Ein dag og ein til

 

Slik går det. Framover og vidare. Med alle krumspring av lite og mykje.

 

Ein tysdagskveld i juni kan eg stadfesta dette. Framover og av og til sidelengs.

Eg har hatt ein handlingsmetta vår full av ingenting.

“Kor kjedeleg eg lever” tenkte eg her om dagen.

Den tanken gjorde meg glad. Det måtte bety meir energi.

 

Elles vassar eg i ting to do.

Smått om senn skjer slikt som skal skje; slik som vaskemaskin, EU-kontroll, tannlege……men så kan det henda det skjer meir-.

For eksempel datamaskin –.

Plutseleg for nokre veker sidan var den svart både utanpå og inni.

 

Den dagen eg skulle ta bilen med til EU-kontroll tok eg også med meg maskina. Fann ut eg måtte vaske den. Før eg fór prøva eg nok ein gong å slå den på. Og så virka den!

Trur ikkje det hadde med vaskinga å gjera, men den vart straks meir innbydande.

 

Men eg tok den med meg til byen, hadde fleire ærend. Berre for å oppdaga da eg kom til byen at bankkortet låg att i regnjakka…….som hang på ein knagg heime.

Det hadde regna dagen før. Så da eg var ute for å fylle drivstoff la eg kortet i lomma. Det måtte eg hugsa på var tanken.

Og det gjorde eg altså ikkje. Så eg fór heim med uforretta sak…….eller saker.


 

No dristar eg meg til å skriva eit innlegg i spent forvissing om at maskin kan bli heilsvart att. Det står noko om batteri når eg slår den på.

Det er batteriet som har dårleg energi.

 

Men eg får prøva og gje eit livsteikn frå det nordre møre.

Eg lever, eg kavar, eg ler og eg ser. For slik er det.

Og ein vakker dag har eg alt på stell……og da kan det hende eg i alle fall syns det er kjedeleg.

 

 

Ein halv månad

Året har fått fart på seg. Plutseleg er halve april gått og vel så det. Det er ein isande kald vår. Eg oppheld meg i ei boble i trinnlaus fart.

 

For dagane berre går og går. Utan nokon start og utan nokon slutt. Eg veit mest ikkje kva som skjer, men skjønar at plutseleg er vi komen frykteleg langt ut i året.

Derfor deler eg nokre bilete som ei vareoppteljing på dagane i april.

 

Første dagen narra eg ingen og ingen narra meg. Men eg fekk med meg eit interessant foredrag med Einar Lunde, han frå Dagsrevyen ein gong. Han fortalte med å gestikulera om da han var korrespondent i Afrika på 80-talet.  

Og publikum hadde han med seg på turane og opplevingane.

 

Ein morgon vakna eg kjempetidleg av ein lyd. Det viser seg det er ein fugl som kanskje har forelska i sitt eige spegelbilete. Han heldt det gåande i timevis med å flaksa opp og ned framom vindauge.

Ei veke ut i april feira vi søster mi, eit nytt år hadde runda himmelkvelvingen.

Dagen etter var det konsert i kyrkja med Joseph Hayden framført av Kristiansund Festival kvartett. Det var nydeleg, og hadde det ikkje vore for dei harde benkane, himmelsk.

Den stille veke viste at våren var i anmarsj.

Langfredag var det grilling av pølse og pinnebrød over bålpanna. Men saueskinn og pledd greidde ikkje å kompensera for 2 kalde plussgrader.

Første påskedag var huset fullt av barn og kjærestar. Dama til sonen hadde tinga på å lage mat og serverte Libanesisk til middag. Det er så artig å smake ny mat.

Ljoset utanføre vindauga vart så spesielt under middagen.

Slik blåne over blåne….eller gråne over gråne…

Sjølv om barn meir er vaksne er det ikkje feil med ein variant av egget og påskeharen. Så langbeinte og svarte leita dei og fann det dei skulle finna.

Så kom kvardagen og ei ny veke. Riktig nok nokså kort.

I dag er det fredag, fri og med ufyseleg vêr. Skikkeleg herleg innevêr.

Helga er heilt utan ei einaste plan. Det er så godt. Vonar den går svært, svært seint. Slik at eg kan kjenna på punktum og komma og andre teiknsettingar i livet. Og eg skal nyte dei.

 

 

Ein dag, ein søndag i mars

Det er ikkje noko nytt under sola. Anna enn at den står opp ein time tidlegare i dag enn i går. Men i dette ruskeværet  vises verken sol eller himmel.

 

Blåsten og regnet lagar eit grått teppe. Eit vassflimmer ligg overnaturen. Som akkurat i dag er snøfri.

