I kveld gjer eg ein liten vri og opprettar eit nytt tema “stripe”. Ikkje sikkert det vil fungera, så dette er ein test. I tillegg skiftar eg til bokmål i denne sjangeren.
Hvorom allting er……
Ting henger sammen og motviljen over forandring er hardtslående.
Tida går fort i dei små og grå timane. Berre let den gå fordi kan ein gjera slikt. Ein har da ferie…
Før dagen i dag startar ordentleg med kjøring og kasting av skrot. Butikk og handling og alt slikt, legg eg inn nye øvingar….. Eg som har funne teikneprogram på data’n min. Denne gongen vart det paint fresh eg prøva. Slik vart det……dei evinderlege damene som er så lette å teikna…..uuuppps…..måla. Men det blir fort teiknemåling. Sjølv om eg starta attafrå og arbeidde meg fram til det ljose.
Etterpå tok eg det inn i pixlr for å vri og vrenge på det der. Kosa meg kraftig med å finna ut.
Til slutt var natta her og det siste arbeidet eg leeenge med. Litt overarbeidd vart det eigentelg. Men eg skulle lagra det. Og så forsvann det under lagring.
Da skjøna eg det var på tide å finne senga. Så i dag er eg litt rusket på auga.
I dag forsvann eg opp i ei anna tid. Ei tid da ein laga det meste av maten sin sjølv.
I går kveld fekk ein telefon.
“Kan vi få låna nøkkelen til seterbua” var spørsmålet.
Sommaren sin seterdag er i slutten av månaden. Eit arrangement det brukar å koma mykje folk på. Koking av ost er noko av det som skjer og yngre krefter må til å tenkja på å ta over stafettpinnen. Så det var plan om ein omgong med ostkoking for trening. Ville eg, kunne eg også væra med.
Så etter å ha køyrd yngste på jobben reiste eg til fjells.
Der var dei godt i gong. Eg har vore med på dette ein gong før og henta notatane min. Denne gongen kjendes alt mykje greiare.
Mjølka fekk koka i mange timar.
Vi rota i den store jerngryta på skift. Den sto på den ein gamal omn. Den vert teke ut kvar sommar til dette bruket. Den har ringar å ta av så den store gryta passar oppi. Slik har den har vore bruka mang ein gong på 1800-talet og oppover halve1900-talet. Og seinare, da seterdagen starta for snart tre tiår sidan vart omnen og gryta teke i bruk att.
Hundane og ungane leika seg på setervollen. Sola skein og vatnet i elvakulpen glitra.
Til slutt var osteproduktet ferdig. Det smaka karamell.
Så var det opprydding og låsing av buene. Vi aspirantane avtalte ein ny prøvekoking før seterdagen. Det er alltid litt vemodig å reise ned frå dette paradiset ein får lov til å nyta.
Nede igjen hadde yngste og eg funne ut at vi skulle grilla. Sommarkotelettar og maiskolbar. Vi fyra opp og sette i gong.
Berre for å skjøna at dette med grilling har vi ikkje helt teket på. Kotelettane greidde vi å brenna. Og eg har endeleg forstått at eigentleg skal ein ikkje gå frå når en driv på med dette. Det har eg alltid gjort. Blir litt som med ostekokinga, ein må passa på.
Snart no skal vi straks avslutta dagen med arme riddare. Så matfokuset er det ingenting å seia på her i garden.
Og slik heilt til slutt, kanskje snika seg til ei lite skive eksklusiv brun ost.
Ikkje vera fornuftig på ein flekk er ikkje slik borte vekk. Av og til. I dag har det vore av og til.
Dagen i dag sklei vekk som kvikksølvkuler. Eg fekk ikkje heilt tak i den. Av og til fungerer det også. Berre let alt vera. Eg har vore på ei lita vitjing. Og det har også gått opp for meg at eg har ein hund som ikkje er bedt i bryllaup. Neste helg bør eg ha løysninga på det.
Og så oppdaga eg at det eg la ut i førre innlegget ikkje var teikna med paint, men med noko som heiter paint fresh. Derfor mått eg gjera eit nytt forsøk………for det viste seg at paint dukka opp da eg søkte inne på pc’n. Så eg hadde paint og eg teikna ikkje i paint, men i paint fresh. Så her innrømmer eg tvert at eg laug. Derfor måtte eg gjera eit forsøk med paint også. Og heilt av seg sjølv vart det over det evigvarande temaet ho og han.
Etter det måtte eg prøva ein gong til med paint fresh. Og så må ein prøve for å læra. Her oppdaga eg at ein kunne lima inn eit bilete. Fann eit av meg sjølv og smeisa inn. Artig å prøva ut at det gjekk faktisk å måla over biletet………så her leikar vi oss.
Så sat eg der å dingla med ein pc i fanget. Eg tenkte på slikt eg las på bloggen. Slik eg snappa opp.
Den som snakkar mest om det og brukar det mest er Frodith. Ho brukar det i illustrasjonane sine. Teikningar. Teikningar i paint. Det er fleire og, men ho brukar det mest i alle innlegga sine.
Paint tenkte eg. Det har eg ikkje. Og så har eg ikkje tenkt meir på det. Ikkje før i no. Litt slik smådesperat starta eg å leita på nettet. Plutseleg tenkte eg må ha, må ha.
Og når ein vil ha noko slikt sterkt brukar det i grunn verta slik.
Så plutseleg……..etter lang tid var det på plass. Det laaaaasta svært lenge.
Men da eg endeleg hadde det på plass forsvann timane. For eg teikna på pc’n min. Det var artig skikkeleg artig. Litt slik hekta-artig.
Det er så godt å være her. I ro og i regn. Ein laurdag utan anna plan enn å leva.
Det er helg over land og by. Ein laurdag i starten av juli. Det regnar og det er kaldare enn i går. Og det er heilt perfekt at det er akkurat slik.
I går hadde eg ein dag i frakt og køyr. Mange av desse familiemedlemmane mine som skulle både hit og dit. Da eg hadde køyrd yngste dit ho var, skulla eg ha stoppa……..mange gong.
“Hjelp” sa eg.
Det var så vakkert…….sjøen, grå, grøn, blå, turkis heilt spegelstilt. Landskapet som båra seg i nes og vik bortetter. Hus og hagar. Gamle sjøhus. Men eg tok meg ikkje tid til å fanga det i bilete, eg berre drog synet inn i kvar ei celle.
Da eg sat å venta på mor seinare, som var inne til ein time, bruka eg tida til å snakke med ei venninne. Du må kjøpe deg eggelikør for å feira ferien sa ho.
Det er så godt å væra så gamal at ein berre gjer det. Likør liksom. Innbiller meg det er det gamle damer drikk.
Så seinare køyrde vi gjennom enno meir natur for polferd, anna handling og ein kaffikopp. Med og utan krykkjer. Krykkegjengen og vi andre. Sa at eigentleg skulle vi utan krykker hatt også, det hadde vore eit sik komisk syn….ein heil familie på krykker. For det er greit å spøke litt. Synest eg.
“Hysj no” sa mor. For ei mor blir aldri ferdig med å oppdra.
Her er frå 12. juni da vi også er på farten.Da var vi på Valsøya, ein annan vakker stad på Nordmøre.
Når eg snakkar om natur, må eg legga inn frå kvelden etter badinga på fjellet. Ljoset var rosa. Heilt rosa. Det hadde regna litt, så ljoset vart reflektert i vatnet på vegen. Yngste fauk ut for bilete og eg etter.
I gårkveld var yngste og eg saman heime. Vi gjekk i snakkemodus. Krølla oss saman i sofaen og med reker og kvitvin. Og på meg var det litt eggekonjakk for å feire ferien.
Kva vi snakka om?
Det hugsar eg ikkje, men det er trivsel i å ha det triveleg.
Det er godt å berre ta tida heilt, heilt med ro. Det gjer vi i fullt monn, medan tida lakkar og li seg gjennom ein laurdag i juli.
Sommeren med alle sine lommar av inntrykk. Når ein retteleg kan ta den inn. Slik plutseleg.
Eg har ferie.
Endeleg har eg ferie.
Det var liksom tanken skolla gjennom meg som bårer i ettermiddag. Da eg endeleg set punktum ei veke og tre dagar på overtid. No har eg fjorten dagar til omtrentleg fri utflyting. Eg har skifta til feriehovudet. Det skjedde heilt plutseleg.
Da eg hadde henta yngste frå sommarjobb og vi reiste framom foreldre og besteforeldre sa eg denne setninga – eg har ferie – tre gong, om ikkje meir, over kaffikoppen.
Det kjendes fantastisk.
– Skal vi reise opp å sjå om setra.
– Skal vi bada i vatnet.
Slik sa vi til kvarandre.
Så etterpå reiste vi opp. For første gongen i år låste vi opp låsen til bua.
Trur furua utanføre setra har vokse seg større gjennom vinteren.
Etterpå tok vi turen bort til vatnet. Det spegla seg i si eiga venleik.
Yngste syntes varmen ikkje var så varm.
Eigentleg.
Nede var den 22 grader, medan det viste seg den ikkje var meir enn 15 oppå fjellet. Så det hadde ho rett i.
Vi fann ut at meir eller mindre lett og tung jogging bortover sandstranda gjorde noko med denne varmen. Med andre ord fortset vi trenden vi starta i haust, men utan øvingane med løft og bøy i den kalde sanden.
Men ein kan kanskje ikkje kalla noko ein trend som skjer med ti månadars mellomrom, to gong.
Men vi fekk bada også for første gong i år. Og ja da, det var kaldt…….. men kanskje ikkje så kald…….på ein måte.
Etterpå reiste vi ned med ein god kjensle i kroppen. Til supe av nyvaksne grønsaker.
Dette skal vi gjera meir sa vi. Og greier vi det, kan vi nok kalle det ein trend også.
Så frametter har vi planer i fleng om reker og kvitvin, på puben for å eta, kanskje rekk vi overnatting på setra ein av dagane, tur ned til sjøen for sol og bading, fjelltur rund det vatnet vi bada i i dag med pølser og pinnebrød for å tenne bål……ja…….vi kan seia planer er lette og bera.
Men……eg har ferie……..det vil seiaFERIE.
To veker mest til ende.
Og i august har eg tre veker, så dette vert så bra så.
Skal eg skriva eit innlegg i dag tenkte eg, kva skal eg skriva om….
Det er så mykje å skriva om, men kjende eg ikkje var i humør verken til å ta fram noko om liv og lære eller mitt daglege, og fantasien til oppdikt har eg nettopp bruka.
Musikk tenkte eg – det er det lenge sidan eg har hatt noko om. Skal eg gå i det historiske arkivet med minner om levd liv….... Ink Lipps og forelskelse…….
Nei, følte ikkje heilt for det heller.
Gjekk inn på youtube og starta å høyre på opptak som mi mellomste har lagt inn. Ho har fått eit speleoppdrag om nokre veker, og spekulerte på kva for songar ho skal ta.
Eg fann eit opptak frå fire år attende. Nettopp ferdig med musikklinja. Ho skriv om kjensler.
Ungane mine har eit svært godt forhold til kvarandre. Jentene ser på kvarandre som bestevenner. Her er ein song mellomste skreiv til yngste for tre år sidan.
Til slutt vil eg ta med ein der dei begge syng. Sommer og litt slik tullesong…… De elsker å tøyse. Overmotet og det unge. Den er også lagt inn for tre år sidan.
Musikk er noko de fleste av oss ikkje klarer oss utan. Ho synest det er vanskeleg å veta kva ho skal bli……. Men ho er så mykje slik ho er. Ønske om musikk har vore så sterkt. Så sårbart. Året som kjem har ho bestemt seg for å jobbe i butikk. Ikkje enkelt desse vala. Da kan det vera riktig å steppe litt til sides så tid og tankar kan samarbeide.
Men først er det sommar og det gjer godt både for kropp og skjel. For oss alle. Med og utan musikk.
Alt er så likt seg sjølv at eg trur eg heng denne dagen snart frå meg.
