Dei tre orda og bøtteballetten

 

“Eg vonar den dagen kjem at eg kan sjå deg i augo og seia dei tre orda sa han.

 

Ho let seg enno ein gong bli fanga. Enda ein gong.

Han hadde starta å gå forbi butikken ho arbeidde i. Først såg ho han på andre sida, på fortauet. Han kika rett fram og gjekk målbevisst forbi, med korte skritt. Ho såg han fleire gong der. Han var på tur heim frå arbeid. Ein dag kom han forbi på fortauet utanføre butikken.

Ho kjende motviljug at pulsen steig.

Fleire dagar etter kvarandre gjekk han der.

Kva held han på med hadde ho tenkt.

 

Etter den gongen ho fatta mistanken om at han ikkje var ærleg som ho trudde gjekk noko sundt. Han skulle reisa bort og hadde ikkje tid til å møta henne.

“Eg må møte mor mi og søster mi” hadde han sagt.

Var dei vitigare enn henne hadde ho tenkt. Og så sa ho at dette ikkje kunne fortsetja. For da hadde ho fleire veker kjend på at ho vart set til sides.

“Trudde ikkje det var slik det skulle enda” sa han.

“Så han trudde det skulle enda da” sa ei venninne ho fortalte det til tørt.

Det vart stille. Det var over. Sorga hadde vore sterk og ram. Ho hadde registrert at han fekk fleire kvinnelege vener på facebook i tida etter. Stygge, eldre kvinner.

 

Ein dag hadde han ringt.

“Eg kan ikkje gløyma deg “sa han. “Det er deg eg vil ha.”

“Enn dei andre kvinnene” hadde ho spurt.

Det er ingenting hadde han sagt. Det er ingen andre. Det er berre deg eg tenkjer på.

Ho fann ut at ho ville prøva ein gong til. Dei snakka saman nokre gong på telefonen. Ho ville foreslå at dei måtte treffast. Så langt kom ho ikkje. Han slutta å ringe og han tok ikkje telefonen.

Ho hadde sendt han ei melding der ho spurte om kva han heldt på med. Det kom ikkje noko svar.

Det hadde faktisk ikkje gått så inn på henne denne andre gongen. Ho hadde tenkt at det var nok bra å få ut dei siste kjenslene for han. Han var ikkje til å lite på.

 

Ein dag såg han inn i butikken og vinka. Ho vart så perpleks at ho ikkje responderte. Ho såg etter han neste dag, det var ein fredag, men da kom han ikkje.

På måndag gjekk han igjen forbi. Og han vinka.

Ho løfta handa nølande.

Ho såg han forsvann ut av synsvidda. Litt framoverlut. Litt stutte skritt. Men det var smilet, det breie smilet som fanga henne. Og augo. Dei var brune og fløyelsmjuke.

Ei veke gjekk. Han kom forbi kvar dag. Han vinka og ho vinka attende. Da dei var midt i andre veka av dette ritualet tenkte ho at dette fekk væra nok. Ville han noko måtte ho få det klart.

Så på onsdag gjekk ho ut av butikken.

“God dag” sa ho da han kom.

“Du vinkar og vinkar” spurte ho, “men kvifor gjer du det?”

“Ja, eg vinkar og vinkar, for da ser eg at du er der.”

“Kvifor gjer du det da”, ville ho veta.

“Fordi eg ikkje kan gløyma deg, ingen er som deg. Har du funnet nokon andre” spurte han i same andedrag.

“Nei”, sa ho enkelt. “Du fekk i gong såpass sterke kjensler i meg at det ikkje berre var å gå vidare. Enn du da?”

“Eg vil vera ærleg mot deg”, sa han. “Eg har møtt ei, men eg har ikkje like sterke kjensler for henne som eg hadde for deg. Eg kan berre ikkje gløyma deg. Kan vi ha kontakt?”

Ho såg på han, dei mjuke augo.

Skulle ho opna opp for han enno ein gong. Kva hadde ho å tapa?

“Ja, vi kan ha det” sa ho.

“Eg kan ikkje lova deg noko” sa han. “Men eg vonar at eg kan sjå deg i augo og seia dei tre orda. Eg vil berre bli betre kjend med deg. Eg trur vi kan få det så fint saman.”

Ho såg etter han da han gjekk bort frå henne. Ein sjanse til. Men sjansen var litt slik blodfattig og fargelaus.

Da helga kom såg ho han hadde fått tre nye vener på facebook. Tre damer i satt alder. Ikkje direkte vakre.

Over helga kom han ikkje forbi. Dei hadde snakka saman kvar dag på telefonen til og med søndag. Men på måndag vart det stille frå han. Ikkje såg ho han og ikkje høyrde ho noko.

Den eine dama sende han eit hjarta på facebook. Nokon hadde lika det, men det var ikkje han.

Så vart det stille, ikkje skjedde det noko meir på facebook, ikkje gjekk han forbi og ikkje ringde han.  Ho var ferdig med å ringe han. Med å sende meldingar.

Han la nok fram drøymer andre stadar. Ho hugsa kva han fortalte ein gong. Om at ei frå eit tidlegare forhold skreiv til han og ville ha han attende.

Heldt han henne varm også. Med å fortelja at han ikkje gløymde henne…….

Var det måten han underheldt seg. Ha ein flokk gamle, stygge kjerringar å helda småvarm med å lova dei tre ord, dei tre orda…

Ho såg seg i spegelen, høyrde ho til ein slik bøtteballet?

Det var ein forskrekkeleg tanke. Kanskje dei tre orda var “di gamle røy”?

Ho klukklo da ho tenkte den tanken da ho låste butikken for dagen.

Samstundes kjende ho at ho var heilt fri for fløyelsbrune augo, bredt smil, subbande skritt og lut nakke.

Måte på, tenkte ho.

Det var som ein frisk vind blas nedover gata og tok tak i tørkleet. Ho skjøna ho tok steget ut av flokken som var heldt slik passe varm. Ho kjende ho hadde vorte kald.

Faktum var at ho verken var så gamal eller stygg, tenkte ho, samstundes som ho retta seg opp i ryggen og knytte tørkleet betre på.

 

 

Når nettene blir lange

 

Mørkt var det om morgonen og mørkt var det om kvelden. Ein eller annan gong finn ein ut at det eigentleg er nok.

 

Ho bretta motviljug teppet bort og grøssa. Drog gardinene til sides utan at det var noko hjelp i det.

Mørkt.

Og mørkare skulle det verta. Det var 26. november. Snart jul.

På badet var det varmt.

Dette var heilt feil. Skikkeleg feil.

Det var da ikkje slik ein skulle leva. Lage kroppen sin som eit panser mot mørke og kulde.

Dusjen hjelpte, så da ho frotterte seg tør var varmen komen i kroppen. Anna ville føle på varmen. Varmen i hjarta. Ho strekte seg etter lotionen som sto på øvste hylla. Enn å sove seg bort frå denne årstida…..

Det var da det slo ned som lyn frå klår himmel…….og ho skjøna kva ho måtte.

Ho ville gå i hi. Ho ville være som bjørnen og berre gå i hi.

Ikkje før hadde ho tenkt tanken før dørklokka ringte. Mest ergeleg av å verta avbrote i tankane sine gjekk ho for å opne. Det sto ei gamal dame utom døra, eit heilt framandt menneske.

“Du skal få ynskje ditt oppfylt mot at du gjer tre gode ting” sa den gamle dama.

Anna skulle til å seia noko, men da var dama borte. Ho ha att døra og låste. Det rare var at akkurat da kjende ho ei sterk kjensle av kva ho måtte gjera. Utan at ho visste kva ho skulle gjera…….

Først laga ho seg ein retteleg solid frukost. Lenge satt ho og åt medan gråljosninga steig opp på himmelen. Etterpå tok ho fram data’n og skreiv enkelt på facebook “Riktig god jul, vi sjåast til våren”. Etterpå skrudde ho på automatiske trekk i banken på utgiftene sine. Stilte ned temperaturen i huset og såg etter at alt skulle vera slik det måtte være.

Til slutt tok ho ein telefon til mor si og sa at ho ikkje ville være å få tak i før sola steig på himmelen slik at den vermde. Mora høyrdest nok forskrekka ut, men ho skjøna nok at ting var under kontroll og ikkje noko å uroa seg for.

Så bra at ho hadde søkt permisjon for eit halvt år. No var det å finne seg varme og gode klede.

 

Anna opna ytterdøra. Det var plussgrader og bart. Ho låste og tok vegen mot skogen. Det var den vegen ho måtte gå. Ho traska oppover stigen og gjennom grinda. Det susa i furutoppene. Ei kråke kraksa lengre inne. Ho kjende lukta av bar og mose. Det knatt i kvistar og ho følte seg omgjeve av liv. Akkurat da ho skulle leggje ut på myra vart ho vars ei rørsle på høgre side. Ho snudde hovudet da ho såg ein liten skapning som sat på ei tuve og kika mørkt framom seg.

Anna fekk seg ikkje til å gå vidare. Ho tok eit par steg mot denne vesle skapningen. Det var ei jente såg det ut som. Vaksen på eine viset og svært lita. Ho snudde andletet bort frå Anna og satt med det snudd til sides.

“Hallo” sa Anna “kven er du?”

Det var heilt utruleg at eit så tungt sukk kunne kome frå ein så liten skapning. Så kom ikkje meir lyd.

Anna tenkte ho måtte setje seg ned på steinen som låg like ved tuva utan å skremme noko som var så lite og som hadde det så tungt. Ho gjorde seg så lett ho kunne og tok føringa mot steinen. Skapningen sat framleis på tuva da Anna hadde satt seg.

Anna følte ho måtte seie noko. Noko som førte ljos med seg. For denne vesle jenta hadde det så tungt at ho nok hadde krympa. Og instinktivt skjøna ho at denne vesle skapningen nok ikkje var fornøgd med seg sjølv.

“I alt som er finnest lærdom, i alt som skjer finnest noko å lære, noko vi kan ha bruk for i vegen vår vidare” sa Anna med låg stemme. “Noko som fører til at vi veks, om vi tek i mot det vi kan lære, utan å stenge det som er ubehageleg ute.”

Den vesle skapningen snudde hovudet sitt og eit par store, mørke augo trefte Anna. Og så merka ho seg at den eine foten var litt lengre enn den andre. Men det var nok ikkje her årsaka til sorga låg.

“Og det som er fint når alt er ille, er at det finnest ting der som kan hjelpe oss vidare………alltid. Berre vi sørgjer oss ferdig først, tømmer sorga ut, så er det alltid gullklumpar der” sa ho med overtyding.

Ho kjende ei slags sterk glede i seg da ho såg skapningen opna munnen, samtida som ho registrerer at begge føtene var vorte like lange.

“Om ein brukar opp tida på det ein ikkje skal og skuffer seg sjølv, da er det ikkje noko å henta – for den tida er oppbruka” sa skapningen med ein stemme utan glans.

“Jamen, det er akkurat det. Men du må finne ut kvifor du har bruka opp tida di på det du ikkje skal.”

“Eg veit ikkje kva eg vil, eg veit ikkje kvar eg skal og det er ikkje nokon vits med noko” sa den vesle med ørlite meir kraft i stemmen.

“Da har du funne ut ein heil del” sa Anna.

Samstundes såg ho at den eine handa var mykje større enn den andre.

“Eg skulle samla blad i heile haust. Laga store dungar og tydd nervetrådane i blada, men eg let dei blesa vekk medan eg leika med hjortane, svinga meg i greinene og rei på rådyra. Og så fekk eg vondt i magen når eg tenkte på alle blada. Og eg skjøna ikkje kva som var vitsen med nervetrådane, kvifor skulle eg lære meg dei – det var så mange og dei var så like.”

“Var det ingen vits i det?” ville Anna vite.

“Vitsen er at nokon har funne ut at da kan eg sitja høgt oppe i eit tre, der eg kan få mykje ljos og luft når eg kan fortelje treet neste år kva det kan gjera for å verta enno sterkare, – ut av nervetrådane.”

No var skapningen vorte ivrig og vifta med hendene, som hadde vorte like store

“Så du bruka for mykje tid til å leika deg og tenkje på at det var så alt for mange blader?” spurte Anna.

“Ja” peip det den vesle stemmen, men likevel med eit trykk no.

“Om du hadde lagt det du har følt no av sorg og det du følte av glede under leiken, på ei vektskål, kva vog mest?”

Den vesle jenta, som hadde vorte litt større, kika fast på Anna med eit tenksamt blikk. Ho leita nok etter svaret.

“Trur du må setje opp eit reknestykke her, for kva skjer om du ikkje får sitje høgt i treet, kva om du bytte litt av tida som du leika til å ta eit og eit blad å sjå på det. Litt og litt kvar dag vil verta ein stor dunge til slutt. – Med kunnskap. Veljar du likevel leiken må du sjå kva det fører til og akseptere resultatet av det valet. Men du har lært mykje om korleis det kjennest å skuffa seg sjølv og det er ein god lærdom” sa Anna.

Den vesle jenta, som no ikkje var så lita lengre, såg overraska ut.

“Var det bra at eg skuffa meg sjølv?” sa ho.

“Ja, om du bruker lærdomen du har fått til å gjera det annleis, da er det ein svært viktig lærdom.”

“Eg vil prøve alt eg kan på det” sa den vesle og reiste seg opp. “For slik som det no vart vil eg ikkje ha det.”

“Da får du sjå kvar tankane fører deg, for det er viktig kva du seier åt det sjølv med tankane dine” sa Anna.

Og før jenta strauk inn i skogen blas det liksom ein mild vårvind på Anna, og ho kjenner det med det same ho for,- ei glede, ei glede av håp som ho la igjen i hjarta til Anna.

Og sjølv tenkte Anna at ho skulle berre nyte kjensla, utan å spekulere på kva dette var for noko.

Det er mykje mellom himmel og jord.

Da ho gjekk vidare over myra snudde ho seg, attom seg såg ho ein rev som kryssa sporet hennar.

 

Ho klatrar opp på ein haug, der får ho sjå eit svær merkeleg syn. To harar som sit med ryggane mot kvarandre. Dei spring ikkje fordi om ho kjem pesande opp. Dei sit der, som forsteina. Den eine haren dryp det veske ut av augo på. Litt rådvill vert ho ståande å sjå på dette synet. Til slutt legg ho seg på magen framom den eine haren, den som det ikkje renn av augo frå. Sjølv om dette er ein svært rar dag skjøner ho at det å snakka til harar er for merkeleg.

Men da ho ser inn i augo til denne haren fyllest hovudet hennar av tankar. Haren sine tankar. Overraska ser ho på den verda som opnar seg.

“Det går ikkje lengre, eg kan ikkje meir…..eg reiser til mor. Eg vil ikkje dette lengre. Eg har nok kome fram til det no. Til det riktige. Ingen kan ha råderett over meg. Vi er alt for ulike. Alt for ulike. Eg vil leva fritt. Eg vil bli rik. Utan arbeid. Eg vil få tak i det eg vil. Eg vil eta soppane som fargelegg naturen. Eg vil sjå på huldrene når dei tar av seg skjortene og let brysta duva over vassflat. Akkurat når eg vil. Om eg har lyst. Og alle kameratne er einige om at eg kan ikkje leve i ei tvangstrøye. For det eg ville tidlegare vil eg ikkje meir. Og det er hus under kvar busk, under kvar busk . Eg treng berre å få være meg sjølv.”

Forvirra tumla Anna opp. I alle dagar kva for tankar var dette. Dei virka forvirra og lite konstruktive. Men herlegdom, det var ein hare. Ho tek inn tankane til ein hare.

Ho går i rundt desse to kroppane. Legg seg ned framom den andre. Og det same skjer. Tankane dukkar opp.

“Kvifor kunne han gjera slik? Kvifor? Enn å berre reisa og verta borte i fleire døgn utan å seia noko? Eg har aldri ofra slikt for nokon før. Eg har aldri akseptert så mykje frå nokon før. Eg har aldri hatt det så vondt. Eg har aldri grått så mykje?.

Plutseleg gjekk det opp for Anna at ho såg på ein gråtande hare. Ho hadde aldri visst harar kunne gråta.

“Eg skjøna det ville gå gale da kameratane kom. Eg følt det. Han forteljar alt til dei og dei synest eg er forferdeleg. Men vi må starta å byggje huset vårt om hausten før snøen kjem. Vi må samla det vi kan medan marka er bar. Vi kan ikkje bruke meir en kva vi har. Og dei soppane som fargelegg naturen er ikkje godt for oss. Og kvifor vil han sjå på huldrene over vassflata når han har meg. Dette kan eg ikkje meir. Eg må snakka med han. Men eg når ikkje fram. Eg synest han viser ei side som eg ikkje kan leve med. Sjølv om eg trudde det var det vi begge ville. Vi må ordne opp. Eg trudde framtida var vår.”

Anna er heilt utslått av tankane. For her var det frykteleg mykje som trefte henne. Her var smerte, kjærleik, sårheit og kanskje ein god del umodenskap i ei vond blanding.

Ho prøvde seg med nokre mot-tankar……men fekk det ikkje heilt til. Ho såg han-haren ville flykta frå alt i lange hopp. Ho såg kor såra ho-haren var. Samtidig såg ho han-haren leita etter det STORE bykset, og at det bykset kunne gå rett i avgrunnen. Fordi han trudde det var hus under kvar busk.

“Snakk saman” prøvde ho å si med tankane sine.

Men kva visst ho om livet til ein hare. Hadde ho noko å tilføre. Ho reiste seg opp og såg på desse to som hadde skifta til vinterdrakt. På kulden dei hadde inni seg. Ho kjende på gråten. Ho kjende på ei stor frykt over det ho hadde fått sendt seg. Men ho ser ho-haren kikar opp på henne med takksemd i blikket. Over at ho fekk dele denne historia med henne.

Så gjekk ho frå dei, og i ei frykteleg oppdaging skjøna ho at han-haren var eit av kosedyra hennar da ho var lita. Harebertram som ligg oppe på mørkloftet heime hos mamma i ein svart søppelsekk.

Tårene starta å trille. Kvifor skal det vera så vanskeleg, kan det ikkje berre gå lett?

 

Ho var blinda av tårer da ho plutseleg skimta eit tjern framom seg. Det sto eit furutre som lena seg utover vatnet. Først såg ho henne ikkje. Men ho såg rumpa……..kurumpa. Ho bivra.

Ved furuleggen sat det ei, prega av tidas tann. Hudra hadde eit skrukkete andlet. Men attom alderdommen såg ho det vakre. Dette var ei vakker kvinne. Og det var ei huldre. Ho sat heilt samanknekt og gråt med store hulk utan lyd.

Anna måtte samla tårene sine, tørke dei og høyre kva som var så trist. Men ho visste ikkje om ho ville klare meir triste forteljingar no.. Huldra såg på henne med dei grå, grøne augo. Sorga var så stor at den flaut over.

Sorga ……..og redsla.

Anna sette seg ned framom ho, ho kunne berre sjå. Sjå på det ho både visste og ikkje visste.

“Eg kan høyre på deg” sa ho til slutt.

“I heile vinter kan eg høyre på deg, om du treng meg.”

Det var det mest naturlige ho fann på å seie.

“Du har kjend meg lengst – ” sa huldra.

Anna visste det var sant, om det ikkje direkte ga meining. Ho såg på henne framom seg. Som var så redd, som hadde ei Mare på skuldrene sine. Ei Mare som skremte opp att og opp att igjen, som tok nye former i skremsla. Nye former av kva den kunne laga verda heilt sløkt med.

“Ikkje vatnet – ” sa Anna.

“Nei, eg vil ikkje dit, eg vil ikkje dit, men eg er redd for at eg går dit likevel” sa huldra.

“Du gjer ikkje det” sa Anna, men det er Mara som snakkar til deg og den vil ha deg redd. Ordentleg redd.

For Anna visste berre at slik måtte det vera. Ho vart sitjande attmed huldra til det vesle ljoset som var hadde starta å blåne over alle blånar.

“Eg skal gå i hi” sa Anna.

Og da ho såg ned over seg hadde ho fått bjørnepels.

 

Bortom tjerna såg ho eit lite ljos som liksom sa “kom“.

Ho skjøna at ho hadde løyst dei tre oppgåvene. Ho hadde løyst dei gjennom å lytte og prate.

“Men treng du meg er det berre å vekkje meg” sa ho til huldra.

“Du er ein engel” sa huldra.

Ikkje visste Anna at huldre kjende til englar, men ho skjøna at desse timane hadde vore til hjelp for ei hulder med ei Mare på skuldrene. Ei Mare som skulle eliminerast, for marer har ingen bruk for.

Ho såg ljoset skein sterkare og starta å rugge mot det. Inn i mellom trea låg eit berg. Inn der forsvann ljoset. Så såg ho opninga, ein hellar.

Inne under hellaren var det eit varmt mørke som tok i mot henne. Ho kjende ho var svært trøyt og at det skulle verta godt med den lange søvnen. Det kom eit langt gjesp. Så var det akkurat som hender hjelpte henne på plass og ho kunne leggje seg i det mørke, mjuke leie.

Da ho let att augo såg ho eit stort bankande hjarta for sitt indre, raudt og varmt. Og ho kjende på gleda til å vakna opp til droplande, smeltande snø, spiring av nytt liv og den varmande livgjevande sola.

 

Mitt er ditt

Han var sommar, han var leik og glede. Og han var broren hennar på liksom.

 

Det berre sto der. Som om ingen ting hadde skjedd. Og kanskje var det slik, at ingenting hadde skjedd. Ho såg opp i lufta. Det flaug eit par svalar høgt der oppe. Det betydde fint vêr hadde onkel Arne sagt. Onkel Arne som døde i fjor.

Sjøen gjekk knallblå nedanføre bakkane. Ho trudde det var nordavinden som vitja bitande i dag. Den laga sjøen gnistrande blå.

Fjøset.

Der det hadde skjedd.

Rødt.

Den kvite døra inn til mjølkebua var målingsslite.

Ho måtte koma seg inn til mor si. Ho venta nok.

 

“Arna, er det du?” ropa mora med ein gong ho hadde fått opp ytterdøra.

Den sat godt fast, så det var umogleg å lista seg inn. Ho svara mora. De var viktig å ikkje gjera henne redd. Ho sette bøtta med potetene på kjøkenbenken. Henta fram potetskrellaren. Etter og ha tappa bøtta halvfull med vatn og set fram ein kasserolle, den også med vatn i, starta ho å skrella. Ho sat på krakken med ein annan krakk framom seg. Der sto den gule bøtta. På bordet ved sidan av henne hadde ho plassert kasserollen.

På komfyren sto kjøtet å koka. Lufta var fuktig inne på det store kjøkenet. Mora hadde gløymt og sett på vifta. Dei skulle ha kjøttsupe til middag. Ryggen til mora var vendt i mot henne. Ho elta brøddeigen med vante hender. Tante Gerd kom i dag. Ho skulle henta Torbjørn. Han hadde vore hos dei i tre veker. Han var året eldre enn henne. Og dei hadde leika, samstundes hadde han hjelpt faren. Tobjørn budde saman med mor si i byen. Tante Gerd hadde ingen mann. Arna hadde aldri kome på å spurt om kvifor det var slik. Men det var ikkje så lett og spørje om slikt. Og ho visste ikkje korleis mora kom til å reagere. Og etter i går kunne ho aldri spørja om slikt.

Etter alle potetane var skrella og skjert opp gjorde ho det same med gulrøttene og resten av grønsakene.

Faren kom inn saman med Torbjørn. Ho kjende Torbjørn såg bort på seg. Men ho ville ikkje sjå på han. Ho ville kanskje aldri meir sjå på han. Faren skjenka seg ein kopp kaffi. Han slurpa når han drakk.

Mora sa heller ikkje noko.

“Eg køyrer for å henta Gerd” sa faren.

Mora, som var ferdig med brødet, tok av seg forkleet og strauk på dør.

Faren sukka.

Ein høyrde beina til mora for opp loftstrappa og inn på kjøkkenloftet. Soverommet til henne og faren.

“Vil du bli med” spurte faren.

Arna rista berre på hovudet. Aldri om ho ville ikkje sitja i bilen saman med Torbjørn.

 

Frå dei var små hadde dei funne på alle slags artige leikar ho og Torbjørn. Da dei vart gamlare laga dei ein hemmelegheit om at dei var sysken. Han bruka og væra hos dei om somrane og i påska. Arna likte så godt når han kom.

Eller ho hadde likt det.

Mora brukte å verta stille og fåmælt dei vekene han var der. Ho likte han nok ikkje, sjølv om han var ungen til søster hennar. Men ho likte nok ikkje søster si heller. Ho snakka mest ikkje med henne når ho var der for å levere og hente guten sin.

Arna synest ho hadde det fint i den vesle familien sin, men ho sakna onkel Arne. Torbjørn hadde sagt ein gong at ho var bortskjemt. Fordi ho hadde så mange vaksne rundt seg som sto på pinne for seg. Mora hadde sagt det sa han.

I går hadde dei leikt gøym og leit, slik dei ofte bruka. Dei starta å bli mest for store til slik leik. Det var hennar tur til å gøyme seg. Ho hadde sprunge inn på låven og gøymt seg i høystålet. Tobjørn hadde rekna til hundre, han sto utanfor fjøset og rekna høgt. Ho høyrde han kom gåande opp låvebrua. Ho måtte ikkje puste. Han kom bortover mot dit ho låg. Det knasa vislande og raslande da han tok seg fram i høystålet. Og plutseleg hadde ho hendene hans på seg. Han kila, og ho lo så ho heldt på å tissa på seg. Ho fekk kava av seg høy og han ramla ned ved sidan av henne. Ho fekk børsta av seg alt høyet og sette seg opp ved sidan av han.

Etter som dei hadde vorte eldre hadde dei desse stundene der dei kunne snakka om alt mogleg.

Han kika bort på henne, liksom granskande. Så sa han “du er vesle syster mi”.

“Ja visst ” sa ho leande.

“Ja, men du ER det” sa han. “På ordentleg”.

Ho såg på han. Augo hans var heilt alvorsame, utan tull, tøys og leik.

“Kva meiner du” fekk ho fram over tørre lepper.

“Far din er og far min”, sa han.

Ho kjende det som om grunnen under henne svikta. Kva var det han sat her og sa, dette kunne ikkje væra sant. Ho kika på han med bedande, vidopne augo, dette kunne ikkje væra sant. Men han møtte blikket hennar like fast.

“Faren din er også far min”, tok han opp att. “Han var kjærast med mor mi først”.

 

Ho visste mest ikkje korleis ho kom seg på rommet sitt, men ho fann seg att i senga si. Verda hadde ramla heilt sund. Den kvelden gjekk ho ikkje ned og åt kveldsmat. Mora kom opp med ei brødskive og eit glas mjølk. Ho strauk henne over hovudet før ho gjekk ned att.

Og no var dette ikkje til å viske ut. For alt var forandra. Ein leik hadde vorte sannheita, og øydelagt alt. Snart kom tante Gerd. Ho skulle få kjøttsupe. Ho skulle få nysteikt brød. Men Arna kjente ho gledde seg til dei for med bussen neste dag. Ho hadde flytta inn i den tause verda saman med mora.

Ingenting var slik som ho hadde trudd. Det ho hadde delt på leik kunne ikkje delast på ordentleg. Og det som berre hadde vore hennar var ikkje det lengre. Og det forandra alt.

Eg tenkjer på deg og saknar deg, del 2

Den 8. august skreiv eg ei novelette som fleire spurte om fortsettinga på. Eg var ikkje sikker på om det var nokon. Men i dag kom den, så slik gjekk det:

 

Første del av forteljinga er her.

 

Kvifor?

Kvifor var det så vanskeleg?

Alle orda ho hadde tenkt var umogleg å få ned.

Ho stira på skjermen

“Eg må ta opp noko med deg” hadde ho skreve.

Men det verka så feil. Ho ville berre formidla at ho brydde seg om han, at ho var redd kjenslene sine.

Men korleis skreiv ho det?

Han hadde sagt han brydde seg om henne. Dei orda ho skreiv inn frå tankane vart full av mistanke når ho las dei på skjermen etterpå. Ho kunne ikkje skriva dette. Hadde nokon skreve slik til henne hadde ho flykta.

Til slutt avslutta ho prosjektet. For kvelden. Ho fekk ta natta og så sjå neste dag.

Da neste dag kom forsto ho ikkje kva ho heldt på med. Det var berre godt inni henne med tanken på han. På spanske Pedro. At han fantes. Ho hadde så lett for å rota til i tankene.

Utover i veka hadde ho det slik. Dei sa ikkje noko meir om ferien hennar. Denne veka ho hadde fri. Og ho let temaet kvila. Det fekk venta, men på slutten av veka måtte ho ta det opp.

Torsdags ettermiddag ringte Paul. “Hei”, sa han. “Korleis er det med avkommet?” Ho kjende på irritasjon over å nemne barna som avkom……..men ho beit det i seg.

“Korleis vert det med ferieveka di, du skjønar, eg MÅ reisa ein tur til Amsterdam den veka. Det er noko som hastar, så beklagar, men eg kan ikkje passa avkommet den veka”, sa han.

“Avkommet”, sa ho irritert og tydeleg “er BARNA dine”.

“Ja…..?” sa han med spørsmålet så tydeleg, at ho valte å let det liggja.

Etterpå var ho på ein måte både letta og skuffa. Ho kunne ikkje reisa til Pedro, det var i alle fall sikkert. Samtidig var ho likevel frykteleg skuffa, for ho hadde lyst til å treffe han.

“Har dagen din vært fin? Tenkjer på deg og saknar deg.”

Meldingane frå han kom etter klokka. Han var ferdig med arbeidsdagen sin. Ho kjende ho overførte irritasjonen til denne mannen som heldt kjenslene hennar bankande.

“Ha ein fin kveld” skrev ho, utan å skrive meir.

Litt etter kom ei melding frå han. “Du kjem nei ikkje?”

Ho forklarte at det fekk ho ikkje til, for ho hadde ikkje nokon til å sjå etter barna.

 

Ho kjende seg mest som i eit vakuum, ho sat fast i alt ho ikkje visste. I ynskja og kjenslene.

“Det er sikkert bra for deg å være ro, men det dumt”, skreiv han.

 

Dagane etter kom meldingane jamt. Dei kom til same tid på dagen og det sto mest det same i dei.

“Saknar deg og tenkjer på deg.”

 

Dagane gjekk. Nokre gode og andre full av mistanke.

Kven var han og kva meinte han eigentleg?

Narra han henne?

Men da ho møtte han var det ikkje noko ved han som skapa mistanken. Det var så fullkomen fint.

 

“Du må mest delta på denne konferansen” sa sjefen ein dag.

Det var alltid godt å få både eit avbrekk og nye inntrykk. Så ho gjekk inn på dataen for å sjå på programmet til konferansen. Det var svært relevant såg ho.

Kvar var det konferansen var lagt……..og ho kjende det ila til i henne……..den var på Lillestrøm.

Den ettermiddagen tok ho kontakt med mannen ho ein gong hadde delt livet med, jau han kunne sjå etter dei den torsdagen og fredagen. Han skulle uansett ha dei i den helga.

Så sendte ho meldinga til Pedro.

Kva var det med desse P’ane………Pål på ungdomskulen, ja det var berre ein lang avstandsforelskelse i tre år. Men så dukka Preben opp på 21 års dagen hennar, som ei ekstra fødselsdagsgåve og som ein svært sterk forelska. Det vart eit spesielt forhald………om ein kunne kalle det det. Men den perioden hadde ho sett attende på som den sterkaste perioden på den fronten av slike kjensler nokon gong.

Så kom Paul som vart ektemann og far til barna. Etter at samlivet med dei to ikkje kunne fortsetja hadde menn ikkje vore noko tema. Ikkje før no. Ikkje før Pedro.

P’ane……..pissforelska, pause, perfekt, praktisk, par, pent, prinsesse………

Men kvifor kunne dei ikkje snakka; telefonen; skype……..?

Alltid desse meldingane.

“Eg skal til Lillestrøm på en konferanse torsdag og fredag i slutten av månaden, kva gjer du den helga?”

Det gjekk nokre timar før svaret kom.

“Det kan hende eg må arbeid, slik at du er aleine mykje”.

Ho kjende at ho vart skuffa. Han viste ikkje nokon glede over at ho kunne komme.

Ho bad han seia i frå om det var nokon annan, om han eigentleg ikkje meinte det han skreiv.

“Eg vil ha deg” var svaret ho fekk.

Så kom det fleire om at ho var velkomma, men at ho ikkje måtte verta skuffa.

 

Dagen for reisa var plutseleg der. Dei hadde kome fram til at ho skulle bo hos han. Ho kunne ta toget att og fram til konferansen.

Onsdagskvelden gjekk flyet. Da ho hadde ordna alt praktisk og fått barna plassert, overlevert instruksar og endeleg kunne lene seg attende i flysetet følte ho ingen ting…….Toget som gjekk dit han budde venta ho ikkje lenge på.

Korleis ville det verta å møte han igjen? Det hadde gått to månader sidan dei møttes. Ville dei kasta seg i armane til kvarandre?

Så var ho framme. Ho var endeleg framme. Mot henne på perrongen kom han. Breiskuldra og mørk. Han bøyde seg ned, klemte henne og kyssa henne mest flyktig. Så tok han kofferten hennar og dei gjekk mot bilen. Han ville vite korleis turen hadde gått. Og ho kjende på den gode kjensla av å møte han, være attmed han sjøl om dei ikkje kasta seg i armane til kvarandre.

Om kvelden da dei la seg spurte han om ho ville krype inn til han, attom ryggen og helda rundt han. Så tok han arma hennar og heldt. Ho syntest det var rart, men det var godt og liggja med nasen inn i ryggtavla og kjenne lukta av han. Han lukta godt. Og ho var sliten.

Konferansen dei to dagane var interessant, og så var dei framme ved fredagskvelden. Og heldigvis viste det seg at Pedro ikkje måtte arbeide ekstra. Dei snakka om mykje, det var så fint og dela tida, dele aktivitetar med kvarandre. Laga mat saman. Alt var dei ikkje einige om, og ein ting var dei så sterkt ueinige om, at hadde ho ikkje brydd seg så sterkt om han hadde ho ikkje akseptert slike uttalelsar. Men ho tenkte på forskjellane mellom landa. Ho var ikkje den rette til å døme.

Da dei la seg om kvelden og han med ryggen til, bøyde ho seg over han og kyssa han lenge.

“Det er noko eg må fortelja” sa han. Ho kjende det isa til i henne. Var det noko likevel. Var det derfor han ikkje nærma seg meir. Ho måtte ha avstand og stålsette seg til det som kom. Ho la seg ned på puta si.

Han snudde seg på ryggen, halvveges mot henne.

“Dette er vanslelg å fortelja” sa han, ”eg veit mest ikkje korleis eg skal seia det”.

Ho var glad for avstanden, for lufta mellom dei. Det var nok noko med den dama ho hadde sett han hadde hatt kontakt med på facebook. Ho kjende sorga som alt var på veg.

“Eg har vore hos lege. Eg har testa meg, men det var ikkje noko gale slik.”

Litt forvirra følte ho seg der ho låg. Kva var dette?

“Du må berre fortelja, det går bra” sa ho.

Så fekk ho vite om operasjonen, om at den ikkje hadde hjelpt, om smerte og at han håpa det skulle verta bra. Men at det ikkje var bra.

Plutseleg datt mykje på plass, reaksjonane vart plutseleg svært naturlege og til å forstå.

Ho følte ei blanding av glede og skuffing. Det var ikkje noko anna dame. Men noko som var viktig for eit samliv mellom to som var glade i kvarandre mangla.

“Eg får sjå om det rettar seg, men er det ikkje bra om ein månad må eg til lege igjen” sa han.

“Men dette er ikkje som ein vanleg forkjøling, og å være aleine om dette er ikkje lett. Og heller ikkje å fortelja om det.”

Ho låg etterpå med nasa inn i ryggtavla. Kjensla han ga henne med å liggje slik var gode. Ho vart fylt av mjuke, gode luftboblar i heile kroppen. Ho tenkte på boka til Hemingway Solen går sin gang, og dei to som elska kvarandre og aldri kunne få kvarandre på grunn av skaden han hadde fått under krigen. Det som var skote bort.Ho hadde tenkt at kunne ikkje eit forhald gå likevel da………., ho var ung da ho las boka.

Men ho forsto at ho måtte ligga slik, at det var den einaste måten å liggja. At lidenskapen måtte væra på eit anna plan. Men det var så godt og ha han tett. Ha han der. Og kanskje var det bra slik. For dei vart kjend med kvarandre på eit anna vis. Så kanskje var det bra. No. Og ho sa det til han. Han var einig.

På flyturen heim var ho glad for at ho hadde møtt han. Ho kjende smilet satt i andletet hennar. For det var så godt han fantes. Og ho hadde bestemt seg for at ho ville gå inn i framtida saman med han. For han var den riktige p’n, p’n for par og å passe. Ho fekk leggja håpet sitt til at verda hadde mykje godt å skjenka henne enno, og at handlinga i Solen går sin gang ikkje hadde noko med henne og gjera. Sjølv om handlinga gjekk føre seg i Spania.

Eg tenkjer på deg og saknar deg

Han vart fort noko viktig for henne. Dagane var fargelagt av HAN. Meldingane frå han førte glede med seg. Innhald. Først. Men så starta uroa å gnage…….

 


 

Han var på tur heim. På tur heim til seg sjølv. Så han kom nærare henne, men likevel så alt for langt unna. Ho følte ho kjende det på seg at mila krympa mellom dei.

Så fekk ho meldinga. Meldinga om at han var heime. Ho skunde seg å svara. Kjende ho var så glad over at den lange tida med den store avstanden var over. Den avstanden av kilometer og tid ho tok på seg arbeidet med å ta da dei vart kjende.

Dagen gjekk utan ho høyrde meir, noko ho syntest var naturleg. Han måtte sove etter den lange bilturen. Da dagen etter gjekk og den etter det, utan livsteikn, starta ei uro å gnage. Kva hadde skjedd, låg han der sjuk utan å greie og kontakta nokon…… Eller var han ferdig med henne, sjølv om orda han sende sa noko heilt anna……?

Enn og forelska seg slik…….. Etter eitt møte. Var ho desperat eller var han mannen i hennar liv???

Dei hadde allereie snakka om framtida. Han var flyttbar hadde han sagt. Ho hadde barna, dei gjekk på skule her ho budde.

Den tredje dagen sendte ho ei melding der ho spurte om noko hadde skjedd.

Det kom ikkje noko svar.

Det var da ho vart ein stalker.

 

Barna var hos faren så ho hadde søndagen for seg sjølv. Ho gjekk inn på nett og leita etter HAN. Han hadde fortalt at han ville gjerne finne seg ein kjæraste så han hadde lagt seg inn på eit par nettbaserte datingsider. Ho laga seg profil og gjekk inn. Kjende kvalme over å gjera dette…. Ho hadde gjort det ein gong før, for å sjå kva han skreiv.

Han var borte!

Var det fordi han hadde møtt henne eller for nokon annan……???

Så gjekk ho inn på det ho trudde var facebookprofilen hans, som han hadde sagt han ikkje bruka i nokon stor grad. Den var like tom som tidlegare.

Tida går fort på nett.

Plutseleg kom det inn ein aksept på veneførespurnad.

Frå HAN.

Ho vart varm og kald. Hadde ho kome borti og spurt han om venskap…..så flaut. Han levde i alle fall. Ho slo av heile data’en og gjekk i gong med å leggje saman klede. Barna kom heim om eit par timer og ho måtte få unna seg en del arbeid.

Om kvelden da barna låg, tok ho fram att pc’en. Ho hadde tenkt på alt frå å orsaka seg til å dure i veg med mistankane.

Det ho skreiv til slutt var “er du Pedro frå Spania?”

Svaret kom nokså raskt, at det var han. Og at han trudde ho hadde gløymt han, funne nokon annan, fordi han ikkje hadde høyrd frå henne, ikkje fått svar påmeldingane sine………

Ho kjende kor godt det var at alt var som det skulle igjen. Inni henne. Det kunne nok hende at det kunne skje, at meldingar ikkje kom fram. Og etter at ei venninne som kunne spansk, hadde lest linkane og ein samtale frå ein og same dame som hadde dukka opp på veggen hans på facebook da dei vart vener, kjende ho den god kjensla fekk plass igjen. I tillegg hagla meldingane inn frå han dagen etter, kor han sakna henne.

Dei hadde snakka om å møtast når han var attende i Noreg. Ho hadde ei ferieveke til gode. Så ho hadde snakka med faren til barna om han kunne passa dei den veka. Dei budde såpass nære at det gjekk greitt.

Meldingane kom som før utover veka, om kor han sakna henne og tenkte på henne. Ho sakna også han, men ho sakna noko meir. Ho tenkte språket kunne være ei utfordring for han til å væra verbal. Derfor vart meldingane så einsidige. Da ho ymta frampå om den ferieveka, fekk ho ikkje den ivrige reaksjonen attende som ho hadde venta. Ho forsto han hadde mykje å gjera på jobben, og at han ikkje kunne ta seg fri. Men ho kunne da kome til han, være samen med han når han var ferdig på jobb……

Det var straks ny helg, og ho valte og vente til kvelden med å svara på meldinga han hadde sendt henne om morgonen. Om at han tenkte på henne. Det kom ikkje svar, så han hadde nok lagt seg. Neste dag gjekk også, utan svar. Ho kjende ho vart fylt av uro igjen.

I starten var ho så trygg på dette. På han. Auga og blikket, væremåten hans, alt, hadde gjort henne trygg på han. Men all denne tida med meldingar som ikkje fortalte så mykje meir kven han eigentleg var, hadde gjort noko med tryggheita. Gjort noko med orda frå han, han sa han ville ha henne. Ord ho hadde trudd på, men som hadde mista betyding fordi det berre var ord over månadar. Handlingane var fråverande, ynskje om å leggje konkrete planer var for fråverande. Dette var berre luftslott tenkte ho. Kjente på kjensla av å verta skvisa mellom tryggheita og uroa.

Om kvelden kom det melding. Han skreiv at han hadde lagt frå seg telefonen heime om morgonen. Igjen kjende ho gleda spreidde seg. Han var der likevel.

Men ho måtte finne ut om denne veka. Det måtte passe med jobben. Ho kunne få ta ut ferien om to veker, og det passa også for faren, barna kunne bo hos han.

Ho sendte ei melding, om dei kunne ta ein prat i helga. Ho fekk svar at han skulle arbeide på laurdag, om ikkje så lang dag. Og at jau da, dei kunne ta ein prat – ein dag.

Da kjende ho det. Uroa. Igjen var det den som fylt henne. Og da ho såg han hadde vore på facebook kvelden før, samtidig som han hadde fått ein link igjen frå denne dama. Ei dame som hadde vorte lagt til som ven på nyåret, såg ho, og som hadde sendt linkar jamleg etter det. Da skjøna ho at dette ikkje gjekk. Ho vart så fargelagt av dette, enorm glede og frykteleg nedstemt etter kva ho trudde gjennom eit liv på nett og mobil.

Var det eit slikt liv ho ville ha?

Ho kjende ho var redd sannheita, at han eigentleg tenkte på ei dame i Spania og var redd for å såra henne. Men var ikkje sannheita betre. Likevel…. Og om så var, så fekk ho ta den sorga det ville føre til. Den ville gå over, men å gå slik i det uvisse fortjente ho ikkje sa ho til seg sjølv.

Ho hadde allreie starta og skriva eit brev i hovudet. Ho trong ikkje nokon samtale over telefon. Kanskje ho skulle bruka mail. Det var hennar ord og hennar kjensle ho ville formidla. Formidla det slik at han forsto at han måtte seia sannheita. Sannheita slik ho vart trygg og slapp mistanken. For den hadde han set høgt hadde han sagt, sannheita. Ho ville berre vera trygg, sleppe usikkerheit sjølv om det kunne føre til at ho ikkje hadde nokon å tenke på…….. Det sannsynlege var at ho ville nok overleva det også.

Ho hadde gjort det mange gong før.

