Å kjøpe, har kjøpt

For tida må eg passa på økonomien, for herr Restskatt kom på vitjing og eg må betjene han.

 

Men så har eg ferie, og noko må ein få og noko anna må ein absolutt få.

Da eg var i Trondheim gjekk turen innom Ikea.

Eg trong ljos. Og eg trong nye dørmatter.

Det vart både bordlampe, arbeidsljos, te-ljos og serviettar. Eg fann og ei slik plate til å leggje under skohylla. Eigentleg hadde eg eit ynskje om ny skohylle, men det får venta litt.

Bilete teke frå Ikea sin nettside.

 

Vi åt frukosten der. Det var nokså stille og roleg der så tidleg på dagen.

 

Etterpå dro vi ned til byen. Da sto noko viktig på tapeten. Noko av det viktigaste verktøyet vi har i dag.

Mobilen!

Både mellomste og eg måtte ha nye.

Min gamle iPhone 4S var ikkje laga til alle appene eg brukar. Så da skjermen knustest var tida komen.

Det vart ein iPhone7.

Google

 

Første bilete vart teke på Solsiden. Av ein intetanende forbipasserande.

Da eg kom heim til jentene, tok eg bilete av dei mest fotograferte på denne bloggen.

Og eg trur det stemte, at desse bileta er mykje betre enn dei gamle.

Stor skjerm har den også.

 

Så med betre ljos i stova og ny mobil, må eg seia at situasjonen ikkje er så verst.

 

Er mobilen viktig for deg?

 

På hjul

 

Borte bra, men heime best. Trondheimstur, søsterbesøk, kontroll og Ikea.

 

I kveld er det godt å være heime igjen. Men det har vore eit triveleg døgn.

Henta foreldra mine og plukka opp dotrene på returen i går. Turen inn til byen er litt krevjande om dagen. Det er omlegging, graving og rundkjøringar an mas. Men vi kom oss fram og på plass.

Søster mi har vindauga fulle av orkidear. Dei var overdådige.

Og kveldshimmelen var vakker utanføre stoveglasa.

I dag vart ærenda utført og turen attende var etter kvart klar. Vi kjøyrde innom Ikea, for glasa mine hadde liksom forsvunne på eit mystisk vis. Eg er glad i desse store. I dag gjekk eg for farga grøn.

Yngste hadde fått kjøpt seg nytt brett etter det gamle knakk. Ho er lykkeleg ogrulla nettopp ut i kvelden med boffen.

foto:ingrun

No er vi heime, vi er trøtte og skal straks sova både ho som brukar tastatur og ho som rulla ut.

 

 

Gjennom linsa

 

Resultatet av mange timars arbeid fikk vi sett på fredagen. Og eg fryda meg.

 

Yngste var ferdig med første året på universitetet.

Det er film som er faget.

Filmane til både første bachelor, bachelor og master skulle visast fram. Visninga var lagt til Nova, ein kino iTrondheim, gode stolar og nyting på høgt plan.

Eg er glad i film.

Det var hovudsakeleg kortfilmar og nokre lengre. Ein dokumenter og ein musikkvideo.

Det som var gjennomgåande i mest alle visningane var katastrofe, våpen og fantasi som sjanger.

Ein såg utviklinga i dei tekniske grepa etter kor langt dei var komne i filmstudiet. Og den som masterstudentane viste var ei perle av ei film. Dei brukte svart komedie og hadde eit herleg persongalleri.  Og filmen fekk massiv applaus.

Det var også ein av dei i første som hausta god applaus og det var filmen som gruppa til mi yngste hadde. Ein film om å bli gamal og ikkje prioritert, men likevel med ein optimistisk snert.

Den fekk tårane fram. Og smilet.

 

Elles kosa eg meg med presentasjonane, over ungdom som det vistes syntest det var ekkelt og presentera filmane sine. Dei var ikkje full av glatt sjølvsikkerheit. Det vart så menneskeleg.

Etter kvart vil dei nok veksa inn å meistra fokuset. Trur eg.

 

Yngste var i strålande humør da vi tok turen bort til Svarlamon.

Ein idyll i Trondheim langt unna den materielle jakten på det “perfekte”. Mellomste bøyer seg ned for å få sikt der vi kjem litt etter.

I bakgårder med vasken til tørk.

Der fargane rådde.

 

Verda i klikk

 

I fargar og i svart kvitt går dagane. Heile tida. Så vaknar ein opp og trykkjer på utløysaren -.

 

“Kom mai du skjønne milde, gjør skogen atter grønn…….”.

Og så kom den. Maimånaden.

Slik heilt plutseleg  var den der ein dag.

 

“Kanskje eg kan leva litt meir” tenkte eg og meldte meg på ein workshop.

Med og om foto.

 

Fredagen kom ein anerkjent fotograf  for å fortelja om sit liv og virke. Og å vise foto. Det var ein interessant kveld på etter kvart vonde stolar.

Artig å høyra om han som klarte å leva utan sikkerheitsnett. Og at det gjekk bra.

 

I går tok vi ferga til Kristiansund.

Mest heile gruppa.

Der går ein internasjonal fotofestival som heiter Nordic Light. Det vil seia den er ferdig i dag. Vi fekk med oss mange fotografar. Det er godt å sjå, kunne bruka augo. Riktig kunne bruka dei.

 

Her er vi og ser på utstillinga til “vår” fotograf, Knut Bry.

Han er opptatt av flyktningkrisa og dei menneskelege forholda på Lesvos som ligg i Hellas. Han er engasjert i menneska han har møtt der, og han skulle dit igjen. Den menneskefiendtlege politikken gjorde han opprørt.

Honoraret han fekk frå fotoworshopen i vår verd ville han gje til arbeidet der. Han forsøkte å gjera ein forskjell.


 

Det grønskar  sakte på Nordmøre i år. Men våren skjer likevel og det er godt å sjå. Og dei milde dagane er gode å kjenna………..ikkje minst det.

Det er likevel greitt å sjå at det finnest ei verd der dei små trivialitetane ein held på med eigentleg berre bør kviskrast.

Sjå inn i eit foto i ramme og glas og forstå litt meir, berre litt meir………..

 

Legg inn nokre linkar med meir info om arbeidet som er i gong på Levsos:

Lesvos Solidarity

Dråpen i havet

Vesker av vester

 

 

 

 

Blinke, blinke…..

 

Av og til er det vakre så vakkert at det ikkje kan delast.

 

Enn så gjerne eg vil.

Eg kom nettopp heim. Da eg gjekk ut av bilen vart eg heilt andektig. Mørkre funkla. Det glitra, stråla og viste fram ein nattehimmel vakrare enn få.

 

Attom fjella kom strålande kaskadar av ljosskin. Som lange strek før det laga seg om til ei slags mjølketåke. Det var nordljoset som strekte seg opp attom fjellrekkja.

 

På andre sida, attom trea – der funkla og glitra stjernene.

Ikkje ei.

Ikkje hundre.

Det var eit funklande hvelv over meg som gjorde den mest fantastiske julegata tam.

 

Det var så vakkert.

 

Men å ta bilete av det var ikkje verdt å forsøke. Eg kan berre fortelja.

 

Du kan leta att augo å sjå for deg ein høg, funklande himmel med nordljos på.

Ta med deg synet inni natta til dei vakraste draumane.

 

Sov riktig godt.

 

År som går

 

Nest siste dagen i året ser ut som ein mørk vårdag. Bekkane i fjellet på andre sida av fjorden er store. Det susar i lufta. Det er enno meir vêr å bruka opp før året er omme.

 

Korleis var 2016?

Eg kjenner det er vanskeleg å svara……anna enn at det har gått frykteleg fort.

 

Såg nettopp eit bilete av ein mann med gevær, samankrøkt, med eit vaktsamt blikk, attom eit hjørne. Korleis er det livet der kuler kan føre til døden…… Der ein spring rundt for å drepa fordi nokon har funnet ut at det må til. For at dei trur dei vinn. Sende fly inn over områder for å drepe å øydelegge.

Kva er å vinna?

Heimar, tryggleik og det kjærleiken skapar. Meie alt ned for at nokon meiner det til.

Drepa -.

Alle menneska på flukt; menn, kvinner og barn.

Det slo meg det latterlige ved at menneska ikkje er komne lengre. Som dei ikkje er ute av sandkassa. Eller…….eg trur barna har mykje meir empati, dei brukar berre ein plastspade å slå i hovudet på den andre ungen når dei vert uening.

Men året har vore prega av flukt og terror.

 

Eg kan berre slå av tv’n og tenkje på noko anna. Være varm og god og mett. For mett faktisk.

 

Og ikkje hjelper det om ein tenkjer på det heller. Det ein kan gjera er forsvinnande lite. Så ein får konsentrera seg om det ein kan, om det ein har. Dei ein er glade i og dei ein kan gjera ein forskjell for.

 

Om eg har vore flink til å hjelpa i året som er gått?

Der kan eg nok alltid gjera ein betre jobb, ikkje for å være flink – men med å bry meg.

Eg har gjengen min og andre som ramlar innom sirkelen.

 

Elles har eg eit par avgrensingar. Men eg vil påstå at den utmatta og energifattige personen eg har vore er på betring. Eg får forresten ein del tilbakemeldingar på det. Samtidig har kne og hender streika dette året. Men med psykomotorisk fysioterapi og å tåle litt vondt, har eg tru på betring her også.

Eg trudde eg skulle få auka jobbeprosenten min i år, men har gått i gjennom ein prosess med meg sjølv om at kanskje er ikkje det innan rekkevidde, men ein veit aldri….

 

Ungane og foreldra mine klarar seg stort sett bra.

Yngste starta med å studera i haust, ny by og nytt liv, så klart krevjande. Bor i kollektiv blant anna saman med mellomste, der gjekk ein draum opp for begge jentene. Mellomste er i jobb og vurderer å ta fram att tanken om utdanning. Ho får god støtte av kjærasten. Eldstemann, som igjen bor i Trondheim, er saman med ei jente eg ikkje har helsa på. Da eg fekk gåver frå ho på julekvelden vart eg så rørt at tårane kom. Ho må væra snill. Til og med han har starta å snakka om udanning. Han som har vore i mot det i mange år.

 

Dyra er med oss. Kattene er så gamle at vi er usikre på kor gamle dei er. Men vi trur det var 14 år i sommar sidan vi henta dei to søsterkattene. Boffen er ein godt voksen mann som vart sju år sist vår. Den siste, hr. Ludvik, som også er ei katt, tek lange pausar frå oss.

 

Hus og heim; sist sommar vart ikkje graset slått. Grunnen var fleire. Ikkje vart tverrveggen på huset måla heller, så no ser det passe slitt ut. Ikkje fekk eg unna meg ein mengde rask, for uhell hadde seriekobling……

Likevel, det kjem både tid og råd.

 

For no har eg bil. Er det noko dette året har vore prega av er det bilproblem. Frå kva eg skulle velja av to gamle bilar til eg fann ut eg skulle gå for ein “ny”. Som heldt i snaue fem månader før alt gjekk i stå. Men no er den reparert med ny motor og gode greier, så vil tru den går og går og går i mange år.

 

Vaskemaskina seier eg ikkje meir om, men det er vel sal på nyåret.

 

Kreativitet, aktivitet, det sosiale og kjærleik må nok få jumboplassen. Ikkje det at det er ille. Men eg har ikkje tatt i ein pensel, prøva så vidt teiknetusjar, har strikka litt – men ikkje frykteleg aktiv. Absolutt forbetringspotensiale.

Har forsøkt turar i området mitt, gått, men det kunne ha vore fleire. Elles er eg i basseng og har nokre øvingar eg skal utføre dagleg. Og kanskje greier eg å ta solhelsinga ein vakker dag. Aktivitet som å delta på ting har det vore litt av, men absolutt forbetringspotensiale her også. Reising har det heller ikkje vore så mykje av. Byturane til Trondheim og Kristiansund, sjølv om nokre har vore med overnatting, gjeld mest ikkje. To turar til Oslo. Så har berre heldt meg innan grensane i Noreg. Men her har eg lova meg at ein til to turar til varme bør eg unna meg gjennom året. Når kroppen ikkje er på parti kan eg like godt bruka det til noko positivt.

 

Sosialt blir det mest familien, og alt i alt har eg lita tid berre for meg sjølv. Men eg har lite sosialt liv privat med vener. Fordi det er ein bit det ikkje vert tid igjen til. Og eg ser den, og er klar over at eg kanskje skulle ha gjort ein innsats her. Men det er ikkje noko å stressa med. Elles har eg dei eg møter gjennom nett, slik som på blogg og andre interaktive funksjonar.

Eg vil takka for at eg har fått lov til å verta kjent med dykk som gjev av dykk sjølve her på blogg og elles.

 

Kjærleiken er nok det som har vore magrast dette året, ikkje så mykje som eit kyss. Men slik kan det verta når fjorårets store forelsking vart eit magaplask, da står ein ikkje giv akt for noko nytt slik med ein gong. Og så skjønar eg at eg ikkje har åra på parti, ikkje at eg ikkje trur på knallforelsking langt inn i det grå. Men den handlar om tilbod både den eine og andre vegen. Men…….det kan eg seia om meg sjølv, eg er ein ukueleg optimist.

 

Kva meir er det ein tek opp i horoskopa på nyåret……berømt og rik, det vart ikkje dette året heller. Og akkurat det har både mindre og mindre betyding. Eg er nok eigentleg glad for ikkje å væra berømt, det gjev fridom. Økonomisk klarar eg meg greitt nok.

 

Så attende til slik eg starta. Eg som har valet med å stenge det tragiske i verda ute. Det året her, til likt med alle andre år…….eg sit med vinnarloddet. Året som har gått har for meg vore storveges. Eg er heldig.

 

Svært heldig.

Eit lite skrubbsår og at eg ikkje fikk den raude kjærleiken på pinne, det er ingenting.

 

Og så har eg fått noko anna eg set svært høgt, eg har ei balanse inni meg, eg har eit blikk som gjev meg mykje humor, eg kan å gråte og løyse opp spenningar. Og ikkje minst, alle desse eg får væra glade i, alle dei som var med gjennom heile året. Det at eg får lov til å leva i varme, naivitet og tru på det gode og at menneske har val.

 

For eg slapp å vera redd for kula.

 

 

Berre den gamle hunden

Ein dag metta av inntrykk. Ein slik dag ein spekulerer på om det er like greitt å gå frå konsepta tvert liksom -.

 

Stilt seg opp å vræla, eller hoppa eller noko anna…...berre gått heilt frå konsepta.

Heilt!

Tenkte på det i dag da eg gjekk gatelangs. Enn om eg berre har gjort det.

Men det er alltid noko som har større grunn, meir utfordringar.

 

Eg skulle vore inn på kontroll for auga, og brillene har vorte litt haveges kan ein seia.

Men med jula i vente tenkte eg at det var like greitt å vente med briller til nyåret. Alle utgifter treng eg ikkje ta no. Tenkte eg…..

Det var da skredet med utgifter starta. Før tanken på jul var tenkt ferdig…..

Time til tannlekje fekk eg og, men den får eg og utsetja for akkurat no er det meste usikkert -.

 

I dag skulle eg veg å reparere bilen. Eg sit der i fleire timar, frykteleg spent på korleis dette vert. Da det har gått fire timar kjem ein og ber meg verta med inn på eit kontor.

Av og til er det som hovudet ikkje heilt er med på det det får å høyra.

Men kort fortalt var alt mykje verre enn kva dei først trudde. Det viser seg motoren må skiftast. Så akkurat i skrivande stund veit eg ikkje kva som skjer, men det reknast på kostnadar. Så må forhandlar og verkstad kome fram til eit resultat før det vert lagt fram for meg.

Og det er eg spent på. Fælt spent.

Frå mi side er det ein reklamasjon. Det er fem månader sidan eg kjøpe bilen som eg grov langt nok ned i lommane til banken da eg kjøpte. For eg ville ha ein bil som heldt lenge……

Men eg reknar med at vi alle vert taparar i denne situasjonen. Både selgar og eg.

 

Vaskemaskin vart det ikkje sett meir på.

 

Eg fekk rota med meg noko av det eg hadde i bilen før eg GJEKK frå verkstaden. Nokså fortumla og forvirra.

Korleis skal eg løysa kvardagen min er det som tek mest plass oppi hovudet da eg går derifra.

 

For her eg bor går det to bussar, dvs. fire når ein reknar med skulebussar. Til saman begge vegane. Og eg køyrer mykje i kvardagen min, i morgon er det møte halv eit og ferdig på jobb klokka 18.00, og det går ein buss innover der eg bor fem minuttar før dagen er ferdig.

Og attende til tannlækjaren på fredag, dit eg ha bil. På fredagskveld skulle eg henta mellomste som kjem med buss ein halv time kjøring herifrå, og på laurdag skulle eg køyra henne att og fram på jobb. Slik kan eg fortsetja……...men no i kveld har eg løyst problematikken ut den veka her.

For det er det ein må gjera, finne løysningane.

Så sjølv om eg vurderte om eg skulle klikke da eg langa ut bortetter gata da eg gjekk ut frå verkstaden, dette vert lite i samanlikning med det andre opplever.

 

Dei timane eg sat og venta kom eg i snakk med fleire.

Til slutt høyrer eg det klikkar bortover golvet frå ein stokk og ein eldre mann med hund kjem bortover mot sitjegruppa der eg sit. Eg trur først han er blind og at det er ein førarhund.

Det er eit heilt spesielt forhold mellom den gamle mannen og hunden.

Det er og ein gamal hund ser eg. Det viser seg at mannen ikkje er blind. Da eg kommenterar at dei virkar svært tette band mellom hunden og mannen, får eg ei historie som set meg svært ut.

Hunden er det han har att seier han.

Han fortel at sonen døyde da han var 18 år. Så startar han å fortelje om kona……..så vart han stille -.

Han tok så fram eit lommetørkle og tok eitt snyt i det.

Lenge sit han utan å seia noko. Før eg får vite at ho døyde da ho var 42.

Hunden var dottera som ått, ho gjekk bort for to år sidan.

 

Eg spurte om han hadde søsken, men også alle dei var gått bort.

Han hadde berre den gamle hunden igjen.

 

Bilproblema og nokre praktiske problem vert berre bagatellar.

Men at denne dagen har kravd, det har den.

Likevel, er heldig som har så mange i rundt meg.

 

 

Fest er best når vi er mange

 

Nokre gong får ein seg både overrasking og gode opplevingar på ein og same gong.

 

Eg er for å henta mat til feiring av foreldra mine sin vaksne bryllaupsdag. Dei har bestilt mat frå det lokale firmaet Øyvilt. Må ile til med opplysning av all skryt i dette innlegget tek eg på mi kappe og det er oppriktig meint. Med så lesarar som eg har på ein vanleg dag, er det liten vits å bruka bloggen min til reklame.

Så når eg seier at hjortekjøtet i brun saus vi hadde tinga både var mørt og riktig godt, så var det det.

“Ser foreldra dine ikkje har meldt seg på eldrefesta” seier ho som har ansvaret for maten.

Eg vert fortalt og forklart, og eg seier eg skal høyra med dei. For festen er meint for å løfta og gleda dei som er komen slik til i alder der ikkje fullt så mykje skjer lengre.

Da eg seinare legg det fram for foreldra mine og fortel at dei kan ha med seg følgje seier dei ja. Dei hadde ikkje motteke nokon invitasjon får eg vita. Eg snakkar med fleire som ikkje hadde fått. For eg kunne ta med meg to til i bilen når eg først for.

Likevel blir det berre foreldra mine eg tek med meg.

Festa var i går.

Da vi køyrer seier mor at ho gler seg ikkje akkurat. Og eg seier som sant er, at eg har godt kunne tenkt meg kvelden heime i mitt eige selskap. Men eg håpar dei vil ha glede av det. Og mange gong blir ting likast når ein har minst forventningar seier eg snusfornuftig…….. og håpefull…

Da vi er framme er det fullt av bilar, og ei vakt stengjer vegen. Eg trur eg mest vart litt skarp, for eg tenkte eg skulle køyre foreldra mine fram til døra – slik at dei slapp å gå så langt. For far er skikkeleg dårleg til beins.

Frå no av går det slag i slag med positive opplevingar.

“Du kan parkera nedanfor, da er det berre å gå rett inn” seier vakta.

Så slepp foreldra mine gå trappane legg han til.

Enno er eg litt skarp og spør etter garderoben, må vi opp til der den er -. Som fortsett betyr trapper.

“Nei, det er ordna med garderobe i salen like innanfor døra” seier vakta.

Så eg får parkert, gjev far arma mi.

Vi vert losa fram da vi kjem innom dørene. Nye hjelparar står klare for å visa oss kor vi kan sitja.

 

Vi får plass like framom scena, og redselen om for høgt lydnivå vert gjort til skamme. 

Lyden er behageleg, og faren min som ikkje har øyra på parti, berre til pynt, ler godt av det han høyrer. Men så er vi så heldig her i kommunen at vi har eit firma i bygda som er fantastisk både på lyd og lys.

Så kjem konferansieren for kvelden opp.

Han tek med seg folka frå første stund. Han leikar seg med ord, humoren kjem fossande som frå eit overflødighorn. Så dreg han fram eit trekkspel og tar publikum med på ei reise frå etter krigen, barnetimen og ynskjekonserten og framover til 70-talet. Han briljerer med kunnskap, historier og musikk. Namnet på karen er Odd Arne Halaas. Eit namn å merka seg. Ein fyr som eg vil seia gjorde jobben sin svært, svært godt. Den store salen vart full av latter og varme.

Dei som hadde stått for programmet hadde ikkje gått i noko felle med å tenke gamalt og traurig.

Opp på scena kjem to Bjørnar; Bjørn Alterhaug……

…..saman med Bjørn Sjögren.

Sistnemnte stemte også opp ei sag.

Desse profesjonelle musikarane serverte musikk som trefte hjarte. Det gjekk frå klassisk til jazz.

Etter dei kom tre gutar som har spela lenge til tross for den unge alderen. Bankers heiter bandet, rockabillygutane har konsentrert seg om rock frå 50 og 60 talet.

“Eg kjende musikken kom opp gjennom golvet” sa mor. Ho som aldri likte rock fekk lyst til å dansa.

Valet av underhaldning var heilt fantastisk. Maten, kakene……..alt.

Det gjekk folk rundt i salen for å høyra om folk trong hjelp til å henta maten. Det einaste som vart litt dumt var at tallerkenane vart for lette og bestikket for smått og lett for dei som hadde mista førlegheita i fingrane.

Faren min greidde å tømme mesteparten av supa nedover seg da den eine handa la seg på kanten av supetallerken. Men da var folk på pletten for å hjelpe. Heldigvis er det ikkje alle eldre som mister kjenslene i hender og føter.

Da den gråhåra gjengen duva ut med stokkar og rullatorer og også mange greitt gåande, virka dei glade og oppløfta. Eg trur dei hadde hatt ein svært fin kveld. Heilt etter intensjonane hos både dei som arrangerte og dei som overlet ein godt slump pengar til eit minnefond som kommunen skulle disponera for å gje eit løft til dei eldre. To menneskjer, utan barn, som var glade i å kunne dela tid med andre.

Etter som eg høyrde hadde dei nok likt ein slik kveld om dei hadde levd.

 

Blomster og vakre ord avslutta kvelden. Timane hadde gått fort.

“Dette angra eg ikkje på”, sa mor på turen heim.

 

Og ho som var med som følgje og berre øvde seg på ein kveld i pensjonistanes rekkje ni år for tidleg, ho hadde også ein storveges kveld. Musikken slo ei stund ut sperringane i tårekanalane. Slik passe plagsamt i ein stor sal full av menneskje. Men det var ikkje sikkert eg var den einaste….

 

 

 

Det som den gong ER –

 

Den gamle turbuksa gjekk ikkje på…..nei, vel…..så berre ligg inni skåpet da di dumme bukse. For eg trur det var den største kvielsen. Kva for klede…..

……skulle eg ha på meg i dag?

For tur uti havgapet på ein dag i slutten av oktober er ikkje heilt det same som tur i juli.

Men etter turen i dag var eg sigerherre over det meste.

 

Vi skulle veg å sjå på ting i eit gamalt naust. For naustet skulle kanskje rivast. Kan hende var det noko som burde takast vare på -.

Eigedomen var seld til noko som kunne sette i gong med storveges renovering.


 

Eg fann meg klede og eg greidde både kome meg i- og ut av båten, klatre berg og stige. Eg var heilt i den sjuande himmel over kor bra det gjekk med alt eg kvidde meg til.

Og det som gjorde denne turen spesiell var at eg var her på denne staden som lita jente. Eine morbroren (bror til mor) tok meg med ein gong han var her på vitjing. Det budde ein gamal mann i dette huset ut mot havet. Eg hugsar eplehagen, ei dør oppe på veggen utan trapp og inne eit langt bord med mange ting, slik som briller…..eller kanskje var det lorgnett…..gamalt fotoapparat, papir, klokker og bøker.

Rotete og interessant.

Nedanfor huset var det strand med kvit sand. Eller eigentleg hugsa eg to små strender med kvit sand. Og huset hugsa eg som langt og kvitt.

Mannen, som eg seinare fekk vite var halvt syskenborn med morfar min, lærte meg å bøte not da eg var i starten av tenåra. Den kunsten hugsar eg ikkje lengre.

 

Denne staden fekk eg sjå att i dag. Det er rart å få konfrontert minna frå barndommen og notida. Den stemmer ikkje heilt. Huset var ikkje langt, men bredt. Fjellskrenten attom huset er ikkje med i minnet. Men ein vakker stad var dette med vaksne augo også. Ein fantastisk vakker stad.

Heldig er dei eigarane av dette paradiset. Berre dei ikkje øydelegg med strøm, vatn og veg fram.

 

Vi for attende med nokre få ting. Eit par av tinga var merka med namnet til han som gifta seg med halvsøster til oldefaren min. Den gongen da.

Dei skal være med på å fortelja om fortida til framtida.

 

Denne turen trur eg og får vera med i minnet vidare. For vakker var den, med sjøsprøyten i ansiktet, ørnar som svinga seg i ringar oppi lufta som store, svarte sotflak. Og ute i leia gjekk store fraktbåtar.

For tida er ikkje som den var og har aldri vore det.

 

 

Framtid i sjøkanten

Sjøen strekkjer seg oppover land før den vert dregen attende. Det er den evig pulsen. Tidevatnet.

 

I denne rørsla finn vi mykje. Mykje liv og mykje puls. Og kanskje mykje av framtida. Ein spanande tanke som slo nokre røter her om dagen. Kan dette vera noko å sjå på?

Eg har ei strandlinje, men eg eig ikkje utover sjøen – berre til marbakken. Men å tenkje seg tankar om framtida er lett. Så da eg fann eit seminar inviterte eg med meg sonen og vi reiste i veg for å bruka dagen på temaet.

Interessa var tydeleg svært stor. Det var mange frammøtte. Dei fleste var i samanheng med jobb, det var mange næringar alt frå dei som har hatt fokus på oljen til utdanningssystemet. Det var frå forskarmiljø og det var nokre får private, slike som sonen og meg.

Det vart ein interessant dag. Kvar finnest dei beste vekstplassane, kva for algetypar det er hovudfokus på, kva som finnest av næringsstoffar til korleis kan ein produsera. Og kva for område kunne dei brukast; mat, helse, dyrefor og gjødsel  innfallsvinklane var mange.

Vi reiste heim med hovuda så fulle av inntrykk at vi måtte venta med å gå vidare på ideen om dette kunne være noko.

Det er mange spørsmål som må svarast på. Er dette noko for oss……

Eg ser at det er mykje som må til, og sannsynleg er sjansen liten for produksjonen for vår del. Vi bor i en fjord, vi har ikkje så mykje strandlinje, arealplana for kommunen er under godkjenning i desse dagar. Og ikkje minst, kva krev det av investering?

Men tanken om livet i fjæra er stor og spanande som ei ny og berekraftig næring.

Kanskje…….