Tankar på vandring

 

Ikkje kan eg skryta av meg sjølv eller innsatsen min i dag. Men eg aksepterar situasjonen. Og det er bra.

 

Dagen her har loffa i veg, utan tanke på at jula står for døra eller noko av dei andre tinga eg med fordel kunna ofra ein tanke eller to. I staden høyrer eg radio, les på nett og regjerer mi eiga boble.

 

I tillegg har eg vitja ein del andre bobler. Både små og store. Eg høyrer om utdeling av fredsprisar, om Nobel fest. Om hjerneceller og kjolar. Og om sjukehussaka i Møre og Romsdal. Eg høyrer og høyrer. Korleis, kva og slikt.

Liv. Alle desse liva.

Eg les bloggar. Det er mykje formidling. Om både det som er triveleg; jul og mat. Og andre; konfliktar. Nokre brukar mykje tid på å få fram si eiga sanning. Vil ha fleire inn i bobla si. Nokre skriv eit språk som har kontroll både på gramantikken og ortografien, andre er meir oppteke av å fortelja om såra som livet har gjeve. Og alle desse, alle er dei midt i si eiga boble.

Eg ser og les.

Det er andre ting eg skulle ha gjort. For eg trur ikkje på meg sjølv. Da eg reiser meg for å henta ved skjønar eg det, det renn framleis frå nasen. Så det er nok rett at det er slik for meg i dag.

 

Ein gong trudde eg at alle menneskjer tenkte som meg. Forsto like mykje og like lite. Eg oversette mitt eige reaksjonsmønster og forventa det same attende. Men etter kvart har eg forstått meir. Eg har forstått at eg veit så lite. Og at ingen eigentleg forstår så mykje. Dei forstår berre ut i frå sitt perspektiv. Skadar dei utsett andre for er skadar dei sjølv har vorte påført.

Eller; dei forstår ikkje meir. Ikkje enno. Det er så trist. Men det er også litt fint. Som ein grøn stengel som leitar etter ljoset. For alle vil…..trur eg……gjera det som godt er. Om smerta ikkje er for stor. Eller refleksjonane og kunnskapen for dårleg.

Men eg er berre i mi eige boble. Ei kardemommeboble. Eg ser at barna mine er vokse opp der. Det synest eg er greitt. Dei vil gjera det gode. For det dei trur på i si eiga boble.  Da dei var små planta eg frø. For eg trur meir på såmannen, verken spåmannen eller overtydaren er mine lærarmeistre.

Overtydaren som sel bodskapen sitt. Som i direkte sal utanfor ei dør. Overalt møter eg dei. Eg høyrer. Og nokre gong kan det væra på sin plass å opna munnen. Men mange gong er det greitt å høyre. For det kan væra like brukbart å leita etter lærdommen enn å overtyda andre. For det er ikkje sikkert ein veit nok. Eg likar dei store rom som er høge under taket. Fridommen. Der synest eg er viktig å arbeide for.

 

Eg tenkjer. I mi boble fri for mjøl og sukker i dag. Det er glatt seier dei på radioen. Og eg kjenner eg er glad for eg ikkje er ute med bilen. Omnen har slokna, så eg må nok til med meir praktiske øvingar. For det går mot jul.

 

Snufs

 

Eg trur våren er komen midt i desember. Det renn.

 

Mest som ei foss renn det. Ut av nasen. Det starta på butikken. Atsjooo! Gong på gong måtte eg nysa. Noko så frigjerande godt som ein nys. Dei kom som perler på ei snor.

 

Vel heime starta det å renna ut av nasen. Eg har bestemt at det er bedøvinga etter tannlegebesøket. At det var den som kunne for det. I dag starta prosessen med å rotfylla den andre av tennene som har vore til plage sidan i sommar. Da eg reiste meg opp av tannlegestolen var eg mest øra. Slo døra for hardt igjen, mista ting på golvet – slikt. På venterommet satt mi mellomste og venta, ho var med for ho skulle ta bussen attende til Trondheim og eksamen. Men først rakk vi ein tur innom polet, eg kjøpte konjakk til gorodeigen og sherry til ein dessert og etterpå ein kopp sjokolade med krem på kaffien. Ho hadde vunne 50 kroner på flax og kjøpte eit lodd til oss kvar for det. Vi skrapa begge fram 25 kroner kvar, som ho tok med seg å sa ho ville bytte i to nye. Eg bad henne ta dei med på bussen og sjå der, det frå meg også. Eg fekk melding om at ho hadde skrapa fram 50 kroner igjen. Kanskje ho endar opp med den store gevinsten.

 

No har eg tenkt å gå i gong med baking. Vørterbrød først. Så får vi sjå kor langt eg kjem med planane mine, for lista er lang nok. Eg trur eg skal gje meg eit c-vitaminsjokk  i alle tilfelle, om det ikkje er bedøvinga som kan for flommen frå nasen. For eg kan ikkje verta forkjølt no. Fram med mjøl og gjær.

 

Andre desember

 

For 21 år sidan kom ho. Ein liten, varm bylt vart lagt i armane mine.


 

 Det var ei slik tillitsfull tyngd i den vesle jenta. Eit nydeleg, nytt lite menneske var kome.

I går var det 21 år sidan. Eg hadde sagt tydeleg i frå at vi ville feira. “Asbjørg kjem”, sa eg til Lucas. Han spissa øyra og sprang bort til vindauga og pistra. Samstundes kom bussen og eg slapp ein glad hund ut som byksa henne i møte.

 

I går feira vi. Eg rakk ikkje frukosten på senga, for plutseleg var jenta stått opp og der. Så vi tok den i fellesskap i stova.

 


Miranda ville gjerne delta. Dyra søkjer seg i nærleiken til henne som runda år. Det gjer dei uansett dag, når ho er heime.


Vi skulle ha ein triveleg dag, og ho valte vekk stress. Ho tende ljos over alt i god tid før gjestane kom. Eg fekk streng beskjed om å gå og ordne meg. “Ja, men teppet er ikkje støvsuga” sa eg. Men skjønte det var feil svar. Og på badet hadde ho også tend ljos. Det var frykteleg godt og å skru på dusjen i skinnet frå blafrande ljos. Det skapa ei eiga ro.

 

Og før gjestane kom fekk vi tid til ein kopp kaffi.

 

Ettermiddagen og kvelden vart koseleg med varme både i rommet og i sjela.