Eg er glad for sola

Den er attende. Slikt gjev håp mot ljosare tider.

 

Den laga ei stripe bortover ekra.

Den skein også på badeveggen.

Spegelen er ikkje rein, men det er berre ein bagatell.

Eg må også leika sol.

Alt vert betre snart.

Akkurat no er det kamp.

Men den er ikkje farleg, berre ein tanke krevjande.

 

Helse ass…….

 

 

 

I flow rett opp

 

Av og til skjer berre alt eg tenkjer av seg sjølv. På ein måte…..

 

No er eg nettopp komen ut frå ein varm dusj. På omnen fresar vegetarburger av raudbete. Snart middag.

Da eg vakna til dagen tenkte eg; eg må pakka veska…….for i neste omgong tenke; neeeeiiiii, inga veskepakking for meg.

Da eg skulle ut døra fann eg fram treningsklede og sko som eg plasserte i ein bag likevel. Og så for eg ut døra. Eg trong ikkje gå, sjølv om eg hadde klede med meg. Tenkte eg.

 

Det starta eit lågterskeltilbod i kommunal regi i dag.

 

Det nye året har trening i fokus………jaaaa, eg veit. Svært originalt av meg. (I tillegg brukar eg å seia at ein skal væra forsiktig med ironi når ein skriv).

Eg har meldt meg på eit program som Norsk Revmatikerforbund har kjøyrd i gong. Forslag på intervalltrening og styrke som blir sendt oss. I dag fekk eg strikk i posten.

I går hadde eg bla. ein time hos fysioterpaut på revmatikeravdelinga da eg var på St. Olav i Trondheim.  

“Du får vel ikkje treninga tilpassa deg der”, sa ho til meg.

 

Og det hadde ho så klart heilt rett i.

 

“Eg trur det er nok at vi får trena opp musklane i låra først”, sa ho.

“Og du skal ikkje overdriva når områda er opphovna av betenning” sa ho også.

 

Så derfor tenkte eg kanskje ikkje det var så bra å væra med på opplegget i dag.

Men da klokka var der henta eg bagen.

Da eg sto i treningshallen, var eg var skeptisk. Korleis skulle eg koma meg ned på golvet??

Det er berre det at det alltid er råd. Når treningsmatta vart lagt ved ribbevegg kom eg meg både opp og ned.

 

Med andre ord, eg har vore å TRENA i dag!!!!!

Det var godt!!

 

Og i morgon er det basseng.

 

Våren er rundt svingen, på bordet har eg kjøpt meg teikn på det.

Og no skal eg eta burger med mykje salat og kjenne meg mest litt perfekt ei stakket stund.

 

Ha ein riktig fin kveld :)))))).

 

 

Glad og gira

 

Av og til kan ein verta så gira at søvnen forsvinn bort i natta. Den vert så og seie ein skygge.

 

Ofte skjer det ikkje, ikkje no lengre. Før – i den grøne barndom kunne slikt nok skje.

Eg har eigentleg mest skrytt over evna mi til å sovna. Slikt straffar seg!

Så i dag er eg rutete og stripete inni meg av trøytleik, og gle meg til at dyna skal viska ut dagen.

Det er opp til fleire grunnar til at søvnen forsvann.

 

Eg har auka aktivitetsnivået, da vert alt travlare.

Plutseleg går det opp for meg at året snart er omme. Eg hadde gløymt å føre over ei ferieveke eg ikkje har teke ut, til neste år. Så da må eg berre ta den veka på styrten.

Derfor må eg skunda meg enno meir.  For å rekka det eg har piska opp, på kortare tid.

Men det er frykteleg artig å kjenna at alt er så mykje meir av alt. Kroppen min kan brukast igjen.

 

Da eg fekk diagnosen tenkte eg at det som ikkje er bra må brukast til noko som er bra.

For ein del reumatiske sjukdomar kan ein søkje rehabilitering der varmen er høgare enn i Noreg. Ein må senda søknaden inn til Oslo universitetssykehus der det er to søknadsfristar i året.

Det gjorde eg.

Ein dag låg ein konvolutt i postkassen. Ein tynn konvolutt. Der sto det at dei hadde teke imot søknaden. Eg rekna ikkje med uansett at eg fekk opphald første gongen eg søkte.

I går låg ein ny konvolutt i postkassen. Ein tjukk ein.

Der sto det: Du er innvilget behandlingsreise.

 

Eg har berre litt over ei veke for å finna ut om eg får det til; hund, kattar, jobb, utskrift frå lege og sjukemelding. Det er ein logistikk. Men vil prøva å få det til.

 

Og tankane, tankane rasa som nokre pingpong ballar da eg skulle sova.

Det eg skulle rekka før ferieveka, og tanken på fire veker med trening og full fokus på meg sjølv. Såg for meg lange gåturar på ei Spansk strand.

Ikkje fekk eg sovna, og da eg endeleg gjorde, vakna eg etter fire og ein halv times søvn. Da sto eg opp, koka meg graut og for på jobb.

 

I morgon må eg væra utkvilt for å få unna meg ein haug av oppgåver slik at eg kan ta ut ei siste ferieveke.

Og i den skal eg laga jul i huset.

 

Men glad og gira vart eg.

Nok er nok

 

Dette innlegget har eg skreve før. Eller omtrentleg. Temaet har vore lufta. Dette at nok er nok.

 

Men først kan eg seie litt om dei siste to nettene og dagen i dag. Eg har lagt attom meg ei kort natt og ei hostenatt som til slutt førte til vasking av golv. Da hadde eg spydd på ein jakke, ei veske, ein hund og på to golv. Natta i natt var berre kort.

Så eg spekulerte litt på om all kjøring i dag ville gå bra. Men den gjorde det. Fekk henta mor til tannlege….det tek meg ein og ein halvtime. Til saman tre timar bilkøyring.

Men vi tok oss ein tur på Kafe Koselig. Viktig å kosa seg.

Og så kjøpte eg meg neglelakk og leppestift. Har ei plan om å bli litt meir jålete.

For nok er nok!

På mange felt. Eg har tenkt det. Tenkt at eg må snu. At eg held på å gå opp snarvegen til alderdom. Med energitap, smertene i alle desse ledd, overvekt, tid som vert bruka i hovudsak på andre…..tida som er att til meg er bruka til jakta på sjukdomen.

Men eg vil da ikkje vera ein sjukdom……no bannes eg……fy fader……var det slik det skulle enda.

Og JA……det kan hende om eg ikkje tek meg saman.

Så no er eg attende til der eg har vore nokre gong før. Som inneheld fokus på rørsle og matinntak.

Eg fann ein app som eg lasta opp. Om inntak av mat. Funker den bra kan eg skriva om den.

I dag fekk eg meg berre ein liten tur rundt omkring i “hagen”. Plukka og klipte i vekstar. Kom ikkje opp på skrittnivået, men etter fire timar med søvn er det akseptabelt dit eg kom.

Og såg med forskrekking på kor vegen var øydelagt etter siste regnskyll.

Men i dag skein sola og det har vi fått lovnad om framover. Blå himmel er nam, nam.

For no har eg snudd og teke første skritt i riktig retning.

  • Wish me luck…

 

 

METEX

 

Så er eg i gong. Med det eg kanskje må halda på med resten av livet, seier dei.

 

 

Eg er i gong med behandling av det som dei fann ut feilar meg; revmatoid artritt.

 

Det har vore mange vitjingar til lege. Våren for over to år sidan starta alt å bli verre. Etter det har det berre gått vegen til dårlegare.

 

Sist torsdag greidde eg ikkje løfta ei bok av vanleg tyngde med venstrehanda. Ein vert nokså oppgjeve av slikt, at kroppen sviktar meir og meir. Og så klart vert ein svært lei av smertene som følgjer med.

 

Det er mange som har det langt, langt verre – så klar over det.

 

Men kan eg greie å fungera rimeleg greitt er det eit stort ynskje.

Eg henta medisinane.

Metex.

Den skal ta ned mitt eige immunforsvar slik at eg ikkje går til angrep på meg sjølv.

 

Dette skal ta ein gong i veka. Det inneheld ein liten dose cellegift. Noko som eg syntest virka særleg ille. Hadde ein reaksjon på dette, starta å gråte. Skjønte eg hadde ein psykisk reaksjon på det eg skulle i gong med, så da fann eg ut det berre var å køyra i gong. Ikkje noko å venta med….psyken min er grei å snakka med den.

Etter eg sette pennen vart eg svimmel, fjern og småkvalm. Men vert det ikkje verre skal dette gå godt slik. Det sto ein del om bivirkningar.

Frykteleg mange som går på dette og får hjelp. Som greier fungera.

 

I dag er det tre dagar sidan eg starta.

Dei sa det kunne ta opp mot fleire månadar før eg kjende nokon effekt.

I dag kjenner eg meg energisk, eg fyk opp og ned frå stolane. Heng klede, løftar ting og vaskar unna. Tenk om eg allereie er betre…….

 

Eg trur det eg.

 

 

Vendepunkt

 

Eg veit eg skriv ein del i koda. I halvsakte ting. I dag tek eg bladet frå munnen.

 

Noko har eg sagt, men når ein er i ein tilstand kan ein ikkje skriva om den i eitt sett.

Det vert traurig lesing.

I tillegg har det vore skreve ein del om sutring her inne, og eg ville ikkje stå fram som ei sutrekjerring.

Sjølv om eg veit godt at det som livet vert fylt av får ein trong til å dela. Spesielt i ein start.

Dette går på alt som er nytt, om det er helse eller hending.

 

Eg dett ut frå bloggen rett som det er. For mest all energi går med på å koma gjennom det eg skal.


 

I lang tid har eg ikkje jobba meir enn 50%, det starta med ein diagnose på å være såkalla utbrent. Og sjølv om den tilstanden betra seg frå det som var hovudproblemet; hukommelse og energi, så forflytta alt seg meir og meir over til ein kropp som både svikta og ga smerte.

 

Så da fortsett ein med leitinga da, kva er dette?

 

Opp i dette har eg vore svært heldig, eg beheldt gleda og eg fekk mest ein distanse til meg sjølv. I tillegg har eg hatt trua på at det ville bli betre og ei overtyding om at det ikkje var noko farleg.  

I dag er eg mest i ein euforisk tilstand.

 

I går var eg hos ein spesialist. Han fann ein diagnose.

For å seie det som det er har eg INGA lyst på nokon diagnose. Men når det har vore som det har og som det ikkje skal være, har eg lyst dei skal finne den “slangen” i meg, som om eg var ein bil, få festa den slik at eg kan fungera -.

(Likar nok den samanlikninga, med bilen).

 

I går vart den funne.


 

Eg har betennelsar i kroppen, i ledda, i mange ledd. I og med at eg har vore gjennom koloskopi utan funn, saman med undersøkningar i går, var konklusjon å gå i gong med behandling av leddgikt.

Eg skal nok gjennom nokre fleire undersøkningar for at dei skal være enno meir sikker.

 

Men…..i går vart knea tømt for veske og fekk kortisonbehandling, saman med ein av fingrane.

 

I dag skal eg ta det med ro.


 

Det som er det fantastiske, det som gjer meg euforisk, eg kan reisa meg utan at det er vondt.

 

Da eg i vår var på røntgen for fingrane og skulle reisa meg frå stolen på venterommet, gjorde eg slik eg måtte….satt og vrikka for å mobilisere for å koma meg opp, noko som resulterte at ein som sat og venta spurte: “Sit du fast i stolen?”

Han såg ei stor dame som ikkje fikk seg opp, konklusjonen var at stolen måtte sitja fast i kroppen. Eg har ledd mykje av den kommentaren, for det vert eigentleg komisk.

 

 

– Ei heilt ny framtid har opna seg for meg. Ei framtid der eg kan igjen. Trua på at no endeleg er eg gjennom denne tunnelen.

 

Greitt, eg er ikkje glad for tanken på at eg må i gong med medisin. Eg likar ikkje ha i meg slikt.

Men får eg attende eit meir fungerande liv gjer eg det med glede.

Og eg ER glad.

Eg føler eg har fått livet mitt att.

 

“Korleis reagerer du på dette” spurte sjukepleiaren eg var innom for å snakka med etterpå undersøkingane i går.

 

Tankane mine er at ein må gjera det beste ut av alt, og no får eg hjelp til å koma ut av den bobla eg har vore i. Og eg trur på at eg kan igjen. Eg kan tru og håpa.

 

 

No har eg vore inne og sett både på tog og fly. Kanskje eg tek meg ein ferietur likevel……fordi eg KAN!

 

Så i dag er eg glad. Ordentleg glad.

 

Og så kan eg starta å bygge opp musklar som har minka….for no trur eg på eg kan både det eine og det andre. Trur eg kan alt. Utan desse fordømte vondtane.

 

Eg gjev meg lov til å glede meg til framtida.

(Noko smårusk må ein akseptere når ein nærmar seg 60).

 

HURRA for livet!!!!!

(Bileta er teke frå stadar dei siste dagane).

 

 

Mellom ljos og mørke

 

Snart vil sola flomme over heimen. I mange timar. Snart. Men enno er det berre midt i februar.

 

Om dagen går dagane utan eg kan seia meir om det. Dagane blir lengre og lysare. I dag såg eg etter sola, men det var overskya. Trur kanskje den rullar over fjellet no. Det var nokså sterkt ljos attom skyene.

 

I dag starta eg dagen i eit varmt basseng. Fantastisk godt. Heime igjen var eg ikkje til så mykje meir. Men etter nokre timar tok eg på meg skoa og ropa på boffen.

Ljoset heldt på å forsvinna. Dagen skein sidt inn gjennom vindauga og trea laga filigransarbeid på himmelen.

Vi gjekk nedover og kryssa vegen.

Ljoset laga ljos og skyggeside på trestammene.

Gamle, grøne trestammer, ein skog i skyggen.

Ei stund sidan vi hadde tatt vegen ned til sjøen no.

Enno hang det gule ljoset igjen.

Sjølv om mørke starta ta plass.


På tur opp igjen ser eg den første stjerna kjem til syne over tretoppane.

Opp igjen var mørket vorte synleg og naturen heldt på å forsvinne.

Eg tok med meg søppeldunken opp og sette den på plass. Fekk også med meg eit par vedposar inn.

Det var skikkeleg godt med ein tur. Og eg greidde det.

Slikt blir ein ordenleg glad over.

 

 

Når ljoset er….

Klokka var halvfem, og enno var det ljost. Dette må eg fanga tenkte eg.

 

Kanskje eg skal gjera det framover, ut for å fanga ljoset mellom halvfem og fem……tenkte eg medan eg for ut døra. For å ta i mot alt ljos som er.

Eg måtte ta nokre bilete av fuggelmattreet……litt slik godteriakti med alt av mat for dei flygande som forsvinn ei stund før ljoset startar å svinna.


Det var kaldare enn kva det hadde vore, på fjella hadde det lagt seg eit kvitt lag.

På greinene hang det dropar, like før dei fraus i fast form.

Skogen vart fargelagt gul i kveldsljoset.

Lucas vart plutseleg vars venninna si, ho kom springande nedover jordene så dei fekk nokre leikebyks før vi tok turen mot haugen.




Utover mot havet låg eit minne om der sola hadde gått ned, sola som snart vil væra attende for å skina på haugen min.

Fjorden låg turkis og dunkel utan ei krusing.

Så gjekk eg ned att.

Himmelen var mest dramatisk, redd for at det kan være snø i skylaga. Eg har ikkje så lyst på snø no.

Så låg huset der, liksom venta.

Medan starta mørket å ta over, for enno har det så vidt oppåtaket når klokka bikkar fem.


 

Men ljoset vil ta over både meir og meir framover dagane.

Er ikkje det fint…

 

 

Helsa gjenom sola og orda

 

Her om dagen tok eg fram ord frå seks år og åtte månader sidan.

 

For lenge sidan er det sidan eg starta å blogge.

Eg leita etter alt.

Mest……

Da……..

Kvar var eg og kor skulle eg?

Og i himmelens namn skulle eg finna energi?

 

For eg var heilt skrapa. Og verres skulle det verta viste det seg.

 

Eg ville så mykje, men til slutt berre kava eg. Husken og evna til å snakke forsvann.

Og eg vil seia blogging likevel førte framover, for den har klarert gjennom desse åra. Og det var derfor eg starta å skrive på dette viset. For å finne fram i alt som kjendes feil, kva og kvifor……

Denne første bloggen slutta eg for mange år sidan etter to år. Men eg har skreve mest heile tida.

