Fredagen som vart søndag

 

I springfart mellom alt og intet sit eg her både den eine og den andre dagen.

Å himlande, hildrande du kor godt det er med ein fredagskveld slik dann og vann. Eg har henta ved uti slafset, slufset og mørket. Kvidde meg, så da er kjensla fantastisk når der er gjort.

Inni omnen står middagen og steiker; laks, søtpotet, spinat……..kjem på no at eg gløymde kviløk……..cherrytoamt, frisk koriander og lettrømme. Kanskje eg skal ta ei glas kvitvin til……..eller så blir det berre Bris. Godt med Bris også.

Så eg kosar meg.

Sjølv om det er 21. dag Knut, så heng jula i her, men i morgon…….i morgon, men ikkje i dag-.

I kveld tek eg meg fri frå utfordringane eg bad om. Eg er ferdig med desse fire:

Margrethe i utifriluft utfordra meg til å skrive om friluft.

Bøker utfordra av oldemorsblogg

Forventningar utfordra av Fruensvilje

Ostehøvel utfordra av Frodith

 

Har att desse:

Sex utfordra av snuskelasken

Horisont urfordra av Karidansen

HÅRVEIS av natheless

Solhelsing gjort tre gong på ei veke, altså ein aktivitet, utfordra av maiken

 

I kveld vil eg berre fortelja om kor godt det er med fredag. At eg har ei stille og roleg helg framom meg denne andre helga i januar.

Eg vurderte å kjøpa meg primula, men ventar.

Slik er det i eit roleg hjørne av verda, livet og det nye året. Slik i bakevja av det gamle før det nye tek springfart. Det er ein god stad å væra medan stua vermes opp og middagen blir ferdig.

Ha ei riktig god helg.


 

langt kom eg i å skriva eit innlegg på fredagen. Og så gjekk plutseleg helga.

I dag har eg hengt opp ein skral søndag. Eg tenkte eg var lat. For eg orka ingen ting. Kom meg til slutt ut for å køyra søpla ned til vegen, måke bort snø attom bilen og henta ved. Da hadde det starta å mørkne, så planane om å henge ut meir fuglemat utsette eg til i morgon.

Men ein annan mistanke svirrar også, etter ei natt der eg vakna kvar time og vart heilt ubrukeleg. At kanskje er det noko anna…….. allmenntilstanden er beint ut sagt håplaus.

 

Men jula ligg samla saman. Treet er kasta ut. Det står att å få det i kassar og opp der det ligg å kviler det meste av året.

 

Så slik er det ein søndagskveld som starta som ein fredagskveld.

 

 

12 kommentarer
    1. Da var den helga over ja.. middagen du forteller om høres god ut..bruker sjelden hvitløk jeg..:) Jula rydda vi vekk for snart to uker siden..var ekstra raske med det i år :)) Moro å lese hvordan du har løst utfordringene du har fått.. Håper du får ei fin kommende uke <3

    2. annebe: Takk skal du. Middagen var grei, men har kunnet krydra litt mer.
      Du var såpass tidlig ute med ryddinga du ja, jeg blir nesten litt sta i forhold til handelsstandens jul….om du skjønner. Litt slik gammeldags :). Ønsker deg en god uke <3.

    3. Då eg leste innlegget ditt, måtte eg beint spørje ma’en om kva dag det var i dag. Eg trudde det var sundag, men kunne jo ta feil, sidan du skreiv det var fredag. Heldigvis såg eg at det var sundag hos deg og, sjøl om det ikkje var den beste sundagen du har hatt. Du kjem sikkert til å få andre fine sundagar framover. Fatt mot!! :-))

    4. høres nesten ut som en liten innfluensa på gang,uansett så håper eg du finner igjen energien )) jula kan du ta når du orker,sånn er det greit når en er alene ,ingen som maser eller presser hi hi ,

    5. Oldemorbloggen: He, he,. først tenkte eg å viska over det eg skreiv om fredagen, for den berre forsvann….men så tenkte eg….dette er eit godt bilete på den helga her. Ja, satsar absolutt på meir energifulle søndager 🙂 Takk – eg skal fatta mot :))))).

    6. fruensvilje: Mest som det føles slik også, men kanskje alt er fint i morgen :). Jeg har snakka mye med meg sjøl om akkurat dette med energi….må ha mer..
      Jula er for så vidt nedplukka, men må nok vente til helg for å få lagt alt på plass.

    7. Ja, sånn kan det gå. Du får nyte minnet om en flott fredagskveld og avslutingen av jula. En dag av gangen videre. Jeg synes livet er litt opp og ned jeg. Noen dager er jeg så i farten og andre dager daler jeg ned liksom. Ikke annet å gjøre enn å ta tiden til hjelp. Ønsker deg en vakker mandagskveld 🙂

    8. Ikke så rart du var litt utladet etter å ha pakket ned julen, hentet ved, og måket snø, og sikkert mye annet innimellom….
      Leser natheless sin kommentar og må si meg helt enig med henne.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg