Mett er eg her eg sit. I ljoset frå teljosa på bordet.
Akkurat no sit eg med musikk på øyra. Den treff rett inn, inn til det indre av meg. Eg likar ta på meg headsettet og bo i musikken.
I dag har eg støvsuga teppa i stova grundig. Når ein har ein ullhund må ein rekna med alt som følgjer med. Det er ikkje mykje hår etter han, men ulla samlar seg i skavar.
Helga er godt i gong. I dag vakna eg til ein dag godt i gong. Atter.
Kvifor søv eg plutseleg så lengje? Eg skal ikkje påstå eg la meg kjempetidleg, men likevel. …..Må eg til å setja på ringarklokka i helgene???
Dagen har vore heilt utan stress. Berre smårydding.
Noko av det første eg gjorde var å ha enno meir sukker i sirupen. Eg er i gong med noko eg har tenkt i mange år; kandisera frukt. Er komen til dag fire. Prosessen tek to veker. Spent på resultatet.
Det er så godt å ha ei helg utan planer. – Men vurderar å laga smultringar i morgon. Smultringar er ikkje nokon favoritt, men vermer ein frosne er dei gode nok. Faren min er glad i dei, så for å gleda han gjer eg det. Og det er overhovudet ikkje noko offer. Når ein får ha ein så voksen far må ein stella fint med han.
Elles vert jula slik den har vore i mange år. Huset fullt av folk. Ungane, foreldra mine, søster, tanteborn og far til ungane. Det vil seia vi vert ni stykke. Når ein er så mange vert det og mange hender som hjelpe til. Det er ikkje så sikkert at ein kan rekna med at det vert slik i årtider framover. Eigentleg er det rett så koseleg dei dagane det står på.
Men i kveld er eg for meg sjølv. Eg synest det også er svært fint. Trivest inne i hovudet mitt med musikk og tankar i ei herleg røre.
Riktig god helg.

























