg må gjera noko med det, i verste fall kan det gå om eg får time måndags morgon, før eg køyrer. Køyrer sørover, over fjell og fjord……

…….med kofferten pakka-!

 

Ai, ai, ai……. kofferten!!!! Det er fælt det. Pakke ein koffert gjev meg skjelvingar inn til mitt innste. Tru eg tok knekken på all pakkekomfort da ungane var små og vi farta mellom besteforeldre i julehøgtider og andre dagar. Og eg var alt for oppteke av stilfulle ungar, med riktig antrekk, strømpene som passa til, hårpynt og smykke. Hattar og jakker og akkurat det skjerfet. Og det høyrde hanskar til. Kor var hanskane……????



Og til slutt skulle eg pakka åt meg sjølv og eg hadde vorte tjukk og hadde ingen klede, så da var pakkinga enno vanskelegare…….om det høyrest enkelt ut.

 

Og det er akkurat her eg skal gje meg. Gje meg med min skvaldrande klagesong.

– For det går bra, det går så bra.

Og i mitt indre ser eg koffertar, kne og bilhjul fyke rundt og rundt og rundt…..

 

Derfor skal eg sjå om eg finn ein illustrasjon (som fekk bli barna frå den gong eg pakka til fire) – til dette og rett og slett posta det. Når eg først har skreve meg inn i ein ny dato slik.

 

Gjeeeesp………….eg er i alle fall trøyt!!!!!

 

Så vanskeleg og så enkelt

 

Synest ein at ein har for lite problem er det enkelt å laga seg nokre fleire.

 

I dag har eg utøva ein utstrakt tankeaktivitet mellom skal og skal ikkje. Slike øvingar er fryktelege synest eg. Hjernen blir så tafsete av det. Så da eg til slutt hadde bestemt meg, trur eg, gjekk eg ut i sol og vår.

 

Der blas det ein spiss vind fylt av sola og utan varme. Eg tok eit blikk på terrassen min som ber sterke vitneprov over kva fjoråret gjekk ut på. Ikkje noko vakkert skode. Plankebitar, steinull og kjøkenskuffer. Eg fann meg ein plastsekk og gjorde eit lite forsøk. Fann og fram hagesaksa og fekk unna noko bringbærkratt. Og vinden blas  vond-i-hovudet inn i mitt stakkars sundtjafsa, runde hovud der det hadde gått heilt rundt i dag.

 

Energien og evna til fysisk utfordringar treng eg ikkje skryta av. Avgjorde eg fekk væra glad for det vesle som vart gjort, da eg gjekk inn for ein kopp kaffi etter ei ikkje utprega lang stund. Medan eg lova meg å gå ut att for å plukka ein forsiktig bukett kvitsymre ……eller kanskje dei berre skal få stå…….

 

Igjen ville eg i dag prøva og finne ut av var kva eg helst ville og kva eg syntest ville væra bra i etterkant. Enn at enkle ting skal væra så vanskeleg.

 

Kva det er snakk om?

 

Jau, eit besøk for å sjå kor mellomste søster har flytta. Ho har fri og vi er bedt. Minste søster var ute og farta og sa ho var attende i morgon før ho reiste. Planane vart lagt etter ho var dratt. Så viste det seg ho ville bli lengre. Og da fekk eg problem med hunden-. Så det har handla om eg skulle reise eller ikkje. For eigentleg har det vore godt og våre i ro heime, men foreldra mine er fastlåst til huset sitt i kvardagen. Dei gledde seg til turen. Søstera mi gledde seg til vi kom. Resultatet var at det var mykje att og fram og rundt omkring. Det har vore mange løysningar oppe.

 

No ser det ut til at vi reiser og tek med oss ein ikkje reiseglad hund. Mellomste jenta mi har organisert, for ho har lyst til å møte Lucas og han er kjempebeigeistra for henne. Sist eg snakka med henne på telefonen sette eg på høgtalaren og hunden sprang bort til vindauga og pistra. Kom ho? Pistringa varte ei lang stund etter samtalen.

 

Det som gjer dette vanskeleg er at ho bor ikkje slik at ho kan ta han og søster mi har ein mann som er negativ til å få hund inn i huset. Sjølv om han ikkje er der om kvardagane. Derfor er det nok ingen god ide at hunden er der.

 

Så dette har eg bruka stor kapasitet på, og fleire med meg. Ein heilt unødvendig bruk om eg hadde sagt at eg må sjekke opp med veslesøster først og om ho kunne passa boffen. Har eg gjort det har alt dette vore unngått.

 

Så enkelt og så vanskeleg.

 

Men no må eg pakka veska.

 

Kast last i hast

 

Oppdrift og glede. Eit liv på skinner. System, orden og struktur. Men også fantasien buldrandes vulkan. Slik vil eg ha det.

 

Slik er det ikkje. For tida går eg i motbakke…….motbakke med myrunderlag. Flyten i livet kryssar seg. Økonomien er eit sørgjeleg grin. Og dette er i ferd med å verta ei sørgjeleg historie. Så i dag treng eg ein ventil.

 

Eigentleg har eg lyst til å frigjera meg for alt som raspar og skrapar opp. -For følelsen av ein kniv som raspar rurane av ned til kjøtet. Av alt og alle som dreg i meg, som eg føler dreg. Så her krev nok sortering og gule lappar på veggen.

 

Noko kan eg nok rydda vekk frå tankane, noko krev handling og noko må eg leva med. Det er slik det er.

 

Eg har hatt ei tid med konvoluttfobi………eg samla dei forskjelleg stadar…….UÅPNA. Skal ta det i morgon har eg tenkt. Men som kjent kjem aldri morgondagen, for det er alltid ein ny morgondag. Dette er nok  den beste måten å handle om ein har lyst til å miste oversikta.

I går opna eg tre brev!

I det eine sto det innkalling til møte, og kjem du ikkje går det deg ille og du får ikkje leva lenge i landet. Eg skulle møta……eller møtt…..for……..nokre timar sidan. Og på det tidspunktet møtet skulle væra var eg i nabobygget til der eg skulle møta…….

 

I dag tok eg den fortvila telefonen, etter og ha tenkt på dette kvart minutt eg var vaken. No viste det seg at denne etaten skaut med lauskrut, for utan brev med paragrafer var dei imøtekomandeheita sjølv……..for alle kunne gløyme sa dei. Og avtale om nytt møte var på veg i brev heilt utan konsekvensar sa dei smilande.

 

Eg må sortera og gjera det eg . Ryggen har vorte mykje betre, ikkje bra, men greier meg fint utan smertestillande. Og da, når eg slepp og ha så mykje vondt, da fungerer hovudet betre.

 

Så får eg prøve å taka alt framom meg på strak arm, påska og pinsa med jula for døra.

 

I dag har eg siste dagen før påska med MÅ, ein litt lang dag uana i forma. Men får omforma den til spanande i hovudet mitt. For eigentleg er den det. Greier eg å spade saman ein dunge energi kan den verta kjempeartig og fantastisk.

 

I morgon kjem jentene heim, på søndag køyrer vi nedover til sonen og kjærasten, som blir med opp att i midten av neste veke. Og få ha barna heime nokre dagar er svært fint, sonen er ikkje så ofte heime og han er saman med ei superjente. Så dette blir så bra. Skal og besøkje ei venninne i Oslo som eg ikkje har sett på eitt år ……trur eg. Heime igjen er tanken å feira den ufeira 18 årsdagen. Så det bør vera klart før vi køyrer nedover.

Så her er det berre å stupa inn i gjeremåla. For når alt er plassert, parkert, vaska og steikt………da vil alt vera mykje betre.

 

Da har eg fått ventilert litt…..det gjorde godt……..for meg.

 

Så håper eg du som las ikkje fekk mein av guffen min.

 

Eg vil i alle fall ønske deg ein fantastisk fin torsdag, for det er alltid noko som er fint om vi ser etter.

 

Første og andre dag

Så er dagen komen og passert. Korleis er det med deg no da? Det er ikkje starten som er vanskeleg

 

…....det er etter ei stund. Etter ein månad eller to.

Og så før eg er i gong.

Før eg er i gong trur eg ikkje at eg klarar det. Slik som no, skjøna ikkje når eg skulle føle eg var klar for dette…..for det er akkurat slik eg kjenner det på førehand. Eg må over ein gedigen dørstokk. Finn alle på alt mogleg for ikkje å gjera det som er det beste for meg. Men eg veit eg nokså fort kjem inn i ein rytme, får ein giv på eit vis.

 

Dagen starta i går. Eg har levert inn bilen og måtte ta buss, derfor opp tidligare enn kva eg brukar.

Eg var både kvalm og uvel etter dusjenfør alt. Kanskje det var turen opp på vekta som slo meg ut. For den viste realiteten som knea har klaga lenge på, og til å forstå -. 

 

Kan seia det så  enkelt at starten på denne dagen ikkje var direkte vellukka. Så enden var at eg rakk ein kopp kaffi medan eg ordna maten, og oppdaga først da at dette nok er ein meny basert på lågkaloritanken. Men greier vel den i to veker. Vart aldri av dei frelste på dette. Eg pakka med meg to steikte egg, tomat, avokado og majones i ein boks. Det var frukosten.

