Og resultatet vert varme i omnen og varme i kroppen.
I dag sloss eg med snø i fleire timar. Så da smakte det med heimlaga brød og kaffi etterpå.
I helga vart vi avgløymt av brøytaren. For vi har brøytar.
Her står ein arbeidshest oppsala og grei skulle ein tru. Men eg kan den ikkje, og ein må visst ha både musklar og kunnskap for ri den.
No er eg ikkje sikker på om det går å starta den. Men vegavgift betaler eg.
Så i går da eg skulle ut på hjul, rulla hjula seg fast i laussnøen. Eg fekk bilen laus etter ein del strev, og da eg kom heim var det brøyta ei stripe opp til huset.
I dag da søster mi skulle ut med bilen sin, måtte ho rygge ned til vegen utan og ha særleg sikt. Ho greidde å passera bilen min og med hjelp av eit ekstra par augo kom ho seg også ned til den kommunale vegen. Ho har ikkje nokon god vinterbil. Men handikapbil har ho.
Her står eg i eit kryss….
…..ned….opp….bort….
….og berre nyt synet av all snøen.
Eg skulle grava meg fram til vedbua. Det er nokre meter, og ein føler seg mest overmanna. Eg kom meg fram til fjøset og fram til vedbua etter ein del tak med snøskuffa.
I dag var eg mest glad for at naboen ikkje har ordna opp vedbua som fekk knusa ein vegg av ein høyball i august. Det var liksomberre å gå inn da eg endeleg var framme. Når ein kom seg forbi den gapande kjeften av skrape tenner.
Fint som fotomotiv kan ein også seia det er.
Og veden kom i hus. Fekk tent opp. Ete.
Og så skreve eit innlegg på bloggen….trur det er nokre dagar sidan sist no.
Eg søv mykje, men kanskje det kjem av at året er så ungt. Det unge på kvile. I går var eg hos lege for å ta ein prøve eg ikkje kunne ta før jul. Etterpå køyrde eg til foreldra mine, og der sovna eg. Gong på gong. Så i går vart det ikkje noko tur.
Her om dagen vart eg invitert inn i ein fellessamtale på face. Styrketrening i kveld. I nærområdet. Kjempebra tiltak. Eg vil være med, men ikkje i kveld. Det var mørkt da eg kom heim, så ingen gå tur i dag heller. Trøyt i dag også. Eg kunne ha lagt meg framover pulten og sovna.
Det er nok det nyfødde året. Kanskje du er trøytt også?
Men i dag fekk eg endeleg gjort noko eg lenge skulle gjort lenge. Eg tok ein cd inn i spelaren i bilen. Ein cd eg fekk tideleg i desember. Eg vart ikkje overraska, kan ikkje seia det……for eg rekna med den var bra. Men den var så bra at eg vart sitjande i bilen for å høyre meir da eg kom fram.
Da eg kom heim orka eg ikkje lage meg middag. Eg hadde røyklaks att frå jula, så eg steikte eggerøre og lagar meg smørbrød.
Og så kom det snø i ettemiddag.
Eg trur eg er så trøyt at eg nok må legge meg straks. -Utan tur og styrketrening, med nysnø og flammar inne i omnen……i eit nyfødt år.
Fire dagar i eit nytt år. Første dagen det ikkje var fritt. Kvardagen er attende.
Det var kaldt og fleire blå minus. Svært tungt å koma i gong. Alt i meg prøvde å koma unna. Da eg atter var heime heldt det på å bli mørkt.
Eg har snøra på meg sko og kome meg ut dei tre første dagane i det nye året. I dag var det for kaldt, for mørkt og eg var ikkje motivert på nokon måte, tenkte eg i bilen heim.
Da eg kom inn ville boffen ut, og eg opna døra for han. Plutseleg fann eg fram ullunderklede, snøra på meg skoa og fann fram refleksvest og huve. Tok med meg bandet og fòr etter boffen. Han vart hoppande glad da eg tok på han band. Vi gjekk mot der himmelen var ljosast.
Det var kaldt og i overkant friskt. Heime vart det middag, skikkeleg kvardagsmat, steikt fiskpudding med løk og raspa gulrot. Og så sovna eg. Gong på gong. I stolen.
Ikkje at det er største problemet mitt, stort sett kan eg bestemme mykje om eg vil. Mange gong vel eg å ikkje være så bestemt. Eg opplev at det krev for mykje krefter, og at det er ikkje verdt det. Noko som fort kan opplevast som ei svakheit. Av andre.
Eg har fått attende fleire krefter kan eg kjenne. Og eg reagerer meir spontant. Det er herleg, men eg har ikkje lyst til å verta ufin. Eg har inga behov for å gjera folk små med å vera det. Respekt er eit viktig. Om andre tar det valet er det deira val.
Det er godt og væra heime. Være heime for seg sjølv utan å tenkje på andre. Det er svært fint og ha ungane heime, og eg er svært glad når dei kjem. Likevel set eg pris på einsemda.
I dag gjekk eg meg tur. For andre gong i år. Måtte det berre fortsette. Kroppen min treng det mest hysterisk.
I går reiste mellomst. Vi hadde ein fin nyttårskveld. Først var vi hos foreldra mine på kalkun. Etterpå reiste vi heim, vi håpa det var mindre rakettoppskyting her. Men det var meir enn nok til øyra til boffen.
I dag har eg vore på to kaffibesøk. Og er eit bilete frå ei vitjing hos foreldra mine i romjula.
Men no er eg attende. Til livet mitt og kvardagen. Juletreet skal få stå ei veke til. Men snart er eg attende til vanleg gjenge. Og eg trur at sjølv om sist del av fjoråret mest fekk meg i kne, så startar eg likevel året med fleire krefter enn da eg gjekk inn i 2015. Og når det lir litt utpå skal eg auka slikt ein må med ti prosent er plana. Så dette vert bra, og betre skal det bli.
Dagane er i fyk, og det er ikkje eg. Eg har parkert ein stad mellom sol og måne.
For av og til er det ikkje meir å seia. Det meste er sagt og det meste er gjort. Og av til skjer det for mykje med andre som har mykje med deg å gjera. Så ein må væra med på karusellen. Utan at ein vil eller har lyst.
Eg ser jula kjem. Som eit tog som dundrar fram over skinnene. Eg høyrer fløyta på andre sida av dalen og har ikkje pakka kofferten enno. Julekofferten.
Nei, eg skal ingen stad. Detter er berre bilete. I staden kjem mange hit. Enno står mykje att før jula kan ringast inn.
Sorg og glede. Men alle lever og ingen er alvorleg sjuk. Så slike er alt bra.
Det vart berre litt mykje, men ikkje slik som har noko hensikt å fortelja om. Utanom bilen da, den fann plutseleg ut at den likså godt kunne stoppa. Dette var ein dag med mykje køyring. Men med litt forsiktigheit gjekk det bra, og den rullar enno.
Nei, ikkje akkurat no. No er det berre vinden som rullar krafta si over fjord og fjell. Og eg skal rulle meg i seng.
Klokka ringte sju, til ein lang dag etter ei natt mest utan søvn. No er ikkje det å ikkje sova noko problem for meg, så å oppleve det er bra – for da set eg enno meir pris på at det ikkje er eit problem.
Var ein tur framom pulten min, mest berre for å seia hei. Før eg reiste til neste avtale, ein avtale eg har gjort med meg sjølv; fotbehandling – to gong i året.
Eg var der i sommar og i går hadde eg ein ny avtale. Medan eg venta, fekk eg servert kaffi og kjeks. Eg hadde med meg oppskrifter og skreiv handleliste, for tida må nyttast.
Så vart det min tur til å sette føtene i varmt såpevatten.
Etter ei stund var det fram med verktøy både for hard hud og negler. Da det er over vart føtene salva inn og strømpene tatt på, og da sveva eg over golvet.
Eg synest denne handsaminga er mykje viktigare enn den som blir gjort på den andre enden av kroppen…..
Mor var med, og etter vi var ferdig reiste vi til butikken. Der det var mykje folk og trongt mellom hyllene. Det var godt og setja seg ut i bilen etter utført dåd.
Eg vart invitert på pizza hos foreldra mine, med kaffi etterpå. Da var dagen gått og kvelden komen.
På tur heim gledde eg meg på å tenne opp i omnen og sette meg i ro og fred for at tv’n skulle få underhalda meg. Eg køyrde bilen fram til fjøset og veden, hadde planlagt det før eg for om morgonen – så eg hadde med meg vedpose og fekk utnytta lyktene på bilen til å lyse opp i mørket.
Etter det var utført var det inn med handleposar og vedposar, innom søster med det eg handla til henne. Opp -, stara med å setje på ljos, adventsljosa…….hadde drege ut kontaktar fordi eg hadde lese om brannfaren ved slike elektriske smånips. Eigentleg hadde eg alltid gjort det i, men i år bestemte meg for at det sikkert berre var tull………til eg las artikkelen om brannfaren dagen før.
Det er da eg ser det er noko rart, ljosa i den sjuarma gløder så vidt. Adventsstjerna har det på same viset. Eg set på ljoset over kjøkenøya, det er så vidt det er ljos…….
Nokre ljos virke ikkje. Og da eg skal lada mobilen er det ikkje nok straum, om det er noko, til at den responderar. No fekk eg verkeleg bruk for den vesle oppladbare dingsten eg kjøpte og som heldigvis var opplada -.
Eg gjekk ned for å høyre med henne nede og fekk vite at straumen hadde vore slik i heile dag.
Eg sendte meldingar til naboane om dei hadde same problemet og eg fekk ringt straumleverandøren. Eine naboen, som var heime, hadde det greitt med straumen.
Etter ein halv time kom ein bil med mykje ljos og ein ung mann med lykt på hovudet sprettande……altså, bilen spratt ikkje. Han konstanterte fort at ein kurs var ute, mannen altså….ikkje bilen. Så drog han ut i verda for å finne årsaken……….straumkablar inn til huset var dei nedgraven i jorda………kom straumen gjennom fjøset………… Og eg tenkte, korleis i all verda kunne ein finne ut slikt…….???
Snakk om å leita etter nåla i høystakken……..til og med i blinde.
Ok – han hadde lykt på hovudet.
Eg såg den etterlengta fredagskvelden med Skavland, Madelen og Adele forsvann i ei svært mørk sky.
Og mørkt vart det……..eg hadde eit par brennande talgljos og varme på omnen. Så heilt ille hadde eg det ikkje.
Men så ser eg det……..da det eine ljoset som står på, som går og kjem mange gongar, har fått eit sterkare skin. Eg fyk opp, startar å setje på ljos etter ljos ……. og det VIRKAR – heilt normalt.
Så da eg ser ei lykt som kjem nedover jordet mot huset og den unge mannen dukka opp att i gangen, fekk eg lyst til å klemme han, i pur glede. Men noko anstendigheit må ein likevel behalda i jublande glede.
Det var vêr og vind, fekk eg vita, ein skadd boks og ein stolpe påkøyrd av ein traktor.
Derfor fekk eg kvelden min med Skavland, Madelen og Adele. Eg opna posen med ostepop og ga meg ei flaske juleøl på kjøpet.
Medan eg tenkte nokre tankar kor avhengig vi er av elektrisitet, av data, mobil og kjøleskåp.
Og til slutt kan eg fortelja at eg hadde ikkje det minste problem med å sovna da eg hadde la meg etter ein heil dag til endes……
I dag starta eg dagen med å velte ein kopp kaffi i golvteppet. Og så oppdaga eg at det var tomt for solsikkefrø som eg skulle ha i brød. Men eg fekk baka dei obligatoriske to brøda til frukostbordet første juledag likevel, og det er eg glad for.
Eg avspasere og skal eigentleg få gjort noko. Noko til jul. Men dagen i dag vart gjeve vekk. Til at opp til fleire trengte meg. Rett og slett. Det er ikkje alt som er like greitt for folk. Slikt kan ha ein pris, så eg forsvinn enno meir inn i mitt eige når eg kan det. Men eg er glad for å kunne vera til hjelp.
I det siste er eg berre sporadiske her inne. Og ofte er det nok å lese ein blogg, så må eg ta kommentaren seinare. Eg vil seia dette for at ingen skal tru det er arroganse, om noko legg merke til låg deltaking. Skal verta godt når eg kan få opp meir konsentrasjon. Eg er ikkje i tvil om at det vert betre.
Er tida evig eller avgrensa? Korleis er tida…….. Mi berre går.
Chagall fra google
Tida flyt gjennom årene mine. Og eg flyt gjennom tida. Som ein Chagall figur i flyt.
Eg må feste meg i tida.
Men det er det store teppet av slit både i renning og i innslag som ligg over. Som rotar saman tida mi.
Men kanskje eg treng at den berre flyt. For å reparere alt eg skulle. Alt eg ville. Og så trudde eg tida og kreftene mine var uutømmeleg.
Eg trudde aldri eg ville verta eldre. Da eg var 26 år var eg gamal. Trudde eg.
I dag skulle eg til psykomotorikeren Dei kan tulle dei også. Med tida. Og med timane. ¨- Og det dei seier og det dei gjer. For det er menneskeleg.
Så i dag vart det bomtur.
I sørpa.
Men eg fekk betalt rekninga for å køyre ein bil som både er skodd og har alle dei ljosa den skal ha. No satsar eg på at den held vinteren i gjennom.
Det brenn logande og varmande på omnen. Det dryp frå taket ute. Men snøen ligg randheil enno.
Enno – fordi meldingane fortel om plussgradar.
Eg trur eg skal gå i gong med eit eller anna. Det er nok å ta fatt i. Meir ein nok, så det å finna på noko er ikkje noko problem.
Eg kjenner det er godt at ikkje klokka har noko å seie her eg sit. For klokka og eg……..klokka og eg……..vi er ikkje på parti. Men vi skal klare å bli vener tenkjer eg……..eg trur det……..
Og så får eg spekulera på veka eg er i gong med. Skal eg bry meg om å vitja to byar på slutten av veka eller er berre det dumt -. Personalmøte og juleavslutning i den eine. Invitert med ei venninne til den andre, berre for hygge. Eg kan greie begge, om eg ikkje overnattar……..men så var det kreftane og tida…….
Nei, no trur eg skal finne på dette noko…….skal eg starta med å legge saman klede eller rydde kjøkenbenken……
Disponerer du tida di effektivt eller har du erfaring med at den kan være i flyt?
Det er på tide med eit blogginnlegg. For å fortelja at eg lever og at snøen er komen. Og at alt elles er ved det gamle.
November ein tung og mørk månad. No vert den ljosare når snøen breiar seg utover jordene……..og vegane. Dette med vegane er alltid ei utordring.
Han som brøyta i fjor og føråret sa det frå seg i år. Har det berre vore meg som budde her har eg nok klart å måka ei renne dei opp i mot 100 metrane ned til vegen. Men når leiebuaren er handikappa går ikkje det. Og så veks ikkje brøytarar på trer?.. antakeleg veks dei slik som alle oss andre. Det er berre det å finna ein.
I går kveld rulla eg så sakte, så sakte heim…….for hjula på bilen leikar sommar enno. Men no har eg bestilt både dekk og time for skift. Det er i morgon tidleg. Det eine settet med felgar får halda fordi eg veit ikkje kor lenge bilen held.
Men alt ordnar seg på vegen og greier seg i sjøen er det sagt. Utan samanheng.
I dag har eg fri. Veka har hatt innhald. Møter i mange ulike variantar.
Frå dei “gråhåra menn” sine desillusjoner til situasjonen min. Men eg kom meg gjennom dagane og i dag har eg fri. Ein ettermiddag var eg bedt på middag, prøvesmaking av julematen kan ein seia, og lutefisken smaka fortreffeleg.
Og så sit eg her med drømmen frå natta tredd nedover hovudet. Det var sommar, eg data, folk bada, eg møtte mora som fortalte og viste bilete. Det var hus, ja mange bygningar, det var folk og ferjer. Butikkar og handling. Og eg spekulerte på kvar eg var i veg no.
Etter kvart no skal eg rista av meg og koma meg i gong, rulla føter, strekkje kropp, vaske opp, hente ved, henge klede, støvsuge og da trur eg det skal få duge.
Den veka her har eit program eg kvi meg til. Mange møter som ikkje samarbeide med tida. No har eg vore hos psykomotorikeren, som skjentes på meg for eg gjer ein dårleg jobb med øvinga på heimebane. Eg har ikkje noko særleg tolmod med irettesetting om dagen.
Så skal eg attende til sentrum om nokre timar. Og i kveld har eg invitert folk til kveldsmat, men veit ikkje kor mange som kjem. Så blir ein sein kveld.
I dag måtte eg skrape ruta på bilen. No sat rimet heldigvis laust og vegane kjendes tørre. Men eg må få på vinterdekk, og det trur eg ikkje har. Og ikkje har eg felgar. Men eg trur ikkje eg kostar på eit sett felgar. Eg køyrer bilen til far. Den har automatgir og firehjulstrekk, slik eg kjem meg opp bakkane for å hente foreldra mine om det er holk. Men bilen lugger og på verkstaden har dei sagt at dei ikkje vil tilrå store reperasjonar.
I garasjen til far står min bil, kaputt.
Har vore det lenge. Desse bilane er like gamle, ca.15 år. No har eg kome framtil at eg kanskje berre skiltar av bilen min, også får eg ta reperasjonen når den eg køyrer no ikkje vil meir. For eg vart tilrådd heller å reparere Wolksvagen stasjonsvogna som står.
Gamle biler er ikkje lønsamt.
Ikkje gamle damer heller.
Eg er litt lei av å være godt vaksen med ein kropp som utfordrar. Ufordra meg. Ingen andre.
Men det er nok berre å brette opp ermer, armer og bein-.
Kome seg ut-.
Gripe det som gripast kan-.
Og begripe det ein evnar-.
Ha ein fin dag ein og kvar, denne dagen kjem aldri attende.