Min herlege kaotiske heim. Eg kunne gå ut av bilen utanføre huset mitt og det var fantastisk godt. Strå som strekte seg mot himmelen. Å vite at morgondagen har eg fri og det er meldt bra vêr.
Natta før var uvanleg, søvnen ville ikkje koma, for tankane var spretne. Eg kom meg seint på jobb, men fekk unna det et måtte……eller omtrentleg. Nokre småting står att, men det får eg ordna før konserten på søndag. Kjem nokre herlege musikarar på museet.
Etterpå var det handling med mor, framom ei tante og så gjekk turen heimover etter kvart.
Vil du være med på ein bruktbutikk sto det i meldinga frå søstera mi. Og ja, det vil eg…..men kanskje ikkje i morgon. Kanskje eg vil vaska eit golv eller setja meg i ein stol, berre for å reise meg opp att heile morgondagen, berre for at eg kan det.
“Du strålar” sa mor. “Men du må ikkje overdriva”.
Men det er fredagskveld, himmelen er blank og eg har ostepop i ei skål.
Noko har eg sagt, men når ein er i ein tilstand kan ein ikkje skriva om den i eitt sett.
Det vert traurig lesing.
I tillegg har det vore skreve ein del om sutring her inne, og eg ville ikkje stå fram som ei sutrekjerring.
Sjølv om eg veit godt at det som livet vert fylt av får ein trong til å dela. Spesielt i ein start.
Dette går på alt som er nytt, om det er helse eller hending.
Eg dett ut frå bloggen rett som det er. For mest all energi går med på å koma gjennom det eg skal.
I lang tid har eg ikkje jobba meir enn 50%, det starta med ein diagnose på å være såkalla utbrent. Og sjølv om den tilstanden betra seg frå det som var hovudproblemet; hukommelse og energi, så forflytta alt seg meir og meir over til ein kropp som både svikta og ga smerte.
Så da fortsett ein med leitinga da, kva er dette?
Opp i dette har eg vore svært heldig, eg beheldt gleda og eg fekk mest ein distanse til meg sjølv. I tillegg har eg hatt trua på at det ville bli betre og ei overtyding om at det ikkje var noko farleg.
I dag er eg mest i ein euforisk tilstand.
I går var eg hos ein spesialist. Han fann ein diagnose.
For å seie det som det er har eg INGA lyst på nokon diagnose. Men når det har vore som det har og som det ikkje skal være, har eg lyst dei skal finne den “slangen” i meg, som om eg var ein bil, få festa den slik at eg kan fungera -.
Eg har betennelsar i kroppen, i ledda, i mange ledd. I og med at eg har vore gjennom koloskopi utan funn, saman med undersøkningar i går, var konklusjon å gå i gong med behandling av leddgikt.
Eg skal nok gjennom nokre fleire undersøkningar for at dei skal være enno meir sikker.
Men…..i går vart knea tømt for veske og fekk kortisonbehandling, saman med ein av fingrane.
I dag skal eg ta det med ro.
Det som er det fantastiske, det som gjer meg euforisk, eg kan reisa meg utan at det er vondt.
Da eg i vår var på røntgen for fingrane og skulle reisa meg frå stolen på venterommet, gjorde eg slik eg måtte….satt og vrikka for å mobilisere for å koma meg opp, noko som resulterte at ein som sat og venta spurte: “Sit du fast i stolen?”
Han såg ei stor dame som ikkje fikk seg opp, konklusjonen var at stolen måtte sitja fast i kroppen. Eg har ledd mykje av den kommentaren, for det vert eigentleg komisk.
– Ei heilt ny framtid har opna seg for meg. Ei framtid der eg kan igjen. Trua på at no endeleg er eg gjennom denne tunnelen.
Greitt, eg er ikkje glad for tanken på at eg må i gong med medisin. Eg likar ikkje ha i meg slikt.
Men får eg attende eit meir fungerande liv gjer eg det med glede.
Og eg ER glad.
Eg føler eg har fått livet mitt att.
“Korleis reagerer du på dette” spurte sjukepleiaren eg var innom for å snakka med etterpå undersøkingane i går.
Tankane mine er at ein må gjera det beste ut av alt, og no får eg hjelp til å koma ut av den bobla eg har vore i. Og eg trur på at eg kan igjen. Eg kan tru og håpa.
No har eg vore inne og sett både på tog og fly. Kanskje eg tek meg ein ferietur likevel……fordi eg KAN!
