Snodige greier

 

Veninna mi, gamle herr X…………

 

Eg sendte ei melding . Etter å ha snakka eller rettare sagt….chatta med mellomste.

Ho var lei seg, ho var blakk, ho skal snart fylle år, ho ville feire og ho ville ikkje feire……

“Kan eg få fødselsdagsgåva mi i pengar på forskot hos deg og pappa?”, var spørsmålet.

Og eg lova eg skulle prata med han. Gjorde det enkelt for meg sjølv og sendte ei melding.

 

Men først hadde vi ein prat om korleis dette kunne løysast ho og eg. For eg høyrde den vesle jenta som gjerne ville ha feiring, som ville alt og ingenting. Og frustreringa….

“Kanskje alle berre kan ta bussen hit” foreslo eg.

Midt i eksamens tid og alt var dette vanskeleg.

Og det var nok ikkje riktig forslag å ha feiringa her. Og da ho ramsa opp dei ho gjerne ville be foreslo eg supe og brød. Kan ikkje legge folk i fjøset heller.

 

Så ringte han som pappa er. Han hadde ein lang utgreiing om arbeidet sitt. Han synest han er flink, og det er bra det. Og jau da, han er nøye, men kan være slitsam å få på vitjing inn i nymåla hus.

“Er det hellegdagar her da” bruker han og seia medan han saumfer dei nymåla flatane med både augo og fingrar.

Etter å ha snakka om ho som snart fyller 22 år spurte eg om korleis det gjekk med henne han var saman med………sjølv om eg visste svaret.

Dei hadde gjort det slutt samstundes fekk eg veta, men han var først. Og så fekk eg ei utredning om den saka.

“Enn no da, noko nytt?” spurte eg (eigentelg hadde eg blitt informert her og).

Og svaret med ikkje seie nei, men heller ikkje ja, er eit svar. Så han fekk fred for fleire spørsmål, eg skjøner korleis det kan væra med ferskvarer.

Og så ville han vete korleis det var med meg. Og noko så snodig, eg svara -!

Eg fortalte litt og sa det ikkje var meir. Svaret om kvifor vart nok meir uklart. Eg sa berre at vi ikkje hadde hatt kontakt siste veka og at det var ikkje meir å bygge på. Og at jula berre kunne være slik den hadde vore. Jentene ville gjerne at han skulle komme hit i år også fortalte han.

“Kva vil du da?” sa eg. For han har alltid gjeve inntrykk at for han var det det same.

“Er det riktig at det er det?” ville eg vite. Litt slik kniven på strupen….

Og aninga av den vesle stotringa fortalte meg det eg meiner er sjølvsagt.

Han er heldig som blir bedt heim til X’n og barna i jula. No var det riktig nok eg som la opp til det. For eg sa at om julekvelden skulle barna være hos meg. Men det var heller ingen protest…..


Eg sa i tillegg at han kunne heller komme og feire saman med oss, slik at jula fekk vera uforandra for dei som da var små.

Og slik har det vore rundt dei godt ti åra sidan vi gjekk frå kvarandre. Minus eit år da eg trur han feira saman med henne som det no er slutt med.

Så no blir det nok slik i år og, men eg vil tru avtalen går mot slutten no.

Slik som det heldt på å gjera i år. Hadde nok vorte ein tanke krevjande med ein X og ein ny kjæraste under same tak på julekvelden kanskje -, for dei.

Da eg lufta den tanken  tidleg i haust for yngste svara ho som ei gammal ei:

“Er det ikkje litt tidleg å feire saman med ein du har kjent så kort – .”

 

Men at eg skulle gje meg ut på ein samtale med herr X om kjærleikens uregjerlege veger………der eg ikkje berre lytta, men også bidrog sjøl……..det hadde eg ikkje trudd.

Så no spekulerer eg på om vi har vorte veninner…….

 

 

 

 

 

14 kommentarer
    1. vel for barna sin del er det nok godt att dere kan snakke sammen og også tilbringe høytider ilag,for barna er jo glad i begge og det er nok av dem som ikke har det godt da foreldrene ikke kan være i samme rom.Håper jenta di får en fin bursdag,med eller uten fest 🙂

    2. Fint at dere KAN feire sammen….Eksen og jeg gjorde det i mange år. Han kom hit. De to siste årene har vi gjort det annerledes. Han har hatt kjæreste i fire år nå, så det er ikke naturlig at vi feirer på samme måte mer. Når jeg flytter herfra , blir det enda mindre naturlig! 🙂

    3. Les han bloggen din, denne X’en? Då får han jo vite litt av kvart. Kanskje han ikkje veit at du bloggar… Elles høyrdes det ut som ei ok ordning med jul i lag og slikt, for borna, altså, sjøl om dei er vaksne. :-))

    4. For et flott innlegg… Kor vanskelig er det ikke med nye,gamle og de med mine , dine, våre barn. Det er så mange måter å innrette seg på, og all ære til dere som greier sjonglere dette…
      For min del er jeg glad jeg ikke har det “problemet”. Far til mine tre minste meldte seg ut av alt da vi ble skilt for mer ca. 20 år siden….

    5. fruensvilje: Ja, jeg har syntes det var viktig og sette barna sine behov først, så bra det går.
      Det blir nok feiring med venner i helga, og på selve dagen drar jeg opp til Trondheim for å feire henne. Faren vart og med på det, han bor bare en halv time unna. Og så blir det nok familieselskap her neste helg.

    6. karidansen: Ja, det er bra en kan feire høytider sammen. De første åra hadde vi felles feiring på 17.mai, men det er det slutt med. Fødselsdager har vært mye felles. Har også vært flere episoder der dama som det er slutt med var med, til og med vært ute og spist sammen. Men jeg syns det er godt at avstanden naturlig blir lengre.
      Har forstått at du og x’n ikke bor så langt fra hverandre. Blir kanskje godt å få større avstand for deg også geografisk. Dette er en utvikling, og etter hvert som barna blir eldre kan en sette sine egne behov sterkere i fokus. Det har du skrevet en del om :).

    7. Oldemorbloggen: Han gjer ikkje det. For så vidt trur eg han har tålt og lese den, men det var ikkje meininga å henga han ut. Eg var nok meir overraska over at eg la ut om mitt åt han….og fekk sansynleg lyst til å markera avstand gjennom ein slags form for sarkasme (og eg som ikkje likar det).
      Borna set nok pris på at vi kan ha feiringa samen (sonen syntest heile familien kunne kome sørover å feira samen med familien til kjæresten hans…der han skal være i jula, he, he..).

    8. maiken: For vår del har dette gått bra, vi har kunnet sette våre barn i fokus fordi det ikke har vært andre barn (nesten ikke andre barn). Og vi voksne var så fryktelig ferdig med hverandre, og da blir det ganske rene “sårkanter”.
      Mange menn som melder seg ut. I vårt tilfelle er nok jeg som har stått mest på for denne felles omgangen, og for oss var det mulig å få det til. Barn venner seg nok til det meste, men jeg spekulerer på hva som foregår i hodet til noen som melder seg ut…

    9. natheless: Vi er nok “venner” og veldig ulike :). Men vi har satt felles barn til verden og det er ikke deres skyld at vi ikke passa sammen :).
      Håper du har en fin natt :))), nå må jeg legge meg også…..:)

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg