I augneblinken

Å sitja her, i ro og fred utan ei plan men med tankane om alt ein kan.

 

I dag har eg fri. Det er så mykje eg har lyst til å putta inn i ein fridag. Skriva blogginnlegg. Rydde i heimen……eller lyst og lyst…….det er resultatet eg har lyst på. Ut å gå i skogen. Henge opp meir mat til fuglane. Kjøpte nytt da eg var i byen tidlegare i veka. Det er så artig med alle fuglane som kvitrar om morgonen.

Eg må nok i butikken å kjøpa frukt. Til fruktsalat. Dessert i morgon. Far fyller år på søndag og feiringa tek vi i morgon. Eg har lova fruktsalat og agurksalat.

Enno er det mykje meir eg har lyst til å gjera. Men eg kjenner både dagen og meg sjølv.

Det er ialle fall godt med både fredag og helg.

 

Nyt dagen din.

 

 

Det tenkjer eg på

Eg må framom for å seia hei. Vart ein ufrivillig pause. Slikt kan skje.

 

Da eg starta med blogg var det for å leita etter energi. Eg forsto ikkje heilt kvifor ting var som det var. Etter kvart forsto eg både det eine og det andre, og eg aksepterte i staden for å kjempa i mot.  

Dette har hjelpt, plana er å fungera betre. 

Sjølv om eg synest det går alt for seint.

Å væra utbrent kan gje ulika uttrykk. For meg har det vore husken og konsentrasjonen. Ikkje angst, ikkje depresjon…..det gjer det nok enklare.

 

Men så viser det seg at den fysiske delen også har utfordringar. Blant anna atrose.

Det er dette eg har eit skikkeleg utbrot av dei siste vekene. Eg ville prøve å leve utan dei smertestillande preparatet eg har bruka det siste halve året.

Eg ville prøve å venne meg til smertene, tenkte det kunne gå. Det er dette eg har bala med.

No er eg på ein kur og i dag har eg fred.

Det er godt.

 

I helga hadde eg jentene mine her. Dei hjelpte meg med å få jula opp på loftet. Dei hjelpte med mykje anna også. Godt å ha dei heime.

 

Eg tenkte eg plutseleg skulle gjera noko drastisk. Fekk plutseleg lyst til å kutte fb og starta ein ny blogg. Etter å ha tenkt meg om fortset eg nok som eg gjer. Og om eg startar ein ny blogg treng eg ikkje slutta denne.

Men tanken om å starta ein ny der eg satsar med meg sjølv som innsats…….om å koma fram og opp, gjera dei gode vala for å greia å kvitta meg med desse problema.

Det da vel gå an.

Om ein vil nok…….

 

Det tenkjer eg på.

 

 

Fredagen som vart søndag

 

I springfart mellom alt og intet sit eg her både den eine og den andre dagen.

Å himlande, hildrande du kor godt det er med ein fredagskveld slik dann og vann. Eg har henta ved uti slafset, slufset og mørket. Kvidde meg, så da er kjensla fantastisk når der er gjort.

Inni omnen står middagen og steiker; laks, søtpotet, spinat……..kjem på no at eg gløymde kviløk……..cherrytoamt, frisk koriander og lettrømme. Kanskje eg skal ta ei glas kvitvin til……..eller så blir det berre Bris. Godt med Bris også.

Så eg kosar meg.

Sjølv om det er 21. dag Knut, så heng jula i her, men i morgon…….i morgon, men ikkje i dag-.

I kveld tek eg meg fri frå utfordringane eg bad om. Eg er ferdig med desse fire:

Margrethe i utifriluft utfordra meg til å skrive om friluft.

Bøker utfordra av oldemorsblogg

Forventningar utfordra av Fruensvilje

Ostehøvel utfordra av Frodith

 

Har att desse:

Sex utfordra av snuskelasken

Horisont urfordra av Karidansen

HÅRVEIS av natheless

Solhelsing gjort tre gong på ei veke, altså ein aktivitet, utfordra av maiken

 

I kveld vil eg berre fortelja om kor godt det er med fredag. At eg har ei stille og roleg helg framom meg denne andre helga i januar.

Eg vurderte å kjøpa meg primula, men ventar.

Slik er det i eit roleg hjørne av verda, livet og det nye året. Slik i bakevja av det gamle før det nye tek springfart. Det er ein god stad å væra medan stua vermes opp og middagen blir ferdig.

Ha ei riktig god helg.


 

langt kom eg i å skriva eit innlegg på fredagen. Og så gjekk plutseleg helga.

I dag har eg hengt opp ein skral søndag. Eg tenkte eg var lat. For eg orka ingen ting. Kom meg til slutt ut for å køyra søpla ned til vegen, måke bort snø attom bilen og henta ved. Da hadde det starta å mørkne, så planane om å henge ut meir fuglemat utsette eg til i morgon.

Men ein annan mistanke svirrar også, etter ei natt der eg vakna kvar time og vart heilt ubrukeleg. At kanskje er det noko anna…….. allmenntilstanden er beint ut sagt håplaus.

 

Men jula ligg samla saman. Treet er kasta ut. Det står att å få det i kassar og opp der det ligg å kviler det meste av året.

 

Så slik er det ein søndagskveld som starta som ein fredagskveld.

 

 

Forventning, 3. utfordring

 

Dagane går fortare enn kva bokstavane gjer. Dagane går fort i eit nytt år også. I kveld skal eg skriva om utfordring.

 

Det var fruensvilje som ga meg denne utfordringa.

Forventning.

 

Vi er nettopp i gong med eit nytt år. Da kan det dukka opp mange tankar. Forventningar til det nye året. Alt som kanskje kan verta annleis…..

Er det dette året eg får drøymejobben, vinn den store gevinsten, finn den rette, blir oppdaga, greier å slanka meg, trena, få dei gode resultata på alle hald………kanskje kan dette vera forventningane for nokon av oss -.

Og eit snev av desse kan nok alle ha. Men kanskje er alle i overkant urealistisk. Å tru at eit nytt åt kan snu heilt om på det livet ein har.

 

Kanskje er det livet eigentleg bra…….om vi ser ordentleg på det.

Attover på det.

Forventningar går alltid framover. For det er noko vi ventar på. Noko som kan- og skal skje.

Greier vi det meisterstykket å væra til stades i livet akkurat no er det bra.

Men forventnigar vil ein ha i en eller annan grad.

Mine forventningar no i starten av eit nytt år er det ljoset som står for.

Det er så vakkert.

Og vi får både meir og meir av det. Det er berre opna seg å ta i mot.

Kvar dag.

Litt ljosare.

Våren som står framom oss. Den vil veksa seg inn i liva våre. Meir og meir vil våren koma nærare.

For kvar dag.

Sola som stig lengre opp på himmelen. Alt som igjen skal gro og veksa.

Når mars kle seg naken og ligg der gul og brun av det som var. Klar for varmen, gje seg over til det som skal gro. Gje seg over til den nye våren.

 

Eg er eit vårmenneske, for da startar alt. Og kvar dag gle meg over ljoset med alle forventningane i.

Det er mi største forventning.

 

 

Svar på 1. utfordring i friluft

 

På torsdag ba eg om å verta utfordra. Eg kom med ein påstand om at eg kunne snakke om kva det skulle være. Kan hende eg tok munnen min i overkant full, men har eg sagt dette, så har eg det-.

 

Må takka for alle utfordringane eg fekk. Eg tek dei kronologisk og linkar til den eg fekk utfordringa frå. Eg skriv eit innlegg for kvar utfordring, så det kan fort gå nokre dagar.

Den første er frå Utifriluft. Hennar utfordring var å skrive om tur og om å være ute i friluft. Eg tenkte om eg skulle dekke ein tur no eller gå til ein tidlegare. Og eg fann ut eg skulle fortelja om ein tur i ungdommen. Ein spesiell tur.

