Ein tirsdagskveld

Så kom regnet. Ute er det mørkt og den vinflaska vi snakka om å dela på terrassen med tende talgljos, veslesøster og eg, vert i alle fall ikkje i kveld.

 

Framtida er i ferd med å stiga opp på dørstokken. Telefonar og meldingar vitnar om det. Eg kjenner motstand, for eg vil ikkje inn i framtida enno. Eg vil ha varme sommarvindar og vera fri. Eg vil ikkje ha alvor. Eg vil berre at alt skal vera artig.

I dag har eg bruka dagen til å landa, men trur det er ei buklanding……for det humpar slik.

Eg leitar etter artigheita, men den geipar berre mot meg så eg endar med å verta heilt ulykkeleg. Så eg leita meir, og finn ingen ting. Eg krafsar og klorar for å sjå om det hjelper.

Men eg veit. Eg må roa meg. Dra pusten djupt, bretta opp ermane og gå i gong med alvor og kvardag. I kveld, allreie i kveld må eg det. Sjølv om eg er i ferien enno.

I morgon skal eg vera med på ein Skype konferanse med gjengen frå Muritunet. Om kosthald og ståa. Hjelp og trøste sier eg. For eg har ingenting å skryta av. Eg kan berre fortelja om at eg er langt utanføre vegen. Men ikkje kor mange meter….. Eg har noko arbeid å gjera, skrive ned og tenkje……og eg kjenner motstanden med å sjå på kor lite flink eg er.

Elles er eg i gong med noko –  med å byggje meg eit støtteapparat, både med samtalar, med rørsle og hjelp for problem eg har med kroppen. For eg vil, eg vil så frykteleg at eg velje å plukka med meg den hjelpa eg kan . Eg som vil klara alt sjølv, som vil vera uavhengig har tatt eit slikt val. Det kostar å sleppa tøylar, så det må gje resultat-.

For eg vil ha energi til å ikkje fortsetta her eg har vore lenge. Eg vil opp og ut.

eigentleg er det nok spanande. Det er slik eg må sjå på det. Vegen til det nye livet og all energien eg skal nå tak i.

Derfor må eg landa, humpa meg i ro på den ruglete landingsbanen. Etter ferie og alle opplevingane. Og samtidig veta at dei er der, alle og alt. At eg må velja tillit. Og at eg gjera det eg må og som er det beste. Da får eg alt. Både prinsen og kongeriket, energien, gleda og få bruka meg til det eg skal.

Slik tenkjer eg ein tysdag før eg går i gong meg å sjå på kva som er bra av det eg har gjort sidan mai og Muritunet.

Noko bra må det da vera……..

Endeleg

 

Det er så alt for lett at planer flyt ut. Eigentleg kan eg ikkje tillate at det skjer.

 

I dag er det onsdag, og ein gong for ikkje så lenge sidan tenkte eg at det skulle være vegedag kvar tredje veke. No trur eg vekene har lura seg forbi til likt med snop som har lura seg inn i munnen. For det er da sommar og det er kaker og ein skal da kooooooose seg……..har hjernen funne ut med hjelp av oppbruka karakterstyrke.

Og gjett om turen opp påvekta i dag hadde stor motstand. Men tanken på at eg ikkje kunne fortsette slik eg har gjort, fekk meg opp. Og den viste to kilo opp, og det måtte være stopp. Heldigvis var det ikkje verre. Men om eg ikkje tek skeia i ei anna hand vil vekta vise tre tal snart……….og det vil vi ikkje ha noko av.

Så eg tok på meg treningstøy før frukost. No var det litt for varmt i dag, så bytta til ein shorts.

Eg kombinerte utfarten med eit besøk hos foreldra mine. Der er det er nokså bratt turløype opp til ei seter. Eg hadde eigentleg ei plan om å ta den turen ein gong i veka. Men eg har berre gått den ein gong like etter eg kom heim i juni, før turen no i dag.

Eg bruka ein og ein halv time til saman på vegen opp og ned. Da dreiv sveitten slik at eg mista mest synet……..det svidde på auga. Var nok litt i varmaste laget i dag.

No vurderer eg å melde meg inn att i Vektklubben som eg har vore medlem av tidlegare. Eg må nok bruka den hjelpa eg kan finne, for eg vil, eg vil frykteleg……….

Så da er det berre å gjere det ein for å lykkast da.

Opprydding på mobil

 

Mobilen kan brukast til mykje. Over tid har det samla eg mykje på telefonen min. Det trongs opprydding……..

 

Så her kjem det eit innlegg om det som låg att etterpå. Bilete som eg ikkje ville kasta og ikkje lagra……eller kanskje nokre av dei. Så her kjem eit nokså uinteressant innlegg om kva som låg igjen i mappene etter oppryddinga.


Kvifor eg har tatt dette bilete skal eg ikkje seia. Det er mor som held på med strikking slutten av februar i 2013. Eg har nok tenkt at dette bilete kunne være bra til bruk som illustrasjon. Kanskje….litt usikker…

Kan det være fargane på blada til plantene i glaskarmen som har fanga interessa skal tru? Det var i alle fall fint vêr den 15. juni i 2013. Ser eg har fått planta i blomsterkassane på terrassen også..


Her har eine av jentene kalla mor si frøken…..og det er kanskje det ein har vorte når ein ikkje lengre er gift….eller..kva er ein eignetleg da?

Men koseleg å finna ein slik lappe  på kjøkenbenken når eg står opp. Denne er frå starten av oktober  i 13.

Dette tenkte eg å senda til forhandlar av Kenwood, men når eg enno ikkje har gjort det blir det nok ikkje. Skulle lage en smoothi og hadde kjøpt inn frossen frukt til bruk. Best kom ein av kulene som eit prosjektil gjennom plasten…så om det vart noe fruktdrikke denne haustdagen i november 2013 veit eg ikkje lengre.


Havfrua, ein av dei. Trur det er den einaste eg har att. Eg produserte mange etter eg laga meg ein verkstad i kjelleren til rekkehuset vi bodde i på Flatåsen. Eg hadde to små barn og ingen jobb, men gjorde eit forsøk gjennom dette.

Denne held til på badet vårt, ein naturleg stad for ei havfrue. Denne vart fotografert på nyåret 2014.


Enno eit bilete frå badet, ein heil serie. Nok ein klage. Kjøpte vasken og kommoden på IKEA, og benken tålte ikkje fukta. Eg skulle sende ein reklamasjon, men har ikkje gjort det. Forsøket her vart gjort i starten av februar i 2014. Eg hadde nettopp hatt lekkasje på kjøkkenet og hadde ein nokså krevjande jobb framom meg. Eg skulle nok oppover til IKEA og ville visa bileta frå baderomskjøpet.


Dette er frå ein køyretur også tidleg februar i 2014, og dei husa der hadde stått nede ved sjøen på garden eg har, men var flytta dit ein gong i tida. Her er dei nokså forfalle og i dag er dei borte.


I mars same året legg eg dette bilete inn for å huska ein vin eg sikkert likte. Eg har aldri kjøpt den igjen.


Nok ein koseleg melding å vakna til. Denne låg på badet ein morgon like før vi skal reise over til Los Angeles å møte mellomste i fjor sommar.


Det var nokon som skulle sjå mangelrapporten etter EU kontrollen i fjor haust. Greitt og sende den på mobil. Grei og ha på mobil har eg nok tenkt.


Og så er vi over til mai i år. I staden for å skrive ned alt som skjer på tavla er det like greitt å ta bilete.

 

Har du mykje bilete på mobilen din? Bilete du ikkje vil kaste og ikkje bry deg om å legge over til lagring på ein meir egna stad?

For full musikk

Å blogge to gong på ein dag skjer omtrentleg aldri, men i dag gjer eg det. Berre fordi eg har lyst……..trur eg……..

 

Boffen pustar og pesar. Eg har slitt han heilt ut. For i dag måtte eg ut på laaaaang tur. Og med musikk på øyra gjekk det rimeleg fort unna.



I dag tok eg meg på tak å opna slikt som skulle vore opna ei stund. Verda går ikkje under, men eg synest det er somt som er urettferdig. Med tanke på avgrensingar som det å være utbrent fører med seg. Eg fekk lyst til å samla meg om eit skriv, men i dag fekk eg aller mest lyst til å gå denne turen. I fukt, i kuskitdunst og med mygg gjekk eg som ein maskin.


Da eg kom heim var middagen godt ferdig. Laksen fekk stå på svak varme i omnen den ein og halve timen turen cirka tok. Søtpoteten, mandelpoteten og persillerota var grei å lage purre av. Og det smaka skikkeleg godt.

No spekulerer på om eg skal vaske badet før eg dusjar………eller er det å overdrive………?

 

Laurdag med sol i håret

Ein slik laurdag er eg inne. Når den endeleg kjem. Ute skular arbeidet på meg. Det gjer det inne også.

Eg vakna tidleg til laurdag å væra. Reiv av sengekleda samtidig som eg sto opp. På tide å skifta var tanken. Fekk hengt ut dyna til lufting.

Det er stress i magen kjenner eg. Det og det må eg rekka tenker eg. Eg har helga for meg sjølv, og kan tenkje så mykje eg vil. Eg har prøvd å sortert i tankane, kva eg må og kva som er unødvendig.

Noko av det eg er å rekka butikk både for mat og anna. Eg må kjøpa slikt som kan brukast som billettar. For i morgon skal eit arrangement gå av stabelen. På arrangement anar ein ikkje kor mykje folk som kjem, så innkjøp av verken mat eller billettar har nokon sjølvsagt mengde (kan væra frå 30 til 300 personar som kjem).

No kom eg på at eg må hugsa å kjøpe pølser. Det heldt eg på å gløyma. Det er nok her det meste av stresset mitt sit.

Så kløpping av plen, fjelltur og slikt vert liksom skvisa utover og bort i tankane. Eg har baka ei sjokoladekake. Har berre igjen det som skal oppå.

No har eg tre søndagar igjen før ferie.

Eg gler meg. Det skal bli godt.

Sjølv om ferien er lite planlagt. Men har ein del ting som og skal. Begge jentene står utan bustad til hausten, så det må på plass og kan nok verta ein ferieaktivitet. Så har eg ei veke som eg håpar jentene og eg kan få plassert, ei veke utan nett, mobil innlagt vatn og straum……ei veke på setra. Men for å væra ei heil veke må vi ha brukbart vêr.

Så slik tenkjer eg i dag. Når sola endeleg skin på ein laurdag og graset er meterhøgt. Omtrentleg.

ØL vil eg ha i kveld

 

Når dagen har vore lang og travel da kan det væra fantastisk godt og dra opp en boks……

 

Lang dag mot kveld er passert, den tok på. Likevel…….eg sit her med ein god kjensle. Eg fekk unna mykje. Eigentleg fekk eg unna det eg skulle og da vart dagen lang.

Da eg var på tur heim for eg innom ein butikk for å handle. Det første eg plukka med meg var øl……. Eg måtte ha øl!!!

Og eg som mest ikkje drikk alkohol…….i kveld var det det eg VILLE ha.

Fordi eg fortjener det, tenkte eg.

Men kvelden vil ikkje verta så lang. I morgon blir det ein del køyring og feiring av ein fødselsdag i Trondheim. Eg var nokså restriktiv til om eg skulle reise oppover, for eg må tidleg opp på søndag også. Men eg skjønte det var mykje som måtte til for å seia nei.

Men i flaksinga mi i dag gløymde eg heilt å kjøpe gåve.

I går hadde vi ein slik nydeleg, nydelegdag. Sat ute, planta i blomsterkrukker og eg kosa meg verre.

Yngste svippa innom på tur frå faren til feiring av ein annan fødselsdag i ein annan by. I går kveld åt vi blomkålsupe på terrassen, fann ut at vi eigentleg var nokså trøyte og så la vi oss -.


I dag vakna eg til regn.

Eg var tidleg opp til legetime og fekk set i verk eit par ting for å  få fortgang i å bli betre. Eller bestilt……..

Den eine var psykomotoriker……..trur eg tittelen er. Den handlar om å sjå kroppen i samanheng.

Blir spanande, ikkje minst om eg slepp all klagane frå kroppen. Eg skal få meir energi fordi det er det eg SKAL.

Og så klart kan eg ikkje styra på slik eg gjer akkurat no…….men det er ein overgang. Får ta att tida.

Om litt.

 

Men det utruleg godt å koma heim, laga seg middag og opna denne boksen med øl. Og så avslutta med nokre morellar.

God helg :).

Reiseradioen

 

Plutseleg høyrer eg det, det er Reiseradioen som sender og himmelen er tindrande blå.

 

Eg ser det med det same eg vaknar – himmelen……… Den er BLÅ med sol på.

Det får berre våga seg at temperaturen er jomfrunalsk forsiktig. Det er laurdag med reiseradio og urefusert sol.

HURRAAAA!!!!

Her er nokre bilete frå hagen min for et par år sidan….kanskje det er tre, for året var 2012.


Her er den no, etter energitap og aukande reduksjonar av ho som sit og trykker tastatur.



Men kanskje-, tenkjer eg, kan eg koma……..og her arresterer eg meg kraftig.

klart skal eg greia å få den slik, ja til og med betre enn da. Eg skal få plenkløpparen eg kjøpte for eit par år sidan til gjera jobben, eg skal få høgtrykkspylaren, som eg kjøpte for enno lengre sidan, til å gjera den jobben den var tildelt.

YES, I can – tenkjer eg så.

Og så i eit brøkdels sekund skjøner eg også at da må eg slutta med det eg no gjer. Eg må enkelt reisa meg og gå.

Gå ut! Eg har funne fram shortsen og har den på.

 

Ha ein nyyyyydeleg dag aller fine der ute :)).

 

Mett til frukost

 

Fire dagar er ikkje materiell nok til nokon statistikk. Eg vil likevel ha ei lita summering. Eit lite overblikk på kontrollen sitt alter.

 

Ute regnar det i dag og. Må legge ut eit bilete frå gårdagen. Da det var riktig ille.

Seinare vart det likar, og boffen og eg fekk oss ein tur i rask gange. Det var så surt og utriveleg at eg måtte ha musikk på øyra. Litt slik rocka og småpunka musikk, det resulterte i taktfast og rask gange.

 

Hittil har eg vore ute kvar dag. Eg har funnet ut at framover no skal eg bruka naturen, koma meg ut. I dag skal eg veg å kjøpe noko som heiter 4-fjell. Og nei, eg får ikkje fire fjell, men eit kort der det er merka ti fjell der ein må opp på fire for å være med i ein konkurranse. Ikkje det at den konkurransen er så viktig. Akkurat i år er det tjue fjell fordi det er tjue år sidan dette her starta. Eg skal kjøpe til jentene mine også, for i helga kjem dei nok begge heim og plana er ein fjelltur.

 

I tillegg til å være ute har eg planer om å plukka fram innkjøpa opp gjennom tida; matta, den store ballen, strikket, vektene…….og kanskje rockeringen. Til hausten kan eg kjøpe meg treningskort og melde meg på spinning, men ikkje no. No vil eg styre alt ut frå ein enkel modell.

 

Sovinga og legginga, som er det eg har størst fokus på no, det fungerer. Eg får lagt meg, og vaknar gjerne tidleg……..men eg let meg være i drøymane mine fram mot åtte.

 

Maten har det og gått greitt med. Eg har baka meg brød og rundstykke som er på frukosttallerken min akkurat no.

Og eg greier dei fire måltida om dagen. Men i dag var eg mett til frukost.

I dag må eg ha med meg middagen, for i dag startar eg opp med slik ein skal. Eg tenkjer også å ta med meg brød og rundstykke inn til foreldra mine i etterkant til kveldsmat. Da får eg også ta ein klesvask. For akkurat den biten er eit sørgjeleg kapitel. Vaskemaskina pumpar ikkje, vasken eg fekk vaska med å bruka ein heil da, vart hengt ut. Da starta det å regna og det blas, så no da eg såg etter nettopp, hadde klessnora med dei våte kleda lausna og låg i bakken. Men alt kan ikkje være bra. For det der som heiter husarbeid, også utanom klesvask, det skal eg ikkje skryta av.

 

Ha ein riktig fin dag.  

 

I dag

 

Tysdag i mitt hus. Korleis styra alt frå nytt perspektiv.  – Og gamalt.

 

Da eg skulle heim frå Muritun kjende eg tankane hopa seg opp. Dei hopa seg opp alle vegar i frå. Skal…..skal……slik og slik, sa dei. Ei venninne sa noko om og gapa for høgt. Eg følte mest ho banna i kyrkja……..for det var klart eg måtte ALT.

 

Og så skjøna eg at no var eg inne på gamle handlingsmønster og tankebanar, om at oppskriftene skulle følgjes til punkt og prikke. Kanskje det som gjorde at eg har mislukkas. Alltid.

 

Og så tenkte eg gjennom saka om tankar, trening og mat……kva var viktigst og få til.

Så klart alt, men kvar skulle eg starta. Det eg måtte få til å fungere først var døgnrytmen. Altså vart det å leggje seg i rett tid, nokså relativt, det viktigaste. Men det viktige for meg er før kl.23.00.

 

Så kjem det neste som er kosthald. Og hittil går det grei. Ha, ha……dette er no berre andre dagen. Men eg har vore og handla inn i dag. Full fokus på sunt og magert, men uten hovudet fullt av oppskrifter.


Middagen i dag var eg fornøgd med. Tok seifilet og la på en seng av hermetiske tomatar, saman med basilikum, koriander, timian og kvitløk. Steikte det inne i omnen. Koka litt brokkoli til, og laga ein purre av søtpotet, mandelpotet og persillerot. I tillegg hadde eg ein klatt humus av kikkerter til.

Det var faktisk nam, nam.

No skal eg ha ein opprydding i kjøleskåpet, kjøre søster mi for levering av bil. Og så tenkjer eg også å lage brød og ein tur ut for berre slikt som er fint og få til.

Ha ein riktig fin tyrsdagskveld.


 

Livstilsendring

Det har starta. For tre veker og tre dagar sidan starta den.

 

Eg har vore sliten, sliten og sliten i mange år. Dette ville ingen ende ta. Inn i mellom har eg forsøkt å trena, forsøkt å leggje om kosthald og gått ned opp til femten kilo. Men eg har ikkje fått det til, eg har hamna attende til det utgangspunktet eg opparbeidde for mange år sidan. På eitt år klarte eg å plussa på førti kilo ekstra på mi eiga vekt.

 

Det har vore mykje som la seg i sekken min, men vekta er nok ein viktig årsak til at eg føler meg sliten. Eg vart til slutt sjukemeldt i mange prosent og klarte etter ei stund og redusere den med tjue. Da var det stopp. Inn i mellom opplevdes det også for mykje, for lite skulle til for eg mista oversikta.

 

Til slutt fekk eg tilbod om rehabilitering. I tre veker og tre dagar har eg vore her. Fokuset har vore delt i fire; arbeid, kosthald, trening og tankar.

 

Kosthaldet er mykje grønt, lite feitt og hyppig. Vi et fire måltid om dagen og skal helst rekka mellommåltid. I starten følte vi at vi åt og åt og åt. Da eg vog meg etter tre veker hadde vekta redusertes 5,4 kilo.

 

I tillegg har vi treninga, som eg datt delvis ut av på grunn av kne og gnagsår. Men pulsen har vore auka kraftig opp til mange gong. Vi har treningsrom, spinning syklar, basseng og naturen. Det er gymsal med klatrevegg. Så tilbodet er mangfaldig.

 

I tillegg har det vore fokusert på tankar og korleis mønstra i tankane kan dra oss ned og bort frå målet.

 

Vi er komen til enden. Til evaluering og til framtida. Eg har ei føling med at eg har teke sertifikatet på nytt. No skal vi ta over ansvaret for bilen sjølv. Ein av mine første planar er å lage meg ei plan. Ei timeplan. Og eg har teke av søndagskvelden til å sette den opp. For no er eg straks i gong på eiga hand. Med livstilsendringa mi.