Sola skin utaføre vindauge. Eg vakna rimeleg tidleg og har ei heil helg blank og fin framom meg.
Ei veke med arbeid er unnagjort. Første veka etter ferie. Det er godt å koma attende å sjå glede hos folk. Og det var så klart godt for meg å sjå dei andre att også.
I går fekk eg også levert ei forhandsstemme, slik at eg kan ha sjanse til å være med på eit møte om måndagen om forma er i form.
For i går fekk eg dei første resultata etter eg starta med medisinen METEX. Eg vært mest uvel berre over å skriva namnet. For eg syntest verkeleg ikkje noko om å drive på og ha dette inn i kroppen. I går fekk eg kontrabeskjed. “Stopp behandlinga” sa legen.
Så no er eg ikkje nærare nokonting, men legen hadde ein spekulasjon. Og den har eg lese om no, og i tilfelle det er det vil den gå over, brenna ut. Det likte eg å lesa. For av ein eller annan grunn vert eg ikkje redd og utsett av å lesa om diagnostikk, for det aller meste har eg ikkje og handlar ikkje om meg.
Men seier ikkje meir om dette no, får berre avventa ny innkalling frå revmatolog.
Sonen min synest eg skal kjøpa noko som heiter Boswellia Serrata. Han susar rundt på nettet og leitar alternativt. Det synest eg er rørande.
Så slik hell ein på.
Men i dag er ein vakker dag. Rognbæra lyser raudt i sola. Temperaturen ligg på femten grader. Og eg skal nyta dagen.
Det vonar eg du kan med din også. Så eg ynskjer deg en nydeleg dag.



















































































