Så i dag er eg glad. Ordentleg glad.
Og så kan eg starta å bygge opp musklar som har minka….for no trur eg på eg kan både det eine og det andre. Trur eg kan alt. Utan desse fordømte vondtane.
Eg gjev meg lov til å glede meg til framtida.
(Noko smårusk må ein akseptere når ein nærmar seg 60).
I kveld er det godt å være heime igjen. Men det har vore eit triveleg døgn.
Henta foreldra mine og plukka opp dotrene på returen i går. Turen inn til byen er litt krevjande om dagen. Det er omlegging, graving og rundkjøringar an mas. Men vi kom oss fram og på plass.
Søster mi har vindauga fulle av orkidear. Dei var overdådige.
Og kveldshimmelen var vakker utanføre stoveglasa.
I dag vart ærenda utført og turen attende var etter kvart klar. Vi kjøyrde innom Ikea, for glasa mine hadde liksom forsvunne på eit mystisk vis. Eg er glad i desse store. I dag gjekk eg for farga grøn.
Yngste hadde fått kjøpt seg nytt brett etter det gamle knakk. Ho er lykkeleg ogrulla nettopp ut i kvelden med boffen.
foto:ingrun
No er vi heime, vi er trøtte og skal straks sova både ho som brukar tastatur og ho som rulla ut.
Fredagen var som ein fanfare, vakker som få. Her stoppa eg bilen i fart frå og til. Måtte ta bilete.
Eg var på andre sida av fjorden. Såg rett over på mitt rike. Det var berre fjøstaket som reflekterte sola. Hustaket, som er grått, vistest ikkje.
I går var dagen grå og sur. Vi var invitert til feiring av mellomste søster mi. Ho fyller år i morgon.
I går var dei på hytta med heile familien. Her er ho saman med eldste dotter. Det var ho som hadde gått i bresjen for feiringa to dagar før datoen. Ho laga pizza for den store gullmedalje. Eg spurte om dei nokon gong hadde hatt så mange gjestar på hytta. Dei trudde kanskje ikkje.
Vi hadde en triveleg ettermiddag, klokka hadde vorte svært mange da vi såg på den. Samtalene hadde fløyma. Var nokon som kommeterte at det summa skikkeleg da dei var ute ein tur. Summa frå oss inne. Da går tida fort.
I dag har vore av desse dagane ein ikkje ynskjer for mange av. Tung og grå. Eg har sove mykje. Yngste kjenner på sår hals.
Dagen i dag er vakker. Trur den finaste hittil i sommar. Så varm at skygga er god å væra i halv ti på morgonen i singlet og shorts. Det er siste feriedagen min i denne omgong.
Denne ferieveka mi har vore ei uroleg veke. Men det å kunne gå ut glasdørene frå eit helseføretak i går, ferdig med ein skikkeleg ubehageleg undersøking, kunne atter eta og vite at alt var bra. DET var godt!
Eg hadde ein draum om ei roleg veke, der eg hadde meg i fokus. Der Fitbit klokka mi fekk vera mi leiarstjerne. Den dirrar på handa mi; gå 120 steg seier den, opp og hopp osv. Den melder når eg er for inaktiv.
Men slik vart det ikkje.
Og noko køyring vert det nok i dag også. Yngste er heime, ho har fått mange småjobbar her og der, så da blir det køyring på ho mor. Eg synest det er viktig ho har sommarjobb. Så er det foreldra mine, dei må i butikk. Men kanskje nokon andre køyrer dei i dag.
Men sola skin frå knallblå himmel. Det er sommar. Det er siste juni. Og livet er herleg.
Dagen i dag er vakker. Trur den finaste hittil i sommar. Så varm at skygga er god å væra i halv ti på morgonen i singlet og shorts. Det er siste feriedagen min i denne omgong.
Denne ferieveka mi har vore ei uroleg veke. Men det å kunne gå ut glasdørene frå eit helseføretak i går, ferdig med ein skikkeleg ubehageleg undersøking, kunne atter eta og vite at alt var bra. DET var godt!
Eg hadde ein draum om ei roleg veke, der eg hadde meg i fokus. Der Fitbit klokka mi fekk vera mi leiarstjerne. Den dirrar på handa mi; gå 120 steg seier den, opp og hopp osv. Den melder når eg er for inaktiv.
Men slik vart det ikkje.
Og noko køyring vert det nok i dag også. Yngste er heime, ho har fått mange småjobbar her og der, så da blir det køyring på ho mor. Eg synest det er viktig ho har sommarjobb. Så er det foreldra mine, dei må i butikk. Men kanskje nokon andre køyrer dei i dag.
Men sola skin frå knallblå himmel. Det er sommar. Det er siste juni. Og livet er herleg.
I kveld sit eg her med raudt ansikt og andre raude område på kroppen. Ikkje visste eg at sola tok så godt den stunda eg sat ute på terrassen og ikkje sola meg.
Eg har hatt nokre travle dagar med å gjera i stand til sommaropning på museet. I tillegg startar eg med ferie, så det var nokså mykje koordinering føråt for å få dette til. Berre ei veke ferie i denne omgong, resten tek eg seinare.
Da ferien starta var eg rimeleg ute av fokus.
Fokuset er ein gjengongar. Eller manko av det.
Eg fortalte om den delte plenklipparen. Men graset er for langt til å bruka ei slik innretning.
Likevel, kva er det eg ikkje har……
I går vart det innkjøpt riktig blanding av olje og bensin, for eg trudde kanskje det kunne være litt lite igjen. Eg måtte så klart ta i bruk kantkipparen.
Akkurat ja, men kvar var denne kantklipparen…..?
Her har det vore leiteaksjonar, opp til fleire gong på dei same områda.
Og når bruka eg den sist?
Var det i fjor eller året før?
Skal ikkje seia meir om å ha fokus, men eg har nok alt for mykje plass og alt for dårleg husk.
Så her sit eg og drikk……
Nei, nei, eg har ikkje slått meg på flaska.
Så ille er det likevel ikkje.
Men eg skal drikka nokså mange liter blank veske i dei næraste timane no. Eg kunne drikka te, kaffi, buljong, mineralvatn og vatn, men det sto ikkje noko om at det kunne være alkohol i dei blanke veskene eg måtte få i meg.
I morgon skal eg få eit heilt “filmteam” på vitjing i unevelege delar.
Noko må ein vel finna på i ferien.
Så dei neste timane må eg være i nærleiken av toalett. Noko som vil verta utfordrande fordi eg ikkje har innlagt slikt i bilen min, men ein skal ikkje problematisere.
Og så tenkjer eg på i morgonkveld, viss på at eg overlever. Da kan eg atter eta normalt og så kan eg kryssa av på lista av kva som ikkje feilar meg.
Eigentleg vonar eg dei finn ein liten slange, slik som på bilen da den starta å få problem i motbakkane, som berre måtte festast og så gjekk bilen som eit olja lyn.
Når den vesle slangen er festa slår fokuset til, eg kan spretta og hoppe som ei kvige om våren og eg blir tynn som ein sytråd.
Av og til er det best å ikkje forklare. Har eg forstått det utan mi eiga erfaring……
Eg spurte om det fantest skruar, skruar til ein plenklipper eg kjøpte for nokre år sidan. For klipperen og handtak sto kvar på kvar sin plass. Behaldaren sto ein tredje plass. Men skruane som høyrde til var ikkje på nokon av desse stadane.
Det høyrest unekteleg rart ut.
Ein plenklippar liksom….
Eg kunne også fortalt om ein høgtrykkspylar som det var enno fleire år sidan eg kjøpte. Eg veit kor den står, men eg har aldri pakka den ut. Og det kjem ikkje av at eg ikkje treng å spyla noko.
Det kjem av at hovudet stoppa å virke slik eg hadde vore vant til. Det fungerte for dårleg til det meste, lenge.
I fjor skulle eg ta fram plenklipparen for å bruka den, det var da eg først oppdaga at den var meir enn stykkevis og delt.
I år krumma eg nakken og gjekk på igjen. Jentene mine vart og aktivisert. For vi er fleire i dette huset som ryddar. Dei fann stengene, men ikkje skruane.
I dag prøva eg ei lett leiting. Nei, ingen skruer i skuffene på vaskerommet.
Seinare fann eg ut at eg måtte ta vekk nokre bringebærgreiner og tok opp skuffa der eg har noko hageutstyr i ein kjøpmannsdisk i vindfanget.
Da såg eg det……
Eller dei………
Skruane og manualen til plenklipperen kjøpt for tre år sidan…….trur eg det var da.
Gleda er stor og graset er langt.
Og eg har håpet både i lengda og bredda for både det eine og det andre -.