Ost

 

I dag forsvann eg opp i ei anna tid. Ei tid da ein laga det meste av maten sin sjølv.

 

I går kveld fekk ein telefon.

“Kan vi få låna nøkkelen til seterbua” var spørsmålet.

Sommaren sin seterdag er i slutten av månaden. Eit arrangement det brukar å koma mykje folk på. Koking av ost er noko av det som skjer og yngre krefter må til å tenkja på å ta over stafettpinnen. Så det var plan om ein omgong med ostkoking for trening. Ville eg, kunne eg også væra med.

Så etter å ha køyrd yngste på jobben reiste eg til fjells.

Der var dei godt i gong. Eg har vore med på dette ein gong før og henta notatane min. Denne gongen kjendes alt mykje greiare.

Mjølka fekk koka i mange timar.

Vi rota i den store jerngryta på skift. Den sto på den ein gamal omn. Den vert teke ut kvar sommar til dette bruket. Den har ringar å ta av så den store gryta passar oppi. Slik har den har vore bruka mang ein gong på 1800-talet og oppover halve1900-talet. Og seinare, da seterdagen starta for snart tre tiår sidan vart omnen og gryta teke i bruk att.

Hundane og ungane leika seg på setervollen. Sola skein og vatnet i elvakulpen glitra.

Til slutt var osteproduktet ferdig. Det smaka karamell.

Så var det opprydding  og låsing  av buene. Vi aspirantane avtalte ein ny prøvekoking før seterdagen. Det er alltid litt vemodig å reise ned frå dette paradiset ein får lov til å nyta.

Nede igjen hadde yngste og eg funne ut at vi skulle grilla. Sommarkotelettar og maiskolbar. Vi fyra opp og sette i gong.

Berre for å skjøna at dette med grilling har vi ikkje helt teket på. Kotelettane greidde vi å brenna. Og eg har endeleg forstått at eigentleg skal ein ikkje gå frå når en driv på med dette. Det har eg alltid gjort. Blir litt som med ostekokinga, ein må passa på.

Snart no skal vi straks avslutta dagen med arme riddare. Så matfokuset er det ingenting å seia på her i garden.

Og slik heilt til slutt, kanskje snika seg til ei lite skive eksklusiv brun ost.

 

Artig å leika

Ikkje vera fornuftig på ein flekk er ikkje slik borte vekk. Av og til. I dag har det vore av og til.

 

Dagen i dag sklei vekk som kvikksølvkuler. Eg fekk ikkje heilt tak i den. Av og til fungerer det også. Berre let alt vera. Eg har vore på ei lita vitjing. Og det har også gått opp for meg at eg har ein hund som ikkje er bedt i bryllaup. Neste helg bør eg ha løysninga på det.

 

Og så oppdaga eg at det eg la ut i førre innlegget ikkje var teikna med paint, men med noko som heiter paint fresh. Derfor mått eg gjera eit nytt forsøk………for det viste seg at paint dukka opp da eg søkte inne på pc’n. Så eg hadde paint og eg teikna ikkje i paint, men i paint fresh. Så her innrømmer eg tvert at eg laug. Derfor måtte eg gjera eit forsøk med paint også. Og heilt av seg sjølv vart det over det evigvarande temaet ho og han.


 

Etter det måtte eg prøva ein gong til med paint fresh. Og så må ein prøve for å læra. Her oppdaga eg at ein kunne lima inn eit bilete. Fann eit av meg sjølv og smeisa inn. Artig å prøva ut at det gjekk faktisk å måla over biletet………så her leikar vi oss.

Created with Microsoft Fresh Paint
 

Men no må eg finna på noko anna.

 

Korleis har søndagen din vore?

 

 

Hekta

 

Så sat eg der å dingla med ein pc i fanget. Eg tenkte på slikt eg las på bloggen. Slik eg snappa opp.

Den som snakkar mest om det og brukar det mest er Frodith. Ho brukar det i illustrasjonane sine. Teikningar. Teikningar i paint. Det er fleire og, men ho brukar det mest i alle innlegga sine.

Paint tenkte eg. Det har eg ikkje. Og så har eg ikkje tenkt meir på det. Ikkje før i no. Litt slik smådesperat starta eg å leita på nettet. Plutseleg tenkte eg må ha, må ha.

Og når ein vil ha noko slikt sterkt brukar det i grunn verta slik.

Så plutseleg……..etter lang tid var det på plass. Det laaaaasta svært lenge.

Men da eg endeleg hadde det på plass forsvann timane. For eg teikna på pc’n min. Det var artig skikkeleg artig. Litt slik hekta-artig.

Og her kjem første forsøk på å bruka paint.

Created with Microsoft Fresh Paint
 

 

I ro

 

Det er så godt å være her. I ro og i regn. Ein laurdag utan anna plan enn å leva.

 

Det er helg over land og by. Ein laurdag i starten av juli. Det regnar og det er kaldare enn i går. Og det er heilt perfekt at det er akkurat slik.

I går hadde eg ein dag i frakt og køyr. Mange av desse familiemedlemmane mine som skulle både hit og dit. Da eg hadde køyrd yngste dit ho var, skulla eg ha stoppa……..mange gong.

“Hjelp” sa eg.

Det var så vakkert…….sjøen, grå, grøn, blå, turkis heilt spegelstilt. Landskapet som båra seg i nes og vik bortetter. Hus og hagar. Gamle sjøhus. Men eg tok meg ikkje tid til å fanga det i bilete,  eg berre drog synet inn i kvar ei celle.

Da eg sat å venta på mor seinare, som var inne til ein time, bruka eg tida til å snakke med ei venninne. Du må kjøpe deg eggelikør for å feira ferien sa ho.

Det er så godt å væra så gamal at ein berre gjer det. Likør liksom. Innbiller meg det er det gamle damer drikk.

Så seinare køyrde vi gjennom enno meir natur for polferd, anna handling og ein kaffikopp. Med og utan krykkjer. Krykkegjengen og vi andre. Sa at eigentleg skulle vi utan krykker hatt også, det hadde vore eit sik komisk syn….ein heil familie på krykker. For det er greit å spøke litt. Synest eg.

“Hysj no” sa mor. For ei mor blir aldri ferdig med å oppdra.

Her er frå 12. juni da vi også er på farten.Da var vi på Valsøya, ein annan vakker stad på Nordmøre.

Når eg snakkar om natur, må eg legga inn frå kvelden etter badinga på fjellet. Ljoset var rosa. Heilt rosa. Det hadde regna litt, så ljoset vart reflektert i vatnet på vegen. Yngste fauk ut for bilete og eg etter.

I gårkveld var yngste og eg saman heime. Vi gjekk i snakkemodus. Krølla oss saman i sofaen og med reker og kvitvin. Og på meg var det litt eggekonjakk for å feire ferien.

Kva vi snakka om?

Det hugsar eg ikkje, men det er trivsel i å ha det triveleg.

Det er godt å berre ta tida heilt, heilt med ro. Det gjer vi i fullt monn, medan tida lakkar og li seg gjennom ein laurdag i juli.