Verda attom orda

Den er mange bøker som har gjeve meg sterke opplevingar. Spesielt dei som det er mange år sidan eg las.

 

Den siste boka eg høyrde like før jul var fin. Ei bok som gjekk stille i dørene, sjølv om den inneheldt nok dramatikk. Den har ein oppfølgjar ser eg.

 

Det var oldemorbloggen som utfordra meg med å fortelja om bøker eg har lese og som sit igjen i hukommelsen.

 

Slik sett bør eg absolutt hugsa “De usynlige” av Roy Jacobsen. Handlinga går for seg på ei lite øy på Helgelandskysten. Ein liten familie, kulturen og deira kamp for å overleva. Om utvikling. Midt i dette står Ingrid som veks opp og må ta ansvar. Handlinga er lagt i tidsrommet 1915 til 1928. Ikkje minst er boka interessant fordi eg er avdelingsleiar i ei lite kystmuseum som har fokus på dette tidsrommet. Eg må få med meg fortsetjinga Hvitt hav også.



 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eg har alltid vore glad i å lesa. Svenske Margit Söderholm med bøker frå det svenske bondesamfunnet  på slutten av 1800 talet, romantikken og dramatikken fasinerte ein tolvåring. Eg las så auga vart stort og vått.

 

 

Da eg var rundt 18 år las eg ein serie som sit att i minnet om Familien på Jalna. Historien gjekk over 16 bind og var skreve av forfatteren Mazo de la Roche. Det var krise om ikkje neste boka i serien var inne på biblioteket og eg måtte lesa andre bøker inn i mellom. Handlinga går over hundre år og er om ein rik familie. Eg hugsar hestane og steile menneskesinn. Og ei kjensle av sorg da eg hadde lest alle bøkene og historia var over.

 

Eg vart svært glad i bøkene John Irving skreiv; The Hotel New Hampshire og bjørnen, og dette at ein skulle gå forbi dei opne vindauga. Han produserte mange bøker slik som Garps bok og Siderhusreglene. Eg likte å lese om dette som var så annleis enn det “normale” livet eg levde i. At det var plass til alt som ikkje var slik eg hadde lært. Det å bryta sund oppfatta levereglar og sjå LIVET sjølv om reglane ikkje var følgd.

 

Isebella Allende vart eg og glad i, spesielt “Åndenes hus”. Lika at tyngdekrafta forsvann i forteljinga. Lidenskapen mellom linjane.

 

Og norske Herbjørg Wassmo, frå “Huset med den blide glassverandaen”, heile trilogien, vond og skrapa, men med eit språk som gjorde inntrykk. Eg trur eg har lese alle bøkene hennar. “Dina”, eg gråt da eg las om smultgryta. Svært sterke personar som herja gjennom boksidene.

 

Det er så mange bøker. Er det rart at eg synest biblioteket er ein godtebutikk. Sjølv om eg mista konsentrasjonen;  mykje som har kosta, men også mykje glede.

 

I dag slit eg med å lesa, men lydbøker gjev meg orda og handlinga. Og eg vil også greia å lesa som eg gjorde. Ein dag vil eg atter fossa gjennom bok etter bok.

 

Vatnet, straumen, draumen som forsvann og vi

 

Eg høyrer på radioen på veg inn til sentrum. Nyheitene fortel endeleg om noko anna enn det Amerikanske presidentvalet.

 

Det blir snakka om straumprisane som vil stiga fordi det har vore lite nedbør i det siste.

 

Eg er på tur til biblioteket. I kveld kjem det ein forfattar på vitjing som skal fortelja om den siste boka si. Den er i krimsjangeren, men sjølv om eg ikkje les krimbøker gler eg meg til foredraget og ser fram til det.

 

Hogne Hongset skal fortelja om den siste boka si; Mafiela.


 

I omtalen står det at boka er ein fiktiv spenningsroman, fortalt på eit bakteppe av historiske fakta. Den handlar om korleis kyniske kraftdirektørar ønskjer å gjera seg rike på vårt energibehov gjennom å drive kraftprisane kunstig opp.

 

Det er eit lite knippe menneskjer som kjem. Blant dei som møter opp er ei dame på godt over 90, hovudet virkar svært godt, men kroppen er skrøpeleg. Ho møter i god tid og får lånt bøker før foredraget og snakka litt med oss som er der. Ho fortel blant anna at etter husleige, heimehjelp og medisinen er betalt har ho mest ikkje pengar att til mat.

 

Da forfattaren startar å snakka er publikum fanga. Vi blir ført inn i starten av historia.

I frå det går han over til å snakke om bakteppet for boka. Om kraftbransjen -, om det vi blir fortalt og det som skjer attom dei “stengte” dørene.

– Om ein kraftindustri som etter kvart vart privatisert, der det å tene mest mogleg pengar var det som vart viktigast. Noko som ikkje på nokon måte er ulovleg. I dag er økonomane  i fleirtal og ingeniørane mest borte.

Det er måten det skjer på, der vi, forbrukarene, vert loge for. Vi vert servert historier om lange tørkeperiodar og at det er så kaldt, derfor straumprisane går opp.

Dette er ikkje tilfelle seier Hongset.

 

Han har jobba i oljesektoren i tjue år.

Oljen vil ikkje vera noko som vi i framtida ser på som ein vektleggande industri i Noreg. Vatnet derimot, og kraftindustrien vil være det, seier han. Det er ein fornybar resurs som har betydning langt over oljen.

 

På starten av nittenhundretalet og utover, vart kraftutbygginga viktig. Fabrikkar og samfunn vart bygd opp rundt der krafta kunne takast ut i frå. Først var det industrien som fekk straum, etter kvart fekk dei private hushalningane straum også.

På slutten av åttitallet fortel han om ein statssekretær i finansdepartementet og seinare fiskeriminister, før han vart Hydro-leder, så olje- og energiminister og etter det gjekk attende  til Hydro…..

Og om lovar som vart forandra og konsekvensane av det. Det at Staten fekk mindre styring.

 

Det er mykje snakk i media om røyrleidningar som skal føre straum ut i verden om dagen. Det vert sagt at dette er viktig for miljøet. Men eigentleg handlar det om forteneste, for gevinsten miljømessig er forsvinnande liten. For å selja kraft til land der kraftindustrien har mykje høgare pris presser prisen her i landet opp også. Det er samanheng mellom dei omtala høgare straumprisane vi som forbrukarar må betala og det som skjer ute i Europa.

Det er søkt om å leggja leidningar til Storbritannia der kullprisane er så høge at prisen her i Noreg også vil stiga mykje. 

I tillegg er drifta som er dreven med å tappe og stengje vassdraga svært lite miljøvennleg for det går ut over biologien.  Før skjedde dette i takt med årstidene, noko som ikkje gjekk så hardt ut over naturen. No handlar det om å selja når prisene er som høgst, derfor opnar og stengjes slusane i takt med dette. Den store auren er i ferd med å forsvinna frå vassdrag som produserar kraft. Det er kritisk for bestanden.

Dei forventa auka prisstigningane er også katastrofale for kraftkrevjande industri, noko som vil føra til at den industrien ikkje vil klara seg over tid og produksjonen vil flytta seg til andre land. Kina var nemd som eit eksempel. Der har dei ein annan miljøprofil seier Hongset, bland anna med bruken av køl. I tillegg veit vi kva som skjer med nedlagte arbeidsplassar og folket……

Kritikken er ikkje den at industrien vil tena pengar, men at vi forbrukarar blir loge for seier han opp til fleire gong gjennom foredraget.

 

Vi protesterer ikkje på at straumen vår aukar eit par hundrelappar i året. Dei fleste av oss protesterar heller ikkje om den aukar opp til fem tusen i året -.

Vi forstår at nedbøren kan vi ikkje gjera noko med……

Av og til kan vi kanskje tenkja……men har det ikkje regna mykje i haust da……?

 

Hogne Hongset avsluttar med å lese ferdig første kapitel i boka si. Slik at til og med eg, som ikkje les krim, får lyst til å lesa denne.


 

Folk er engasjerte i etterkant.  Hongset inviterar folk til facebookside der han er i gong med å prøva å få folk til å forstå kva somskjer. – Og til å være med å laga motstand mot det som skjer.

Vil du vitja sida er den HER.

 

Den gamle dama går ut i mørket med rullatoren sin. Eg følgjar henne over vegen og ser ho gå inn døra til det dyre husværet sitt. Ho er nok sliten. Som minstepensjonist må ho væra med på å hjelpa kraftindustrien til å verta enda rikare. Slik at direktørar som går av kan ta med seg 90 millionar inn i sin alderdom.

Men står vi mange nok saman kan stemmen få kraft.

 

 

 

Bok og prat

 

 I dag er klokka for mange. Så i dag skal eg droppe gåturen, tenkte eg der eg sat i bilen på tur heim.

 

Klokka var over seks og mørket heldt på å dekke til naturen. Men skal eg ta med meg foreldra mine på handling i morgon vert det ikkje da heller, tenkte eg vidare.

Men det var for drøyt i kveld kjende eg. Oppslukt som eg var av lydboka eg høyrde på. ” Den fantastiske reisen til fakiren som gjemte seg i et Ikea-skap” eller orginaltittelen ” L’extraordinaire voyage du fakir qui était resté c” av den franske forfattaren Romain Puértolas. En debut roman som på to månader vart seld til trettiseks land.

Den er fornøyeleg og surrealistisk. Eg liker det surrealistiske. No er fakiren komen til Roma og har bestemt seg for å bli forfattar. Han skriv på skjorta si i mørket om ein blind mann.

Romanen minner meg om “Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant” av Allan Carlson i den elleville fabuleringa. Og ei bok eg vart vilt begeistra for.

Da eg kom heim greidde eg ikkje lausriva meg med ein gong. Sat i bilen utanføre fjøset og høyrde på at han hadde møtt verdas vakraste kvinne, fordi han hadde reist i kofferten hennar. Riktig nok hadde han kasta alle dei vakre og eksklusive kleda hennar for å få plass i den. Men ho seier at ho berre er glad til, for no må ho kjøpe seg nye klede.

 

Men til slutt kjem eg meg ut av bilen. Mest som lufta er lunka utan at den er det.

På tur opp til huset kjenner eg nokre regndropar. Eg kjem meg inn, eg kjem meg på do, kjem meg ut av badet…….og plutselg tek eg på meg joggeskoa og……….refleksvesten.

Kan tru eg vart overraska………

Og så strena boffen og eg ut halvmørket og fekk oss ein tur likevel -.