Ein dag ramla det inn ein ny gruppechat. Kjæresten til eldstemann hadde lyst til å overraske.
Ho bad oss saman på ein nyopna restaurant som serverte taco og kokken var frå Mexico; Taqueros Taco & Tequila. Kan absolutt anbefale den, den ligg i Mellomveien i Trondheim.
Han som fylte år hadde inga aning om dette. Så han vart både overraska og glad.
“Men kor kjem du i frå” spurte han meg.
Før det gjekk opp for han kva dette var.
Maten smaka. Nette, små porsjoner. Eg for min del vart fint mett.
Etterpå gjekk vi heim til dei. Eg har skrevet om Svartlamon før, ei verd for seg sjølv.
Det blomstra både utanom og innafor stakittgjerda.
Her kjem yngste i prat med ei triveleg dame som fortel kva ho bruka og gjødsla med, og at kapers kjem frå blomkarse.
Dette er eit område der bebuarane plantar grønsaker.
Her er det nye hus som vert bygd, men alt materialet er gjenbruk.
Det er mykje idyll.
Vi drakk kaffi og åt kake, og så song vi fødselsdagssongen som seg hør og bør.
Da er den i gong. Med min ferie på tampen av sommaren. Heile fire veker.
Det kjennes som ei eve.
Det regna da eg kom heim. Men kva hadde det å seia?
I glede tok eg meg ein dans med sjefskatta.
Men å sette seg ned på terrassen var for vått og rått.
Eg såg utover og drøymde om ting eg kunne gjera. Heime.
Dagen fekk nokre arbeidstimar; på museum og innom kontoret.
No til slutt har eg henta yngste i sentrum. Ho var med både på eit oppdrag og fekk treft venner og falt av rullebrettet sitt. Mellomste som hadde feira bryllaup i Oslo, hadde ikkje kome seg heim. Problem med mobil og mista bankkort. Og i morgon fyller min eldste 26 år.
Ein er i verda om ein har ferie. Og ute står seks korger bringebær som eg henta no. Det blir vel bringebærsyltetøy.
Trur eg.
Men no skal eg ta meg av mi slitne, småskadde. Finne fram mat.
Og så spekulerer eg på om eg greier å skriva blogg kvardag i ferien.
Midt på kjøkkengolvet sto ho. Da ho kjente det. Som ei boble som brast.
Ho hadde vakna seint og kjende seg tung.
Uopplagt.
Dei hadde vore ute kvelden før. Ho var skikkeleg sur før ho gjekk ut.
Kleda passa ikkje lengre. Magen var for stor. Ho kjende seg stor og klumpete. Stygg!
Dei skulle ut å eta.
Etterpå hadde det gått greitt. Da dei kom heim seint på kvelden hadde dei elska.
No sto ho der på kjøkengolvet.
Da ho fekk sett ned i trusa var det blod. Mykje blod.
Ho ringte sjukehuset; kom så får vi sjå sa dei.
Dei roa henne ned da ho kom, dette går nok bra sa dei.
Så låg ho der, med føtene i bøylane. Ho såg ansiktet på dei to som skulle undersøkje.
Plutseleg forandra dei avslappa ansikta seg, munnane opna seg og alt det avslappa var borte.
Det var opning og fosterhinna med to små føter hadde syntest.
I tre døgn låg ho i seng, utan å få stå opp. Så kom dei å sa at ho måttestå opp. Ho kunne ikkje liggja i ei seng i dei månadene som var att.
Det å gå på do igjen var eit mareritt. Å tømme tarmane naturstridig. Ho sveita redsel.
Da det hadde gått ei lita veke starta riene. Dei var prøvd å stoppa. Riene stoppa til slutt, men da var det kome for langt. Dei måtte dra den vesle guten ut. Han var heilt perfekt utanom merka av å bli drege ut.
Men så alt, alt for ung til å få livet.
Sorga har djupe daler. Ned i der dei var djupast vart det mang ein tur. Ho kom opp igjen kvar gong. Det var også ei frigjering i sorga, i alle tårane. Noko ein måtte gjennom.
“Vil de ha ei gravfred eller fellesgrav” spurte sosionomen.
Eit umogleg spørsmål. Men tanken på ei lita kiste og folk samla, var barbarisk, som å dvele i det verste.
Ei natt hadde ho ein draum. Ho sto høgt oppe på ein trappeavsats og såg ned på tre graver med små, kvite barn i.
Det tolka ho som fellesgrav. Dei gravla tre og tre i fellesgrava.
Før dei vart utskrivne frå sjukehuset vakna dei ein morgon til ei kvit, frossa verd. Det lukta vinter. Det var så riktig.
Da våren kom banka eit nytt lite liv i henne. Magen kom før, men denne gongen vart ho ikkje sur for at dei vanlege kleda ikkje passa.
Tida passerte da den vesle guten vart født. Vekene var viktige og vart tald på nytt og på nytt.
Ei helg ut på sommaren var dei i bryllaup. Natta etter drøymde ho at brudgommen, som var lege, hadde akkurat dei same kjenslene som henne. Da måtte det væra greit…..
Ho vakna.
Ho kunne ikkje lengre flykta frå knipa i magen. Det varrier ho kjende.
På sjukehuset vart det sett i gong drypp for å stoppa dei. Til slutt låg ho og hoppa i senga, som ho låg på ein motorbåt. Da sjukesøstrene ville ta dryppet av henne ville ho ikkje. Hennar hjarte og puls var underordna.
Verdas minste skrik fylte rommet. Som ein leike ein trykkjer på. Denne gongen vart ho ikkje spurt om ho ville halde det vesle barnet. Det vart plassert på brystet hennar. Den alt for vesle jenta førte tommelen sin opp til munnen. Oppe i hovudet såg ho pulsen hennar. Det banka.
Lenge.
Ved sidan satt han som skulle bli far og gråt. Det var godt han tok seg av det. Ho kunne gråte etterpå, men først måtte ho ta med seg det ho kunne få.
Dagane etter kunne ho få jenta inn når ho bad om det. Ho kunne visa ho fram. Vise fram det ho hadde å vise fram. Det var så lite og det var så stort.
Ho hadde ei kjensle av å være eit lite barn som hadde fått straff for noko ho ikkje forsto.
Foreldra hennar var der i sorg, det vart ikkje barnebarn denne gongen heller.
Eit år etter mest på dagen, var dei der igjen. Denne gongen i GLEDE.
Mellom kvart svangerskap gjekk det akkurat det legane anbefalte som eit minimum, tre månader.
Ho var lagt inn til observasjon i fleire veker før ho mista første gongen. Etter tre månader fekk ho koma ut og heim, først på permisjon. Ho hadde vent seg så på institusjonslivet at ho visst ikkje kva ho skulle velja på brødskiva.
Og å sitja midt i ei blomstereng på Jonsok, med magen struttande mot sola var meir enn fantastisk.
Ein augustkveld rann vatnet nedover føtene. Ho fekk beskjed om å leggja seg ned, for hovudet på han inne imagen hadde ikkje festa seg på siste kontroll. Det vart sendt ein ambulanse. Ho gjekk mest i sjokk, ho skulle gjennom ein fødsel igjen.
Så låg guten på magen hennar og såg ut som han var køyrd over av ein traktor. Omsorgsevna var på plass, men augo såg det dei såg.
Eit døgn etter kom den store morskjensla som ei båre over henne. Dei sto der i natta med han i armane og sa dei måtte ta han opp på barneavdelinga. Det var nokre verdiar -. Dei hadde teke på han ei lue. Hennar vakre, vesle gut.
Så opphalde varte lengre. Etter tre døgn med å pumpe seg og sitje framom ei kuvøse greidde ho ikkje meir. Ho stakk av, bort frå alt og heim.
Det var vanleg fekk ho høyra, at ein kunne få ein nedtur etter tre døgn.
Men så kom dagen. Ho kunne kle på den vesle guten kleda ho hadde plukka ut med omhug. Ta på han huva, jakka og labbane ho hadde strikka. Få festa bagen til vogna bak i bilen med alle den sikkerheit som trongst.
Endeleg kunne dei reisa heim med eit lite barn og få lov til å være foreldre. Og ho fekk starta rolla som mor.
Men først skal eg ha ferie. Heilt fram til september. Eg trur eg hadde siste dagen på kontoret i dag. Det kan stå utan meg desse vekene. Fekk til og med lagt inn automatisk fråvær på e-posten.
I morgon er det biblioteket og nokre timar på museet på søndag. Eg held faktisk på å landar, greier det utan kav i år. Fantastisk!
Og eg har inga stor plan. Tenkte tidlegare både Oslo og kanskje ein tur utanlands.
Men eg har funne ut at eg skal ta meg tid til å sjå om medisineringa virke. Startar søndagskvelden.
Dagane har så mykje vakkert ljos.
I går skulle yngste og eg starta på intervall trening. Vi var berre ergelege på at vi ikkje kom på det før. Men da vi tok på oss treningsklede og sko og sa “ut” vart boffen lydhør. Dette ville han også være med på.
Brukte langstrekket nedanom fjøset…eg gjekk fort først og roleg attende, ti rundar……fekk godt opp pulsen av dette eg. Ho som var langt yngre sette opp farta, opp og ned bakkane.
Men eg vil tru eg får bruka desse ferievekene til å kosa meg utan å leggje for mange plane.
Dagane mine fyk i veg enno. Denne veka skal dei gå inn for landing. Gled meg på å lande, senke skuldrer og vifte med tær.
I morgon fyller mor mi år.
Den feira vi på laurdag, med pizza og kaker. Masse av både pizza og kaker.
Skal ein tur innom henne og far i morgon på dagen også.
85 år.
I dag har det vore arrangement. Musikk og foredrag. Da eg skulle takke var eg så rørt at eg måtte tørke tårane. Det handla om kvinner som hadde levd tøffe liv for meir enn hundre år sidan. Foredragshaldar var Leo Oterhals.
Det var godt med besøk. Det er artig når ein har eit arrangement.
Etter eg var heime sovna eg på sofaen. Eg hadde skikkeleg bruka meg opp.
Men sommar og snart ferie er ein riktig så bra kombinasjon. Sjølv om eg har funne ut at eg nok vel ein ferie utan det store innhaldet.
Dei gode, varme, vakre dagane som kallast sommar. Som er å springe barføtt i graset og jordbær på strå.
Som er til å nyta !
Henta jentene på setra i går, som hadde hatt ein fin dag – men også hatt eit møte med dei menneskelege variasjonane og var litt frustrert over det. For da eg kom opp fekk eg vite at dei ikkje hadde hjelpt til der dei skulle. Noko overraska vart eg, for dei brukar å ta ansvar.
Sjølv kunne dei fortelja at dei hadde spurt med gjevne mellomrom om dei skulle ta over, men fekk kvar gong beskjed om å berre gå for dei som sto likte det så godt.
Vi får kalla det ein kommunikasjonssvikt-.
Mellomste som kom heim frå Trondheim for å hjelpe til med dette, reiste attende til sin kjære.
Oppe ved huset sette eg meg på terrassen berre for å sjååå. Eg sat det og tok inn korleis himmelen skifta karakter da tora rulla og lynet blinka over himmelen.
Ein gamal mobiltelefon er ikkje god nok til å ta godt bilete av ein slik situasjonen, men eg tok bilete likevel.
I dag hadde eg nokre få timar med arbeid. Det var kaldare inne enn ute. Før eg for heimafrå såg eg det var 24 gradar i skuggen.
Etterpå skulle vi til ein stad å eta. Den har ikkje vore opent for publikum. Eg har vore der ein gong før, og vart svært fasinert.
Dei har bygd opp sakte, men sikkert eit område der dei dyrkar bær økologisk. Dei har bygd produksjonslokale og ein liten restaurant. Dette har dei gjort så samstemt og gjennomtenkt at det er ein fryd. Ungane har flytta attende med partnarar og som er med på dette. Sjølv har dei overlet garden til ungfolket og bygd seg eit nytt hus ved sia av. Dei har lagt opp terrassar av stein der frukttre og bærbuskar er planta på platåa.
Eg kjøpte meg fritert fisk med chips, og eg må berre seia det er den beste eg nokon gong har smaka. Til dessert tok eg økologiske bær med vaniljesaus. Nydelig var det.
No har eg køyrd begge jentene opp på setra. I morgon er ein dag med mykje folk og aktivitetar der. Trur det første eller andre gongen eg ikkje er med på arrangementet i løpet av dei åra eg har budd her.
I år gjekk det ikkje opp, men jentene er der for å hjelpe til.
Dagane er fulle med program og etter denne diagnosen min har det ikkje minka, for å seie det slik.
Eg vert sendt hit og dit, i hytt og pine. Undersøkingar slik og slik. I morgon er det fastlegen, vart innkalla. Sist veke var det Kristiansund og røntgen den eine dagen og Trondheim og reumatismeavdelinga den neste. Føler eg vert ivaretatt, ingenting å seia på det. Men det vil heldigvis roa seg ned.
Eg skal over på medisinering, bryta ned immunforsvaret mitt for å få ned beteningane i kroppen. Og for å finna fram til det som funker for meg, må det testast ut. Eg har ein jobb å gjere. Inn i framtida trur eg dette skal verta bra, eg skal fungera rett og slett.
Så når eg hadde invitert på dugnad på laurdag og feira fødselsdag på søndag vert dagane som ein flimmer-film som fyk forbi.
Plenkløpparen vart montert. Og er testa ut. For mykje gras no så klart, men det skal bli. Neste sommar tenkjer eg…….for ein hage det skal bli……hi,hi.
I går tok yngste og eg med oss spadar for å få ned det eine treet som vart kjøpt i starten av juli. Ein hyll.
Gavlveggen på huset vart måla på laurdag, og sjølv om vi held på å bli nedgrodd av villbringebær, så hjelpte det enormt synest eg.
I dag fekk vi køyrd eit kjøleskåp og ei oppvaskmaskin på søpla.
Så etter kvart, etter kvart, da har eg tru både på energi og aktivitet.
Det er vakkert om dagen. Det ER sommar. Akkurat slik den skal væra.
Her er frå går kvelden, da sola gjekk inn i fjellet.
(Innlegget er frå i går, men nettet har vore nede).
Det regnar. Utan tanke eller teikn på å skru igjen. Bilhjula nede på vegen er regnvåte i lyden. Ein ny dag har stått opp. For meg svært tidleg. Klokka hadde eg sett på ni, skal være i varmebassenget klokka ti. Men kokka fem forsvann søvnen. Eg prøva, men etter at tida gjekk ga eg opp. Det var berre godt å koma seg opp. Eg koka meg havregrynsgraut. Lenge sidan eg har funne på det.
Det er stille i huset, både boff og yngste søv.
Fann nettopp ut at det var ikkje i morgon sikringsboksen skal skiftast. Det er godt å finna ut slik når ein føler veka er for programmert. Eg skal både til Kristiansund og Trondheim. Eg har invitert til dugnad og skal feire ein fødselsdag i løpet av denne veka.
Etter helga køyrer eg rundt med eit keybord. Arrangementet var godt besøkt. Her er ho som song.
(Her skulle eg lasta opp ein video frå helga. Etter at eg ikkje har klart det gjennom ein heil dag, har eg gjeve opp. Morgoninnlegget mitt vert posta i kveld. Utan video).
Om ein time skal eg ut i regnet, med veska pakka for det enno våtare elementet.
Det skal bli fint å koma heim att, til denne fridagen.