Dagen, maten, kroppen og eg

 

Det hjelper og det hjelper. To månader sidan eg klarte å ta opp igjen fokuset. Fokuset på meg sjølv kan eg mest skriva.

 

Det fokuset har fleire nivå, men eg har i alle fall mykje større fokus på kva eg puttar inn i munnen.

Maten.

Og etter å ha starta med medisin for det som skal væra leddgikt, er det akkurat som noko har skjedd.

For det første har eg vorte enormt mykje betre , vondtane er redusert med ca. 70% trur eg, og for det andre……..eg har ikkje lyst til å bruka medisin.

Eg les om tarm og betennelsar, det kan eg skriva om seinare. Lesestoffet er interessant. For eg leitar etter andre måtar å kunne bli bra på, utan å måtte medisinera seg.

Det er to matvarer eg har redusert kraftig. Eg les ikkje ein plass at kvitt mjøl og sukker er bra. Så desse to raffinerte matvarene prøver eg å helda meg mest mogleg unna.

Elles brukar eg ein app som eg sa tidlegare eg kunne skriva om, og det skal eg gjera. Der ser eg kva et et og kor bra eller gale det er.

 

På tysdagar er veiedag. Og det viste seg at nedgangen gjekk seinare denne andre månaden, men til saman har eg redusert vekta mi slik ca. 7,5 kilo sidan eg starta for to månader sidan.

Det kjennest så klart.

Det blir dobbel verking av at eg er lettare i kroppen og at ledda omtrentleg ikkje er vonde.

Derfor overdriv eg nok litt, eg trur eg klarar så mykje meir. Og så gjer eg mykje meir. Så eg tenkjer eg må ikkje overdriva alt formykje…….

Men det er så forbaska artig å kunne fungera!!!!

Eg blir heilt høg eg.

 

No er det berre å gå i gong med tredje månaden, og når den er over skal eg igjen fortelja om ståa.

 

 

Enden og starten

For veka er over og ei ny er i emning. Midt i hausten.

 

Veka har gått som eit olja lyn. Men fullt av innhald. Både bra og trist. Slik livet er.

Eg er mett og eg er trøtt.

 

Dei siste dagane har eg klart å vore fysisk meir aktiv. På torsdag venta eg dei to timane etter jobb for  bassengtrening.

Fredag vart via bortgongen av eit syskenbarn til mor. Slikt blir ein oppbruka av.

 

Men i går fekk  eg meg ein runde. Både oppover og nedover. Pulsklokka var fornøgd.

Nede att tok eg bilete av brøytestikkane.

Hatt ein dialog kor vidt dei var set godt nok ned. Bruka spett og fikk dei ikkje djupare. Det var så godt eg klarte. Satsar på det går bra.

 

I dag var nok ein nydeleg dag.

Men sola er sid.

-Ville ut i hausten og sola. Det var berre at det tok tid. Først håpa eg bøsseberarane kom før eg for. Dei var ikkje å sjå. Så kom ein med nokre papir for ein traktor eg selde i fjor. Etter dette var klokka så mange at det var på tide med lunsj. Så eg ba like godt opp henne nede på kaffi. Slik gjekk det enno meir tid.

 

Da eg endelg var klar skein sola berre på andre sia av fjorden. Så eg fann bilnøklar, hundeband og pengar. Og flaks over flaks, da eg opna bakluka for hunden, kom det ein bil opp oppkjørselen. Så da fekk eg avlevert pengane til aksjonen.

 

Men da vi var frammen og bilen parkeret, var sola forsvunne frå vegen. Da ser eg ein veg oppover skogen. Men det er så på nippen at da hunden og eg legg i veg oppover er sola borte der også.

Bratt er det også. Men sååå……er boff og eg oppe og seeeer sola.

Den er på tur ned i fjellet.

Den fargelegg naturen så fint.

Eg måtte fotografere. Så klart!

 

Det var bratt ned att også…..inga overrasking det. Både okla og kne er ikkje noko å lita for mykje på. Men kjende eg fekk opp pulsen. Det er bra!

 

No sit eg her nydusja og alt for mett. Senga er ikkje langt unna i tid. Eg er trøyt så det held.

Det går sikkert an å leggja seg så tidleg også.

 

 

Ein månad

 

Da har eg heldt taumane i ein månad. Og det gjev resultat.

 

Den 19. september tok eg tak, om enn noko snublande.

Eg kjende at nok var nok.

Da var eg i gong. Med kontroll av meg sjølv.

Eg er ikkje slik knallstreng, men les for å auka kunnskapen og i tillegg støttar eg meg til ein app. Den er fin og funker. Namnet på den er Lifesum.

Gjennom den prøvar eg å ete ofte nok og riktig. Mest mogleg samansetting mellom karbohydrat, protein og fett. Det er ikkje det at eg er superflink, men det har starta med reduksjonen av meg.

Etter ei veke var eg gått ned 1,9 kg, neste 0,6 kg, den deretter 1,2 kg og i dag ned 0,8 kg. Så til saman har eg minka 4,5 kg på desse vekene. Er godt fornøgd med det.

Et ofte frukost av yoghurt, frø og bær.

 

No er det slik at det er lett i starten, å gå ned.

Men no skal eg til med ein ny månad og sannsynleg vil det væra mindre å mista så lett. Så eg må passa meg for ikkje å mista motivasjonen når vekta startar å gå seinare av, det er ikkje den eg skal mista –.

 

Eg har vore gjennom dette nokre gong før. Veit eg greier fint å helda motivasjonen i eit par månader. Men så……slepp eg taumane, og ikkje ti ville hestar hjelper til å få meg i gong att. Akkurat når det skjer må eg finna koden som får meg til å fortsetja. Finna eit par ville hestar til.

 

Fortalte legen min i går kva eg er i gong med, og eg sa at når det skjer kan det vera godt å ha henne i bakhand. Så kom ho med eit par råd som eg visste ikkje vil virke.

Men så sa ho: “Ein vert flinkare og flinkare når ein øver seg”.

Og det veit eg. Så den setninga vert mitt mantra. Denne gongen skal eg klare det.

 

Og så les eg enno meir. Om mat som skal hjelpe til med å minka betennelsar.

 

Dette var ei oppdatering.

På meg og ståa mi.

Dette er den ubarmhertige verkelegheita ein månad attende i tid, og slik sett ser eg vel fortsatt slik ut. Desse kiloa utgjer ikkje så mykje (I himmelens namn,kvifor legg eg ut dette……..treng vel strengt teke ikkje være så ærleg vel……..).

 

Så skal eg lova meg sjølv at om ein månad skal eg skriva eit nytt innlegg om korleis den månaden har gått.

For eg er i gong.

 

Kva gjer du for helsa di?

 

 

Medan sola går ned

 

Dei siste strålane ein septemberkveld trefte meg da eg balanserte i mose og lyng.

 

Så godt det var å kome heim i dag. Men sola starta å bli sid i buken. Tydeleg det lir utpå. Klokka var ikkje passert seks, eller mer korrekt atten.

Eg fekk mekka meg noko mat, frossen kyllingfilet som eg tok ut av frysaren. Så eg forsto at denne middagen ikkje vart av dei snargjorte.

 

Men plana var klar, eg tredde på meg klede for tur. Og boffen vart frå seg av glede. Eg tenkte å komme i mål med desse skritta, teljaren har fortalt meg lenge kva eg IKKJE gjer.

Skogen tenkte eg, og la i veg oppover jordet.

Sola heldt på å forsvinna no.

Eg kosta på ein selfie i det gule ljoset. Just for fun, og for å sjå attende på når eg er ung igjen….

Kantarellane som eg skulle sjå etter på ein haug var det ikkje noko å sjå til.

Konsentrasjonen var stor på turen ned, eg hadde ikkje planer om å verta liggande igjen oppi skogen. Godt fornøgd med meg sjølv kunne eg kosa meg med middagen ei stund etterpå, medan eg rekna kaloriar.

 

I kveld kom eg ikkje i mål med å eta nok mat, men akkurat det trur eg går heilt greitt.

 

 

Vassvakt

Så er helga snart eit minne. Ljoset har forsvunne frå dagen og kvelden er her.

 

Eg er aleine i mi stue.

Det er godt det også.

 

“Er du einsam” spør mi mellomste ein gong i løpet av helga.

Eg må spørja henne attende om det virke slik.

Nei, ho synest ikkje det.

Og eg må seia som sant er at den kjennest ikkje slik heller.

 

Men vi er einige om at hadde eg hatt meir energi har det nok vore annleis. Og hadde eg hatt meir energi hadde eg nok gjort noko med det i så fall.

 

Eg trivest svært godt i mitt eige selskap. Men eg synest det er kjempekoseleg når ein av ungane kjem heim…..eller alle tre for den del.

 

I dag fekk vi ein liten tur. Vi var oppmed for å sjå om det var greitt med vatn i brønnen. Denne månaden er det eg som har vassvakt. Og har rusk og rask lagt seg for i sila må eg nok ha hjelp, derfor er det fint at nokon er med.

foto:Asbjørg

Heldigvis pulla vatnet over kanten.

Så vi kunne snu og ta vegn ned att.

Sjå ned på sin eigen heim.

Attende fekk eg hjelp til å grava ned ein busk. Så  laga vi oss middag. Mellomste spurte om at vi kunne invitere opp mostra. Ho takka ja for invitasjonen. Gammaldags søndagsmiddag med ørret, agurksalat og rømme til. Grønnsaker og potet. Til dessert hadde vi banansplitt med is.

Så vart det ein seanse med å seia ha det åt boffen, før turen gjekk ned til vegen og bussen.

No skal eg snart finna senga. Eine øra er tett, eg har hosta slik at eg er heilt sår i mellomgolvet. Eg satsar på ei betre natt til natta. Og så ynskjer meg ein effektiv dag på arbeid i morgon.

 

 

Feiring, ferie og arrangement

 

Eg er over på søndagskveld og meir inn i natta. Ei veke att før ferie. Det skal bli godt.

 

Dagane mine fyk i veg enno. Denne veka skal dei gå inn for landing. Gled meg på å lande, senke skuldrer og vifte med tær.

I morgon fyller mor mi år.

Den feira vi på laurdag, med pizza og kaker. Masse av både pizza og kaker.

Skal ein tur innom henne og far i morgon på dagen også.

85 år.

I dag har det vore arrangement. Musikk og foredrag. Da eg skulle takke var eg så rørt at eg måtte tørke tårane. Det handla om kvinner som hadde levd tøffe liv for meir enn hundre år sidan. Foredragshaldar var Leo Oterhals.

Det var godt med besøk. Det er artig når ein har eit arrangement.

Etter eg var heime sovna eg på sofaen. Eg hadde skikkeleg bruka meg opp.

Men sommar og snart ferie er ein riktig så bra kombinasjon. Sjølv om eg har funne ut at eg nok vel ein ferie utan det store innhaldet.

 

Gje meg ei utfordring

I dag har eg tid til å blogga tenkjer eg, blogga om alt og ingenting og eit nytt år. Plutseleg dukkar det opp ein tanke……

 

Ei veke i eit nytt år nærmar seg slutten. Dette året eg har tru på. Tihøva i verden er ikkje gode var det nokon som sa i dag. Da eg sa eg trudde det vart eit godt år.

Men eg trur på året. Det er noko raudt, gult og gamaldags over det. Så eg trur året vert bra.

Eg veit ikkje kvifor.

Kanskje har den mykje omtala energien auka. Ikkje veit eg. Men da eg køyrde heim ein dag såg eg lovnadar over fjella.

Det har vore kaldt i fleire dagar. Kaldt og vakkert.


 

Før det vart kaldt kom våt, tung snø. Eg køyrde meg fast, var temmeleg oppgjeve både av været, brøytaren og syntest livet var urettferdig vanskeleg. Det var da, for eit par dagar sidan eg tenkte slik.

No har eg godt kunna hatt dette klåre, kalde været i nokre veker. Før våren kom. Men det er spådd mildare værtype igjen, så reknar med det fører til holke.

Kva skulle ein ha snakka om om ein ikkje hadde været å snakka om. Men eg trur eg kunna snakka om det meste. Eigentleg…..

Og her og no dukka det plutseleg opp ein ide. Reknar med den er overkomeleg. Og da må du hjelpa meg. Eg har lyst til å testa om eg kan greia det, snakka om alt muleg. Gje meg eit ord eg skal skriva om…..så får vi sjå om eg greier å seia noko om det ordet.

