Snufs og hark

Sist helg fekk vi overlevert basselurskar. Og ned for telljing bar det.

 

Først så sala eg den høge hesten, og såg ned på dei som overga seg. For det gjorde ikkje eg nei….

Tanken og trua heldt ein dag, tirsdagen vakna eg utan å orka løfte på augelokka.

 

Eg skjøna ikkje korleis eg skulle greia å senda melding til jobben. Med stort møye og mykje besvær, fekk eg sendt orde “syk”……for eg skriv ikkje nynorsk slik til vanleg.

 

Eg fekk og gratulert henne som fylte heile 22 år. Vurderte så vidt om eg skulle ta turen til Trondheim for å feira yngsteberta. Før eg vart sjuk.

Ellers sov eg meg gjennom dagen i ørka.

Onsdagen skulle eg må eit møte, men måtte stå over.

Torsdag skjøna eg at eg ikkje klarte biblioteket. Men det har vore bedring dag for dag likevel.

I dag skulle eg prøva meg på butikk. Det slo meg heilt ut, heime att krøyp eg under dyna å sov fleire timar. Seinare klarte eg laga mat.

Med nød og neppe.

 

Vi er to i huset, og vi har konkurrert om kven som var sjukast.

Det snytest og snufsest.

Dette skulle eigentleg vært ein romantisk kveld, men basselurskane som vart igjen sist helg, sette stoppar for slikt tull.

 

Gratulerer med dagen alle damer, no er dagen straks over for i år. Og når den forsvinn, håpar eg dette som har herja i kroppen sler følge.

 

Dagar yr og vårleg

Når februar fablar og framstiller seg som våren personleg, da er det berre å nyta.

 

Og det gjorde eg. Det gjorde vi. Stå opp til sol og femten grader i skyggen. Slå alle dører opp på vid gap. 

Ta med seg matta ut på terrassen og ta solhelsinga med andletet rett mot sola. Strekkje armane så langt opp og att som går, medan ein pustar så djupt inn ein kan. Kjenna at muskalne lausnar stramme grep når ein tek kobraen og hund som ser ned.

For ein fantastisk god start på ein laurdag. Og seinare, drikka eit glas grønkålsmoothie og sjå at sola kjem seg over fjellet og lagar soldagen lengre.

Seinare vart vi innhenta, både slik og slik. Men blant anna andre begravinga denne veka, det er aldri godt når nokon forlet livet. Menneske eller eit kjært dyr. Vil skriva om å gravlegga eit kjeledyr seinare. 

 

Så var det henta mor, vitja far, handla.

 

I gårkveld somna eg framom tv’n. Ei stund sidan sist.

 

I dag var det vind i vendinga, det bråka utanføre vindauga. Da vi skulle ut på tur, bøtta regnet ned, så sammen med vinden vart det innedag. Men ein køyretur i kveldinga, og eit kaffivitjing til ho som må greia seg aleine om dagen. Ut i veka er dei to att. Dei gle seg begge.

Og så har vi sett opp jun, men brukar ein kombutchascoby, så heilt rein jun vert det nok ikkje første gongen.

 

På fredag, da vi var på handletur, kom eg over to bøker eg er svært glad for. Den eine ei av Berit Nordstrand, den andre om fermetering. Spesielt den om fermetering gjer meg beint ut lukkeleg.

 

Slik i korte drag har helga vore. Ei god helg, tross alt.

Har di helg vore bra?

 

Teikningar i vatn

Sola skein på ein blå og varm dag i dag. I februar. Slikt må ein ut i. 

 

Flaks med frimåndag og eit alldeles jublande vårvêr. Gradestokken viste ti grader.

Ein tur ned til sjøen ein slik dag kjendes riktig. På veg ut av hagen sjekka vi knoppar på planter. Dei var sjekka ut, mange av dei, av momsande mular. Så nokre tiltak må kanskje gjerast. Men ikkje i dag.

Vi passerte vegen og labba over ekra for å klyva den nedrasa steinmuren.

Inn i bakskogen og nedover.

Til sjøen.

Den låg der som ei glede. Med tegningar på.

Gamalt gras  og fargerike steinar har sin eigen skjønnheit. Synest eg.

Eg berre slepp nokre fleire bilet frå dagen ut.

Har dagen vore vakker der du er?

 

Søndag, snø, søppel, solhelsing og surr

 

Søndag i eigne tankar. Ei stille stund der eg kan gjera det eg vil, men kjem til å velje det eg må.

 

Det eg tenkjer eg må.

MÅ!

Rart ord. To bokstvarar. Rimar på å få.

Kan det være ein samanheng?

Når ein ting, får ein oftast noko att…..

Kanskje?

Men eg trur eg forlet dette temaet raskar ein raskt. Har ei kjensle at det vart eit vel konstruert tema.

Men etter kvart skal eg mykje, er plana. Noko av det eg skal, er å vitja mor med kake og ei lita gåve. Ingen av ungane mine kjem, alle var heime sist helg. Da dei var med å feira morfaren sin.

Og så får eg folk i huset i morgon. Så eg må gjera nokre tiltak slik. Eigentleg hadde eg det nokså ryddig, men så starta eg med meir rydding, slik at det vart rot. Derfor skal eg få dette avslutta og i boks-.

Dette er må’ane mine i dag.

Fekk ei lita utfordring sist helg. For det var tømming av søppel på måndagen, ei tømming som skjer anna kvar veke om vinteren. Seier at eg skal nedover med søpla, kor på sonen min svarar at den kan han gå med.

Om måndagskvelden viser det seg vi har misforstått kvarandre. Han hadde trudd eg meinte ned i søpledunken med avfall, og eg trudde han skjønte eg skulle ned til vegen med dunken.

Resultatet var ein stappfull søppeldunk som ikkje vart tømt og vi må vente to veker på neste tømming. Slik vanlegvis er den ikkje så full, men på grunn av feiring og mykje folk, vart det og meir å kaste.

I går kjøpte eg nokre solide søppelsekker for hageavfall, tenkte eg kunne samla det der.

Ute.

Og at ingen dyr og fuglar greier å krafsa opp sekken. Nokre utfordringar skal ein ha. Ha, ha.

No skal eg ta solhelsinga mi. Den tek eg kvar dag, etter eg har flytta inn i meg sjølv og kroppen er vorte på parti.

Og så….gratulerer eg til alle mødrer, og alle dei som ikkje er det – ha ein fin søndag.

 

Sjokolade med krem

 

I kveld droppa eg fornufta. Eg hoppa over treninga. Koka meg sjokolade og piska krem til.

 

Riktig nok utan sukker, men veit ikkje om det hjelpe så mykje.

Da eg kom heim frå arbeid var vegane spegelblanke og glatte. Så eg kom meg ikkje opp med bilen. Det gjekk fint å gå i snøranda. Veit om fleire som har falt med resultat av brotna bein no i det siste. Så ein får passa seg. 

Det er så godt å ikkje skal noko anna enn legga seg snart. I morgon er ein ny dag. Og i livet mitt er det meste bra. Mykje å være glad for.

Slikt må ein nyta.

 

 

Fuglar og tankar

 

Laurdagen skin blankt mot meg. Blå himmel og kvit sol. 

 

Fuglane kjem som ping, pong ballar og landar nokre sekund. Før dei fyk bort. 

Inne på bordet blomstrer det vårleg.

Ute er det minus sju. Og noko av det første eg må gjera i dag, er å henta ved. Elles er dagen åpen. Eldstemann kom heim i går. Glad og fornøgd. Før han kom sa han at han måtte få tid til å kose med dyra før vi åt. Og dei firbeinte både mol og logra med halen, etter kva som var naturleg. 

 

Litt tidlegare kunne eg stenge døra på kontoret, berre for å stadfesta at eg rakk det eg måtte.

Men eg har stress i kroppen.

For til veka skal eg ha to arrangement. Eit på jobb og eit privat. Redd for at eg ikkje har det eg må ha av kapasitet.

Akkurat da.

Det stresser meg. Derfor arbeider eg med hovudet mitt.

Tankane.

Rydding i hovudet må til. Rett som det er.

Men eg må også rydde i heimen. Det er spesielt gongen nede, for den er bruka til lagring. Og – neste helg kan eg ikkje be alle om å bruka inngangen eg brukar. Han som fylker 95 år må få bruka den inngangen som er enklast for han.

Så slik tenkjer eg ein blank laurdag. Medan fuglane pulserer til og frå fuglematen. 

 

Korleis dag har du det i dag?

Glede

 

-Når ein kryp ut av den tronge tunnelen og kan strekkje seg i ljoset..slik har eg det no.

 

For no er eg ferdig.

For denne gong.

Og kanskje vert det aldri trong tunnel meir. For slikt kan ein vona.

Det starta som eit snev for eit par dagar sidan. Som å få til litt meir.

 

I går var vi framom foreldra mine yngste og eg. Vi hadde handla for dei på butikken. Ho sprang framom meg opp trappa. Eg etter-.

Det var da eg skjønte det. At eg var bedtre.

 

Eg sprang i trappa!!!

 

Tida med å slita var over.

Eg kan reisa meg opp frå stolen utan problem, eg slepp og sleppa meg ned i ein stol. Eg kan bruka musklane utan at det er vondt.

I dag tok eg solhelsinga. For første gong sidan slutten av november.

 

Og eg er så glad!!!

 

Over at funksjonane er attende. Så no vonar eg at ikkje all slags problem råkar igjen. Med andre reaksjonar fordi eg tek mykje for at kroppen ikkje skal angripe seg sjølv. Slikt som kan skje når imunapparatet er tatt ned.

 

Her er eit bilete, det til venstre er teke i månadskifte november, desember. Det til høgre frå i dag.

Og når ein er attende til å få til ting lettare, etter og ha jobba hardt for å henga med…da er glede enorm.

Så denne helga har vore av dei som gjer ein skikkeleg glad <3. 

 

 

Ein kveld

 

Ro og fred og talgljos. Middag og TV

 

Det er fredag.

Det er så godt.

Dagen har vore god.

Kanskje litt meir av at alt er bra. På ein balansert måte.

Nokre timar jobb, i fred og ro. Utførte og kryssa ut.

Innom butikkar. Vinmonopolet og ei flaske kvitvin. Handling av mat. Første gong på nyåret. Det synest eg er bra.

Heim å lage middag.

Dekke bord.

Da yngste kom ned bussen var alt ferdig, dekt på, tent opp i omnen, talgljosa tent på.

Vi har ein fredeleg kveld.

Snakkar litt, ser på TV, kommenterar.

Det er helg. 

Midt i

 

Denne veka er heil og krevjande. Eg står i den, litt som i giv akt. 

 

Men heime somnar eg. Eg søv som i ein døs når baken treff ned i ein stol. Somnar, vaknar og somnar igjen. Kapasiteten til å blogge forsvinn i alt.

No held eg på og landar. Snart helg midt i veka. Men skal gjennom programmet mitt i morgon.

Dette høyrest kanskje noko dramatisk ut. Men det er ikkje det. Seier meir om kapasitet min eigentleg.

I går kom eg meg opp klokka seks og var på jobb klokka åtte. I dag kom eg meg på trening. Dette gjer meg stolt. Eg klarer det eg har tenkt.

Eg sa riktignok i dag at eg er ein utførar og at kjenslene mine er flate. Og at dette vil eg arbeide med for å få meir kontakt med kjenslene.

På ei anna side er det inga krise. Og eg er skikkeleg svolta etter einsemda.

Berre eg.

Berre tankane mine.

Berre ro.

Da kan eg høyra på radio eller sjå på TV, eg kan både le og gråta med  det eg tek inn der.

Og til sjuande og sist får eg lagt inn eit innlegg. Eit innlegg om at eg har det rett så bra, eigentleg, der eg seglar gjennom den første, heile veka i eit splitter, nytt år.

Men kor lenge er eit år nytt?

 

 

Dag på vranga

 

Denne dagen må roast ned, tenkte eg i sta. For den er litt slik utenom kontroll. 

 

Eg vakna til den i lutter glede. Med berre ein ting slik ordentleg på programmet.

Ringe NAF.

Akkurat det kunne eg vente litt med, greit å sjekke om bilen kunne køyrast opp likevel.

Så eg starta å rydde. Laga meg grøn grønkåldrikke, sette på ein vask.

Slikt.

Etter ei stund peip maskina for å fortelle den var ferdig.

Men eg fekk ikkje opp døra! 

Fram med bruksanvisning; barnesikring sto på, fann eg fram til. Eg hadde nok kome borti på skjermen. Men kor eg trykte ville den ikkje opp.

Så leita eg vidare. Skru opp, sto det. Og det er da eg kjem til kort, for akkurat no har eg ikkje kraft i fingrane og ikkje kan eg gå ned på kne.

Tang, tenker eg. Men den ligg ikkje der den skal, så lengre er eg ikkje kome med den saka-.

Da får eg sjekke tilstanden ute, tek på meg regnklær og tek med boffen.

Såg fort at her måtte hjelp til. Tenkte å ta bilete av ståa, for bloggen, men gløymde det. For ringe frå vedbua, for det pissregnar.

Inn i bua – boiiing – eg klaskar panna inn i ein bjelke. 

Da kom det eit høgt og tydeleg «søren» ut av munnen. Altså min munn. Og med det konstanterer eg at eg hadde overlevd. Berre litt hovudpine.

Får ringt, får lagt ved oppi posar. Da startar boffen å bjeffe. For nokon er ute og går på ein veg. Så må ut å ta ein alvorsprat med han. Han er aldri med inn i boda.

Da eg kjem inn att for å fortsetta, er nokre pallar vorte såpass våte av regn som har kome seg inn mellom sprinklane, at eg er på veg til å detta. Men får mobilisert den eine foten slik at eg vert ståande. Det rykker så i knefesta, så når bergingsbilen er på plass litt etter, hinkar eg som ei gammel kjerring. Og det er eg no ikkje.

Men – bilen er oppe. Det er også døra på vaskemaskina.  No. Trur at eg skal ta kvelden med ro. Har ikkje lyst på meir uhell og tull. Synest eg har bruka opp mykje for langt inn i det nye året no.

 

Har laurdagen din vore  fin og ein riktig koseleg kosedag?