Ein dag som i dag

 

Denne dagen, den eine dagen i året. Da teljaren liksom seier “klikk” også kjem eit nytt tal opp.

 

Det regna friskt da eg vakna. På dagen min. Eg drog dyna over meg, men sovna ikkje. Så eg sto opp. Spekulerte på om det var no eg vart vaksen. På badet hang ein lapp.

Eg snudde den.

Godt med slike vakre ord på ein dag ein kan treffa på å bli ei aning emosjonell.

Plana er å grilla. Mange grønsaker og litt anna. Eg skal også laga ei iskake. Vi blir ikkje mange. Berre litt familie.

Eg opnar pc’n, på fb dukkar det opp gratulasjonar. Går inn på bloggen. Der ligg det ei melding, frå Frodith…….om at det står noko på sida hennar.

Og der inne har ho laga eit så koseleg innlegg fordi eg har fødselsdag. Eg blir rørt, glad og får litt lyst til å gøyma meg……noko med alt fokuset på meg.

TAKK Frodith.

Du imponerer meg med alt du greier og får med deg <3.

No skal eg straks til å ordne opp til dagen. Men først skal yngste og eg eta frukost. Laks og eggerøre. Det skal bli godt.

Ynskjer ein riktig fin dag til deg som les.

 

 

Feil side

Kva veit du om elektrisk rullestol? Ein slik innretning som hjelper folk som ikkje har føtene å lita på, til å koma seg framover.

 

Eg tenkjer ikkje teknisk, men korleis den skal brukast i trafikken. For dette er nok lite kjend. Dette er ein innretning med hjul på. Og den går av seg sjølv, for den er elektrisk.

 

Kor trur du denne stolen skal være når personen som brukar den skal ut i trafikkert område?

– Ein veg der gåande og bilistar deler vegen. Det finnest mange vegar i land vårt som ikkje har fortau og sykkelbane.

 

Eg har fleire familiemedlemmar som bruka elektrisk rullestol. Og dei fortel om det same. Om skarpe blikk og til og med tilsnakk når dei kjem. For folk meiner dei er på feil side av vegen.

Ein som kjem i elektrisk rullestol er å forstå som gåande. Når dei køyrer etter vegen skal dei køyra på venstre side av vegbanen som ein gåande. Dei er ikkje syklande eller køyrande. Så bilane som kjem i mot vil få ein elektrisk rullestol i same vegbane som dei sjølve er i.

I Trafikkreglene §1Definisjoner, punkt 1, under bokstaven l står det:

Rullestol: Innretning, med 3 eller flere hjul og/eller belter, som er særskilt konstruert for forflytning av en person med redusert gangevne. Innretningen må ha egenvekt ikke over 250 kg (inklusiv eventuelle batterier), lengde ikke over 180 cm og bredde ikke over 80 cm. Dersom innretningen er motordrevet, må den være konstruert for en hastighet som ikke overstiger 10 km/t. Slik innretning anses ikke som kjøretøy etter vegtrafikkloven § 2.

I §2 Anvendelsesområde, fravikelse av vegtrafikkbestemmelser m.v. , punkt 3

3.  Som gående regnes også den som

a)  går på ski eller rulleski,

b)  fører rullestol eller sparkstøtting eller aker kjelke,

c)  Leier sykkel eller moped, triller barnevogn eller bruker lekekjøretøy.


Frå google

Dette er det nok alt for lite kunnskap om. Så eg vil prøva å kringkaste dette.  Ingen har lyst til å køyre på nokon. Attom ein sving kan det væra nokon som er ute å trillar ei barnevogn, det kan være eit dyr, ein gåande eller ein som må bruka elektrisk rullestol for å koma seg fram…..

Vær observant og ikkje køyr så du skadar nokon.

Og ein som kjem i ein elektrisk rullestol på venstre side av vegen er på riktig side. Han er gåande!

Hugs det!

 

 

Det er mykje som er bra

 

Ein ny vakker dag i ferielandet Noreg. Med vakkert solglitter i sjøen.

 

I går hadde eg ein fridag, utan at den var plagsam fri.

Eg hadde dagen med sjåføroppdrag. Køyring av yngste til og frå sommararbeid. Tømming av ein tilhengar for foreldra mine. Den sto i ein bakke, så den starta å trilla og køyrde seg fast mot bilen. Dette laga merke i lakken. Så drøymen i natt om at bilen køyrde inn i ein garasje inn i ein annan bil hadde ein touch av det verkelege.

Eg må finna noko å dekke over med, så det ikkje startar å ruste. Ikkje noko artig på ein til da ripe- og bulkfri bil.

Ikkje er eg flink på å rygga tilhengar heller. Og desse mennene på søppeltømminga kan kunsten å vera fantastisk irriterte. Det gjekk likevel greitt i dag.

Så har det vore nokre telefonar og innom for å yte nokon litt hjelp.

Men eg lever. Eg er frisk. Og det er sommar.

Eg fekk og ein halv time i solstolen.

Det er ikkje for alle det er slik. På ei lita stund kan livet snu seg. Det som er evig blir plutseleg noko som tek slutt. For livet er så skjørt. Plutseleg er historia heilt annleis. Sjukdom og død er der……

Derfor er det så viktig å setja pris på det når alt er bra. Og å huske på at det finnest ting som har vore bra når livet ikkje kjennes på parti.

 

Vel heime fordelte yngste og eg oppgåvene.

Eg laga middag og ho gjekk tur….mer korrekt…..trilla tur med boffen.

Yngste har trilla ut med brett og hund igjen i dag.

Etter grilling på verandaen og slumring i solstol. Det var godt å kome heim i kveldinga til slikt. Til sol og varme og kunne sitte ute til halv ni.

Nok ein dag med køyring hit og dit. Inn i mellom slikt ein skal.

No kjenner eg at eg er trøyt. Kanskje eg berre skal legga meg etter eg har hengt opp kleda som er til vask.

 

Har dagen din vore vakker og mild?

 

 

Ei helg og ein kveld

 

Denne helga tek kanskje toppen av kransekaka…..er det sagt. Ikkje denne helga, men kransekaka. Eg likar forresten kransekake, men det fikk eg ikkje denne helga. Det fikk eg sist.

 

Men det har vore ei helg med innhald……..for å seia det slik. Meir enn nok eigentleg.

Fredagskvelden ramla det inn ei melding frå sonen……..rakk ikkje flyet frå Uganda, sto det.

Uganda, svara eg…….er det ikkje i Kenya du er!!!????

Det var starten på eit døgn med å finne ut at å mista flyet frå Uganda ikkje er noko vidare lurt. Men noko flaks skale ein ha, så i ettermiddag landa han, eit døgn etter han skulle. Det var frykteleg godt å høyra stemmen da han ringte vel framme.

Jentene skulle ut på ein holme å synga, så eg køyrde dei og hovudattraksjonen – ei som kom langt i Voice – ut dit båten gjekk i frå. Det var usikkert om eg kom utover for å høyra på dei, sjølv om eg villeDet var  5% sjanse. Sa eg.

Med lite søvn etter det eg starta innlegget og laurdagen med, var det liksom nok.

Faren kom framom på veg til konserten. Da fann eg ut at han kunne få nokså store problem med å finne fram til dit båten gjekk frå. Så eg vart med. Likevel.

Det var artig å høyra dei som opptredde. Og eg møtte mange kjende, men eigentleg var eg for trøtt.

Det var godt å ta båten attende halv tolv.

 

I dag var det arrangement på museet, så eg reiste nokså tidleg dit. Det var så godt å sjå det kom mykje folk. Og eg trur dei kosa seg. Det var ein blanding mellom Eritreisk folkemusikk og populærmusikk som vart framført i naustet.

Da dagen var over var det godt å låse dørene og ta inn over seg sola som glitra i sjøen.

Til slutt for vi framom foreldra mine. Det var berre yngste som var att. Mellomste og faren var reist til Trøndelag. 

Da vi var der fekk ho melding om at hovudopptaket var klart. Framtid og studie.

“Eg blir kvalm” sa ho, da ho gjekk inn på sidene.

Bileta over fortel nok kva ho fann. Ho var så sikker på at ho ikkje hadde greidd det snittet ho måtte ha etter vidaregåande for å koma inn på 1. valet.

Det einaste eg er sikker på er at eg er i tvil om reknekunnskapane hennar.

 

Så her sit eg og ventar senga skal ropa på meg. Trøtt og mett av helg. Og med ein son på norsk jord.

 

Humørfall falleri fallera

Ein og annan gong kan det skje. Det som skjedde i dag. Heldigvis er det ikkje ofte.

 

I dag er eg noko eg mest aldri er. Eg er sur.

S-U-R!

Slik skikkelig. Akkurat som alt er gale og feil.

Eder og galle.

Når eg møtte folk og liksom skulle ta på meg det ansiktet eg bruker når eg møter folk, var det akkurat som ansiktet krakelerte.

Slik til vanleg har eg lett både for å helse og smile, for eg er oftast blid.

Alt, absolutt alt var det noko eg reagerte på. Alt var irriterande. Eg annonserte nokre ting på fb fordi eg måtte kunngjera ……..og det som eg las der inne fekk det til å vrenge seg slik at eg vart enno surare.

Eg kunne bitt hovudet av nokon. Slik kjendes det.

Og eg drog filmane der eg syntest det var gjort feil……..mot meg………mot mine. Eg hadde lyst til å blese meg opp som ein kjempeball og trilla over alt eg ikkje likte og markera at nok var nok.

Av alt!

Slike ting eg ikkje bryr meg om til vanleg vart kjempestore.

Så gjett om det passa at eg mest var for meg sjølv heile dagen.

I bilen heim passa det å høyre på Radiohead. Slik skikkeleg høgt medan eg cruisa heimover i dramatisk ånd.

 

Har du høyrd noko av dei?

 

Her er eit kutt:

 

 

Kanskje syntest du ikkje om dei…..det er slik musikk ein må høyra fleire gong på.

Også når ein ikkje er sur. Helst når ein ikkje er det. Eg likar dei svært godt.

Kva gjer du om du mister humøret fullstendig?

 

 

Før alt startar igjen

 

I eit lite  pusterom før alt startar. Siste dagen min i første etappe. Men ut i august har eg tre veker til ende. Med ferie.

 

Dagen i dag har eg sagt ja til ei feiring. Så snart må eg i bilen for det.

På andre sida av fjorden ligg skodda langt nedover fjellet. Den er i fart ser eg. Vidare innover.

Eigentleg er eg nok venta til foreldra, der står ein tilhengar full av rask. Den får vente til neste tysdag som er tømmedag for slikt. Eg må mest være fleire, styrke er ikkje mi sterke side. Muskelstyrke.

No fekk eg telefon frå yngste, kan du ta med det og det sa ho. Eg må straks til.

Veker med arrangement og logistikk ligg framom.

“Skal vi reisa til Portugal” har vi stilt kvarandre spørsmål om, der har ingen av oss vore.

“Vil du være med til Spania” har eg fått spørsmål om.

Det kjennes fint å tenke seg ein tur. Men det spørs……….

I år fekk eg restskatt som vil svi. Verken skatteetaten eller eg følgde med at når du får nokon som passerer atten år skjer det noko. Så eg som har vore vant til å få attende fekk sjokk.

Men drøyma kan ein. Om tur.

No eg…, må rekka å kjøpa ei gåve.

Jentene er alltid hyggeleg å dela tid med, og å feira faren og møte ho som ein gong var svigermor går bra. Henne har eg forresten lova å vitja…..lenge…….må få det til også. Denne sommaren har vi sagt.

Alt blir ei råd, alltid, til slutt.

 

Grill og hymens lenker

 

Ei helg-, ei vakker helg er over. Og sol og skyer fargela dagane perfekt.

 

Ein vert vel smidd i hymens lenker og ikkje grilla, slik overskrifta mest kan tydast.

Men så var det berre slik at den eine dagen var grilling og neste var det gifting.

Sola sto opp om fredagen og gjorde dagen varm. Å sitja ved sjøkanten med lette sommarklede for å bli kjent med dei ein ikkje kjente frå før var ikkje feil. Det var ein vakker start på ei vakker helg der to viste verda at dei hadde valgt kvarandre.

 

Her kjem bilete frå dagane og litt tekst.

 

Fredagskvelden:




 

Laurdag:

Sola var også med oss på laurdagen, den store dagen.

Vigsla var humanetisk.


Jentene mine hadde ikkje vore i bryllaup før og syntest scena dei var i minte dei om film.



Søskenborn og søstrer-.

Fotografering mellom vigsle og mat tok ei tid. Så det var godt å kunne setja seg ved det festdekte langbordet da den var overstått.

Vi fekk kamskjel i paprikasaus til forrett, fantastisk fint, mørt hjortekjøtt med fløtegratinerte potet og portvinsglaserte gulerøter til hovudrett. Desserten var ein svært god crème brulee med lakrissmak og bringbærsorbé til. Drikke fekk vi i kvitt og rødt, utan at eg noterte meg namna.

I tillegg var det mange fine talar. Og dei VAR fine.







Kakebordet med felles oppskjering av kake høyrer med.




Ein pyntar seg, både ho som har fått ring på fingeren og dei som har. Og alle dei andre som er med på å feira.

Og så gjekk sola ned og fargela verda så vakkert. Kristiansten festning og Munkholmen låg historisk i bakgrunnen.

Med mørke skyer i tillegg fekk det ei vakker ljossetting.


Og folka snakka, lo og hadde det triveleg.


Så no er eldste mosterungen min gift.

 

 

Ein hårete dag

Når ein er bedt i bryllaup er det ein del ting og tang som må på plass. Klede, sko og i går var dagen for hår.

 

Eg stoppa ein gong i tida å gå til frisør. Eg hadde ikkje plass til det. I tillegg såg eg verre ut etter enn før. I førtiåra prøva eg mange gong, eg såg ikkje ut; sint, sur og trasig. Så eg ga opp.

Og etter kvart vart eg ei blondine heilt av meg sjølv. Til slutt var det kvitt frampå, og eg såg det var for mykje av det gode og at eg ikkje vart yngre av denne looken.

I baderomskåpet står det farge for å laga striper. Det var tanken som ikkje vart utført.

I går susa vi til Trondheim, nokre skulle ha klede og nokre sko.

Eg skulle til frisør!

Det er meir enn nok som driv med den slag her eg bor, men eg synes mange ser litt ut som meg i førtiåra…….litt slik småtrasig etterpå.

Vanskeleg dette.

Det var da eg kom på det. Skulle eg først ta ein sjanse kunne eg ta den skikkeleg. Mellomste har ei veninne som nettopp er ferdig utdanna frisør. Til henne bestilte eg og dro til.

Eg angra ikkje. No har eg funne frisøren min. Eg håper mange andre finn henne også. Ho har berre kontrakt hos Aganton Sax ut året. Da kjem det an på om ho har fått mange faste kundar forsto eg, for da fekk ho fortsetja.

Etterpå var innom mellomste. Der var det folk på vitjing. Og eg syntest det var heilt vittig med alle skoa i gongen som møtte oss.

Der sat det mange unge sinn som såg på fotball. Skikkeleg godt med ein skikkeleg dose unge menneske. Eg synest det er godt å ha tid inn i mellom med dei som er ved starten til det meste.

Snart er tida over i dette bofellesskapet, men til hausten skal begge jentene mine og to veninner av dei flytta inn i ei anna leilegheit. Den var så fin at det gløymte å spørje om det meste sa dei, når eg vile vite om ditt og datt.

Jentene fann seg ikkje klede. Så til slutt, etter butikkar var stengt og etter ein kaffikopp, køyrde vi mellomste til kjærasten – som eg ikkje har helsa på…….men no har eg vinka til han…….

Vi var innom pappaen som er litt invalid etter operasjon med berre ei hand til hjelp. Vi hadde sagt vi kunne handla mat for han.

Så heime var vi seint nok. Da gjekk yngste i gong med ein tanke. Eigentleg skulle ho ta buss til Trondheim for å sjå etter meir klede i dag.

Bryllaupet er til helga.

Ho har ei mormor som er over middels oppteke av klede. Og ho har arva ein del av desse avlagte. Så ho kom fram med ei buksedrakt, den gjekk ho i gong med å skifte eit strikk på. Og eg fann fram sko i samefarge som var i drakta. Da klokka passerte to i natt hadde ho antrekk.

Det var ei trøtt jente eg køyrde på arbeid klokka ni i dag. Men ho var i strålande humør, for ho var overbevist om finare klede å ha på seg hadde ho ikkje funne om ho hadde reist til Trondheim i dag og leita i alle butikkar som var.

 

Timar i natta

 

Tida går fort i dei små og grå timane. Berre let den gå fordi kan ein gjera slikt. Ein har da ferie…

 

Før dagen i dag startar ordentleg med kjøring og kasting av skrot. Butikk og handling og alt slikt, legg eg inn nye øvingar….. Eg som har funne teikneprogram på data’n min. Denne gongen vart det paint fresh eg prøva. Slik vart det……dei evinderlege damene som er så lette å teikna…..uuuppps…..måla. Men det blir fort teiknemåling. Sjølv om eg starta attafrå og arbeidde meg fram til det ljose.

Created with Microsoft Fresh Paint

Etterpå tok eg det inn i pixlr for å vri og vrenge på det der. Kosa meg kraftig med å finna ut.


 

Til slutt var natta her og det siste arbeidet eg leeenge med. Litt overarbeidd vart det eigentelg. Men eg skulle lagra det. Og så forsvann det under lagring.

Da skjøna eg det var på tide å finne senga. Så i dag er eg litt rusket på auga.

 

Kva skal du i dag?