Så fantastisk, utruleg herlig å kunne sitte her. I dobbel forstad, slik som at eg greier å sitte……..og at eg sit her fordi eg er heime.
Det er påskeferie.
I morgon skal eg ta ein svingom med støvsugaren, handhelsa på moppen. Vri om brytaren opp til fleire gong på vaskemaskina. Eg skal legge på plass klede…….og eg kjenner eg gler meg.
No har eg ete ein sein middag. Rakk det ikkje før. Men eg rakk det eg skulle. Og altså…..middagen til slutt.
Siste post på programmet i dag gjekk også bra. Sjølv om eg hadde lyst til å gå mi veg ei stund. Når det er noko ein synest er så mykje rettare enn noko anna, og når ein ikkje får andre til å forstå det synet, er ikkje det artig. Men så snudde stemninga seg, og fleire var einig i måten som eg såg tingas tilstand på. Så på tur heim følte eg meg som ein sigerherre, både fordi kvelden var ferdig og at stemninga snudde.
Akkurat no er verda god, eg er mett og trøtt. Fekk og ein kommentar på at eg fekk godt til å seia det eg sa på eit greitt vis. Det har vore noko av problematikken min, at eg mista orda eg skulle bruka, tråden i det eg skulle seia. Fordi eg var så sliten vart det brot på nettet mellom tankane og det verbale. Derfor var valet mitt i fleire år og helda munnen godt igjen, ein orkar helst ikkje å babla. Og når ein er i ein situasjon der ein bør seia noko og ikkje evner det, så er det er ein forferdeleg fortvila situasjon. Så sjølv om eg synest denne framgongen går seint, så kan eg absolutt sjå ein framgong.
I natt trur eg at eg skal sova rett så bra. Seier god natt til deg også J.
Ja, ikkje heilt. Men lampa var nokså neddimma ei stund. – Eller solformørking som er det meir riktige å kalla situasjon.
Og det var spesielt ljoset som vart.
Morgonen kom med blå himmel og flommande sol, så skjøna at eg ville kunne få med meg månen som mest ville skjule heile sola så mykje som den ikkje ha gjort sidan 1954.
Eg skulle eigentleg sette meg i bilen, men forandra planane og koka kaffi og baud opp søster mi opp på terrassen. Så medan sola skein vart det lagt eit filter over naturen. Akkurat som ei lampe som vart nedskrudd. Akkurat som synet held på å forsvinna. Eg såg på sola gjennom ein cd. Da tredde solsigden fram.
Kanskje det virka på humøret mitt. Eg har vore litt skarp i dag, for eigentleg er eg FRYKTELEG lei av tull og tøys! Så inni hampen. Eg er absolutt ikkje i humør til tida eg lever i. Til det velregulerte, av reglane, av synsing og avgrensing.
Og så er eg ein tanke sliten.
Gledde meg til å sige ned i ein stol da eg kom heim i kveld. For i kveld ville eg sjå tv.
Eg ville sjå og høyra Voice.
Eg som for oftast let apparatet stå mørkt ville sjå akkurat dette programmet i kveld. Såg eg ikkje rakk heim til det starta, var litt hard på gassen. Skunda meg inn, opp trapp og inn på stova. Fekk tak i fjernkontrollen og skrudde på. I travelheita hadde eg kome bort i noko på fjernkotrollen – så opp i høgrehjørne kom det fram ein kvit firkant. Det viste seg at kanalveljaren ikkje kunne brukast med denne firkanten på. Tv’n sto på Nrk1……og der HERJA Ivar Dyrhaug. Med sine overenergiske hopp og irriterande glis.
Eg heldt på å få FNATT, og kom med meir ein eitt utbrot. Stakkars hund, han såg rimeleg forskrekka ut.
Har du sett ein forskrekka hund?
Eg skrudde av og på, drog ut leidningar, ut med kort og eg kjende lysta til å pelma noko i veggen vart større og større. Og på skjermen var ein inn-zooma Ivar Dyrhaug.
Eg kunna brodert ut denne historia med både korssting og hardangersaum til ein duk som har passa på eit riktig langt langbord. Men eg stoppar her.
Eg fekk til slutt alt til, veit ikkje korleis, da var førsteavdeling omtrentleg ferdig. Og så oppdaga eg at den eg ville sjå ikkje var på i kveld. Så slik vart det.
Trur det er på sin plass med litt søvn. I morgon er det Trondheim.
“Føler du det? Ja vel, ja? Og da er det rett da liksom?”
Skeptikarane, dei med fakta. Dei som hugsar og har kontroll på vedtekter og lovverk. Som hugsar korrekt lengda på- og kva for elv som er den lengste. -I Noreg eller i verda elles. Det er dei som set premissane.
Om ein går rundt i verda og følerting, er eigentleg ikkje det gangbar mynt. For kvar står det om du har rett eller feil? Du vil fort verta mistrudd, for kven veit om dette berre er noko du innbiller deg?
Føler og ting er to ord som er ubrukeleg i ei verd der alt skal dokumenterast.
“Ting?”
-“Det heiter kalligrafipenn”.
-“Det der er ei hydraulisk kran”.
-“Det er feil å seia dubbeditt, dette er ikkje noko skitt, det er tavlekritt!”
Kan du orda og kan du bruka dei utan å føle, men med å kalla alt med det rette namn, utan å seia ting, da kan du regjera og vite korleis det er i demokratiets namn.
“Ho er lei seg?”
“Korleis veit du det, har ho sagt det?”
“Nei, men eg ser det”
“Og da meiner du at du har rett?”
Dei runde og dei firkanta menneska var det ein som sa, han hadde lov til å seia slikt fordi han var psykolog.
Det er interessant. Vi menneskjer er interessante.
Hadde ein samtale med mi mellomste.
Eg fortalte eg følte eg ikkje kunne bruka ordet føle i ein diskusjon sa eg.
“Eg føler akkurat det same,” sa ho.
“Og ordet ting“.
Vi var einig om det også. Det var eit ubrukeleg ord når vi ville bli teke på alvor i seriøs samtale.
Men vi kunne bruke ordet når vi to snakka, og når vi snakka med våre likemenn. Dei som trur på at vi føler, og at det vi føler er meir riktige enn ei subjektiv oppfatning farga av oss sjølve.
“Er du ikkje heilt frisk” sa eg til legen før ho hadde opna munnen.
Nei, ho var ikkje det, eigentleg var ho ikkje det.
For vi menneskjer sender ut fullt av ørsmå signal, og nokre av oss oppdagar dei lett og andre gjer det ikkje. Og korleis kan dei som ikkje ser dei tru på noko dei ikkje ser……..??
“Så du forsto det du altså, ja……nei eg såg det ikkje da, men eg og ser det no”.
Slikt kan nokon som les verda gjennom følelsar høyra………..etter ei stund, frå nokon som likevel trur på ein og har oppdaga det same.
Eg hugsar eg las til barna ei historie om maurane, dei streva og sleit, bar og drog og kika i bakken etter meir å sanka. Så var det den eine mauren som såg opp. Han fekk sjå himmelen, alle stjernene, og han fortalte kva han såg. Dei andre maurane lo og syntest denne mauren var heilt håplaus, for deira jobb var å leita på bakken etter det dei hadde bruk for. Og ikkje brydde dei om slikt tull som å sjå opp, kva skulle det føre til? For dei visste da at heile verda var slik som den på bakken.
Slik er det. Alle veit vi berre det vi veit. Står vi med ryggen mot kvarandre vil perspektivet være heilt ulikt, sjølv om vi står så nærme.
No har eg sett vakre himlar. I kveld. Eg køyrde mellomst i veg for at ho kunne reisa attende til byen. Den siste natta hadde gjort underverk, og ho greidde både eta og snakka. Så håper ho blir heilt bra no.
På tur heim måtte eg stoppa og ta bilete av fjorden eg bor attmed. Og himmelen. Fekk med meg solnegongen etter nok ein nydeleg dag.
Eit svar på eit spørsmål eg plutseleg fann ut eg ville stille. Ei gjennomgong av det som var og det som er.
“Kva synest du eg skal skrive blogg om” seier eg til den mellomste jenta mi, som synest det tek alt for lang tid med denne halsbetennelsen.
Tabutema kjem det raskt til svar.