Vi har bruka opp enda ein dag denne sommaren. Her var den grå med litt sol på.
Eg avslutta dagen i går tullete og starta dagen dag på same vis. Det er av og til ein skjønar at eigentleg skulle ein kanskje vore avskilta. For når ein greier skikkeleg å svi potetene og etterpå kotelettane til middag, slik at lukta heng i huset til dagen etter. Da blir ein ikkje direkte happy over kva ein presterer. Og da eg greier å skru på varmvatnet i dag tidleg, gå frå det for å oppdaga at det trefte ei panne i kummen på eit slikt vis at vatnet renn over og utover benken. Og ikkje berre den eine benken, men den andre som er vinkelrett på. Og vatnet rann vidare ned på golvet i ein foss…… Ja, da veit ein ikkje kva ein skal seia.
Så eg sa ingenting. Eg tørka berre opp og sannsynleg sukka eg tungt nokre gong.
Så var eg framom kontorpulten min før ein legetime. Ein time eg har set ut i månadar. Legar likar eg ikkje gå til. Men av og til må ein berre. Attende i morgon for blodprøvar. Men no vil eg ha ferien min. Snart.
Etter dette og ditt og datt måtte eg få bilen i fart. Kjøre fjord og fjell for å henta yngste som kom heim att i kveld. Skal vi ta sol sa eg, og det var ho med på. Vi vil fargelegge oss friske til bryllaupet om litt over ei og ei halv veke. Det er ikkje nok sol på himmelen til det. Men aller først kjøpte vi oss sushi og sette oss ned på ei kaie der vi såg fisken spratt. Ja, ja……….
Så bila vi attende over fjellet og til fjorden.
Her har eg gjort noko jobbegreier og noko bloggegreier og slik er dagen mest over. Men enno skal eg presse litt tid ut av den. Sjølv om eg er heilt tom og spekulerer på kva eg eigentleg spekulerer på…………
Er kanskje bitte lite granne lei av alt gamalt nytt, alt som er sagt og alt som er skreve. Trur denne ferien blir bra når eg berre får trødd den i gong.
Er det fleire som har problem med å få starta ferien?
“Eg vonar den dagen kjem at eg kan sjå deg i augo og seia dei tre orda“ sa han.
Ho let seg enno ein gong bli fanga. Enda ein gong.
Han hadde starta å gå forbi butikken ho arbeidde i. Først såg ho han på andre sida, på fortauet. Han kika rett fram og gjekk målbevisst forbi, med korte skritt. Ho såg han fleire gong der. Han var på tur heim frå arbeid. Ein dag kom han forbi på fortauet utanføre butikken.
Ho kjende motviljug at pulsen steig.
Fleire dagar etter kvarandre gjekk han der.
Kva held han på med hadde ho tenkt.
Etter den gongen ho fatta mistanken om at han ikkje var ærleg som ho trudde gjekk noko sundt. Han skulle reisa bort og hadde ikkje tid til å møta henne.
“Eg må møte mor mi og søster mi” hadde han sagt.
Var dei vitigare enn henne hadde ho tenkt. Og så sa ho at dette ikkje kunne fortsetja. For da hadde ho fleire veker kjend på at ho vart set til sides.
“Trudde ikkje det var slik det skulle enda” sa han.
“Så han trudde det skulle enda da” sa ei venninne ho fortalte det til tørt.
Det vart stille. Det var over. Sorga hadde vore sterk og ram. Ho hadde registrert at han fekk fleire kvinnelege vener på facebook i tida etter. Stygge, eldre kvinner.
Ein dag hadde han ringt.
“Eg kan ikkje gløyma deg “sa han. “Det er deg eg vil ha.”
“Enn dei andre kvinnene” hadde ho spurt.
Det er ingenting hadde han sagt. Det er ingen andre. Det er berre deg eg tenkjer på.
Ho fann ut at ho ville prøva ein gong til. Dei snakka saman nokre gong på telefonen. Ho ville foreslå at dei måtte treffast. Så langt kom ho ikkje. Han slutta å ringe og han tok ikkje telefonen.
Ho hadde sendt han ei melding der ho spurte om kva han heldt på med. Det kom ikkje noko svar.
