Nokre dagar…..

 

……..er berre slik. Litt for langt ned på skalaen. Eg trur kanskje det kan koma av for lite søvn.

 

I kveld er eg berre ei slikt slakt som mest har slokna. Eg er lei og kjei og kva meir er eg……..?

Treng kanskje ikkje brodera ut i det ytste hjørnet, men eg trur eg skal legga meg rimeleg tidleg. For i dag var det mest mørkt før det vart det.

Eg trur eg har pakka litt fullt av hendelsar utan eg gjer mykje. Det at eg har avtale både laurdag og søndag er liksom for mykje. Tru eg må skru litt på ting i hovudet mitt, mistenker det er nokre av skruane som sit for fast…….kanskje?

Eg sjå posetivt på at eg skal gjera noko anna enn å væra i mitt eige selskap.

Og så er det er fredag og det er eigentleg ein dag er utruleg glad i -.

Så i kveld skal eg avslutta dagen med god margin før natta.

Og så må eg finne bilete som kan muntra meg opp.

Tur med skodda som bakgrunn

 

Ei ny veke av livet og kalenderen. Så likt alle andre veker og likevel så unik.

 

I dag har eg hatt timen min og fekk tak i den naturlege pusten. Eg følte meg så friteke frå alt ei lita stund. Kjensla var så full av omsorg at augo mine fyltest med tårer. No er det to veker til neste gong; Til det eg skriv om her.

Da eg køyrde heim var det så vakkert, sjøen låg og gjenga alt i sin eigen ro. Eg må…….tenkte eg…….ut med fotoapparatet.

No hadde det seg slik at litt tid gjekk før eg var på veg, ut og ned til sjøen. På litt tid kan vêret finna på noko anna. Og det hadde skjedd -. Men har det så mykje å seia……..

Eg kosa meg stor og bredt. I skogen full av fukt og mose. Med trea i kaotisk orden.

Lucas labba kjent nedover vegen, vegen som er viska ut av trea her og der.

– Og motiva ropa på meg frå alle vinklar.

Mest som eit Japansk tegn -.

Sjøen, trea som speglar seg, linjene……

Greinene i silhuett mot den skodda bakgrunnen.

Ein stein som stakk så vidt oppom vassflata og laga ein “sjøblomst”.

Og så er vi på tur opp igjen. Boffen er ikkje glad i fotografering, men her rakk eg å knipsa han medan han såg mot meg…..det er sant, det er skikkeleg vanskeleg.

Og så var det dette treet……eg vart ståande ei stund å spekulera. Stammen og blada høvde først ikkje saman syntest eg.  Men så kom eg på det…..er ikke så vant til å sjå det som ein einskild stamme……

…..ser du kva tresort det er?

 

Turen gjorde godt. Og det var det å få på seg tørre klede også.

 

Kos deg i haustkvelden med mest ei heil veke framom <3.

 

 

H for helg

 

Så er eg heime på tampen av fredagskvelden. Eg har lyst til å bla om…….

H for helg og H for haust. Det er godt og……ja, enkelt og greitt å være heime. Fredagskvelden var gått før eg kunne vri nøkkelen om i døra mi.

Handletur med mor og far. Etterpå spandere dei ein salat. Far fekk henta skrivaren han hadde bestilt. No er dei heime og eg er komen heim til meg sjølv. Vi hadde det hyggeleg. H for hyggeleg.

Eg kjenner ei intens lyst til å leve, ha det artig og kaste slikt eg ikkje har bruk for langt over bord. Eg har lyst til å fri meg frå det som dreg ned. Denne intense lysta til å ta fram alle gode krefter og bruke dei.

Kvifor skal eg let folk få øydeleggja seier til meg sjølv. For eg treng ikkje tillate det. Eg treng det ikkje. Og akkurat det kjennest som ein enorm herleg tanke. H for herleg.

For eg skal ikkje sørgje for det som ikkje er å sørgje over. Tre veker er lang nok tid til å legge vekk ein illusjon.

Framtida ligg glitrande framom. I alle opplevingane eg ikkje har opplevd enno. Over å gje meg sjølv fri frå ei tvangstrøye eg sjølv har kledd meg i. Eg treng den ikkje. Ikkje den heller.

Eg trur eg held på å blar om i boka om livet mitt. H for håp, helg, hell og gyllen haust.

 

Behandling

Dette trur eg på. Eg trur det vert bra til slutt. Men du verden kor eg reagerer.

I dag har eg vore hos han igjen. Psykomotorikeren.

Etterpå er eg ikkje til noko. Heilt pumpa, heilt utslått. Og opplevinga av å gjera mykje er ikkje der. I dag sa han det, at han var forsiktig med dei øvingane eg skal utføra.

For det eg gjer er å øva på å sitja på ein stol. Sitja med heile baken på stolen. På sitteknutane kallar han det. Eg skal puste heile tida, noko så enkelt. Men likevel så vanskeleg, for eg stoppar å pusta rett som det er når eg konsentrere meg. Ei godt innøvd handling.

Og det å henga ned baken riktig kan eg ikkje.

Eg svaiar i ryggen, eg står ikkje på heile føtene og eg vrir meg mot venstre når eg står rett. Og rett kan eg ikkje stå, for ikkje står eg på heile føtene, tærne har fri frå golvet. Eg har knekk i knea når eg trur dei er rette. Eg held magen inn og stoppar pusen ved minste utfordring. Eg knyt kjakamusklane, eg svaiar ryggen og kjører brystkassa fram med å bruka ryggmusklane i korsryggen for å få det til. Det er ikkje det minste rart eg har vondt i ryggen seier han. For det er i grunn ryggen eg brukar for å halda meg oppe, korsryggen. Eg har permittert opp til mange muskelgrupper.


Når eg skal til å bevega og få tak i musklane som ikkje er i bruk, blir eg heilt utslått. Og med tanke på at det er dette eg har valt å gjera for å stå i slikt eg må ha stått i, – for å verne meg mot slikt eg følte eg måtte verna meg for……da er desse øvingane for meg skikkeleg tøffe.

Og eg trur, eg trur på dette. Eg trur at gjennom dette kjem eit nytt liv.

For tida har eg nokså sterke reaksjonar, blant anna sterk irritasjon for ting eg oppfattar som uvesentleg. Til vanleg er eg mykje rundarar og godtek forskjellane mellom oss menneske utan å verta irritert. Eg vil tru dette har ein overgong. For det er slitsamt å verta så irritert.

Og eg trur ikkje dette er noko spesielt for meg. Eg trur vi alle lærer oss til mønster av livet vi lever. Så eg tenker det….og seier det; psykomorisk behandling til folket!

Haust, sol og fotoapparat

 

I dag passa det perfekt å gå ut døra og opp i skogen med fotoapparat i handa.

Først vakna eg med tyngda av ein ny dag og kjensla av å ete godteri dagen før. Kjende meg ikkje topp. Eg måtte skunda meg for eg hadde ikkje gjeve meg god tid for dusj og køyring inn til sentrum.

Eg har time hos psykomotoriker på måndagar.

Så eg skulle til han i dag. Derfor var dagen fri etter behandling. Eg må ha operom etter eg har vore der, det tek såpass på.

Da eg kom heim somna eg og vakna etter ein times tid heilt øra…..

Yngsteberta og eg hadde avtalt fototur i dag. Fototur og fottur. Og med det strålande vêret var det ikkje noko som passa betre. Så til slutt hadde eg samla meg såpass at vi opna døra til ein herleg haustdag -.

 

Endeleg var det sjanse for å få tørka kleda.

Vi tok vegen opp langs jordet. Skogen sto inntil og baud på hausten.


Ospa skein i sola.

Yngst hadde funne seg firbeinte, ho påsto den eine var skikkeleg søt.

 

Kyrne……eller var det oksar…….eller kanskje kviger, var nysgjerrig på oss.

Ein gamal stamme sto å mintes da den var ung og var eit tre.

Yngste syntes ikkje ho fann dei gode fotomotiv, så vant som ho er til dei kvasse kontrastane i byen. Ljoset og skuggen appellert ikkje like mykje til henne som til meg.

Eg synest naturen er gavmild eit takksamt objekt.

Fleire som har funne vegen ut…..vegen ut på vegen denne vakre haustdagen.

Så var vi attende til huset, det låg i eit hav av rytme.

Høymol kan vera vakkert det og.

Stein på stein med mose.

Bringbærkjerra hadde vranga bladverket sitt.

Yngste vart mest fasinert av dei firbeinte ho kom over.

Ein skikkeleg selfie til slutt……..

Og etterpå, etter en handletur, etter bollebaking og middag. Da gjekk sola ned og fargela himmelen på eit slikt vis ein ikkje får gjengeve. Men måtte likevel ta bilete……

Ynsker alle ei god natt :)).

Tur på lur

Minst fire fjell, tenkte eg å klatre opp på i sommar. Ti fjell å velje mellom………eller tjue i år. Fordi det er 20 år sidan dette opplegge starta.

I går kveld landa ei melding på fonen. “Tar med turklede” sto det. Og da huska eg det. Avtalen om turen i dag.

Så i ettermiddag vart stien funne. Og mitt første fjell vart forsert. Sola hang der på den blå himmelen.. berre så sveitten dreiv av meg opp alle bakkane.

Det første av fjellet i 4fjell kan kryssast av. Og eg bør vinna tre til før opplegget er over for i år 11. oktober. Jentene og eg tenkjer å klare eit i helga.

Men her bilete frå turen og utsikta rundt om på toppen i dag. Fjellet heiter forresten Middagstuvå og ligg påErvågsøya i Aure kommune. Det er 300 m.o.h. og turen tok ein og ein halv time.

Tur i sol og regn

Søndag er turdag. Ikkje noko eg har praktisert nitidig. Men av og til slår det til. Slik som i dag.

 

Eg tenkte det da sola tredde fram på himmelen etter regnet. Tur, tenkte eg.

Eg koka ei kantarellsupe av kjøpt kantarell før eg for. Skulle bli godt når eg kom heim igjen.

Da vassflaska og fotoapparatet var på plass og boffen var i bilen, da hang skyene tungt på himmelen. Men skal ein, så skal ein…….

Boffen og eg trampa oss opp og over steinar, berg og myr.

Så var vi på toppen med utsyn over vatnet.

Her er stranda som eg og yngste hadde ei treningsøkt på i sommar. Her skreiv eg om bading i 12 grader.

Nokre kan sjå mykje ute i naturen. Men denne trollkjerringa var eigentleg svært så tydeleg.

Plutseleg ser eg noko gult i skogbotnen, og jau…….trur du ikkje det var kantarell. Dei måtte væra med heim.

Sol og regn.

Det kan væra ei fin stemning når dei to vêr typane opptrer samstundes.

Til slutt var vi komen bort til elva, og den måtte vi vea over. Boffen peip frenetisk.

Han er ikkje glad i vatn. Så han sprang att og fram på elvebredda da eg hadde gått over. Så vart det litt stille, før pipinga starta enno sterkare……men eg såg han ikkje. Eg gjekk attende, og der hang han.

Han hadde kome seg over, men peila seg inn der elvebredda var for bratt til å koma seg opp. Så han hang med kroppen oppover skråninga og bakføtene i elvevatnet.

Flinke boffen. Han prøver.

Da han fikk litt hjelp klarte han det. Og eg skraut uhemma av han.

Resten av turen rundt vatnet gikk etter veg. Eg brydde meg ikkje om å ta på meg skoa etter vassinga. Det å gå barføtt på grusveg i regn i september gjev ei spesiell og god kjensle. Noko med friheit.

Og kantarellsupa smaka da eg var heime att, godt fornøgd med den ein og halve timen turen rundt vatnet tok. Kantarellen eg fann får eg bruka ein annan gong.

Pakkebrev

Skal vi stoppa attmed postkassen, seier mi yngste. Så ho svingar innom med L’n attpå bilen.

Og ut sprett ho som øver køyring. Ho kjem attende med mykje reklame og eit brev. Eit brev til MEG!!!

Det var frå godeste Frodith.

Eg måtte opne det meg ein gong der og da. Inne ikonvolutten låg ei lita veske, akkurat passe til og ha mobilen i. Og så fin den var, sjå her:

Så no slepp eg å leita meir etter telefonen.

Eg fikk den fordi eg var med i en challenge, denne.

Men overraskinga var ikkje ferdig med dette. Inne i konvolutten låg ein konvolutt til.

Der fann eg denne søte magneten.

Og denne fikk eg for at eg bokstaveleg tolvte time kasta meg ut i denne konkurransen.

Så tusen takk til søte Frodith som opnar galleriet sitt med mykje hjarterom rett som der.

Dokumentasjon

 

Eg sa eg skulle om vi gjorde……… Og vi gjorde det.

 

Etter at havrepannekaka ikkje kjendes fullt så godt i magen, såg vi to i huset på kvarandre. Vi gjer det sa vi……………….

Vi dreg opp til Sandvatnet, joggar på stranda og badar. Sjølv om temperaturen berre viste 11 gradar på målaren utanføre kjøkenvindaget.

Dette var i gårkveld.

 

Vi pakka med oss vatten, handdukar og hund. Og vi følte oss tøffe, spreke og litt slik på “toppen av fjellet”.

Sanden var så kald at den mest svei under føtene.

Yngste la i veg først.

Vi tok nokre turar att og fram langs stranda for å få opp varmen.

Like før vi reiste opp såg eg gjennom eit gamalt IFORM blad, og der fann eg akkurat det som passa og finne. Eit innlegg om trening på stranda. Den var riktignok utført med sola hengande høgt på himmelen, men det måtte fungera attmed eit fjellvatten under heilt andre temperaturar også…..Så vi to som skulle akkurat på ei strand, vi pugga inn tre øvingar kvar. Da vi hadde fått opp varmen såpass at det gjekk å legga seg i den kalde sanda, køyrde vi på.

Vi skulle ta 12 repetisjonar, men akkurat der fjuska vi. Alt er betre enn ingenting trur eg vi begge tenkte. 

I bladet sto det vi skulle klaske hender da vi var ferdig, så det gjorde vi.

Så var vi klar over siste post, og den viktigste. Sjølve badeturen. Først for yngsteberta ut i.


Og så eg. Det rare var at det var ikkje så kaldt i vatnet. Og det var nok den kalde lufta som hjelpte på der. Men det VAR kaldt. Og frykteleg friskt.

Og korleis trur du det føltes etterpå?

Jau, fantastisk herleg, kroppen var god og varm. Og så å køyra ned til varm dusj og middag etter dette var absolutt ikkje feil.

Etterpå snakka vi om kvifor vi ikkje gjorde slikt meir.

 

Har du gjort noko i sommar som har gått utanom komfortsona di og som du fekk ein positiv oppleving av?

 

Eg kjedar meg behageleg

Dagen går og humla suser. Ute ein stad. I den grøne, grå sommaren. Eg har fri og legg ikkje det på meg.

 

For eit betre liv må eg gjera slik og slik tekte eg i ein augeblink. Være på data toppen og lenge.

Men så slo eg av heile tenkerekka. Det trur eg var lurt.

Eg har fri og eg gjer det er vil. Og det eg ikkje vil er å ha tronge system å gå etter. Det er slik det er.

 

Og noko skjer i den sløve situasjonen eg har senka meg i. Plutseleg er i gong å vaska glas og spegel på badet. Vaskemaskina er i gong slik at det er mest ikkje lortete klede igjen. Vifta på kjøkenet har fått ei opprydding…… Så sjølv om eg er sløv, så er eg ikkje håplaust i det hjørnet. Det skjer ting, ikkje effektivt og taktfast, nei. Berre i det stille. Plutseleg er det litt betre, undervegs liksom.

 

Og så er eg på data igjen. Skifte design på bloggen, ikkje slik superbra…….men grei nok. Nytt profilbilete på face.

 

Eg koser meg i puslet mitt.

 

“Ut” seier eg til meg sjølv, med oppskrift i tankane.

Og her trur eg gjer ein feil, for eg ser for meg forskjellige måtar å være ute på.

Kanskje eg berre skal slutte med det. Kanskje eg berre skal tenkje at vegen går utanfor, og den er heilt grei å gå etter. Enkelt og greitt.

 

Eg vil ikkje eigas av plikter av noko slag. Det er sommar og eg er fri til å være meg sjølv.