 Lunsjen var en salat med kalkun, bruka ein heil eve på å laga dressingen. Og opp i alt dette skulle eg rekka bussen. Rakk den, fikk ete frukosten da eg var framme, før eit foredrag og etter vart det og lunsj med salataten.

 

Heime igjen, og trur du ikkje at eg fekk på meg tursko og kom meg ut som det første eg gjorde. Det var så fint ljos. Men den eigentlege grunnen var nok at eg var så tung i hovudet at det var ikkje noko anna som føltes riktig. Gjekk ned til sjøen i nokre centimeter med snø. Der var det høg flo og campane. – Farga på sjøen altså.

Til middag var det laks, og den smaka fantastisk godt……mest som eg hadde lyst til å sleike i meg tallerken – men sto likevel over det innfallet.

 

Det viste seg eg hadde lagt igjen bladet med oppskriftene på kontoret i går. Eg hadde teke det med for å handla, men så vart dagen så travel at eg rett og slett la det igjen. Men nokre forviklingar bør ein vel ha. Det skal ikkje vera for enkelt.

Og dette løyste seg. Fekk bladet levert. Men det skal bli godt å få bilen attende.

 

I går var inntaket 1439 kaloriar, i dag skal det vera 496, i morgon 728, torsdag 498, fredag 1371, laurdag 1447 og søndag 1018. Etter plana. Opp og ned altså. Så er ei ny veke i gong.

 

Men reknar eg går attende til VK-klubben som eg synest har vore fin å støtte seg til. Vanleg mat, gode oppskrifter, ein skal legge inn alle måltida. Og det er nok det viktigaste for meg, for det å eta jamt er nok utfordringa mi.

 

I dag starta det med ein tjukk grønsakjuice med mykje ingefær i. Eg er glad i ingefærsmaken. Og så to super, til lunsj tomat og til middag gulrot.


Dagen har vore så nydeleg. Da eg såg ut på vatnet som draup frå taket i sola, tenkte eg at her var det berre å koma seg ut. Så gjekk mest ein time etter vegen.

 

I kveld er eg nok litt redusert. Ser det står at dei første tre, fire dagane kan ein bli litt frosen og slapp. Så det beste er nok å legge seg snart tenkjer eg.

 

Kvit overrasking

 

Det lyser kvitt imot meg da eg dreg gardinene til sides i dag. Som i ein ny og uskriven start.

 

Mest annakvar morgon er scena forandra og omsnudd. Kvitt – gult, kvitt – gult. Det er snø og bart, snø og bart. Trur ikkje eg har opplevd ein så ustabil vinter før. Men været må få væra som det vart etter kvart, eg kan ikkje noko gjera med det. Om ikkje anna enn å verta enno meir miljøbevisst, men det hjelper nok ikkje på denne vinteren.

 

Utsikt frå kjøkenglaset

Noko eg kan påverke er meg sjølv. Eg er nok eit tungt materie, i dobbel forstand. For det er vanskeleg, så inn i hampen vanskeleg. Men er det verdt det kan ein spørje seg sjølv om……at kvar dag startar som eit kaos og ein motstand? Eg vil drøyma meg vekk frå det eg må i gjennom. Frå horisontalt til vertikalt. Likevel går det greitt når ein er i gong, står på to bein og ser på seg sjølv i spegelen på badet. Tenkjer – at ja, var det slik du vart ja. Prøver å strekkje ørlite grann på samanknytt muskulatur. Kjenner på kor dårleg kroppen er på parti, – eller slik eg lever med den.

 

Etter jul tenkte eg at først måtte eg få unna meg slikt eg hadde laga til jul. Da kunne eg gå i gong. – Men engelsk konfekt kan eg unna meg denne helga, tenkte eg fleire helger. Og så kom berlinarbollane marsjerande, og eg tok i mot med opne armar og munn. – Etter fastelavn tenkte eg så, etter krembollane. Men så hadde vi vinterferie. Og det var så koseleg med yngste heime at vi berre måtte kosa oss. Måndag er ein bra start tenkte eg til slutt, måndag etter vinterferien.

I morgon er dagen der – eller her, eller noko slikt.

 

Og kva er det vi tenkjer oss no da, spør eg meir eller mindre retorisk meg sjølv. Har vi plana klar?

Plan???

Nja, ei slags plan utan at det eigentleg er ei plan……kan ein seia, seier eg. Kanskje håpar eg at undrenes tid ikkje er forbi. Men inst inne skjønar eg at det må sterkare lut til.

Eg må!

Samstundes har eg kjent på denne utsklidinga i tankemønster, litt lobotomert liksom… Skal eg væra streng og puritansk, leve restriktivt og passa på meg med argusaugo eller skal eg leve livets glade dagar, gjera det eg har lyst til i noet, nyta og fråssa om eg vil det…..og det vil eg så klart, heile tida. Slik har tankane mine virra.

 

Slik statistisk har eg i rundt tjue, fem og tjue år igjen. Korleis vil eg leva dei???

 

Og det er det som er spørsmålet.

 

Eg synest ikkje det er så godt at kroppen er så dårlig på parti, så da er det vel likevel argusaugo som må på. I alle fall slik i starten. Eg veit at etter ei tid vil det følast godt. Når det ikkje er så mykje sukker i kroppen, når vekta ikkje er så tyngande.  Og eigentleg er det det ordinære livet eg skal fortsetta med, berre med nokre få justeringar. For å få inn noko meir overskot for å få til det eg vil.

 

Så i morgon har eg ei plan. For å koma inn på sporet vil eg gje meg ein pangstart. Derfor skal eg gjennom eit regulert farvatn dei neste to vekene. Eg skal eta vanleg mat, men eg vil regulera sterkt energi inntaket frå dag til dag. Frå nokre hundre kaloriar til rundt eit og eit halvt tusen om dagen. I går handla eg inn til dei første dagane. Trur dette vil fungera for meg. For å få kroppen lettare fort. Det for at eg i neste omgong skal koma meg ut. For det er hovudfokus, eg vil verta lettare for å ta med ut – i dobbel forstand.

 

Det er plana og målet.

 

Kanskje blir det toppturar denne sommaren? Eg vil i alle fall ha det betre med fysikken min, og eg seier ja takk til det dei sist åra eg har att. Så da får vi sjå.

 

Så i morgon er dagen.

 

 

Min kamp med småtrolla

 

Eg har ein lurande bjørn attom meg. Eg har eit troll som fiksar og miksar. Eg har nokre smådjevlar attom øyra. Til saman vert det ein gjeng småtroll.

Likevel greier eg meg. På ein måte. Likevel kan nok fortvilinga herje i meg når eg ser kva denne gjengen kan stella i stand. For dei lagar rot. Saman med retteprogram har eg erfart dei har rota så ettertrykkeleg og ille til at det faktisk har bikka over i humor. Ja, rett ut gapskratt. Når det vart ståande i ei årsmelding at eit spesifikt område skulle seksualiserast i staden for spesialiserast, da fekk latteren føter å gå på, for og seia det slik. Og eg fann ut at det var likare å le enn og gråta.


Når eg skriv noko, så kosar eg meg. Eg trallar og trivest. Har det beint ut supert. Heilt til eg les i gjennom det eg har produsert. For da har dette trollpakket snudd om på preposisjonane så det er ei floke og rydda opp i; med-, på-, til-, er liksom sett finurlig feil inn, så eg blir sittande og smaka etter kva som er riktig, for eg ser med augo mine at dette er feil. Likevel er det ikkje alltid like enkelt og føla kva ein som er den korrekte og bruka.


 Det neste dei gjær er å snu om på orda, slik at dei vert bakvende på ein måte. Orda må snuast på.


Det siste og mest irriterande dei gjer er å plukke ut bokstavar. Og det er ikkje så enkelt og oppdaga når eg les gjennom teksten. For hjernen er eit hjelpsamt organ, den tolkar og fortolkar om ein bokstav ikkje er med…….eller står feil. Eller…..så er det dette trollpakket som er ute no og. Eg trur mest på det siste.


Når data’n blir slege av, og i ly av mørkets mumlande mørke listar dei seg inn, snik seg langstrekt gjennom leidningar. Leiter til dei finn akkurat mine skrivne ord. Da set dei i gong med ein utspekulert aktivitet, dei plukkar bokstavar. Ikkje så mange, berre nokre få. Dei morer seg stor med og forandra d til g i med…vips….så står det meg. Da kniser dei skadefro og snirklar seg ut att gjennom leidningsnettet. Slik kan dei helda på over lang tid. Så når eg tek fram att ting eg har skreve finn eg alltid nye feil.


Er det rart eg vert temmeleg oppgjeve. Men dei stoppar meg ikkje, for eg synest orda som kan settast saman til så mykje er for artig. Så derfor må eg fortsette min slitsame kamp mot desse små lattermilde nurka.


For orda er for meg som fargane i eit bilete. Dei lagar kontrastar, komposisjonar, rytme – bokstavane er som paletten, fargerik. Så slik held vi på, småtrolla og eg. Og slik held vi kvarandre i aktivitet.