Vi bodde på ei øy, ei nokså stor øy. Far hadde fått i ein livbåt frå ei gamal ferje. Ein stor og tung sak i tre. Sjø, sommar og båt høyrer saman. Vi var fire jenter som fann ut at vi ville ro rundt øya. Vi var usikker kor lang tid det ville ta, men vi provianterte for fleire dagar. Telt og sovepose vart lasta opp i båten.

 

Vi skulle ro to og to på skift. Det var ettermiddag da vi la frå kaia. Foreldra sto igjen på land å vinka. For ei herleg kjensle det var å setja åreblada ned i den grøne sjøen. Sola hang oppe på den blå himmelen.

Friheit.

Sundet vart passert og vi rodde gjennom den smale straumen der vi såg den kvite sandbotnen, tang og tare. Fisk som sømte og sjøpølser. Vi kom ut i eit mykje større sund, Aursundet, båten fikk fart med to ved årane. Da vi hadde rodd ei stund kom vi til Arøya. Det hadde vore brent hekser i tidelgare tider på øya. Vi fann ut det var tid for pause. Så vi fortøyde båten og hoppa ut i vatnet.

Friskt og godt. Men langt ute fekk vi sjå sjøsprut høgt til vers. Det var spekkhoggar på tur. Vi fann ut det var best å koma seg opp.

Neste pause var innanfor ein stad som heiter Arasvika. Eit av hjørna på øya. Kvite, slette svaberg. Der tente vi opp bål, vi koka potet i glør og solsteik.

Neste dag var sjøen meir krapp. Men det gjekk fort framover. Da vi passerte Hjørnøya la vi ikkje merke til det vesle sundet vi eigentleg kunne rodd gjennom. Ved passering av ein av dei tre fergekaiene som fantes den gongen, Vingsnes, fekk vi sjå ein båt kom fossande. Det var foreldre på tur som var ute å speida etter sjømenndamer. Vi fekk slepehjelp forbi Hevika og var framme ved Styrshamna da neste overnatting skulle gjennomførast.

Vi sette opp teltet i lynget. Men det vart ei uroleg natt og nokre vart etter kvart desperate. For vi var angrepe av store hærskarar av mygg. Eg er så heldig at myggen ikkje likar meg så godt, men det var ikkje tilfelle for alle. Så i to, tre tida om natta var desperasjon så stor at nokre ikkje heldt ut meir. Eg var den siste som kraup noko motviljug ut av soveposen. Da eg skulle ta på meg kleda var føtene mine grå av mygg som eg prøva å kosta vekk.

Vi kom oss ut på det blikkstille havet forsvant myggen. Det var vakkert. Havet låg som ein overjordisk hildring utover. Øyer og holmar flaut over flata. Vi fann ut vi ville fiska der i den tidlege morgonen. Men da fekk høyra prusting og sjå eit par niser rulla i havflata like bortanføre båten, var vi snare med å dra snøret opp.

 

Vi hadde nokre heilt utrulege naturopplevingar der i den tidelege morgonen. Da vi passerte Giset starta Reiseradioen.

Vi fortøyde båten tidleg på formiddagen med sol i ryggen. Det hadde vore ein fantastisk tur. Snakka om neste gong……..da måtte vi ta turen rundt Smøla………

Kanskje like godt det ikkje vart. Er eit meir krevjande stykke sjø.

Båten forsvann ut av vårt eige, hamna på museum – så ein slik tur vart aldri meir. Men eg trur eg godt kunna teke ein slik tur i dag, altså om sommaren med sol og varme. Likt med den gongen.

 

 

Meg VS eg

 

Ljoset er sløkt ute og tent inne. Her sit eg og ventar på at eg lagar middag åt meg.

 

Den står og varmar seg, så slik er oppgåva enkel. Snart skal eg legga opp på tallerken, kanskje unna meg ein akevitt og eit glas øl til.

Eg er for meg sjølv.

I dag for dei.

I går fekk mellomste vitjing av kjærasten og i dag tok han med seg begge jentene attende til byen der dei alle vil feira nytt år.

Da eg kom heim i ettermiddag var huset tømt for tobeinte, berre dei firbeinte att. Ute regnar det slik at elvane går frodande kvit. Temperaturen er tett oppunder ti grader den tredjesiste kvelden i året.

Eg fann to julegåver på pulten min i dag, dei har eg ikkje pakka opp enno.

I går kom ein pakke i posten. I den låg grøn neglelakk, den måtte eg prøva den med ein gong.

Ute bles det. Sjølv om det er mildt har eg tent opp i omnen, radioen står på. Eg har tent nokre talgljos. I kveld skal eg væra saman berre med meg. Det er litt sørgjeleg når alle fer, tenkte eg i dag tideleg…….koma heim til tomme hus…….

Og det er det.

Likevel, det er også kjempegodt å berre væra saman med seg sjølv, ingen eg skal tena, berre meg sjølv.

Så her sit eg. No venter eg på at eg skal dekke opp til meg. Eg gleder meg på mat. Trur eg er litt svolta.

 

Og det var eg. Etterpå somna eg slik at eg mest ikkje greidde vakna. No er eg mett og ikkje riktig så trøyt -.

Undrast på om eg skal dra fram tv’n eller ta ein prat med meg sjølv for å høyra korleis eg eignetleg har det…..

 

Det som er grått

 

Det er mildt i juleland. Frå himmelen drypp det og naturen er hylla inn i grått.

 

I går bar eg både ved og hengte opp…..ikkje fugleband, men meisebollar. I dag er det ingen fuglar å sjå. Det er så grått og trist at det passar dagen.

I går skjedde noko vi visste ville skje. Men vi håpa nok at jula fekk passera.

For det er frykteleg sørgjeleg når nokon ikkje er med oss lenger. Eit søskenbarn er borte. Tenkjer på dei næraste og ikkje minst unge skuldrer som fekk ei for tung bør.

Livet og døden.

Vi som er her skal lage jul. Eg skal fortsetta med mitt. Arbeidet er ein god ven.

I går fekk eg unna meg ein del. I dag skal eg fortsetja. Baking og steiking. Og så skal eg unne meg ein kopp kaffi inn i mellom.

I morgon kjem yngste heim. I starten av veka kjem eldste. Mellomste kjem like inn i jula.

Ei veke att. Eg må rekke både ein Trondheimstur og ein tur til Kristansund. Den siste byen om bilen er ferdig.

Eg gle meg til fuglane kjem for å eta maten, til ungane mine kjem, til vi alle er samla i dei første juledagane og til at det vert ljosare dagar.

For slik er det, slik er det alltid…..det tunge og det lette , sorga og gleda…..vi lever midt i alt.

 

Ha ein riktig fin dag og ta vare på dagen, deg sjølv og gje varme til dei som treng.

 

 

Sorg eller forvirring

 

Plutseleg tenkjer eg; kva i all verda. Kva har eg gjort…….

 

Eigentleg skulle eg ha vore jublande glad. I går var eg veg å henta meg bil.

Lånebil.

Eg har bil til bilen min er ferdig. På måndag startar dei å setja inn ny motor.

 

I dag er eg skrapa. Ordlaus og sårbar. Kanskje vart gårdagen for hard…….

Eg prøva å tenkje jul før bilen kunne settast seg inn i. Eg gjekk innom butikk etter butikk. For å sjå om eg fann det dei eg kjenner ynskjer seg……men eg veit ikkje kva dei ynskjer seg -.

Det er så mange ting.

Så mange ting over alt.

Eg vart eigentleg litt ulykkeleg. Har folk lyst på alt dette.

Til slutt kom eg meg heim med bil saman med nokre julegåver.

Og eg var heilt oppbruka sjølv om eg skulle væra jublande glad.

 

Men det var godt å setja seg attom eit ratt i dag.

 

Eg fungerte berre så kriminelt dårleg.  

Tankane gjekk så sakte.

Og eg var flat.

Eg følte meg lita og kraftlaus. Greidde mest ikkje kome meg framover.

Ikkje på noko område.

 

Kva i himmelens namn held eg på med tenkjer eg plutseleg-.

 

Eg har eit oppgjær med det meste.

No i kveld.

Eg synest alle folk er så slitsame.

 

Her bor eg langt ut i huttuheti og gjer ting eg eigentleg ikkje kan.

 

I dag forsvann orda også, dei var så små og eg så slapp.

 

Kvifor gjorde eg alt dette som gjorde at det vart slik.

Eg har prøva å gjera meg slik som alle andre.

Slik tenkjer eg i kveld. Er det for seint å starta det eg skulle……..

Om eg skulle no veit eg ikkje kva det er ein gong.

 

Men eg kjenner på ei sorg.

I kveld kikar sorga på meg. At eg prøva å bli som alle andre.

(Eg veit dette fell på si eiga urimelegheit, for ingen er som alle andre).

Eg er berre ikkje der eg sjølv ynskjer. Eg veit ikkje ein gong kva det er.

Ikkje på ordentleg.

Men ein gong svikta eg draumen. Eg fekk mykje meir attende.

Likevel – tenkjer eg – er det for seint………

Svaret svarar seg sjølv, det er aldri for seint, aldri………

 

Men kan eg greia å frigjera meg nok?

Nok frå meg sjølv og tryggheita-.

 

 

Ein kveld dekka opp til meg sjølv

 

Mett er eg her eg sit. I ljoset frå teljosa på bordet.

 

Akkurat no sit eg med musikk på øyra. Den treff rett inn, inn til det indre av meg. Eg likar ta på meg headsettet og bo i musikken.

I dag har eg støvsuga teppa i stova grundig. Når ein har ein ullhund må ein rekna med alt som følgjer med. Det er ikkje mykje hår etter han, men ulla samlar seg i skavar.

Helga er godt i gong. I dag vakna eg til ein dag godt i gong. Atter.

Kvifor søv eg plutseleg så lengje? Eg skal ikkje påstå eg la meg kjempetidleg, men likevel. …..Må eg til å setja på ringarklokka i helgene???

 

Dagen har vore heilt utan stress. Berre smårydding.

 

Noko av det første eg gjorde var å ha enno meir sukker i sirupen. Eg er i gong med noko eg har tenkt i mange år; kandisera frukt. Er komen til dag fire. Prosessen tek to veker. Spent på resultatet.

Det er så godt å ha ei helg utan planer. – Men vurderar å laga smultringar i morgon. Smultringar er ikkje nokon favoritt, men vermer ein frosne er dei gode nok. Faren min er glad i dei, så for å gleda han gjer eg det. Og det er overhovudet ikkje noko offer. Når ein får ha ein så voksen far må ein stella fint med han.

Elles vert jula slik den har vore i mange år. Huset fullt av folk. Ungane, foreldra mine, søster, tanteborn og far til ungane. Det vil seia vi vert ni stykke. Når ein er så mange vert det og mange hender som hjelpe til. Det er ikkje så sikkert at ein kan rekna med at det vert slik i årtider framover. Eigentleg er det rett så koseleg dei dagane det står på.

 

Men i kveld er eg for meg sjølv. Eg synest det også er svært fint. Trivest inne i hovudet mitt med musikk og tankar i ei herleg røre.

 

Riktig god helg.

 

 

Tenk det

Forvirra sit eg her. Forstå det den som kan at det går an…..

I gårkveld var det eit forrykande vêr. Eg måtte berge inn boffen da haggelskot vart sendt mot jorda…..altså haggel som i snø

Litt seinare dundrar det laus med lyn og dunder og brak. Så boffen spring frenetisk i rund i stova og skal skremma vekk alt.

Det neste som hender er at det vert heilt mørkt. Etter nokre blinkar.

Da krype eg likegodt til køys. Halv ti om kvelden. Ikkje noko å sitja opp etter da.

 

Der får eg ei natt -.

Vakne periodar og aktive draumar i ein skikkeleg lapskaus. Og det verste, eg søv fram til halv ellev!!!

I DAG!

Det er jammen greitt eg avspaserar for tida, men måte på -.

No får eg rista av meg natta, finna fornufta, lufta og springa etter dagen.

 

Ha ein vaken onsdag alle som ein.