Eg og meg og alt slikt

 

Om det har vore stilt frå meg ei stund, så har eg tenkt mange innlegg….men dei visest ikkje dei.

 

Og eg tenkjer mange tankar om kva og korleis… På alle desse dagane som rasar i forvilla fart gjennomtilvære. Eg trur eg kjeder meg for lite. Eg må kjede meg meir, tenkjer eg medan yngste tek snapchatt og den eldre leikar fjortis.

For det er dette som er livet, det eg spring i gjennom.

I full fart.

Både da eg var lita og da eg var fjortis ville eg oppleva. Oppleva mykje. Det skjedde alt for lite.

Etter eg fekk meir val over livet mitt sette eg det på full styrke. Og eg sprang. Eg sprang etter bussar, trikkar, gutar, etter tida og etter viktigheita. For eg trudde det var å ha fulle avtalebøker.

Eg vart fanga inn i det travle. Så forsvann energien bit for bit, så i dag er eg så heldig å oppleva at det skal lite til. – Før at det er travelt. – For at eg er for sliten. Dei siste vekene har det vore mykje.

Ikkje at det er ille. Det er mykje ein opplever. Det blir turar på sjøen….som er aldeles herleg. Til å med oppleve ei flytande namnesøster.

Det er mykje fint. Men for travelt.

Snart har eg ferie. Ein feire som eg ikkje vil ha planer i, men som eg skjønar eg må få avstand til alt eg balar med i kvardagen. Så eg har bestilt togbillett. Samtidleg har eg ei kjensle av at det blir jafsa store bitar av den ferien.

Kanskje er løysninga rett og slett at eg må gjera meir for å føla at eg gjer mindre. Heilt greitt om denne var litt ut av samanheng……eg skjønar meg sjølv. Til ein viss grad i alle fall.

I går var det den store flyttedagen. Eg vakna tidleg. Korleis skulle eg leggja opp løpet, tenkte eg. Regna det vart madrassar våte. Det vart regn, og den eine madrassen vart våt.

Korleis skulle eg køyre……for eg er skikkeleg dårleg på å rygge med tilhengar. Den er liten, og mange fortel meg det er verre å rygge med ein liten ein. Det tru eg på. Men den er lett å hekta av. Så alt gjekk bra. Sjølv om vegane fram dit dei skulle flytta var ekstrem smale og krunglete, og til slutt ein liten gardsplass med ein smal port. Begge jentene gle seg vilt til å bo saman. Fekk flytta mellomste frå Møllenberg, der alle einvegskøyrde gatene vart breie i samanlikning med dit dei busette seg.

Vi vart svoltne og trong mat. Eldstemann, mellomste og yngste.

I dag har eg nokre fritimar før eg må gjera slikt eg må få unna før ferien. Denne gongen skal eg koma i mål, ingen ferie på overtid.

Men med ungdommar som veks ut, eit løp som ikkje står i samsvar med ressursane, med for lite plass i både klede og tid, med sterk påminning om at livet ikkje er evig………ja…..så tru eg må gjera noko, gjera noko med kursen. Og eg må greie å gje meg meir plass i mi eiga tid.

 

 

10 kommentarer
    1. Synes du “gjør deg” som fjortis! 😉 Dette med å springe….det kjenner jeg igjen, men jeg har egentlig aldri trivdes med fullt program. En periode i livet var jeg fanget av gjøremål. Nå forundres jeg over hvor lite behov jeg har for at det skal “Skje noe”. Du må nok bare fortsette med å øve deg på å skape rom for deg sjøl, sette deg og dine behov i første rekke – mer enn bare en sjelden gang! Vi har så lett for å tro at det bare er vi som kan “ordne opp”, men det har vært mange “uunnværlige” mennesker i verden! 🙂

    2. Så herlig bilde av deg, og av trekløveret også….
      Heldige de som har en mor som ordner “alt”….
      Man kan bli sliten av mindre.
      Kjenner meg godt igjen i det å bli sliten av mindre nå en før. Man har rett og slet ikke den energien som før, og jeg skylder på at det er en av tingene som skjer oss i voksen alder….
      Skynd deg langsomt da….

    3. Så godt å lese det du skriver veldig bra skrevet! Ja å bite over for mye…ville for mye alle valg…osv….nyt ferien og lad deg opp!.ikke haste😃😃😃klem fra meg. Herlige bilder

    4. karidansen: Vi er vel alle unnværlige og uunnværlig….men vi har en reise og vi skal lære. Og vi gjør nok alle det beste ut i fra vårt ståsted….og det å kunne gå videre med det vi får med oss er så spennende :).

    5. maiken: Det har vært mye å ordne opp med…..men alt kan ikke ordnes. Det må en bare finne seg i.
      Må nok skynde meg langsomt :))).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg