Vegen fram til mor

 

Ei åtvaring!! Er du gravid vil eg helst ikkje du les dette!

 

 

Midt på kjøkkengolvet sto ho. Da ho kjente det. Som ei boble som brast.

 

Ho hadde vakna seint og kjende seg tung.

Uopplagt.

Dei hadde vore ute kvelden før. Ho var skikkeleg sur før ho gjekk ut.

Kleda passa ikkje lengre. Magen var for stor. Ho kjende seg stor og klumpete. Stygg!

Dei skulle ut å eta.

 

Etterpå hadde det gått greitt. Da dei kom heim seint på kvelden hadde dei elska.

 

No sto ho der på kjøkengolvet.

Da ho fekk sett ned i trusa var det blod. Mykje blod.

Ho ringte sjukehuset; kom så får vi sjå sa dei.

Dei roa henne ned da ho kom, dette går nok bra sa dei.

 

Så låg ho der, med føtene i bøylane. Ho såg ansiktet på dei to som skulle undersøkje.

Plutseleg forandra dei avslappa ansikta seg, munnane opna seg og alt det avslappa var borte.

Det var opning og fosterhinna med to små føter hadde syntest.

 

I tre døgn låg ho i seng, utan å få stå opp. Så kom dei å sa at ho måtte stå opp. Ho kunne ikkje liggja i ei seng i dei månadene som var att.

 

Det å gå på do igjen var eit mareritt. Å tømme tarmane naturstridig. Ho sveita redsel.

 

Da det hadde gått ei lita veke starta riene. Dei var prøvd å stoppa. Riene stoppa til slutt, men da var det kome for langt. Dei måtte dra den vesle guten ut. Han var heilt perfekt utanom merka av å bli drege ut.

Men så alt, alt for ung til å få livet.

 

 

Sorga har djupe daler. Ned i der dei var djupast vart det mang ein tur. Ho kom opp igjen kvar gong. Det var også ei frigjering i sorga, i alle tårane. Noko ein måtte gjennom.

 

 

“Vil de ha ei gravfred eller fellesgrav” spurte sosionomen.

 

Eit umogleg spørsmål. Men tanken på  ei lita kiste og folk samla, var barbarisk, som å dvele i det verste.

Ei natt hadde ho ein draum. Ho sto høgt oppe på ein trappeavsats og såg ned på tre graver med små, kvite barn i.

Det tolka ho som fellesgrav. Dei gravla tre og tre i fellesgrava.

 

Før dei vart utskrivne frå sjukehuset vakna dei ein morgon til ei kvit, frossa verd. Det lukta vinter. Det var så riktig.

 

 

Da våren kom banka eit nytt lite liv i henne. Magen kom før, men denne gongen vart ho ikkje sur for at dei vanlege kleda ikkje passa.

Tida passerte da den vesle guten vart født. Vekene var viktige og vart tald på nytt og på nytt.

Ei helg ut på sommaren var dei i bryllaup. Natta etter drøymde ho at brudgommen, som var lege, hadde akkurat dei same kjenslene som henne. Da måtte det væra greit…..

Ho vakna.

Ho kunne ikkje lengre flykta frå knipa i magen. Det var rier ho kjende.

 

På sjukehuset vart det sett i gong drypp for å stoppa dei. Til slutt låg ho og hoppa i senga, som ho låg på ein motorbåt. Da sjukesøstrene ville ta dryppet av henne ville ho ikkje. Hennar hjarte og puls var underordna.

 

 

Verdas minste skrik fylte rommet. Som ein leike ein trykkjer på. Denne gongen vart ho ikkje spurt om ho ville halde det vesle barnet. Det vart plassert på brystet hennar. Den alt for vesle jenta førte tommelen sin opp til munnen. Oppe i hovudet såg ho pulsen hennar. Det banka.

Lenge.

Ved sidan satt han som skulle bli far og gråt. Det var godt han tok seg av det. Ho kunne gråte etterpå, men først måtte ho ta med seg det ho kunne.

 

Dagane etter kunne ho få jenta inn når ho bad om det. Ho kunne visa ho fram. Vise fram det ho hadde å vise fram. Det var så lite og det var så stort.

Ho hadde ei kjensle av å være eit lite barn som hadde fått straff for noko ho ikkje forsto.

 

Foreldra hennar var der i sorg, det vart ikkje barnebarn denne gongen heller.

 

 

Eit år etter mest på dagen, var dei der igjen. Denne gongen i GLEDE.

 

Mellom kvart svangerskap gjekk det akkurat det legane anbefalte som eit minimum, tre månader.

Ho var lagt inn til observasjon i fleire veker før ho mista første gongen. Etter tre månader fekk ho koma ut og heim, først på permisjon. Ho hadde vent seg så på institusjonslivet at ho visst ikkje kva ho skulle velja på brødskiva.

 

Og å sitja midt i ei blomstereng på Jonsok, med magen struttande mot sola var meir enn fantastisk.

 

Ein augustkveld rann vatnet nedover føtene. Ho fekk beskjed om å leggja seg ned, for hovudet på han inne imagen hadde ikkje festa seg på siste kontroll. Det vart sendt ein ambulanse. Ho gjekk mest i sjokk, ho skulle gjennom ein fødsel igjen.

 

Så låg guten på magen hennar og såg ut som han var køyrd over av ein traktor. Omsorgsevna var på plass, men augo såg det dei såg.

Eit døgn etter kom den store morskjensla som ei båre over henne. Dei sto der i natta med han i armane og sa dei måtte ta han opp på barneavdelinga. Det var nokre verdiar -. Dei hadde teke på han ei lue. Hennar vakre, vesle gut.

 

Så opphalde varte lengre. Etter tre døgn med å pumpe seg og sitje framom ei kuvøse greidde ho ikkje meir. Ho stakk av, bort frå alt og heim.

Det var vanleg fekk ho høyra, at ein kunne få ein nedtur etter tre døgn.

 

Men så kom dagen. Ho kunne kle på den vesle guten kleda ho hadde plukka ut med omhug. Ta på han huva, jakka og labbane ho hadde strikka. Få festa bagen til vogna bak i bilen med alle den sikkerheit som trongst.

 

Endeleg kunne dei reisa heim med eit lite barn og få lov til å være foreldre. Og ho fekk starta rolla som mor.

 

 

Så august –

 

Da var vi berre plutseleg her. Tok meg i å tenke….seks månader…..da ligg alt framom igjen.

 

Men først skal eg ha ferie. Heilt fram til september. Eg trur eg hadde siste dagen på kontoret i dag. Det kan stå utan meg desse vekene. Fekk til og med lagt inn automatisk fråvær på e-posten.

I morgon er det biblioteket og nokre timar på museet på søndag. Eg held faktisk på å landar, greier det utan kav i år. Fantastisk!

 

Og eg har inga stor plan. Tenkte tidlegare både Oslo og kanskje ein tur utanlands.

Men eg har funne ut at eg skal ta meg tid til å sjå om medisineringa virke. Startar søndagskvelden.

 

Dagane har så mykje vakkert ljos.

I går skulle yngste og eg starta på intervall trening. Vi var berre ergelege på at vi ikkje kom på det før. Men da vi tok på oss treningsklede og sko og sa “ut” vart boffen lydhør. Dette ville han også være med på.

Brukte langstrekket nedanom fjøset…eg gjekk fort først og roleg attende, ti rundar……fekk godt opp pulsen av dette eg. Ho som var langt yngre sette opp farta, opp og ned bakkane.

Men eg vil tru eg får bruka desse ferievekene til å kosa meg utan å leggje for mange plane.

Nokre har eg likevel lagt. Under fem…..trur eg.

Litt vil eg.