Om dagen går dagane utan eg kan seia meir om det. Dagane blir lengre og lysare. I dag såg eg etter sola, men det var overskya. Trur kanskje den rullar over fjellet no. Det var nokså sterkt ljos attom skyene.
I dag starta eg dagen i eit varmt basseng. Fantastisk godt. Heime igjen var eg ikkje til så mykje meir. Men etter nokre timar tok eg på meg skoa og ropa på boffen.
Ljoset heldt på å forsvinna. Dagen skein sidt inn gjennom vindauga og trea laga filigransarbeid på himmelen.
Vi gjekk nedover og kryssa vegen.
Ljoset laga ljos og skyggeside på trestammene.
Gamle, grøne trestammer, ein skog i skyggen.
Ei stund sidan vi hadde tatt vegen ned til sjøen no.
Enno hang det gule ljoset igjen.
Sjølv om mørke starta ta plass.
På tur opp igjen ser eg den første stjerna kjem til syne over tretoppane.
Opp igjen var mørket vorte synleg og naturen heldt på å forsvinne.
Eg tok med meg søppeldunken opp og sette den på plass. Fekk også med meg eit par vedposar inn.
Det var skikkeleg godt med ein tur. Og eg greidde det.
I helga har han fått fleire i flokken sin. Først berre såg han. På den nye. Augo gjekk.
Kven var dette?
På slutten var venskapen forsegla. Han trengte litt tid, for dei som skal høyre til må fortena plassen. På slutten hadde han vorte ein skygge, han følgde den nye.
Helga har vore full av folk.
Eg bad om hjelp, kva skulle vi eta……og hjelp har eg fått i mengder. Ikkje berre om kva for mat, men i kutting, bæring, dekking, vasking…..det har vore eit levande hus. På butikken hadde vi diskusjonar ved frysedisken og menyen kom fram med godt samarbeid.
I dag ville dei at besteforeldra skulle koma til middag, så nokon køyrde å henta dei og andre ordna.
I gårkveld vart vi sittande rundt bordet ut i dei små timane. Da klokka hadde passert to om natta kom eg på at eigentleg var eg ikkje like ung som dei andre og kanskje skulle leggja meg. Var greitt å koma etter med det også.
Vi er ein pratande familie, og dei nye som er komne er heller ikkje kløyvd for tungeband. Eg har hatt ei hyggeleg helg. Eg trur i grunn vi alle hadde det.
Eg kjende på det i går, at skuta flaut godt. Her fantes varme, kjærleik, empati, refleksjonar og gode kjensle.
I kveld skal det bli godt å leggja seg. Livet er ei reise med høgdedrag og dalar……i kveld kan eg konstantera at helga var god, no er eg trøyt og i morgon er ei ny veke.
Boffen har somna, det er godt med folk og det er godt å kvila trur eg han også tenkjer.
Enno ligg dagen der med mange timar. Dei har eg ei plan på å bruka godt.
Snart kjem sola over fjella, ikkje mange dagane igjen-. I dag kjem barna, alle tre og to kjærester. Den eine har eg ikkje helsa på. Det blir spanande. Eg trur det blir bra, ho verkar snill.
Når barna vert glad i nokon så kan det fort henda ein sjølv og vert det. Og når forhold tek slutt får ein vera med på at det er trist. No er ikkje ungane mine av dei som heile tida må ha nokon. Det er nok sonen som har vore ivrigast.
Kva for partnar ungane finn er interessant. Går dei godt overeins med familien elles og kvarandre er det ein skikkeleg god sjanse for mange fine stunder som storfamilie. Det er å ynskje.
Men før dei kjem må bad, stue og soverom få ein omgang med støvsuger og vaskefille. Og eg satsar på at kroppen min er på parti og oppfører seg som ein kropp skal.
I går hadde eg ein så hard behandlingsdag at eg hadde lyst til å dra opp “glidelåsen” og gå frå heile kroppen. I gårkveld tenkte eg at eg må finna vegen bort og vekk frå dette. Og den vegen går nok gjennom vektreduksjon og aktivitet.
Sukk!
Eg er berre så lei av det. Av tanken, av å prøva og av ikkje å få det godt nok til. Ikkje få til eit nytt mønster.
Men snart trillar sola over åskammen. Eg hugsar ikkje datoen det skjer. Men uansett er det snart. Om det 9. februar eller 14. februar….. Men det er ikkje riktig enno.
No må eg gå til oppgåvene. Ha ein riktig fin dag både du i nord og du i sør.
I dag har eg reist gjennom minna og dei gamle vegane. Både fint, vemodig og svært krevjande.
Køyreturen tok to timar. Det var mørk da eg trilla ut i verda, men ljoset eg følgde ned attom fjella i går, steig opp over fjella i dag.
Morgonljoset er vakkert.
– Her budde ein kamerat av sonen, tenkte eg, da eg hadde svinga av frå hovudvegen. Og her gjekk sonen gjennom isen, han var tolv år og det gjekk mange år før eg forsto alvoret. Ein av alle dei gongane det gjekk bra, sjølv om det like godt kunna gått annleis.
Hugsar søndagsturen langs vegen, var vegen verkeleg så lang……..
Alle sommarmorgonane for å koma tidsnok på jobb -.
– Vidare etter den vegen eg stakk av da eg hadde gjort ein stor fadese……., feil kontaktinfo i ei brosjyre. Ingen som las korrektur og dermed var fadesen eit faktum. Trudde verda rasa samen ei stakket stund.
Minner.
Til slutt var eg framme dit eg skulle. Og attende til dagen i dag.
Etter timar i møte gjekk turen attende. Eg sendte melding til ein tidlegare nabo om at eg kunne koma innom.
Forbi skolen og alle svingane gjennom skogen, alle gongane eg hadde køyrd denne ruta.
– For foreldremøte, ungar som ikkje rakk bussen, skoleavslutningar, bibliotek, juletrefest, 17. mai og kulturskole og mykje, mykje anna. Eit heilt liv.
Gjennom ni år var dette heimplassen min. Heimplassen til ungane. Denne vegen var både køyrd og gått…..mest dagleg.
Her henta eg posten.
Og så såg eg rett på det som var heimen min. Vår sin heim. Stabburet og trøndelåna. Familien min sitt rike ein gong.
Til hausten er det ti år sidan ungane og eg flytta. To år før var ekteskapet over.
Sjølv om det var mykje idyll var det også svært krevjande. Dei siste åra da det ikkje var nokon veg utanom, enn eit brot. Ei frykteleg handling å utsetja ungane sine for. Og så enno meir forandring, da valet vart å selja og flytta…….fordi eg trudde det var best. For oss alle.
Til alt overmål får eg i dag også høyra om nokon som hadde født alt, alt for tidleg. Enno eit par blad i minneboka blafrar. Eg veit korleis det er. Når det ikkje går som det skal -.
Ikkje rart eg er dobbelt sliten etter eit halvt døgn med minne.
Men naboane var riktig hyggeleg å møta. Og eg lova at når dagane hadde vorte lange, varme og ljose, skulle eg ta med meg gjengne min…….og det trur eg vi alle gled oss til.
For det trur eg vil verta skikkeleg koseleg for oss alle.
På slutten av januar kjem dagen til far min. Vi er heldige som har han. Kvikk i hovudet og skrøpeleg i kroppen. Likevel er kroppen sterk. For beina tåler ein trøkk. Han tester det ut når balansen fyk vest. Beina i kroppen er like heile.
Vi skulle feira dei nittitre åra på laurdag og dagen før dagen. Enklare for dei som har lengre reiseveg. I år var det berre første leddet som var der. Dei seks barnebarna var alle oppteke med sitt. Vi fekk ein triveleg ettermiddag med gammaldags mat. Middag og kaffi. Søtt og salt. Prat og latter.
Mor og far er heldige. Som har kvarandre og som klarar seg i huset sitt.
I går var ståa litt meir utfordrande. Varmepumpa hadde slege seg av.
Eg tok turen innover, dei kunne ikkje ha de slik. Av ein eller annan grunn har eg opparbeidd meg sjølvsikkerheit med varmepumpa dei har. Eg kan ingen ting, eg veit ikkje kva eg gjer – men eg får den alltid i gong. Slik i går også.
Når eg først var der kunne vi ta oss ein køyretur i det fine vårvêret i januar. Kva var meir logisk på sjølve fødselsdagen enn det -.
Sjå her, dette vatnet brukar det å ligga is på om vinteren. Eg måtte ut å ta bilete av svanene. Dei svømte vekk da eg kom ned til vatnet.
Etterpå kom regnet. Det vart ein grå, våt dag, men likevel fin. Vi køyrde å såg på havet. Det tok eg ikkje bilete av.
Attende kom andre systera mi som bor i kommunen, og vi vart inviterte på middag for det var så mykje att frå dagen før. Så slik vart det fødselsdagsfeiring to dagar til ende.
Og i dag, i dag tek eg det med ro for å lada opp til travle dagar framom.
Elles har eg ei utfordring eg ikkje er ferdig med. Som eg fekk frå dykk for ei stund sia.
I dag har eg fri. Det er så mykje eg har lyst til å putta inn i ein fridag. Skriva blogginnlegg. Rydde i heimen……eller lyst og lyst…….det er resultatet eg har lyst på. Ut å gå i skogen. Henge opp meir mat til fuglane. Kjøpte nytt da eg var i byen tidlegare i veka. Det er så artig med alle fuglane som kvitrar om morgonen.
Eg må nok i butikken å kjøpa frukt. Til fruktsalat. Dessert i morgon. Far fyller år på søndag og feiringa tek vi i morgon. Eg har lova fruktsalat og agurksalat.
Enno er det mykje meir eg har lyst til å gjera. Men eg kjenner både dagen og meg sjølv.
Da eg starta med blogg var det for å leitaetter energi. Eg forsto ikkje heilt kvifor ting var som det var. Etter kvart forsto eg både det eine og det andre, og eg aksepterte i staden for å kjempa i mot.
Dette har hjelpt, plana er å fungera betre.
Sjølv om eg synest det går alt for seint.
Å væra utbrent kan gje ulika uttrykk. For meg har det vore husken og konsentrasjonen. Ikkje angst, ikkje depresjon…..det gjer det nok enklare.
Men så viser det seg at den fysiske delen også har utfordringar. Blant anna atrose.
Det er dette eg har eit skikkeleg utbrot av dei siste vekene. Eg ville prøve å leve utan dei smertestillande preparatet eg har bruka det siste halve året.
Eg ville prøve å venne meg til smertene, tenkte det kunne gå. Det er dette eg har bala med.
No er eg på ein kur og i dag har eg fred.
Det er godt.
I helga hadde eg jentene mine her. Dei hjelpte meg med å få jula opp på loftet. Dei hjelpte med mykje anna også. Godt å ha dei heime.
Eg tenkte eg plutseleg skulle gjera noko drastisk. Fekk plutseleg lyst til å kutte fb og starta ein ny blogg. Etter å ha tenkt meg om fortset eg nok som eg gjer. Og om eg startar ein ny blogg treng eg ikkje slutta denne.
Men tanken om å starta ein ny der eg satsar med meg sjølv som innsats…….om å koma fram og opp, gjera dei gode vala for å greia å kvitta meg med desse problema.
I springfart mellom alt og intet sit eg her både den eine og den andre dagen.
Å himlande, hildrande du kor godt det er med ein fredagskveld slik dann og vann. Eg har henta ved uti slafset, slufset og mørket. Kvidde meg, så da er kjensla fantastisk når der er gjort.
Inni omnen står middagen og steiker; laks, søtpotet, spinat……..kjem på no at eg gløymde kviløk……..cherrytoamt, frisk koriander og lettrømme. Kanskje eg skal ta ei glas kvitvin til……..eller så blir det berre Bris. Godt med Bris også.
Så eg kosar meg.
Sjølv om det er 21. dag Knut, så heng jula i her, men i morgon…….i morgon, men ikkje i dag-.
I kveld tek eg meg fri frå utfordringane eg bad om. Eg er ferdig med desse fire:
Margrethe i utifriluft utfordra meg til å skrive om friluft.
Solhelsing gjort tre gong på ei veke, altså ein aktivitet, utfordra av maiken
I kveld vil eg berre fortelja om kor godt det er med fredag. At eg har ei stille og roleg helg framom meg denne andre helga i januar.
Eg vurderte å kjøpa meg primula, men ventar.
Slik er det i eit roleg hjørne av verda, livet og det nye året. Slik i bakevja av det gamle før det nye tek springfart. Det er ein god stad å væra medan stua vermes opp og middagen blir ferdig.
Ha ei riktig god helg.
Så langt kom eg i å skriva eit innlegg på fredagen. Og så gjekk plutseleg helga.
I dag har eg hengt opp ein skral søndag. Eg tenkte eg var lat. For eg orka ingen ting. Kom meg til slutt ut for å køyra søpla ned til vegen, måke bort snø attom bilen og henta ved. Da hadde det starta å mørkne, så planane om å henge ut meir fuglemat utsette eg til i morgon.
Men ein annan mistanke svirrar også, etter ei natt der eg vakna kvar time og vart heilt ubrukeleg. At kanskje er det noko anna…….. allmenntilstanden er beint ut sagt håplaus.
Men jula ligg samla saman. Treet er kasta ut. Det står att å få det i kassar og opp der det ligg å kviler det meste av året.
Så slik er det ein søndagskveld som starta som ein fredagskveld.