Så med dette har eg gjeve meg sjølv ei utfordring om nokon vil være med på dette å gje meg eit ord.

 

Akkurat det gjenstår å sjå, men kom igjen; gje meg utfordringar……gje meg eit ord i kommentaren som eg skal skriva noko om :).

 

 

Telefonen

Eg presenterte meg inn i mobilen. Det var eit ukjend nummer det vart ringt frå. Så tenkte det var best. Å seia namnet sitt, heile namnet.

 

Han i andre enden presenterte seg også.

Eg forsto med det same. Det var seljaren som ringte.

Bileseljaren -.

 

Etterpå sat eg att med vala.

Alt var opp til meg. Eg kunne få bilen reparert eller eg kunne få ein ny bil. Mitt val. Eg skulle få låna bil om ein par dagar.

 

Men korleis skal eg kunne ta dette valet?

Helst har eg ynskt meg nokon som er synsk, som har fortalt meg kva som er lurast og best å gjera.

Eg får finna fram til nokon som veit meir om bil enn meg, helst opp til fleire.

 

Skal eg ta på å leita etter ein ny brukabil, og finn ein som høver ynskja mine?

Eller skal eg seia at dei kan gå på jobben med reperasjon, som vil seia å skifte motor?

 

Som igjen vil seia ein kostnad ikkje slik frykteleg langt unna verdien av bilen. Eg forsto det slik at dei dekka alt.

 

Dei snakka om meg fortalte han, seljaren. Om uflaksen, for dette kom uventa. Noko som ikkje skulle skjedd. Men som av og til kan skje likevel.

 

Ja, ja…..slik vart det.

Eg gle meg til at det skal balanserast av…….for da må det skje noko som er like utruleg på den sida som har med flaks å gjera…….

 

Men først må eg ta eit val med bilen.

 

Og så var det vaskemaskin. Har leita på nett, hatt ein tørn i gårkveld.

Ein vert passivisert når det skjer så mykje som går i stykke som det har gjort no, som er så viktig, men eg har reine klede enno.

 

Og no har den skumle, men også etterlengta telefonen ringt.

No veit eg litt meir.

Eg må berre gjera eit val….

.

 

 

Bit for bit

At ein ikkje kan eta ein heil elefant fasinerar meg. Og gjev ein viktig lærdom om tilnærming til kva enn det er -.

Yngste møter på frustrasjon om dagen. Ikkje berre, berre overgongen frå vidaregåande til å studera. Ho opplev både skrivevegring og seier ho skuffar seg sjølv. Så ambisjonane og det å slappe av akkurat passe, harmonerer ikkje.

I hega var fokuset Psyco av Hitchcock. Og eg skjønar at for ein nittenåring kan denne fimen frå seksti talet i svart kvitt verta litt overkill. Ein klassiker, ja, men det er ein utvikling på dei filmatiske grepa gjennom desse 50 åra. Og det er det ho lære. Ho hell på å skal byggja den tunge grunnmuren.

Så eg har snakka, sett film og leita på nettet for å hjelpe…….eg har ikkje sagt at “dette har du valgt, så ti stille med sukka dine“.

Eg har eg sakt “du må ta det bit for bit!

“Om setningane ikkje sit perfekt, skriv, du kan gå over å korrigere skrivemåten, men få opp grovrisset – reisverket.”

Slik har eg snakka.

 

Bit for bit for bit for bit for bil for vaskemaskin……..

–  For no er det min tur til å praktisera det eg forkynner.

Det er ei kjent sak at ei ulykke sjeldan kjem i leine. Ting og hendingar kjem ofte i bolkar.

Eg skreiv i går at eg ikkje skulle seia noko meir om bilen…….i dag har den fått kvila i ordets riktige betyding. Innbiller meg det er bra for den….og for meg. Så ikkje meir å seia om det.

 

I helga var jentene i aksjon her. Dei hjelpte til med å henta, løfta og dra på to vaskemaskinar for tanta, for den som ho hadde lånt frå meg var kaputt. Den fekk eg reparert etter eg kjøpte meg ny for seks år sidan. Det viste seg at den som var hennar og som har stått lagra i fjøset ikkje hadde tålt lagringa. Så nedunder har det vore vaskemaskinkrise.