To andre bloggar opna eg og, før denne eg har i dag. Den eine sletta eg og den andre finnest enno, men på ei anna plattform. Den tenkte eg etter kvart å skriva om andre med å gjera intervju. No ligg den i dvale.

Men eg legg ein link til eit innlegg for fem år sidan i den første bloggen. Kroppen hadde starta å slå krøll på seg. Krølla seg feil. Men eg prøva å gjera Solhelsing, ei øving i yoga. Eg prøva å få meg til å verta betre…….

Trykk på bilete, så kjem du dit og til innlegget som Solhelsing:

                                                                                                    (Google)

I dag vil eg ha skikkeleg problem med å utføra dette. For kroppen har svikta meir. Men eg er likevel betre. For i dag gje eg meg mykje meir plass. Så sjøl om kroppen er sviktande har eg det likevel mykje, mykje, mykje betre.

Og kanskje kan eg greia Solhelsinga att. Eigentleg trur eg at eg skal. For eg er sikker på at det er mange som har slitasjegikt og likevel greier mykje -.

 

Har du blogga i mange år?

Kvifor starta du?

 

 

 

Ei helsing

 

I dag vil eg helsa frå helsa. Fordi eg er glad, fordi eg trur og tenkjer alt kan verta annleis enn kva eg har trudd.

 

Dette innlegget er meint til deg som synest kroppen ikkje er heilt på parti. Er du i strålande form kan dette verta nokså uinteressant og da kan du lesa ein annan blogg :).

Eg har skreve om psykomotorisk behandling før. I dag har eg hatt time. Faktisk den tøffaste hittil. Den slo meg temmeleg bra ut, og det gjev meg kjempetru – fordi det skjer så mykje av så lite. Men det som skjer er tydeleg så grunnleggjande.

 

Eit par dagar har eg gått greitt i trapper!

 

I dag gjekk fokuset fra føter oppover til rygg og nakke.

“Kva er du redd?” spør psykomotorikaren.

 

Men eg er ikkje redd.

Eg bøyer hovudet i ein strekk.

 

“Kvifor held du pusten da?” seier han.

Eg veit ikkje at eg heldt pusten, eg veit ikkje at eg strammar musklane automatisk over alt. Fordi eg har gjort det så lenge og trur det skal være slik.

Det eg veit er at dette er noko alle gjer, mobiliserer på ulike vis. Det er alltid noko kroppen kan reagere på som set seg i muskulaturen.  

Blir det nok får vi desse diffuse sjukdomane og alle desse plagane.

For vi vert kravd, vi skal prestere, vi skal rekke og stå i så mykje. Og helst vil vi være flinke og alt som er bra. Slik styrer vi på.

Dag ut og dag inn, år etter år.

 

Eg blir bedt om å strekkje ut musklane, så slappe av samstundes med at eg og slepp pusten ut.

 

Men det er vanskeleg å finne fram i seg sjølv, kjenne kor musklane er. Og så starta tårane og renne….

Slik utan vidare.

Eg vert heilt overrumpla. For eg har da ingenting å gråta over. Så eg prøver å kontrollera dei, få dei til å slutte. Eg vil ikkje har noko av dette. Og så sluttar eg å pusta.

Igjen.

 

Men tårane kom av at muskulaturen var så spent i dette området, så da eg slepte fekk kjenslene fri flyt.

Alt ein bit i seg, alt som ikkje har vore godt, i årevis, det set seg fast.

 

Plutseleg forstår eg noko.

– Kva all den kontrollen fører til…..

Eg skjønar at dette er ein automatisk reaksjon av alt ein skal takla, alle gongane ein tek seg saman og går på, sorg, sinne, stress er med på og feilstille oss .

Men vi reagerer så klart ikkje på same vis på det same.

 

Men for min del ser eg plutseleg håpet, eit skinande håp -.

 

Så eg seier det enkelt…..har du mykje du slit med i kroppen…..finn deg ein psykomotoriker.

 

Eg er litt frelst eg no. For eg trur.

Men eg må så klart gjera mitt. Gjera leksa, heimeøvingane.

 

Så eg vil helsa frå helsa, kanskje fleire kan få hjelp.

 

Derfor ville eg dela gleda med dykk <3.