Den siste tida har snøen komme og gått mange gong.

Men det er uansett vår. Små gule, fortulla leirfivel dukkar opp frå jorda.

 

Eg gler meg til varmare og meir stabile temperaturar. For da trur eg at eg vert meir menneske att. Dei siste vekene er noko eg har kome meg i gjennom.

Derfor er det ikkje så mykje å skriva om.

 

I dag skal eg på middag. Det er foreldra som inviterar, og gjestene er oss tre systrene. Ikkje så ofte vi møtes slik med berre oss fem. Slik det var det i dei alle første åra, før kjærestar, ektemenn og barn.

Eit vakse besøk i barndommens struktur.

 

Men aller først skal eg ta dagen inn over meg med ein kopp kaffi.

 

 

Titt tei

Nokre dagar labbar langbeint og stive fram gjennom livet ditt, da er det berre å klora seg fast og gjera det ein trur. Ein får alltid dei meir sindige dagane også.

 

I dag er ein slik dag.

Sindig!

Eg fann ut slik herleg frigjerande at eg trong ikkje gjera noko. Da hadde eg laga eit program som eg skjøna eg kunne leggja til sides.

Eg hadde køyrd mellomste til bussen, eller parallelt med bussen eit stykke i tidlege morgontimar. Fann ut at eigentleg var eg så trøyt at eg mest var kvalm….og eg kunne eigentleg leggja meg, om eg sjølv ga meg lov.

 

Så herleg å berre breie dyna godt over seg og sovna.

 

Det har vore stramt program over lengre tid. Etter slikt må ein få henta seg inn.

 

I helga har eg att begge jentene heime. Vi har hatt ei kjempekoseleg helg. Eg opplever dei har det bra, sjølv om mykje er usikkert og val og framtid krev sitt.

Førre helg vart ho som fylte to ti-år feira. Dei feira i kollektivet sitt to dagar til ende, først med venner og så neste dag kom vi foreldra. Dei laga effektivt pizza og var i strålande humør.

Veka som kom var travel. Eg visste det. Møte, seminar, gjennomgang og mykje ein berre måtte ta. Det gjekk greitt sjølv om eg mest vart svimmel av alt. Kofferten er enno ikkje set på plass. Slike dagar og veker prøvar eg å unngå.

 

Men det var svært godt å ta ein dag fri. Ein dag i vind og vêr. Det regnar og snøen ligg som ein marmorering oppover jordene. På tur til å gje seg for denne gong trur eg. Den har vore nokså grei denne vinteren om den ikkje startar å vise klør no.

Eg er slik passeleg lei klør og kloring.

-Vil berre ha ljoset, gleda og latteren. Slik i lang tid framover.

 

 

Det gode som er godt

 

Det treff. Eit eller anna, midt i-. Det blinke, glitrar og dryp.

 

Det er sooooool over kvite jorde. Eg blir treft midt i  senteret for lukke. For no er det i gong. No er det i gong.

Dei første strålande i heimen. Ja da, ser  alt støvet. Men kjenner også kriblinga. For vi har nådd den lette  årstida. Våren er så vidt starta. Og sola – sola skiiiin.

 

Og så er det laurdag. Fantastiske  laurdag.

– Fri og frank.

– Blid og blank.

 

I tillegg er verda mi mykje mindre vondt. Av ein eller annan grunn. Og eg tek i mot.

Og eg har lyst til så mykje. Hente ved. Dra fram skrikande og strikande  Støvsugaren. I dag er alt mogleg. Sjølv om dagen ikkje varer evig.

 

Eg skal baka ei kake. Den vesle, lange jenta mi fyller år i morgon. Heile 20.

I kveld skal eg på kino, skal sjå La, la land.

I morgon blir det feiring av rund dag.

 

Og veka, veka som kjem er for full. Eg veit at det som rime på full er tull.

Men det er vel  ikkje det, og eg veit at neste helg vil eg ha funne ut at eg har vunne over den også.

Eg vert mest svimmel, over alt eg kan  NÅR eg kan.

 

Skikkeleg god helg over alt den finn vegen.

Til kvar krinkel og krok.

Som ord i ei riktig god bok.


Torsdagskveld på tur heim i vakkert kveldsljos.

 

 

Vinterdagar gjennom veka

 

Siste veka i siste vintermånaden kom det snø. Verda vart grafisk. Vegane vart glatte.

 

Eg har heldt meg vegane.

Eg har vært i tankane. I tankane mine.

For tankane køyrer etter sine vegar.

Dagane går så fort.

Og eg rekk så lite.

Dette går utover blogglesing og bloggskriving.

 

Men sola, den runde kula, skein attom skylaget i starten av veka.

Det første strøket av snø hadde lagt seg og ein kunne sette spor. Kortvarige spor.

Det er godt å koma seg heim. Tenna opp og berre pakka huset rundt seg.

Torsdag måtte eg knalltidleg ut. Ut på glatte vegar.

Var innom her, innom museet som går i hi om vinteren. Mest går i hi……..men likevel ikkje heilt. No er det montert opp ovnar som kan fjernstyrast. Det er greit det.

Og eg kom meg gjennom dagen og eg vart mest høg og trudde på alt ei stund. At alt kunne skje.

 

Men veka har også teke for seg slikt som tenk om det ikkje er for mykje håp………med kropp og slikt.

 

Men alt kan skje.

Alt kan faktisk skje.

Eg trur eigentleg på det.

At alt som er bra KAN skje.

 

Kva vil eg skal skje?

Eg vil at fotoapparat skal skje. -At verda er ljos og vakker. Menneske som er full av det gode. -Ei heil verd av godheit.

 

Boffen ser på meg. Han har vorte frisk.

Han og eg fekk nokre slitsame dagar. Da mage og tarm ikkje var på noko godt parti. Ein dag fortalte han meg at no ville han ha mat igjen. Og da vi var ute kom farten tilbake i hundekroppen. Han jumpa, byksa og sprang.

 

I dag tok eg med meg henne nedunder og kjørte til nabofylket og nabokommunen. Der fekk eg handla ei lita snøskuffe. Ny kaffikanne og litt mat. Vi kjøpe også kaffi og ei alt for søt sjokoladekake på Kafe Koselig.

 

På turen attende over fjella ropar ljoset på meg og eg måtte ut for å ta eit mobilbilete av ljoset, fjella og sjøen.

I kveld har eg ete shusi og drukke ingefærøl….ginger beer. Det er nydeleg saman.

 

Kvelden er her, det er laurdagskveld og i morgon er det fastelavn. Eg har ikkje baka bollar og ikkje teke inn ris. Det har jentene mine. Baka bollar altså. I byen. Stafettpinnen med tradisjonen er gått vidare.

 

Og her sit eg ein vinterkveld i februar og veit at våren er like rundt hjørne.

 

Ein sjuk søndag

 

Det er sommar, det er sol og det er søndag er heilt feil….søndag er det riktig nok.

 

Ein våt, grå, dundrande, regnade, illeluktande søndag å vakna til. Eg er redd synet allereie før eg opnar soveromsdøra. Først trur eg ikkje det er ille.

Det var det.

Det var stova som hadde fått det. Klatt i klatt. Heldigvis var teppa på golvet gått fri.

 

I går starta boffen å kura. Han var ikkje opplagt på tur, men hadde mange småturar ut.

Rart dette med dyr. Han har aldri vore nokon bjeffar. Når han vil ut startar han berre å trava rastlaus rundt. Så ut av det forsto vi.

I natt høyrde eg travinga gjennom søvnen.

 

Likevel har han hatt ein periode med bjeffing i seinare tid. Når han blir glad for å sjå nokon. Så når eg kjem heim frå dagens dont sit han oppe i trappegangen og bjeffar vilt så det gje gjenklang i veggar.

Frykteleg ubehageleg.

No trur eg at eg har fått slutt på dette. Eg seier sit!

Han sett seg ned og bjeffinga sluttar. Sist eg kom heim sette han seg før eg sa noko.


 

Men å stå opp til sjuk hund er ikkje det beste du gjer.

Det var berre å gå i gong. Papir, eingongshanskar, såpe og vatn. Mest som magen min og kom i opprør.

 

No kan eg gå i gong med ein sein frukost. Eg trur eg klarar det til tross. Kaffi og yoghurt med frø og korn. Sist sonen var heim hadde han så lyst på det, og eigentleg er det godt med alt ein får å tygga på; havregryn, solsikkekjernar, linfrø, sesamfrø og greskarfrø. Sonen skal eg forresten skriva litt meir om etterpå.

Ute dundrar vêret. Sjøen går kvit nede på fjorden.

Dette er dagen som har vaska seg.

 

Pust er liv

 

Det kjennes så lett. Berre sitja å tenkje og sjå.

 

Fire brødskiver er eigentleg to for mykje. Men det blir litt slik både frukost og lunsj. Det lir på dagen og eg har vore oppe lenge. Det gjekk faktisk greitt. Men eg vakna i natt, var uroleg. Eg måtte ikkje forsova meg.

“Kvifor pustar du ikkje”, spør behandlaren. Eg held pusten for tiande gong under behandlinga.

“Er du redd?”

“Er det vondt?”