Kan tru eg kjende på kor godt det var at alt slikt var i orden oppe hos meg!

På fredag kjende eg ein svak eim av elektrisk lukt, var å klappa på varmtvatnsbehaldaren før eg fauk vidare, med tanken om at det er mykje ein kan innbille seg.

Da eg skal setja på ein vask i dag ser eg displayet er svart, ikkje noko ljos, som om livet er sløkt for ei maskin. Eg sjekkar det som må sjekkast. Støpsel, sikringar og slikt utan at det skjer noko.

Tenker nok også at slikt kan ikkje skje…….ikkje no……bilen……. utan å bruka energi på å verta skikkeleg fortvila. For det er nærliggande å ta i bruk den teknikken først……..full frustrasjon.

 

Det er da eg tenkjer det; No er det min tur……min tur til å ta det bit for bit.

Eg får ringt butikken maskina var kjøpt, får ringt merket nasjonalt og til slutt reparatør lokalt.

Ja…..

I morgon får eg svar om det lønar seg med reperasjon. Men eg har ikkje dei store forhåpningane.

Eg har allereie vore på nettet og sett litt på maskinar.

 

Passar dette no?

Nei!

Slik sett passer det aldri.

Men det hjelper ikkje at eg bær meg og sytar. Eg får i staden bruka energien på å finne løysningane.

Det blir bra igjen.  Det blir det.

Men først må eg løyse bit for bit…..før det kan bli det.

 

Går verda di på skinner eller er du i ein av bolkane der det er motbakke og mykje å snubla i?

 

 

Lovbrot

 

 

Eg vil påstå eg er eit ærleg menneske. Noko som fører til at eg held meg innan loven. Stort sett.

Det er likevel eit område eg har hatt problem med.

Eit einaste eit.

Det handlar om gasspedalen og tida.

Men etter som kroppen fortel meg at evig ungdom ikkje finnest, driv eg å avprogrammerar meg. Eg har ikkje som mål å bruka kvart eit minutt til noko. Så køyrestilen er forandra. Og som eg har sagt, det er for dumt med si første fartsbot når ein nærmar seg 60.

Dagen starta i symjebassenget. Eg fall i stavar der i vatnet. Det er ikkje sikkert nokon veit kva som skjer da……men eg forsvann, stira ned i vatnet, i ljoset og opp-nedverda. Eg tenkte ikkje -, eg berre var der i det varme vatnet, det er så godt å let augo kvila i vassflat.

Etter timen var ferdig henta eg mor til tannlegetimen. Det tek ein liten time å køyra dit tannlegen er.

Det viser seg at i dag legg tida seg litt på tverke. Da vi sit i bilen er det ikkje god tid.

Så eg tek fram gamle kunstar.

Får ein bil framom meg som køyrer dyktig sedat. Den er sikkert redd for om det er glatt tenkjer eg. Da vi er ute av ein sving, blinkar den seg til sides slik at eg får passera. Framom meg har eg ei rett strekning, så eg set opp farten. Været er vakkert, sola skin og haustlauvet heilt gult. 

Eg er på veg opp mot ein bakketopp, da eg kikar rett inn i ei linse.

Eg trur eg bannast -.

– Kor fort var det?

– Mista eg sertifikatet?

Eg svinga inn til den viftande politimannen og rulla ned vindauget.

Utruleg nok var eg verken skjelven eller forvirra. Berre irritert og utruleg strukturert. Det einaste er at eg prøver å vise fram bankkortet mitt i staden for sertifikatet.

Han fortel at eg fekk ikkje nokon prikk, men at eg hadde køyrd ti kilometer for fort og måtte betala eit tusen og seks hundre kroner.

Eg forklarar at vi har det travelt fordi vi skal rekke ein tannlegetime.

“Har du tannpine” spør politimannen.

–  Som både var kjekk og triveleg, men nok litt i yngste laget for denne dama, som i tilegg påsto at  ho snart hadde køyrd i seksti år utan noko bot.

Det lo mor mi godt av. For da hadde eg køyrd bil frå før eg var født.

 

Så no har eg klart det. Eg har FÅTT bot. Sjølv om ein må betala for å få den….

Men eg klarte det før eg vart seksti.

 

Og ei bot er nok, er det ikkje?