Når ljoset er….

Klokka var halvfem, og enno var det ljost. Dette må eg fanga tenkte eg.

 

Kanskje eg skal gjera det framover, ut for å fanga ljoset mellom halvfem og fem……tenkte eg medan eg for ut døra. For å ta i mot alt ljos som er.

Eg måtte ta nokre bilete av fuggelmattreet……litt slik godteriakti med alt av mat for dei flygande som forsvinn ei stund før ljoset startar å svinna.


Det var kaldare enn kva det hadde vore, på fjella hadde det lagt seg eit kvitt lag.

På greinene hang det dropar, like før dei fraus i fast form.

Skogen vart fargelagt gul i kveldsljoset.

Lucas vart plutseleg vars venninna si, ho kom springande nedover jordene så dei fekk nokre leikebyks før vi tok turen mot haugen.




Utover mot havet låg eit minne om der sola hadde gått ned, sola som snart vil væra attende for å skina på haugen min.

Fjorden låg turkis og dunkel utan ei krusing.

Så gjekk eg ned att.

Himmelen var mest dramatisk, redd for at det kan være snø i skylaga. Eg har ikkje så lyst på snø no.

Så låg huset der, liksom venta.

Medan starta mørket å ta over, for enno har det så vidt oppåtaket når klokka bikkar fem.


 

Men ljoset vil ta over både meir og meir framover dagane.

Er ikkje det fint…

 

 

4 kommentarer
    1. Jo, det kjennes allerede. “Alt” blir lettere når dagene og kveldene blir lysere.
      På tide for meg også å komme meg ut i lyset litt…

    2. Oldemorbloggen: Ja, ikkje sant. Eg har dei utaføre eit stoveglas, men eg trur eg skal investere i ein betre kikkert. Da vil det bli lettare å følge med i fugleboka.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg