Gje meg ei utfordring

I dag har eg tid til å blogga tenkjer eg, blogga om alt og ingenting og eit nytt år. Plutseleg dukkar det opp ein tanke……

 

Ei veke i eit nytt år nærmar seg slutten. Dette året eg har tru på. Tihøva i verden er ikkje gode var det nokon som sa i dag. Da eg sa eg trudde det vart eit godt år.

Men eg trur på året. Det er noko raudt, gult og gamaldags over det. Så eg trur året vert bra.

Eg veit ikkje kvifor.

Kanskje har den mykje omtala energien auka. Ikkje veit eg. Men da eg køyrde heim ein dag såg eg lovnadar over fjella.

Det har vore kaldt i fleire dagar. Kaldt og vakkert.


 

Før det vart kaldt kom våt, tung snø. Eg køyrde meg fast, var temmeleg oppgjeve både av været, brøytaren og syntest livet var urettferdig vanskeleg. Det var da, for eit par dagar sidan eg tenkte slik.

No har eg godt kunna hatt dette klåre, kalde været i nokre veker. Før våren kom. Men det er spådd mildare værtype igjen, så reknar med det fører til holke.

Kva skulle ein ha snakka om om ein ikkje hadde været å snakka om. Men eg trur eg kunna snakka om det meste. Eigentleg…..

Og her og no dukka det plutseleg opp ein ide. Reknar med den er overkomeleg. Og da må du hjelpa meg. Eg har lyst til å testa om eg kan greia det, snakka om alt muleg. Gje meg eit ord eg skal skriva om…..så får vi sjå om eg greier å seia noko om det ordet.

Så med dette har eg gjeve meg sjølv ei utfordring om nokon vil være med på dette å gje meg eit ord.

 

Akkurat det gjenstår å sjå, men kom igjen; gje meg utfordringar……gje meg eit ord i kommentaren som eg skal skriva noko om :).

 

 

18 kommentarer
    1. Skriv noko om bøker du har lest gjennom tidene og kven av dei som sit fast i pannebrisken. Eg for min del kan aldri gløyme Huset med den blinde glassveranda. Det er mange år sidan eg leste den, og sjøl om eg ikkje kan hugse heile handlinga. kan eg enno kjenne på fortvilelsen til den vesle jenta i boka.

    2. Jeg hører det er mange som sier det samme,att dei har trua på att dette nye året bærer noe godt med seg,vi får håpe det ) det var vakre bilder,jeg liker den sarte fine rosa fargen som ligger der i horisonten.
      Utfordring ja ,det høres spennende ut ) da er mitt ord til deg forventning

    3. En utfordring, siden du vil det skal være en utfordring så bør jeg vel finne et litt vanskelig ord å skrive om… He-he…Skrive noe interessant om i det minste ..
      Så da skal jeg gi deg det første som dukket opp, uvisst av hvilken grunn:
      OSTEHØVEL.
      (og jeg liker ikke ost en gang… 😀 )

    4. Oldemorbloggen: Herbjørg Wassmo er ein fantastisk forfatter, eg likte også godt triologien som den “Huset med den blinde glassverandaen” høyrer til i. Skal skriva om ei bok eg lika :). Takk for utfordringa.

    5. fruensvilje: Har du hørt flere har sagt det, så artig, da stemmer det nok at 2017 blir eit godt år.
      Fargene på himmelen og i naturen er nydelig på denne tida. Den rosa horisonten var vakker den ettermiddagen. Tror det var i går :).
      Forventning….artig, skal skrive om det. Takk for utfordringa 🙂

    6. Så mange fine utfordringer allerede. Mitt ord ble HÅRSVEIS! Jeg synes du alltid er så pen på håret, så det hadde vært gøy å høre dine ord om det kanskje! Lykke til med det nye året. Jeg også føler at det blir det godt år. Likte tanken på rødt, gult og gammeldags!

    7. Gjøre solhelsing 3 ganger på en uke pluss ta et solbilde.
      P.S Jeg har nettopp lest innlegget ditt om solhelsing. Tok et bilde av det og tenkte gjøre det selv, bare ikke klokken 11, den greier jeg ikke…

    8. maiken: Da får jeg prøve det til uka…men det blir litt av en utfordring. Svarer utover uka, så da får jeg håpe jeg har klart det i slutten av uka. Det blir i hvert fall en skikkelig mestringsfølelse om jeg klarer det.
      Det må gå om det ikke skjer klokka 11….

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg