Resultatet av mange timars arbeid fikk vi sett på fredagen. Og eg fryda meg.
Yngste var ferdig med første året på universitetet.
Det er film som er faget.
Filmane til både første bachelor, bachelor og master skulle visast fram. Visninga var lagt til Nova, ein kino iTrondheim, gode stolar og nyting på høgt plan.
Eg er glad i film.
Det var hovudsakeleg kortfilmar og nokre lengre. Ein dokumenter og ein musikkvideo.
Det som var gjennomgåande i mest alle visningane var katastrofe, våpen og fantasi som sjanger.
Ein såg utviklinga i dei tekniske grepa etter kor langt dei var komne i filmstudiet. Og den som masterstudentane viste var ei perle av ei film. Dei brukte svart komedie og hadde eit herleg persongalleri. Og filmen fekk massiv applaus.
Det var også ein av dei i første som hausta god applaus og det var filmen som gruppa til mi yngste hadde. Ein film om å bli gamal og ikkje prioritert, men likevel med ein optimistisk snert.
Den fekk tårane fram. Og smilet.
Elles kosa eg meg med presentasjonane, over ungdom som det vistes syntest det var ekkelt og presentera filmane sine. Dei var ikkje full av glatt sjølvsikkerheit. Det vart så menneskeleg.
Etter kvart vil dei nok veksa inn å meistra fokuset. Trur eg.
Yngste var i strålande humør da vi tok turen bort til Svarlamon.
Ein idyll i Trondheim langt unna den materielle jakten på det “perfekte”. Mellomste bøyer seg ned for å få sikt der vi kjem litt etter.
I bakgårder med vasken til tørk.
Der fargane rådde.







































