På ein grøn, våt dag i slutten av mai. Ja, sei det – korleis er ståa………
Eg drikk sitronvatn og Chiafrø, for det gjorde Mayaindianerne las eg her for nokre dagar sidan. Chia er sprekkfull av forsterka sunnheit og sitronane er fulle av C-vitamin. Så at det førte fram til rennande nase, sår hals og slike uggenheita – det såg eg ikkje for meg. Likegodt, eg er forkjølt med tett skolt og vonde muskar og varm panne.
Musklane er eg vel eigentleg vant til er det. Vonde.
Knea også, dei har plaga meg eitt år. Forresten det var det eine, men no har det andre også starta. Men vekta trur eg er med på dette komplottet, har den vore lettare så har det vore enklare.
For eg vil slenge ut ein påstand om at eigentleg har eg det ikkje så ille.
Til tross for at den gamle bilen har starta å lukte brent og mest ikkje kjem seg opp bakkane.
For det finnest løysingar.
Dei fleste månadene etter jul mista eg noko viktig. Tiltak og energi vart så fullstendig borte og kroppen gikk inn i ein smertetilstand.
Smertene er ikkje borte, men eit snev av energi og tiltak har vendt attende.
Det er det viktigaste av alt.
I dag har eg fri. Tanken var at det skulle væra sol og at eg skulle ta fram plenkløpparen eg kjøpte for mange år sidan. Og at eg endeleg skulle setje den samen for å bruka den. – Eller at eg kanskje skulle sjå på høgtrykkspylaren som har stått i ei eske i enda fleire år.
Slikt kan skje når energi og tiltak forsvinn.
No skjer likevel ting.
Litt forkjøling, overvekt og muskelproblem er ein bagatell. Eg kjenner eg kan. Eg kan litt og skal klara meir.
Eg høyrer, ser og snakkar. Det siste er særs viktig. Det hjelp ikkje berre å sjå og høyra.
Så alt i alt står det bra til.
For eg kan meir og eg trur meir.
Det er viktig det.