Heimturen etter møtet gjekk fortare enn eg greidde å følgje med. Hovudet var liksom oppbruka etter ein lang dag. Eg snakka med ei sjuk veslejente på telefonen.
Ja, eg brukte handsfree.
Ho skulle til Molde og var redd for at forma med feber ville stoppa turen.
Plutselig ser eg gule skilt og eit kryss framom meg. Eg greier ikkje å tolka riktig kor eg er og tar vegen til høgre som også vil seia ein skarp sving. Bilen vil ikkje lystra slik den skulle. Glatt veg og sentrifugalkraft gjer sitt, eg ser vegkanten koma mot meg i alt for god fart. Eg prøver å rette opp…..
Så brasar eg ut snøkanten. Bilen som kjem etter stoppar og han som køyrer spør om eg treng hjelp.
Ein er litt forvirra i ein slik situasjon.
Eg har behov for å visa at eg har full kontroll.
For så vidt hadde eg det og da. Greidde å komme meg ut av førerdøra……så vidt, etter og ha slått den inn i snøen nokre gong. Fekk sett ut varseltrekant og ringt bergingsbil. Men eg hadde tatt refleksen ut av bilen, og det er dumt når det er mørkt. Eg bruka blinklys på mobilen når eg bevega meg ute.
Men eg må få lagt refleksvesten på plass.
Det som var hyggeleg var at svært mange stoppa for å spørja om eg trong hjelp.
Vart mest flaut.
Eg ringte inn til vegsentralen for å seia i frå om bilen som måtte bergast, og så slo eg av motoren og hadde bere naudblinken på……..da vart det meir flyt i trafikken forbi meg. Men ei ung jente kom bort
“eg må sjekke på ordentleg” sa ho.
Eg ba ho køyra forsiktig, og det gjorde ho sa ho og var glad for at ho snart var heime.
Det var faktisk så glatt på vegen at det var skummelt å gå på den.
Bergingsbilen kom, drog meg ut av snøfonna og eg kunne køyra bilen vidare.
Og ja………det var kjempegodt å være heime igjen.
Til deg som køyrer bil, du må sjekk at du har refleksvesten i bilen og så må du elles køyra fint og etter føret.
Eg har ein greie…. Tenkjer eg tilstår i dag. Like greitt… For dette er nok ei litt snodig greie.
Det er ikkje så alt for lenge sidan den oppsto. Eg kan stå fram som jålete, – tidligare. Før, før for foreldrerolla. Forresten ser eg restane etter det da eldstemann er født. På eit bilete frå eg stellar han står eg der med lange, lakka neglar.
Det var da.
Etter som åra gjekk vart neglene slipa ned og neglelakken tørka inn.
Men plutseleg har det skjedd noko. Eg har starta å kjøpe neglelakk. For det er så mange fine fargar.
Likevel står glasa i skapet på badet, og eg vimsar i rundt utan lakk på neglene slik vanlegvis. For lakkerte neglar er stygge med ein gong dei ikkje er fine. Og da må lakken fjernast. Så alt i alt er det for arbeidskrevjande å leggja inn innsatsen som må til.
Så eigentleg har eg nok vorte ein neglelakk samlar.
I dag fann eg nokre igjen. Og i kveld tok eg nokre strøk. Så tok eg fram fem fargar og fem fingrar.
Ikkje desse, men alle dei andre, dei i tårna rundt om i kyrkjene i landet. Lyden som vert sendt i radioen og inn i heimane om radioen står på. I mi verd var det julelyden på at no hadde jula starta.
Desse fire klokkene som heng i vindauge er det ikkje lyd i. Dei er keramikk krukker som ungane har måla på – eit utval av noko som har vorte produsert av små fingrar gjennom tida i den tida vi no held på å gå inn i.
Dei har stort sett vorte hengt i kjøkenvindauga. No heng dei i vindauge her på Bakk, før det hang dei i småruta vindauge på Moe.
Eg starta å sjå førdagen, altså måndag, om eg fann noko bilete. Eg forsette i går og fann eit. Det måtte verta dette. Ei jente attmed eit vatn. Men da var det for seint å laga nok på det.
Så i dag…..vips og vaps…....postar eg.
– Jenta står så blå der hausten speglar seg i fjellvatnet. Det var ein fin dag å være ute i.
Alle barna har vore einare etter kvart som dei kom. Dette er den yngste einaren.
Det vart ein bytur med lesebriller og mobil. Her er det bilde av elende.
Lesebrillene ligg att, for dei rakk ikkje ta dei i dag og mobilen er med heim att. Eg hadde ikkje lasta opp det eg skal ha med meg vidare på telefonen. Fekk lada den opp hos yngste, for i går fekk eg ikkje det til ein gong. Så no er kontakta med utomverda usikker, men det har ikkje noko å seia. For no kan eg ha visse utfordringar med å lesa også. Men er det så nøye…..
Elles har eg tullbriller, så eg skal nok berga.
Etter ein lang og nydelig gåtur i vakker natur i byen ut mot havet utan fotoapparat………..ja, eg har fortalt om apparetet, det virker ikkje heilt det heller………….ikkje pc’n heller for å væra heilt ærleg…………..hadde eg avtale med yngste.
Her er eit bilete av oss for nokre år sidan. Ja, eg gjekk litt bananas i redigeringa i kveld.
Vi kjøpte oss Fishan (fritert fisk og chips) som vi tok med heim til henne. Etterpå la vi oss til å sova litt. Det var kjempeherleg. Da eg vakna etter 20 minuttar forsto eg ikkje kvar eg var.
Men no er heime, og sjølv om eg sette av varmen før eg reiste til byen var det ordentleg godt og være heime hos seg sjølv.
For litt sidan reiste jentene til Trondheim. Dei skulle vaska ned hybelen til mellomste, ho skal ut ved slutten av månaden, det skal bli restaurant der ho har bodd. Ho har ein ny på handa. Og ho tenkjer å ta eit år studium med spansk i året som kjem. Ting går seg til………for alle, slik etter kvart.
Eg sit her og er oppbruka. Etter tamperveka.
Etter feiring av meg sjølv på fredag gøyv eg laus på laurdag. Det var eit arrangement eg skulle vera med på både laurdag og søndag. Men før ting starta på laurdag skulle vi sjå på ein hybel i Kristiansund som yngste hadde forelska seg i. Vi hadde tronge margin for å få dette til. Da vi sto på tur til å reisa oppdaga eg at nøklane eg skulle ha der arrangementet var – dei låg att på kontoret og at setene i bilen var våte etter ein skikkeleg regnbye der takvindauge hadde stått open…… Skikkeleg god start på dagen.
På turen til ferga med for lite tid, fekk eg kartlagt at det fantes folk med nøklar, så eg kunne hoppe over turen innom kontoret. Og det var bra, for på søndag fann eg den heime i skuffa der nøklane ligg. Og ikkje har eg rukke ferga heller, om eg har prøvd.
Likevel. Eg skal ikkje prøve på å skjule at stressfaktoren nok har vore i høgste laget i det siste.
Men med handklede i bilseta saman med varme, gjekk turen til byen. Vi fann hybelen, jenta likte den – men ei anna jenta hadde kika på den føe, så ho hadde på ein måte forrang syntes mi yngste. Men seinare same dag kunne ho juble.
Vi hadde ei ferje vi MÅTTE ta attende, før eg måtte være på plass der arrangementet var. Vi stilte oss i ferjekø og fann ut vi rakk å kjøpa oss ein softis. Kiosken var stengt oppdaga vi da vi vel var nede ved den. Så kom ferga og på tur attende, forbi bilkøa møter eg ei som har tilbydt seg å hjelpe til. Ho spør om ho kan få sitte på med oss, og det er så klart greit. Så ho parkerer bilen.
Det som skjer i neste omgang er heilt utruleg, eg observerer at han som er i bilen framom går ut av bilen sin og speidar………og da ser eg det, ferga legg i frå. Eg er i sjokk da eg skjøner kva som skjer, neste ferje går ikkje før om ein og ein halv time. Og eg skal opna arrangementet……..når neste ferje går………trur eg.
Eg får vite av henne som sit om bord i ferga at pga. av en tankbil tok dei bare på eit mindre mengde bilar. Det var noko som var praktisert fekk eg og kunnskap om denne strålande dagen.
Ho som skulle få skyss med oss ordna seg ny skyss på overfarten. I tillegg kom ferga attende og køyrde ein tur utanom ordinær rute. Før den tid hadde kiosken opna, så vi fekk oss softis. Eg fekk også vite at eg hadde tatt feil av tidspunktet er skulle ønske velkommen, det var ein time seinare enn eg trudde. Så slik sett ordna alt seg i tur og orden.
Altså gjekk alt bra. Men da endeleg tidspunktet for opning var der, hadde stresset gjeve meg store problem med konsentrasjon, så den velkomsttalen var ikkje noko å ropa hurra for. Heldigvis var ikkje det den store attraksjonen, men reknar med at eg ikkje vert nedringt av spørsmål av liknande oppdrag. Og det er heilt greitt det.
Elles var det ikkje så mange oppmøtte, men vi som var der fekk ein herleg dag med sjø, båt, sol og notkast.
Neste dag var eg oppmøtt igjen. Og det var ikkje det at eg hadde så omfattande oppgåver, heller det at oppgåvene mine var såpass uklare at eg vart sliten av det. Men den dagen var også i sol, vind, sjø og…………. irsk musikk. Publikummet, som denne dagen var mange fleire, var godt fornøgde. Og eg var frykteleg godt fornøgd med å væra heime i går kveld.
Da hadde eg hatt ei veke med arrangement både gjennom jobb og dugnad privat. Feira fødselsdag, funne hybel til yngste, vaska ned ei seter, og ein dag måtte eg væra buffer/rådgjevar for gjengen med etterkomarar kvar sin gong. Veka har ikkje vore ein lettvektar. Og eg tenkte, at når denne veka var over…………., da skulle eg, da skulle eg………..for andre gongen i mitt liv ta………..FOTBEHANDLING!!!!!!
Så i dag, da eg endeleg hadde ein fridag, da sette eg meg i bilen tidleg, køyrde og henta foreldra mine. For dei skulle også. Og eit minutt på ti hadde eg lagt dei mil og kilometer attom meg som måtte til, og vi ringte på til fotterapeuten. Vi hadde altså den første timen klokka ti.
Eg kom ut der i frå på lette føter utan hard hud på hælane og med ei ny fotfil. Og eg skal innrømme at eg var ikkje til så mykje meir i dag. Da eg fekk spørsmål om å hjelpe til med noko datagreier sto hovudet mitt i stampe, eine auge rykka og rykka det i denne lemusa.
Så eg trur det er bra ferien nærmar seg. I morgon har eg tre timar med slikt ein skal. Og onsdag, onsdag håper eg kan gjera frå meg slik eg skal…………..for timane eg har bruka er alt, alt for mange. Men vi får sjå.
Til helga har eg i alle fall ferie. Og da skal eg kosta på meg eit jublande HURRA – !
Sommar, sommar, takk for at du kommer……..eller kjem. For eg trur, eg trur eg…….på deg.
Eg er i eit drivhus. Bokstaveleg tala. I dag må luftfuktigheita vore svært høg. Men eigentleg er det naturleg når temperaturen stig og det regnar. Ja, ikkje no. No såg eg til og med nokre solstrålar for litt sidan.
Dagen har som vanleg rent av garde, som ein…….ja………som ein racerbil. Men eg var likevel litt betre opplagt i dag enn i går, da såg augo mine ut som nokre krønsja bær. I dag har eg prestert, sett, erkjent og følt eg styrte skuta.
Slik er greitt.
Og til slutt at ein hyggeleg tur på kaffi med ei venninne. Og heilt til slutt vart det blomsterhandel. Årets første for min del.
Eg er på etterskot med det meste i år i forhold til i fjor. I fjor hadde eg ferie. Jentene og eg var i Los Angeles. Vi hadde siste dag på eit hotell ved flyplassen etter ein dag ved bassenget. Før vi dagen etter reiste ut til Venedig beach. Ein veldig spesiell ferie der livet ekspanderte. Først møte att mellomste som hadde reist på eiga hand, tre månader i Sør Amerika. Få henne både heil og levande attende med berre ein mobil i minus og nokre kilo.
Oppleve openheita, mangfaldet, dei fæle pizzaene og dei store salatane………og verta litt meir positive for det Amerikanske.
Det var i fjor.
I år er det ein månad igjen til ferien min. Eg har nok hektiske dagar framom der eg må greia oversikta på litt for mykje for min stakkars energi…..som LIKEVEL er på veg til å betra seg.
Og så kjem ferien, forhåpentlegvis med fint vær, med dagar på setra og bading, ungdomar som skal flyttast på hyblar og organisering av det. Og noko er ikkje planlagt, berre skissert, men handlar om meg og slikt eg kan finne på.
Sjølv om eg gler meg til ferie, og får ein travel tid no – så skal likevel juli nytast.
Så er eg attende i mi eiga verd. I stolen min. Ein månad har passert.
I dag vakna eg tidleg i mi eiga seng, laga meg havregrynsgrøt til frukost med blåbær på. Tok på meg treningsklede og tok med meg boffen. Vi køyrde inn til foreldra mine. Der gjekk eg meg først ein tur opp til ei seter – men aller først greidde eg å rote meg vekk i skogen. Tenk det.
I går køyrde eg meg vekk. På tur heim skulle eg ta ein snarveg og køyrde feil. Men eg rota meg inn på rett veg att, etter ekstra køyretid. Akkurat som eg ikkje fekk nok bilkøyring.
Men det var skikkeleg godt å sjå fjorden min framom meg da eg kryssa fylkesgrensa.
Laurdag køyrde eg og feil, men eg fann fram. Eg fann absolutt fram. Eg har hatt ei heil fantastisk helg med svært sterke naturopplevingar. Fjord og fjell, frukttre i full bloming, og blå himlar. Vegar som gjekk bratt i store svingar. Fjellvatn som spegla naturen rundt som ein mest vart svimmel. Eg kunne ikkje sjå for mykje, på alt.
Fjordar djupt under meg medan eg køyrde opp, opp og opp.
At det finnest så mykje vakkert. Og eg tok for meg berre ein liten del av landet vårt. Og eg tenkte……dette skulle alle få oppleva, det som eg opplevde no.
Det var dei store kjenslene som var i sving. Alt var fantastisk og sterkt. Det er godt og ta dei fram. For dei vil gjerne verta bruka.
I går vart og spaninga stor. Da eg skulle over Sognefjellet. Men heldigvis var det i går. I dag er vegane stengt og folk har vorte berga ut frå der eg for i går.
Og før helga starta hadde eg siste kvelden må Muritun. Vi hadde avskjedskveld, og dagen etter reiste dei andre på gruppa.
Så sto eg der igjen da, følte eg var i eit minne. Fekk mest lyst til å gråta. Den siste kvelden skulle eg så mykje, eg skulle skriva her, eg skulle snakka meg folk på telefon og eg skulle på tur. Men denne kvelden gjekk og fort. Men eg fekk med meg turen. For turen var viktig. Turen gjekk opp til Klovsetsetra, det vil seia …… eg stoppa litt før. Om ikkje hadde eg ikkje nådd kveldsmaten. Slikt er også viktig :).
Så eg avsluttar med å legge ut nokre bilete frå turen med eit stille takk for meg og gleda over det nye livet som ligg framom.