Svar på 1. utfordring i friluft

 

På torsdag ba eg om å verta utfordra. Eg kom med ein påstand om at eg kunne snakke om kva det skulle være. Kan hende eg tok munnen min i overkant full, men har eg sagt dette, så har eg det-.

 

Må takka for alle utfordringane eg fekk. Eg tek dei kronologisk og linkar til den eg fekk utfordringa frå. Eg skriv eit innlegg for kvar utfordring, så det kan fort gå nokre dagar.

Den første er frå Utifriluft. Hennar utfordring var å skrive om tur og om å være ute i friluft. Eg tenkte om eg skulle dekke ein tur no eller gå til ein tidlegare. Og eg fann ut eg skulle fortelja om ein tur i ungdommen. Ein spesiell tur.

Vi bodde på ei øy, ei nokså stor øy. Far hadde fått i ein livbåt frå ei gamal ferje. Ein stor og tung sak i tre. Sjø, sommar og båt høyrer saman. Vi var fire jenter som fann ut at vi ville ro rundt øya. Vi var usikker kor lang tid det ville ta, men vi provianterte for fleire dagar. Telt og sovepose vart lasta opp i båten.

 

Vi skulle ro to og to på skift. Det var ettermiddag da vi la frå kaia. Foreldra sto igjen på land å vinka. For ei herleg kjensle det var å setja åreblada ned i den grøne sjøen. Sola hang oppe på den blå himmelen.

Friheit.

Sundet vart passert og vi rodde gjennom den smale straumen der vi såg den kvite sandbotnen, tang og tare. Fisk som sømte og sjøpølser. Vi kom ut i eit mykje større sund, Aursundet, båten fikk fart med to ved årane. Da vi hadde rodd ei stund kom vi til Arøya. Det hadde vore brent hekser i tidelgare tider på øya. Vi fann ut det var tid for pause. Så vi fortøyde båten og hoppa ut i vatnet.

Friskt og godt. Men langt ute fekk vi sjå sjøsprut høgt til vers. Det var spekkhoggar på tur. Vi fann ut det var best å koma seg opp.

Neste pause var innanfor ein stad som heiter Arasvika. Eit av hjørna på øya. Kvite, slette svaberg. Der tente vi opp bål, vi koka potet i glør og solsteik.

Neste dag var sjøen meir krapp. Men det gjekk fort framover. Da vi passerte Hjørnøya la vi ikkje merke til det vesle sundet vi eigentleg kunne rodd gjennom. Ved passering av ein av dei tre fergekaiene som fantes den gongen, Vingsnes, fekk vi sjå ein båt kom fossande. Det var foreldre på tur som var ute å speida etter sjømenndamer. Vi fekk slepehjelp forbi Hevika og var framme ved Styrshamna da neste overnatting skulle gjennomførast.

Vi sette opp teltet i lynget. Men det vart ei uroleg natt og nokre vart etter kvart desperate. For vi var angrepe av store hærskarar av mygg. Eg er så heldig at myggen ikkje likar meg så godt, men det var ikkje tilfelle for alle. Så i to, tre tida om natta var desperasjon så stor at nokre ikkje heldt ut meir. Eg var den siste som kraup noko motviljug ut av soveposen. Da eg skulle ta på meg kleda var føtene mine grå av mygg som eg prøva å kosta vekk.

Vi kom oss ut på det blikkstille havet forsvant myggen. Det var vakkert. Havet låg som ein overjordisk hildring utover. Øyer og holmar flaut over flata. Vi fann ut vi ville fiska der i den tidlege morgonen. Men da fekk høyra prusting og sjå eit par niser rulla i havflata like bortanføre båten, var vi snare med å dra snøret opp.

 

Vi hadde nokre heilt utrulege naturopplevingar der i den tidelege morgonen. Da vi passerte Giset starta Reiseradioen.

Vi fortøyde båten tidleg på formiddagen med sol i ryggen. Det hadde vore ein fantastisk tur. Snakka om neste gong……..da måtte vi ta turen rundt Smøla………

Kanskje like godt det ikkje vart. Er eit meir krevjande stykke sjø.

Båten forsvann ut av vårt eige, hamna på museum – så ein slik tur vart aldri meir. Men eg trur eg godt kunna teke ein slik tur i dag, altså om sommaren med sol og varme. Likt med den gongen.

 

 

18 kommentarer

Siste innlegg