Men kjenner det ikkje fører til noko tema eg har lyst til å skriva om. Seier det til henne.
“Enn om du skriv om korleis du trudde livet ditt ville verta og korleis det vart, og kva du synest om det”, seier ho. Eg svarer at det er for stort tema. Men vert sittande å tenkje.
For eg trur at om eg hadde sett livet mitt i dag, som ungdomskvinnaden gong da, hadde eg nok grått mine modige tåra. For eg hadde så store forventningar til livet at Norge rundt var det verste, mest tristaste, horrible programmet eg såg. For folk var så fornøgd med så lite.
Eg vart slege ut i frustrasjon av å sjå på at folk bygde stavkyrkjer av fyrstikker.
Som riktig lita ville eg bli elefant pga. støyttennene. For slik ville eg og ha.
Da eg var rundt tolv hadde eg ein samtale med morfaren min.
“Det skulle vore starta arbeidsplassar for kvinner” sa morfar.
Eg trudde han meinte at det skulle vore starta eit båtbyggjeri for kvinner, for det hadde han starta først på tjuetalet og der var det berre menn som arbeidde. Seinare, på syttitalet arbeidde det to, tre kvinner i produksjon, utanom dei to som arbeidde på kontoret.
I dag tur eg det berre er ei kvinne på kontoret. Men etter som begge foreldra mine er ute av arbeidslivet har eg mista oversikta kva som skjer på det som ikkje lenger er eit båtbyggjeri, for det er neste generasjon som har teke over, – gutane i neste generasjon, dei veit og dei styrer firmaet.
Og det var ingen som starta verken båtbyggjeri for damer eller anna verksemd spesielt for dei, sjølv om eg tenkte som den tolv åringen eg var, at det kunne EG sikkert når eg vart stor.
Heilt i starten av ungdomsskulen kom ein yrkesrettleiar for å snakke med oss om framtid og yrkje. Eg hadde inga formeining om kva eg skulle bli.
“Likar ikkje du godt og teikna, kan du tenkja deg å utdana deg innan det?”, sa læraren eg hadde hatt i to veker.
Lettare sjokkert over at det gjekk å utdana seg og arbeida med teikning møtte eg opp hos yrkesrettleiaren. Medan alle andre jentene i klassen stilte spørsmål om sjukepleie og barnepleie og slikt, hadde eg bestemt meg….. Eg skulle bli reklameteiknar.
Men så kom eg ikkje inn på reklameteikne skulen i Ålesund like etter ungdomsskulen, det som seinare vart grafisk formgiving. Derfor vart det kjole og draktsaum på meg, for der var det ledig plass da skulen starta om hausten. Det førte til at eg forandra retning.
Eg fekk vite om Statens Håndtverk og Kunstindustri skole i Oslo, at der kunne ein verta motedesigner. Eg måtte søkje tre gong før eg kom inn på linja klær og kostyme. Eg såg for meg eit liv og ei framtid i Paris. Eit dekandent liv i svart og kvitt i det sjølvsentrerte åttitalet. Da dei fire åra var ferdig var lysten til å flytta til Paris over. Eg hadde i staden lyst på ein verkstad etter og ha arbeidd nokre sesongar hos to menn som laga motevisingar kvar haust og vår i Oslo, for ein seleber gjeng av både mangt og hitt. Eg tok diplomarbeidet mitt på verkstadarbeid.
Eg vart med i eit verkstadutsal, og eg fekk også hatt ei motevisning, den store draumen.
Og det var sant, det varartig da eg var komen dit at eg kunne sende modellane ut, ein etter ein i spottlyset.
Men eg forsto ikkje tida som måtte brukast, trua eg måtte ha og innsatsen som måtte til. Og ikkje tente eg pengar, så inntekta måtte eg ha frå annan jobb.
Seks år etter endt utdanning og i overkant av ti år i hovudstade ga eg meg.
Eg flytta saman med han som var kjærasten min i Trondheim. Det vart giftemål, det vart økonomisk nedgangstider, det vart tap av arbeid, kollisjon med nakkeskade, seinaborter, etter kvart levende barn, syndromatikk, flytting frå Trondheim, ekteskapsproblem og til slutt skilsmisse. Det var ingen ende på livet i svart og grått, i spedt litt kvitt.
I Trondheim starta eg å laga dukker, havfruer, tussar og sauma kostymer for å prøva utan at det gjekk vegen
I dag ser eg Norge rundtutan å gråte. Og eg veit så mykje meir om livet. Nei, eg vart ikkje designaren. Men eg er mor til tre barn.
Går det på skinner?
Nei.
Men barna mine er dei mest fantastiske barna eg kan ha. Eg er rik på eit innhaldsrikt liv. Eg er glad i livet mitt. For eg har fått lov til å lære myke, mykje eg ikkje forsto den gongen eg vart deprimert av det vanlege livet og at folk fann seg i så lite.
Så du tøttetralletutta mi som spurde, på denne sida av år og alder er eg glad i livet slik det vart. Det var eg ikkje da, da eg tenkte eg skulle verta ein rik og berømt designer. Men det er ikkje sikkert at den jenta eg var for tretti år sidan har forstått verdiane da av det eg fikk. For ho syntes det dekadente livet i svart og kvitt frå nattelivet var spanande. Ho forsto ikkje vitsen med å få barn og sitja ein fredagskveld framom tv å sjå Norge rundt.Ho trudde det var det tristaste som fantes. Så det bra ho ikkje fekk veta korleis det gjekk da. Men eg er glad i dag for alt som var, er og er spent på det som kjem.
For eg lever enno. Og det FULLT UT enn om eg er litt sliten.
Det ramla ned i hovudet mitt i kveld. Tanken. Om alt som er ein brann, alt som brenn…….
I kveld var det betre enn det meste å koma heim. Hyva omnen full av ved. Skikkeleg få det til å brenna stort og varmt. Kjenna heilt inn i margen-, kjenne varmen og kor god denne varmen var.
Dobbelt godt.
Eg fekk unna meg mykje i dag, eg greidde å konsentrera og fokusera. Følte meg som ein sigerherre da eg rulla kontrollert over eit tynt snølag på tur heim, etter at mørket hadde lagt seg.
I dag sto det supe av rotgrønsaker på menyen. Den skulle krydras. Blant anna av cayennepepper. Ei halv teskei. Tok det på slump………..
Det er lenge sida eg har ete mat så snør og tårer har runne. Supa var i brann, tunga var i brann, så no held eg på med ettersløkking. Det prikkar i leppene.
Siste dagen med diett er over. Eg sluttar fire dagar før eg skulle, før dietten var over. I morgon skal eg ein tur opp på vekta. Før eg kle meg i svart. Eg skal følgje mor sin eldste bror på det som vert kalla den siste reisa. Eg vil møte mykje familie, folk det er lenge sidan eg har sett. Da passar det ikkje det eg har heldt på med. Det får eg ta opp att seinare. I morgon skal eg berre være tilstades. Så om dagen er tung, så er den naturleg. Men eg kvir meg. Morbror min var over 93 år. Eit liv har brunne ut.
Så heilt til slutt i kveld vil eg trekkje fram mellomste jenta mi. Ho brenn for det ho har lyst til. Ho vil synge. I dag hadde vi ein lang prat. Ho var trøyt og sliten og det gjekk ikkje slik ho ynskte. Derfor vil eg dela med dykk ein av songane ho har skreve. Fordi eg tru ho vert glad om eg gjer det.
Frå ein varm, fuktig dag i fjor sommar tok ho med seg gitaren på terrassen for å synge om snø og hjarta som kan flamme, medan skydekke hang lågt over fjorden.
Eg er av dei som reagerer på babyspråk. For eg har nok alltid snakka med barn og brukt dei same orda som til vaksne. Som ung vart eg frykteleg flirfull da eg møtte ein jamaldring som snakka om sukehuse. Altså sa han sukehuse om sjukehuset. Men det var ikkje han sin feil, det var det som hadde vorte sagt til han.
Eg tenkte i min speiast barndom på vaksne som av og til, rett og slett, var litt dumme. Fordi dei trudde ikkje barn forsto noko eller hadde tankar. Tankane mine da var samanskrudd nokså likt som dei er no.
Som ung jente og opp til vaksen kvinne var det mange menn som snakka til meg på eit anna vis enn kva dei gjorde etter eg fekk eit par tiår til på baken. Noko som nok handla om når eg hadde den unge kvinna sin glød. Eg opplevde det som rart, for eg var det same menneske. Men eg skjønte grunnen, eg hadde ramla ut av den båsen der eg var som mest attraktiv. Den andre måten ein kunne risikere å bli snakka til var den skeptiske, for unge folk var kanskje ikkje heilt å lita på. Spesielt vaksne damer kunne ha noko visst nedlatande når dei snakka med ein.
Så går nokre år der ein blir snakka til som det vaksne menneske ein er. Får den responsen som ein synest er naturleg. Ein blir høyrd på. Men så skjer eit kraftig skile. Det er når dei mange år har laga grå hår. Når fotlaget ikkje er så stødig og rørslene er vorte saktigare. Da skjer noko forunderleg. Folk startar å rope når dei snakkar, og dei legg tonefallet litt høgt, som når dei snakkar til barn. Dei kan finne på å seie slike ting som “korleis er det med oss i dag” i ein overberande tone. Ringen er på ein måte slutta, ein er der ein starta. Ein har nok ikkje tankar og forstand lengre.
Dit er ikkje eg komen enno. Men foreldra mine, som berre har eit par, tre tiår framfor meg, blir ikkje sett på som fullverdige individ lengre. Dei er GAMLE. Betjeninga på butikkar vender seg mot meg når eg er med mor på butikkar der dei ikkje kjenner henne. Sjølv om det er ho som er kunden. Faren min får levert dosettar med medisin, og dei fleste som er innom hos foreldra mine opplever dei ikkje snakkar med dei, men til dei. Noko dei synest er frustrerande og gjer noko med sjølvfølelsen. Dei er dei same menneska dei var, hovud og tankar fungerer, men det er ikkje interessant lengre. Skjønar helsepersonell slikt skal tru?!
Eg har levd i over fem ti år som det same mennesket. Og eg har ein bit av alle aldrane eg har levd i meg. Eg har den forundringa eg opplevde da eg litt over året blei båre på arma til far og ser stålampa oppa frå. Eg sug i meg inntrykk som eg hugsar enno; lenestolane, golvteppet og det mjuke ljoset i stova før eg blei båre inn i mørket til soverommet. Høgt oppe i lufta, trygt båre av faren min, observerer eg og gjer meg opp meining. Nokre år seinare, enno mange år før skulealder, opplevde eg at eg vart skamfull på andre barn sine vegne, når dei snakka frekt til andre. Den respekten eg opplevde var riktig å ha for andre hadde eg da som no. Gleda over å kunne hjelpe, sorga som kunne rive like kraftig i ein da akkurat som no. Kor artig det var at det var artig er heilt det same. Og ha det fint med andre var ikkje annleis da. Det er berre erfaringane som har kome til.
I dag har vi ein agenda med at vi krampaktig forsøkjer å halda oss unge med kropp og klede samstundes som vi vert ubrukeleg som for gamle tidlegare. Folk startar å unnskylde seg før dei fyller førti om at dei har vorte så gamle – men for guds skyld, dei føler seg ikkje så der gamle. Å nei!!!
Nei så klart ikkje, dei er menneske som vi alle er. Men vi går i rundt og trur vi er ein alder. Når vi er ung, riktig ung, synest vi dei på nokon og tjue er gamle. Og eg skal innrømme at eg tenkte i fullt alvor og berre bli tjue, da – når eg hadde vorte så gamal skulle eg bli 16 igjen. Det var dei fire år der eg syntest måtte væra best, dei ville eg leve opp att og oppattatt. Korleis eg tenkte det skulle skje hugsar eg ikkje.
Eg kan fortsett i dag føla på opposisjonen eg følte i førleveleg tid. For eg er den same. Dei grunnlegganes tankane er der som dei var.
Eg møter barn eg synest er ekle, eg møter eldre eg synest det same om. Eg kan synest det er mykje trivelegare å snakka med nokon på 29 år enn 56. Oppleve at fellesskapet med menneske ikkje er noko som tilhøyrer alder. Når eg møter menneske er det mennesket eg møter, ikkje alderen. Det er tankane, interessa og det eit menneske er i kraft av seg sjølv som er interessant.
Det har lenge vore snakka om den yngste sjefen, den yngste politikkaren, den yngste arbeidstokken som noko ein smykke seg med. For det unge har vorte ut av proporsjonar viktige. Og ja, dei er viktige – for dei bær oss, menneskerasen, vidare med å føre nye ungar til verda. Om ikkje døyr vi ut.
Men alle aldra krev respekten som det er å være eit menneske. Vi er ikkje alderen, men det som bur i oss. Og alle har noko dei kan bidra med. Det er også ein verdi å verta gamal, det bør få lov til å vera ein verdi.
Eg trur når vi ein gong innser det, vil få eit modnar samfunn. Der alle har plass og respekt i kraft av det dei er, og der alle kan væra seg sjølve tilnærma det beste for alle.
Medan dagen deiser over i kveld og mørke fann eg ut det var min plikt og skjenke meg eit glas kvitvin. Fordi eg berre treng det.
Middagen i dag var ikkje planlagt, så eg stakk innom frysaren i kjellaren da eg kom heim. Der låg kveita som var att frå julekvelden. Og eg skjøna det med ein gong at der var middagen. Med kvitvin til. I dag er akkurat ein slik dag at det passa perfekt.
Eg tenkjer på plikt. Plutseleg har det gått opp for meg kva det er. Eigentleg dukka det opp ein dag eg skulle parkera i ei lita gate med parkeringsautomat som vil ha pengar. Ikkje kort. Eg greidde ikkje oppspora ein mynt i verken mine lommar, eller dei som var med meg sine. Da eg sto der kom ein parkeringsvakt og eg braut ut med min frustrasjon over at det forsett finnest slike gammaldagse greier. Eg går ikkje rundt med pengar lengre. Kven gjer liksom det? Det var da eg fekk vita det, at det var mi plikt etter Vegtrafikklova ein eller annan paragraf.
Etter dette har det gått opp for meg alle plikter eg har. Plikter som går ut på og lese mengder av ord, side opp og side ned. I tillegg må ein lese alle endringar som skjer. Og ikkje minst hugse det. Eg skjøna plutseleg at eg lever i eit minefelt. Av plikter.
Alle forventningane av kva eg skal kunne. Kva eg skal greie. Og skulle eg synest noko er urimeleg har eg heilt sikkert ei plikt som motseier det. Ei plikt eg skulle ha sett meg inn i. Eg kunne sikkert ha lese om plikter dagen lang, likevel ha eg nok ikkje fått med meg alt.
Så i kveld trong eg vin. Og kveite i rømmesaus. Etterpå skal eg finne senga, eg treng også ei natt med god søvn. Dagen har kravd sitt, det er ikkje alltid så lett å gje seg sjølv det riktige forsvaret. Det står plikter over alt.
Men parkeringsvakta og eg vart gode bussar, for han vifta ikkje berre med pliktane, han var også hjelpsam.
Ei god natt med beddfull av vakre draumar sender eg til deg. Ikkje fordi det er mi plikt, men fordi eg ynskjer deg det.
Tysdagskvelden er mest som slutten av veka for meg, eg har fri. I alle fall i morgon. Dagane i det nye året har også tempo. Men jula har eg i hus enno. Trur eg vil starta å pakka den saman i morgon. Saman med gåtur og vasking av kler……og rydding i all alminnelegheit.
Eg kjenner desse dagane eg har attom meg i det nye året har vore krevjande. Så mykje vil eg ikkje påstå eg er til. Ikkje enno. Fekk spørsmål om eg kunne tenkje meg å stå fram. Stå fram som eit utbrent menneske. Gje det eit ansikt. Ser plutseleg for meg denne utbrente fyrstikka medan eg skriv. Men eg er ikkje svart som den. Eg ser nokså likt ut som andre menneske, med dei naturlege variasjonane innan temaet. Men innsida mi ser ingen, føler ingen…..akkurat som det er likt for oss alle. Vi ber våre eigen følelsar einsame.
Eg er for opaheit. Det er så mange bører vil vel å drassa på, så mange unødvendige bører. Vi trur vi må fordi reglene er så stramme rundt oss. Det er derfor eg skriv ein blogg som eg gjer. Om at av til er det utfordringar. Og det er mange dagar med solskin og glede, og det er riktig godt. Men livet er alt dette, og det må det ha lov til å væra. Det er sjølve livet som sliper på oss. Sliper oss til vakre edelsteinar. Livet er mykje meir enn ein perfekt fasade.
Så når energien tek slutt, når ein sluttar å virka så er det ikkje noko ein treng å væra flau over i tillegg. Men eg trur mange er det fordi dette ikkje høyrer inn under opplevinga av det perfekte livet. Ein har vorte ein tapar som ikkje greidde.
Denne børa er ikkje noko nokon treng. Derfor vurderte eg å stå fram, men ville forhøyra meg med andre eg lit på. Dei tre menneska eg hittil har spurt har alle svara det same. Dei har råda meg frå det. Fordi dette er såpass negativt og det er for stort rom for mistolking. I eit lite samfunn og kanskje i dei store også, på sitt vis. Dette er eit tankekors. At det i 2015 er så negativt om ein har strekt seg for langt så ein bør ikkje snakka ope ut om det. Fordi folk vil misforstå og feiltolke. Eg vil verta den mislukka taparen som ikkje greidde betre.
Men eg er ingen tapar, eg sit inne med mykje lærdom. Det er kanskje ikkje ein gong så ille at ting ikkje går slik ein har sett for seg, når ein er gjennom det, -etterpå. For det fører berre til auka forståing av kva eit liv er. Ein får større respekt, større empati og mindre ego…….noko eg synest er heilt greitt. Eg trivest i alle fall godt saman med menneske som er der. Men dette skal vi ikkje snakka om. Vi kan snakka om utsjåande, klede, gardiner og hus. Kjøpe oss skakke på ting, ting og ting…….apropos, januarslet er kanskje i gong no??
Så vert vi lykkeleg og får leva lenge i landet. Og så må vi stå på, stå på slik at vi kan kjøpe alt dette som fortel om oss, at jau, eg har riktig lukkas. For eg har frykteleg mange ting, så eg er ein vinnar som tel. Og ingen ser tomheita i hjarta, men vi fyller opp med ting for å døyva slik at tankane slepp å tenkja.
Erfaringane frå eit liv må vi ikkje visa, for riper og skrukker etter livet skal ikkje synast, vi skal være unge, lukkeleg og rike. Og det skal synast!
Stiller eg ansiktet mitt fram som den svarbrente fyrstikka? Eg veit ikkje. Kanskje vil det berre bli frykteleg slitsamt å gå på butikken å spekulera kva dei eg møter tenkjer. Dei små samfunna har ikkje alltid stor takhøgde. “For kva trur dei andre?” er viktig. Og det handlar ikkje berre om meg, det må eg og vera klar over. I mitt liv er det mange andre.
Eg er ikkje heilt kome fram til svaret. Men eg trivest best i Öppna Landskap.
Dagen her har loffa i veg, utan tanke på at jula står for døra eller noko av dei andre tinga eg med fordel kunna ofra ein tanke eller to. I staden høyrer eg radio, les på nett og regjerer mi eiga boble.
I tillegg har eg vitja ein del andre bobler. Både små og store. Eg høyrer om utdeling av fredsprisar, om Nobel fest. Om hjerneceller og kjolar. Og om sjukehussaka i Møre og Romsdal. Eg høyrer og høyrer. Korleis, kva og slikt.
Liv. Alle desse liva.
Eg les bloggar. Det er mykje formidling. Om både det som er triveleg; jul og mat. Og andre; konfliktar. Nokre brukar mykje tid på å få fram si eiga sanning. Vil ha fleire inn i bobla si. Nokre skriv eit språk som har kontroll både på gramantikken og ortografien, andre er meir oppteke av å fortelja om såra som livet har gjeve. Og alle desse, alle er dei midt i si eiga boble.
Eg ser og les.
Det er andre ting eg skulle ha gjort. For eg trur ikkje på meg sjølv. Da eg reiser meg for å henta ved skjønar eg det, det renn framleis frå nasen. Så det er nok rett at det er slik for meg i dag.
Ein gong trudde eg at alle menneskjer tenkte som meg. Forsto like mykje og like lite. Eg oversette mitt eige reaksjonsmønster og forventa det same attende. Men etter kvart har eg forstått meir. Eg har forstått at eg veit så lite. Og at ingen eigentleg forstår så mykje. Dei forstår berre ut i frå sitt perspektiv. Skadar dei utsett andre for er skadar dei sjølv har vorte påført.
Eller; dei forstår ikkje meir. Ikkje enno. Det er så trist. Men det er også litt fint. Som ein grøn stengel som leitar etter ljoset. For alle vil…..trur eg……gjera det som godt er. Om smerta ikkje er for stor. Eller refleksjonane og kunnskapen for dårleg.
Men eg er berre i mi eige boble. Ei kardemommeboble. Eg ser at barna mine er vokse opp der. Det synest eg er greitt. Dei vil gjera det gode. For det dei trur på i si eiga boble.Da dei var små planta eg frø. For eg trur meir på såmannen, verken spåmannen eller overtydaren er mine lærarmeistre.
Overtydaren som sel bodskapen sitt. Som i direkte sal utanfor ei dør. Overalt møter eg dei. Eg høyrer. Og nokre gong kan det væra på sin plass å opna munnen. Men mange gong er det greitt å høyre. For det kan væra like brukbart å leita etter lærdommen enn å overtyda andre. For det er ikkje sikkert ein veit nok. Eg likar dei store rom som er høge under taket. Fridommen. Der synest eg er viktig å arbeide for.
Eg tenkjer. I mi boble fri for mjøl og sukker i dag. Det er glatt seier dei på radioen. Og eg kjenner eg er glad for eg ikkje er ute med bilen. Omnen har slokna, så eg må nok til med meir praktiske øvingar. For det går mot jul.
Det einaste som er dratt på ferie er tankane mine, dei er så langt av lei at eg får mest ikkje kontakt. Byturen i går og alt som bør skje har lamma dei. Byturen var heilt grei og direkte koseleg, men akkurat no er det greitt eg verken skal til Fiji eller Mauritius.
Eg var inne å kika på nettet. Begge stadane ser paradisisk ut. Fiji ligg i Stillehavet og Mauritius i det Indiske hav. Og reise dit vil kosta nokså likt fann eg ut etter ei kort undersøking. Både med organiserrte turar og at ein kan bestille og sette saman sjølv. Så slik i første omgong kan dei to destinasjonane virke lik kvarandre.
Fiji (fra Google)
Mauritius (fra Google)
Las at Mauritius var ubebodd framtil 1500 talet, men var oppdaga på 900 talet. Øya har vore under kontroll av både Frankrike og England, men vart frigjeve i 1968 og er i dag blant Afrikas rikaste land. Den har et stabilt demokrati.
Mauritius (fra Google)
Fiji vart også oppdaga av europearar på 1700 talet og var engelsk koloni fram til 1970. Det er ei øygruppe av 322 øyer. På ein tredjedel av øyane bor det folk. Fiji er også demokratisk, men har vore utsett for fleire militærkupp.
Fiji (fra Google)
Kanskje eg skal starte og spare til ein av desse stadane. Grovt rekna skal ein kome seg dit og få overnatting for rund tjue tusenlappar.
Kvar ville du ha valt og reist?
Slik når livet mitt er vanleg skal det kunne gå å få det til. No er det nok strevsamt med tur til Kristiansund. Skulle sjå etter klede åt meg, og det vart ein pakke med tynne ullstrømper. Så var vi hos yngste og åt ein lunsj, etter det var eg ikkje til meir. Køyrde mor heim, sovna sittande i sofaen hos foreldra mine.
I dag vakna eg til ferien min. Eg har tømd omnen for oske og køyrde i gong vaskemaskina. Elles har eg eit mål om å vaske kjøleskåpet. Tru eg får gjera som for mange år sidan, da eg passa ein liten gut og samtidig vaska kjøleskåpet til foreldra mine. Eg underheldt guten medan eg heldt på, så vi reiste faktisk til Afrika gjennom kjøleskåpet. Han trudde i mange år etter at han hadde vore i Afrika. Guten hadde sterkt utvikla fantasi. Så eg får prøva meg på same reisa i dag eg og, for fantasien min er heller ikkje heilt borte vekk.