Og svaret er rimeleg enkelt. Eg greier fint å væra bortreist på opp til fleire andre måtar. Men no skal eg gjera eit forsøk på ei landing.
Eg skal blogga på mobilen….og det går heilt sikkert fint. Men det må bli noko enklare biletmessig. For – datan min gjekk ikkje gjennom sikkerheitskontrollen. Eller meir presist, eg la den att.
Så min gamle data ligg å vansmektes på ei eller anna hylle. Den er utanfor kontakt, noko som gjer dette meir komplisert. Med alle bileta frå turen og slikt noko. Men…..som den ubønnhørlige optimisten eg er, så trur eg dette endar bra. Til slutt.
Så no gjer eg eit mobilfosøk.
Eg er heime. Eg har det bra. Eg nyt livet mitt.
I gårkveld var eg heime aleine i huset for første gong sidan eg kom heim. Det er god med folk i huset, men det er også godt å væra for seg sjølv.
Og går dette bra, med mobilblogging, så skal eg fortelja meir om det «nye» livet mitt.
Så er dagane talte. Her. Om nokre dagar er eg attende i Norge.
Dagen i dag (som gjekk før eg rakk og posta), dagen i morgon og laurdag -. Tidleg på søndag går bussen til flyplassen. Kofferten skal være pakka og klare i det eg vil kalle meir natt, enn morgon.
Testinga er unnagjort og det er absolutt mykje forbetring.
No er det fortsetjinga.
Når eg er heime att, få ein rutine der eg gjer om kroppen ropar “nei”. Den formelen må eg finna. Eg arbeidar med hovudet mitt for å finna vegane, dørene og nøklane for dette.
Men det kan eg seia og skriva, dette har vore heilt fantastisk. Treninga, maten, folka og omgjevinga. Tanken om at eg er i paradis har dukka opp fleire enn ein gong.
Og noko strandliv vart det plass til også. Til slutt. Og kanskje enno litt meir før eg fer.
I går hadde eg ein nokså aktiv dag. Sjøvomdet var helg. Starta før frukosten med ein morgontur etter stranda. Etter frukost gjekk turen opp på Sukkertoppen eller Montana Chica.
Nokre joggar hit opp kvar dag.
Det er ei fin utsikt. Ser utover Los Christianos.
Eigentleg var plana mi ei strandhelg. Men sola ville ikkje riktig. I staden kom det nokre regndropar. Riktignok så små at dei mest var gløymt før dei trefte bakken.
Nokre av oss kutta middagen på senteret og åt ute. Vi gjekk til ein restaurant som serverte sushi. Og den var god. Vi hadde det riktig triveleg.
Da vi kom ned på gata igjen møtte vi noko spektakulært. Kraftig musikk, nokre musikkstykker over høgtalarar, samtidig som den store fontena framom køyrde ljosorgel inni vasstrålande som spruta i takt med musikken.
Det var fint, og eg filma?.men eg prøver ikkje å legge ut filmen.
Kvelden vart avslutta på ein strandrestaurant og eg kjøpte meg ein drink før eg rusla over gata og til rommet mitt.
Så er kofferten pakka og pakka ut igjen. Eg er på tur. Etter veker med førebuing, er eg ved målet.
Ei stund kjendes det som eg aldri kom fram. Aldri vart ferdig. Det var heile tida meir som skulle utførast. Fire veker er lang tid. Lang tid å være borte.
Mykje som skulle planleggast. No trur eg på at alt rullar og går som det skal.
På søndag vakna eg i Trondheim. Etter ein strabasiøs laurdag. Der alt som skulle gjerast blanda seg i eit gedigent kaos. Medisinlista låg att på jobb, utapåjakka mi hang att hos mor og far. Alt feil veg for kvar eg skulle. Men eg kom meg til slutt riktig veg.
Etter fire timar søvn gjekk eg på flybussen. Mi snille, yngste sto att på fortauet. Og mi snille, mellomste tok første veke heime med dyrepass.
Seint på søndagskvelden dukka flyet under skodda og landa. Og enno seinare kunne eg krypa under dyna. Eg er på mi første behandlingsreise. På Tenerife.
Etter to dagar med aktivitetar, kan eg berre seia at eg er svært heldig. Som får oppleva dette.
Data’n er med, intensjonane er å produsere innlegg. Vi får sjå kor godt eg klarar det.
Eg sit her i kvelden. Straks før eg legg meg. Sliten og glad for at dagen kom i mål.
Men litt for travelt. Litt for streng timeplan. Det er det no. Likevel ser eg at eg greier litt meir. -Enn før.
Dagen i dag vart for lang. Men fekk sendt i frå meg alt av dokument som eg skulle.
I går hadde eg ein vakker dag ute i havgapet. Ønska meg ein sykkel og eit fotoapparat og haugar av tid. For det eg køyrde i gjennom var så vakkert.
I morgon er det sjukehus og røntgen og ungetreff og søstertreff. To av ungane vert med heim, kanskje den tredje også. Helga vert kortare enn den brukar, og neste veke fortset med timeplan som er for streng.
Men neste fredag, neste fredag har eg ingenting på timeplana.
No er ikkje mine innfall så krevjande. Eg er nokså grei slik.
Men det å skulle verta oppvarta ei helg, innfridde.
Fredag morgon sette eg meg inn i bilen, einaste minuset var at eg hadde for lita tid. Men eg rakk hurtigbåten som skulle ta oss med til ei øy i havet. Og frå da av starta nytinga. Og sjølv om havet gjorde seg usynleg i snøkave var det å flyga over sjøflata som ei draum.
Vi gjekk på land på Hitra og rett inn på ein buss som skulle køyra oss til Frøya. Trillekoffertar vart plassert og så var vi i fart.
Utanføre var veret kvitt med påskegult ljossetting. Eg hadde musikk på øyra.
Frøya hotell var nydeleg. Veldig hyggeleg betjening og svært god mat.
Etter kaffi og kaker da vi kom, vart det lunsj. Tjukk, kremete fiskesuppe med crispy grønsaker i, gulrotbrød med urtesmør til. Og kaker, desserter og kaffi etterpå.
Etter dette måtte eg ut i gråværet.
Eg avgjorde fort at det var ikkje denne helga eg skulle ha streng diett. Denne helga skulle eg berre nyta det er fekk.
Turen vart såpass lang at natta etterpå ga krampar i føtene, måtte opp å dusja dei i varmen fleire gong denne første natta. Men kva er å forventa etter den lange perioden eg har hatt med inaktivitet.
Om kvelden var vi oppe i ein restaurant med utsikt utover havet. Snøkavet var fortsatt der, men ein fekk det spesielle ljoset før mørket kom.
Forrett var roastbiff av hjort, hovudretten lagvis torsk og laks på ei seng av potetstappe og desserten varm sjokoladefondant med vaniljeis til.
Vi var 25 som reiste. Dei aller fleste mykje eldre enn meg. Men det å snakke med folk har ikkje noko med alder å gjera. Eg vert så fasinert av folk. Og eg vart kjend med nye folk.
Laurdag hadde eg massasje på programmet. Det å berre overgi seg sjølv til nokon og berre kunne ta imot –. Eg låg å tenkte på kor fantastisk gåve dette var. Kunne få dette.
Har eg vore katt hadde starta å mala…purr, purr – liksom.
Seinare vart eg med nokre i trenings rommet og etterpå hadde vi ei lang tid i boblebadet.
Vi åt hjortkarbonadar til lunsj og om kvelden var det tapas buffet.
Og da var vi framme ved turens utfordring. For det skulle væra fest.
Eg pynta meg og gjorde det beste av det som var grunnlaget.
Folk strøyma til. Faktisk i alle aldre. Menn med knekk i knea og som gjekk rett fram skeivt, medan dei drog opp buksa. Alkoholen gjekk i årane. Damer som hadde stæsja seg opp og minna litt om påfuglar.
Musikken var ein gamal slager; Gluntan!
Eg heldt ut litt. Men dette er eg så avvent at eg starta mest å få spasmar. Og dansebandmusikken er frykteleg å få innover øyregangane.
Så eg fann ut at eg kunne gå på rommet mitt, litt.
Og dervart eg.
Eg såg på den godt vaksne dama, sminka opp. Men preg av og ha kollidert med åra.
Så eg fjerna alt. Sminke, kleda og tok på nattkleda. Slo på tv’n og tok fram strikkinga.
Snakk om……
Men det gjekk ikkje lang tid før eg avslutta heile dagen, og med musikken av Gluntan i det fjerne, sovna eg.
Eg tenkte at eg skjøna nok ikkje kva eg kanskje gjekk glipp av og mitt eige beste, single dama. Her var havet fullt av fisk…kanskje, og eg var plassert midt i smørauga. Og Frøyværingen hadde god økonomi fekk eg vite. Men er ein dum, så er ein dum. Og det var fantastisk godt å sove.
Siste dag vart sløv. Men det var greitt. Det var godt å berre ta den roleg. Eg fekk snakka med nokon som eg ikkje hadde snakka med sidan eg var ung og som mista sonen sin, som eg var god ven med. Er så glad for at eg fekk det. Fekk møtt dei etter alle desse åra.
Sola var komen fram og returen hadde mykje nydeleg å sjå på.
Natur, natur-.
Eg kjende det skulle verta godt å koma heim da eg pakka saman helga.
Så var vi framme ved hurtigbåtterminalen.
Der sto denne utstillinga. Litt Neptun og litt havfrue. Eg syntest den var så fin.
Eit fint punktum på ei svært god og fin helg.
Eg kan tenkje meg attende til sommaren. Eller ein annan sommar.
Mykje eg kunne tenkt meg å sett meir på. Blant anna Halten fyr.
Etter arbeidsdagen på tysdag gjekk vegen til Trondheim. Det sto fleire ting på programmet, både kontrolltime hos revmatalog og vitje sonen som har fått gipsa handa.
Eg overnatta hos syster mi og vi fekk oss ein lang gåtur ved sjøen om kvelden. Vi snakka om appa, mat og vekt. Og vi syntest det var dumt vi ikkje begge bodde i byen.
Mellomste hadde fri og kom utover for eta frukost saman med meg neste dag. Noko som var skikkeleg koseleg. Vi fekk heile dagen saman.
Ho var med meg til timen på sjukehuset.
Syster mi fortalte om ein park like ved sjukehuset som vi trur vi fann.
Og vi fann ein jungel.
Det er så artig å berre slå seg laus med foto.
Etterpå køyrde vi ned til sonen og kjærasten. Han ville kom utover til meg, men forma var ikkje heilt der enno etter operasjonen. Vi kjøpte med oss mat til ein sein lunsj saman med dei.
Var vittig, nokon syntest det var så kaldt og satt der med uggs, og eg satt det med bare føter i skoa. Overgangstid kan vi kalle det.
Til slutt kom yngste trillande også. Ho hadde jobba med ein dokumentar.
Sol og skygge.
Men til slutt måtte eg sette meg i bilen å ta vegen heim.
Her vart utsikta så vakker at eg stoppa for å ta bilete, fargane var så nydelleg. Det kjem berre ikkje fram at det er bratt nedover her.
Til slutt kunne eg stoppa bilen utanføre huset mitt.
Men så har eg ferie, og noko må ein få og noko anna må ein absolutt få.
Da eg var i Trondheim gjekk turen innom Ikea.
Eg trong ljos. Og eg trong nye dørmatter.
Det vart både bordlampe, arbeidsljos, te-ljos og serviettar. Eg fann og ei slik plate til å leggje under skohylla. Eigentleg hadde eg eit ynskje om ny skohylle, men det får venta litt.
Bilete teke frå Ikea sin nettside.
Vi åt frukosten der. Det var nokså stille og roleg der så tidleg på dagen.
Etterpå dro vi ned til byen. Da sto noko viktig på tapeten. Noko av det viktigaste verktøyet vi har i dag.
Mobilen!
Både mellomste og eg måtte ha nye.
Min gamle iPhone 4S var ikkje laga til alle appene eg brukar. Så da skjermen knustest var tida komen.
Det vart ein iPhone7.
Google
Første bilete vart teke på Solsiden. Av ein intetanende forbipasserande.
Da eg kom heim til jentene, tok eg bilete av dei mest fotograferte på denne bloggen.
Og eg trur det stemte, at desse bileta er mykje betre enn dei gamle.
Stor skjerm har den også.
Så med betre ljos i stova og ny mobil, må eg seia at situasjonen ikkje er så verst.