Dei håplause historiene

Dei var håplause og trilla ut om perler på ei snor syntest Anita. Som jordbær på eit strå. Som etter jordbæra var ete vart bruka til å kile nokon……… Strået strauk nedover den brune, muskuløse overarmen………

 

Sommaren fylte dagen, livet og kvar ein celle i kroppen. Vindauga sto ope og det sildra lett sommarregn gjennom bladverket til den store lønna utanfor vindauga. Det lukta varm, fuktig jord inn gjennom vindauga. Ho hadde nett vaska golvet, det tørka fort i den varme lufta. Frå radioen spela Postgirobygget Idyll. Ho smatt inn i dusjen. Såpa seg godt inn, ho skulle treffe Knut om en halv time. Han hadde spurt om ho ville bli med på ein køyretur.

…Etter den middagen for nokre dagar sidan…..

Den mislukka middagen.

Ho hadde bedt han på middag. Hadde funnet oppskrift på ei fiskegryte som virka god. Så hadde det vist seg at han var allergisk for fisk. Det var den middagen……..

Ho sprang ned trappene, det var kaldt i oppgongen. Ho såg seg i spegelflisa i vestibylen. Ho hadde tatt på seg ein fillete dongrybukse med farerike lappar. Den var litt stor, så den var snørt saman i livet av ei lang lærreim som ho hadde tredd mange gongar gjennom beltestroppene. Toppen var raud, mønstrete og ermelaus. Ho hadde ein dongryjakke slengt over skuldrene og rundt håret hadde ho knytt ei tørkle. Raudt, gult og svart. Ho såg ho såg bra ut, tynn med lange bein og dei viltre krøllane utover skuldrane.

Var ho forelska i han ho skulle møte?

Nei kanskje ikkje heilt det……eller litt. Men det var spanande. Spanande på ein litt rar måte.

Først hadde han irritert henne, irritert henne noko langt over alle haugar. Han hadde stått der og ledd over at han hadde tatt på seg to forskjellege sokkar.

Ledd!!!

Av noko idiotisk.

Enn å greie å ta på seg sokkar utan at dei var par. Det var skikkeleg flaut syntes ho. Og at noen kunne le og spøke av noko slikt. Akkurat det skjøna ho ikkje. For det var viktig å ta vare på seg sjølv, gjera sitt beste.

Men så hadde han vore svært hyggeleg, hadde interessante synspunkt. Visste mykje. Han var ferdig studert og noko eldre enn henne, men likevel tok han seg sommarjobb.

Det hadde starta med at ho slengte ut av seg helt tilfeldig “….at da hadde du kunne komme innom”. Han hadde fortalt han hadde vore like ved der ho budde.

“Meiner du det”, hadde han sagt, “at eg kan kome innom?”

Og han hadde kome innom eit par dagar etter. Det var ein dag med sol og varme.

“Skal vi dra ut på Hovedøya?” hadde han sagt.

Ho hadde funne fram bikinien med alle snorane. Dei hadde ligge der på svaberga. Lange strå hadde leika opp i den blå himmelen. Ho hadde sett på han der han låg med lukka augo. Han var ljos og håret krølla seg lett over ei høg panne. Kinnbeina var skarpe og munnen fyldig og fint oppteikna. Ho fekk plutseleg svært lyst til å kyssa han. Men ho torde ikkje. Ho snudde seg på magen, medan ho spekulerte på korleis ho kunne nærma seg.

Best det var kjente ho han snappa ertande i eine snoren på bikinien. Sløyfa datt opp, og ho visste ikkje korleis ho skulle reagere….så ho skunda seg å kyte snoren igjen. Ho følte seg berre stiv og hadde ingen leik i seg.

Så kom han på middag. Ein middag han ikkje kunne eta. I tillegg hadde han hatt lite tid.

 

Ho opnar døra til gata. Det har slutta og regna. Det lukter varm, våt asfalt. Sommarkvelden er varm og klam. Ho set seg inn i bilen med eit “hei”. Han smiler og spør kvar dei skal køyre. Dei køyrer ned Pilestredet og han svingar hardt på rattet nokre gong, ser på henne og smiler. Atter greier ho ikkje ta det….var det no ho skulle ha ramla over han?

Turen går utover til Bygdøy og enda litt lengre ut. Han køyrer gjennom smale vegar. Rundt er det landlege hagar med hus i. Han viser kor han voks opp. Dei går ein tur på stranda. Samtalen går lett utan at dei rører kvarandre. Han køyrer henne fint heim. Helsar på andre med 2cv, og fortel at slik gjer dei det som er eigarar av disse franske bilane.

Om kvelden, da ho er heime i den reine leilegheita spekulerer ho på kva dette er. Vennskap eller starten på eit forhold… Ho tenkjer på kva han la i handlinga med å dra snora på bikinitrusa. Var det ein flørtete handling… Korleis skulle ho ha reagert? Ho hadde funne seg eit strå å kila han med, men han hadde berre fekta det bort. Like keitet han som henne.

Dei hadde avtalt og dra opp til Østensjøvannet om det vart finvêr på søndag. Dagen presenterte seg med sol. Han ringte på døra og dei køyrde opp. Ho hadde lagt seg på stråmatta si. Han hadde ledd og sagt at ho ikkje måtte snu seg for no skifta han til shorts attom henne. Ho hadde kjent på irritasjon igjen. Som med sokkane. Ein skifta da vel ikkje slik, det var fleire enn dei der. Han hadde frikete tendensar. Ikkje noko ho hadde den store sansen for. Ingen fekk på henne eit palestinaskjerf eller lilla buserull. I varmen var det så klart ikkje aktuelt. Elles skjedde ikkje noko meir enn soling, bading og snakking den dagen.

Ei lita veke etter dette sat dei i hybel leilegheita hennar. De hadde snakka mykje om ein film dei hadde sett. Ein film om lidenskap politikk, terror og bomber. Om Palestina kontra Israel. Han var klar i sin haldning. Ho visste litt mindre. Det starta å bli seint. Dei hadde delt ei flaske vin. Det var eigentleg logikk i at han overnatta.

Så låg dei der. Under kvar si dyne. Ingenting skjedde. Ho hadde lyst til å ta bort i han men våga ikkje. Tenk om han ikkje lika det. Ho høyrde at pusten vart lang og roleg. Han hadde sovna. Skuffelsen hennar vart akkompagnert av at skar han tenner.

Det gjekk ei lita veke før han ringte. Om ho ville verta med ein tur på Huk?

“Nei” svara ho, – for nok var nok.

 

Neste sommar dukka han opp, dei hadde sommarjobb på same stad.

“Eg kan køyra deg heim” sa han ein dag dei slutta samstundes.

Ho takka ja. Det regna så smått og det kunne vera greitt å sleppa å verta våt.

Da dei køyrde Drammensveien og passerte Slottsparken sa ho det.

“I fjor var eg litt forelska i deg.”

“Kvifor sa du ingenting om det?” sa han .

Ho berre smilte utan å svare. Inni seg visste ho at ein slik sommar om i fjor ville ho ikkje ha opp att. Og ho hadde takka ja til piknik på Langøya i helga og den ga ikkje plass til køyreturar i 2cv.

Hadde ho håpa på fortsetting hadde ho aldri fortalt det ho nettopp hadde gjort, for slik var ho laga….

Vintervegane

 

Vala ligg alltid framom. Det å ikkje vela er også eit val. Nokre val har for høg pris. Alt for høg pris. Dei vert for store…….

 


Ytterdøra var ikkje låst, men elles var det berre ljoset i gongen som sto på. Huset sov og ho kjende at ho var trøyt. Turen heim var krevjande. Det hadde vore holke mest heile vegen. Da ho skulle køyra inn porten ville ikkje bilen lystra, den sklei forbi sjølv om ho svinga.

Både turen dit og attende hadde vore ei utfordring, men no var ho endeleg heime. Klokka hadde passert midnatt med ein halv time. Ho hadde sagt at ho sikkert var heime i ti tida. Det var møte i bygdekvinnelaget og møtet var i ei lita fjellbygd med bratte og krunglete vegar. Ho pust letta ut over å kunne låse døra attom seg, og at turen hadde gått bra.

 

Ho fekk ordna seg og kome seg i seng. I senga låg ektemannen og prusta og sov. Ho la seg attom ryggen. Han hadde godt sovehjarta og hadde vist ikkje noko bekymring for henne som var ute. Ikkje hadde han ringt for å sjekke korleis det gjekk med henne på glatta før han la seg. Og ikkje tok holka frå han nattesøvnen.

Ho kjende på det gamle sinnet. Kunne han bry seg så lite om mor til barna sine?

Ho huska da ho gjekk gravid med førstemann og det var vinter, holke da også. Han hadde ikkje brydd seg om å strø oppkjørselen, fordi han hadde ingen problem med å gå stykket. Ho hadde eit bekken som vart så vanskeleg, derfor torde ho ikkje utfordra skjebnen med isete vegar.

Like før ho sovna kom ein av dei vondaste episodane opp, ho var gravid da også, med sistemann. Det var vinter og slaps. Ho skulle møte nokre vener og var seint ute. I ein oppoverbakke med to felt mista ho kontrollen. Bilen fauk att og fram over kjørefelta før den slang inni autovernet. Det kom bilar til og ho fekk låna ein telefon. Hovudet var heilt utkopla, men ho fekk ringt mannen.

“Dette får du ordna opp i sjølv” sa han tvert og la på.

Der sto ho i desemberkvelden og venta på bergingsbilen og det kjentes hardt å møta så lite omsorg og ikkje vite korleis det hadde gått med barnet i magen……..

Sjåføren på bergingsbilen var så snill og køyrde ho til sjukehuset slik at ho vart sjekka.

Blødde ho?

Alt såg bra ut, men ho gjekk inn i ein sjokkreaksjon der ho både skalv og gråt. Legen viste heller ingen forståing og sendte henne på dør. Ho tenkte at ho skulle greie å koma seg heim, men buss skulle ho sleppa å ta i kveld, sjølv om det hadde passa økonomien best. Så ho bestilte seg taxi.

I to veker etter denne hendinga var manne regelrett sur. Sur over bilen som var øydelagt. Både barnet og ho hadde overlevd, men det betydde visst ikkje noko.

 

Ho kjente pusten i øyre, varm og intens. Ho kjende armane som følte seg fram. Ho kjende lysten og lidenskapen.

I sveitte og solflimmer såg ho opp. På denne manne ho elska så høgt, så heit og sterkt. Mannen i hennar liv. Det flimra i mange fargar så sterkt var alt før det vart mørk og ho vakna brått til. Ramla ut av den sterke draumen, ho kjende på gråten.

Ho heldt den eine handa opp framom seg. Ho såg på dei blå årene og den skrukka huda på handa som tilhøyrde henne. Eit så tydeleg teikn på åra som hadde gått, åtti år hadde livet vart. Ho høyrde snorkinga ved sidan av seg. Der låg han, han som tenkte mest på seg sjølv og som ho ikkje hadde greidd å legga attom seg på livsvegen. Og den lidenskapen ho nett hadde drøymt om var berre ein drøym……… Ho kjende dette sterke sinnet og den store sorga som hadde vokse seg enorm, den bitre følelsen mot han – men også mot seg sjølv.

Det at ho aldri hadde turt og sette seg fri, gje han fri……..

Det er ikkje godt å føle hat mot eit anna menneske.

Men det var ho sjølv som hadde teke frå seg gleda med å tru at ho ikkje klarte å leve livet sitt i leine.

Det skok i gjennom henne, og det var som ei stor bølgje kom og kasta ho utfor eit stup.

 

Ho vakna ør og klam, sengekleda var heilt i uorden. Lakanet var reve halvveges av. Det var ei gråljosning i rommet. Han ved sida av henne hadde stått opp og var nok reist på arbeid. Ho måtte også stå opp. Få ungane på skolen. Drøymen sat i henne som eit søkk. Både første og siste del.

 

Da alt hadde roa seg etter morgonrituala. Da ho hadde fått alle dit dei skulle og igjen var i leine med seg sjølv tok ho fram telefonkatalogen og brosjyrane ho hadde teke med seg sist ho var på legekontoret. Den eine sto det om skilsmisse i.

Endeleg løfta ho røret for å slå eit  nummer. Etter ti år klarte ho å gjera noko. Starta eit arbeid for å finne ut og gjere det ho måtte……

Ho var berre noko og førti enno, og ho ville ikkje bli den der åtti år gamle dama som aldri hadde turt å leva i samsvar med seg sjølv. Det skulle aldri skje.

Orda

Orda ber si eiga vekt. Av tyngde. Dei lette orda. Limet og det som riv sundt. Det som løftar opp til uana høgder, det som fører til å tru og ikkje tru…….

 

“Eg elskar deg” sa han og ho vart sett heilt ut. Han sa det ikkje andlet til andlet. Det kom på telefonen, det kom som ei melding. Ho la telefonen frå seg, paff, puffa han liksom litt bort. Dette var for mykje og ho visste ikkje kva ho skulle svare. Ho tok seg ein runde rundt om i leilegheita. Kva skulle ho svare?

Ord. Orda har ei meining, dei har eit hierarki, ei gradering. Ho var strenge med desse orda. Ho passa på dei. Sa dei ikkje slik i hytt og vær. Orda hadde ein verdi som var viktig å balansere av til det dei skulle fargelegge, det dei skulle formidla, dei riktige, dei orda som passa.

Ho valte tida, den fekk gå, korleis skulle ho svara på dette?

 

Tidlegare hadde ho sagt mykje, gjeve mykje.

“Forelska” hadde ho sagt. “Bry seg om”. Dei hadde dekning. Dei hadde absolutt dekning.

Han hadde svart det same og føydd til “og kanskje meir”.

Og det var ikkje noko anna ho ville enn verta elska.

Kven vil ikkje bli det?

Elska?

Men orda var for store, skoa passa ikkje. Ikkje enno.

 

Men kanskje fram i tid. Det håpa ho, at fram i tid kunne slike ord bera vekta av seg sjølv. Inn i ei framtid ho visste for lite om. Ein gong litt lengre framme. Når dei hadde veksla enno fleire ord, når dei kjende kvarandre betre. Hadde kjent armane enno meir rundt kvarandre. Varmen. At det viste seg at det stemte, at det fortsette å stemme. At det som stemte no også stemte da. Avstemt og finstemt. At dette førte til vakker musikk. I framtida.

 

Det var slikt ein ikkje visst. Ikkje enno.

 

Ho såg bort på mobilen. Det kom ikkje fleire meldingar. Det var bra. Denne som kom blas ho litt over ende. Fekk ho til å spekulere på kva dette var. Dette vart for mykje. Ho kunne ikkje gje det same svaret attende. Skulle ho fortelje om respekt av orda, at det gjekk ikkje å seia noko slikt enno. Ho kunne ikkje vite, men tenk om…….tenk om det var slik han følte det……..

 

Ho tok opp mobilen, og så tasta ho inn “Så vakkert sagt”.