Men eg skjønar eg har eit godt tilvendt mønster. For eg er verken redd eller kan påstå at det var så vondt.

Av og til kan ein verta så lei av seg sjølv og dei innarbeidde mønstra.

Er det håp spør eg.

Det er godt å høyra at det er ei utvikling.

 

Ute regnar det. Mildt vårregn og vegen opp til huset har fått spor i grusen.

Etter ei stund greier eg å lausriva meg frå lydboka. Eg gjev Linn Ullmann ein sjanse. Det er godt å sitja inne i ein bil i regnet å høyre lydbok.

 

No har eg nokre timar før eg må ut igjen. Det er godt med kaffi.

Tenk om det kunne lausna. Tenk om at……

Det gjev meg håp. Håp er alltid godt.

 

Det er snart helg igjen. I denne får eg ikkje besøk. Denne helga er berre mi. Eg skal kanskje ut å leita etter motiv. Eg skal gå, bøya knea å gå i motbakken. Ein herleg og aktiv tanke.

 

Ute er det heilt grått. Heilt, heilt grått. Dis og ljos. Det er også vakkert.

Brødskivene er oppete og eg skal berre slappa av ei god stund.

 

 

Dei reiste

 

Han skjøna det boffen. Han skjøna dei for. Han er ingen dum hund.

 

I helga har han fått fleire i flokken sin. Først berre såg han. På den nye. Augo gjekk.

Kven var dette?

På slutten var venskapen forsegla. Han trengte litt tid, for dei som skal høyre til må fortena plassen. På slutten hadde han vorte ein skygge, han følgde den nye.

Helga har vore full av folk.

Eg bad om hjelp, kva skulle vi eta……og hjelp har eg fått i mengder. Ikkje berre om kva for mat, men i kutting, bæring, dekking,  vasking…..det har vore eit levande hus. På butikken hadde vi diskusjonar ved frysedisken og menyen kom fram med godt samarbeid.

I dag ville dei at besteforeldra skulle koma til middag, så nokon køyrde å henta dei og andre ordna.


 

I gårkveld vart vi sittande rundt bordet ut i dei små timane. Da klokka hadde passert to om natta kom eg på at eigentleg var eg ikkje like ung som dei andre og kanskje skulle leggja meg. Var greitt å koma etter med det også.

Vi er ein pratande familie, og dei nye som er komne er heller ikkje kløyvd for tungeband. Eg har hatt ei hyggeleg helg. Eg trur i grunn vi alle hadde det.

Eg kjende på det i går, at skuta flaut godt. Her fantes varme, kjærleik, empati, refleksjonar og gode kjensle.

 

I kveld skal det bli godt å leggja seg. Livet er ei reise med høgdedrag og dalar……i kveld kan eg konstantera at helga var god, no er eg trøyt og i morgon er ei ny veke.

 

Boffen har somna, det er godt med folk og det er godt å kvila trur eg han også tenkjer.

 

 

Fridag og fredag

 

Enno ligg dagen der med mange timar. Dei har eg ei plan på å bruka godt.

 

Snart kjem sola over fjella, ikkje mange dagane igjen-. I dag kjem barna, alle tre og to kjærester. Den eine har eg ikkje helsa på. Det blir spanande. Eg trur det blir bra, ho verkar snill.

Når barna vert glad i nokon så kan det fort henda ein sjølv og vert det. Og når forhold tek slutt får ein vera med på at det er trist. No er ikkje ungane mine av dei som heile tida må ha nokon. Det er nok sonen som har vore ivrigast.

Kva for partnar ungane finn er interessant. Går dei godt overeins med familien elles og kvarandre er det ein skikkeleg god sjanse for mange fine stunder som storfamilie. Det er å ynskje.

 

Men før dei kjem må bad, stue og soverom få ein omgang med støvsuger og vaskefille. Og eg satsar på at kroppen min er på parti og oppfører seg som ein kropp skal.

I går hadde eg ein så hard behandlingsdag at eg hadde lyst til å dra opp “glidelåsen” og gå frå heile kroppen. I gårkveld tenkte eg at eg må finna vegen bort og vekk frå dette. Og den vegen går nok gjennom vektreduksjon og aktivitet.

Sukk!

Eg er berre så lei av det. Av tanken, av å prøva og av ikkje å få det godt nok til. Ikkje få til eit nytt mønster.


 

Men snart trillar sola over åskammen. Eg hugsar ikkje datoen det skjer. Men uansett er det snart. Om det 9. februar eller 14. februar….. Men det er ikkje riktig enno.

No må eg gå til oppgåvene. Ha ein riktig fin dag både du i nord og du i sør.

 

Kva er dine planar i dag?