Det hadde faktisk ikkje gått så inn på henne denne andre gongen. Ho hadde tenkt at det var nok bra å få ut dei siste kjenslene for han. Han var ikkje til å lite på.
Ein dag såg han inn i butikken og vinka. Ho vart så perpleks at ho ikkje responderte. Ho såg etter han neste dag, det var ein fredag, men da kom han ikkje.
På måndag gjekk han igjen forbi. Og han vinka.
Ho løfta handa nølande.
Ho såg han forsvann ut av synsvidda. Litt framoverlut. Litt stutte skritt. Men det var smilet, det breie smilet som fanga henne. Og augo. Dei var brune og fløyelsmjuke.
Ei veke gjekk. Han kom forbi kvar dag. Han vinka og ho vinka attende. Da dei var midt i andre veka av dette ritualet tenkte ho at dette fekk væra nok. Ville han noko måtte ho få det klart.
Så på onsdag gjekk ho ut av butikken.
“God dag” sa ho da han kom.
“Du vinkar og vinkar” spurte ho, “men kvifor gjer du det?”
“Ja, eg vinkar og vinkar, for da ser eg at du er der.”
“Kvifor gjer du det da”, ville ho veta.
“Fordi eg ikkje kan gløyma deg, ingen er som deg. Har du funnet nokon andre” spurte han i same andedrag.
“Nei”, sa ho enkelt. “Du fekk i gong såpass sterke kjensler i meg at det ikkje berre var å gå vidare. Enn du da?”
“Eg vil vera ærleg mot deg”, sa han. “Eg har møtt ei, men eg har ikkje like sterke kjensler for henne som eg hadde for deg. Eg kan berre ikkje gløyma deg. Kan vi ha kontakt?”
Ho såg på han, dei mjuke augo.
Skulle ho opna opp for han enno ein gong. Kva hadde ho å tapa?
“Ja, vi kan ha det” sa ho.
“Eg kan ikkje lova deg noko” sa han. “Men eg vonar at eg kan sjå deg i augo og seia dei tre orda. Eg vil berre bli betre kjend med deg. Eg trur vi kan få det så fint saman.”
Ho såg etter han da han gjekk bort frå henne. Ein sjanse til. Men sjansen var litt slik blodfattig og fargelaus.
Da helga kom såg ho han hadde fått tre nye vener på facebook. Tre damer i satt alder. Ikkje direkte vakre.
Over helga kom han ikkje forbi. Dei hadde snakka saman kvar dag på telefonen til og med søndag. Men på måndag vart det stille frå han. Ikkje såg ho han og ikkje høyrde ho noko.
Den eine dama sende han eit hjarta på facebook. Nokon hadde lika det, men det var ikkje han.
Så vart det stille, ikkje skjedde det noko meir på facebook, ikkje gjekk han forbi og ikkje ringde han. Ho var ferdig med å ringe han. Med å sende meldingar.
Han la nok fram drøymer andre stadar. Ho hugsa kva han fortalte ein gong. Om at ei frå eit tidlegare forhold skreiv til han og ville ha han attende.
Heldt han henne varm også. Med å fortelja at han ikkje gløymde henne…….
Var det måten han underheldt seg. Ha ein flokk gamle, stygge kjerringar å helda småvarm med å lova dei tre ord, dei tre orda…
Ho såg seg i spegelen, høyrde ho til ein slik bøtteballet?
Det var ein forskrekkeleg tanke. Kanskje dei tre orda var “di gamle røy”?
Ho klukklo da ho tenkte den tanken da ho låste butikken for dagen.
Samstundes kjende ho at ho var heilt fri for fløyelsbrune augo, bredt smil, subbande skritt og lut nakke.
Måte på, tenkte ho.
Det var som ein frisk vind blas nedover gata og tok tak i tørkleet. Ho skjøna ho tok steget ut av flokken som var heldt slik passe varm. Ho kjende ho hadde vorte kald.
Faktum var at ho verken var så gamal eller stygg, tenkte ho, samstundes som ho retta seg opp i ryggen og knytte tørkleet betre på.