Dagane går fortare enn kva bokstavane gjer. Dagane går fort i eit nytt år også. I kveld skal eg skriva om utfordring.
Det var fruensvilje som ga meg denne utfordringa.
Forventning.
Vi er nettopp i gong med eit nytt år. Da kan det dukka opp mange tankar. Forventningar til det nye året. Alt som kanskje kan verta annleis…..
Er det dette året eg får drøymejobben, vinn den store gevinsten, finn den rette, blir oppdaga, greier å slanka meg, trena, få dei gode resultata på alle hald………kanskje kan dette vera forventningane for nokon av oss -.
Og eit snev av desse kan nok alle ha. Men kanskje er alle i overkant urealistisk. Å tru at eit nytt åt kan snu heilt om på det livet ein har.
Kanskje er det livet eigentleg bra…….om vi ser ordentleg på det.
Attover på det.
Forventningar går alltid framover. For det er noko vi ventar på. Noko som kan- og skal skje.
Greier vi det meisterstykket å væra til stades i livet akkurat no er det bra.
Men forventnigar vil ein ha i en eller annan grad.
Mine forventningar no i starten av eit nytt år er det ljoset som står for.
Det er så vakkert.
Og vi får både meir og meir av det. Det er berre opna seg å ta i mot.
Kvar dag.
Litt ljosare.
Våren som står framom oss. Den vil veksa seg inn i liva våre. Meir og meir vil våren koma nærare.
For kvar dag.
Sola som stig lengre opp på himmelen. Alt som igjen skal gro og veksa.
Når mars kle seg naken og ligg der gul og brun av det som var. Klar for varmen, gje seg over til det som skal gro. Gje seg over til den nye våren.
Eg er eit vårmenneske, for da startar alt. Og kvar dag gle meg over ljoset med alle forventningane i.
Det er mi største forventning.
Bra å ha forventninger til lyset da. For det svikter ikke!
Å så flott skrivi om forventninger! Blei varm inni….. 🙂
Kjempefin løsning på utfordringen, flott skrevet 🙂 Jeg gleder megogså til våren 🙂
det var jammen et flott svar på utfordringen min ) og du har jo rett,det er med våren det nye begynner,med lyset )) og jeg gleder meg sammen med deg
En herlig forventning det der ja. Jeg også gleder meg til våren. Men det er visst vel så viktig å nyte dagen. 🙂
snuskelasken: Lyset svikter hver dag, med det kommer alltid tilbake :).
Margrethe: Takk, nå ble jeg glad inni meg :))).
frodith: Takk :). Det blir VELDIG godt med vår, så nå har vi alt framom oss :).
fruensvilje: Så artig du syns det, takk skal du ha :). Herlig å kunne glede seg til slikt :).
natheless: Vi bør det, nyte dagen :). Også-.
Kva er livet utan forventnigar? Eg trur det hadde vore kjedeleg utan å drøyme om at noko skal hende ein. F.ekspl å vinne ein stor sum i Lotto. Sjølvsagt trur ein ikkje at det blir noko av, men likevel, ein kan håpe og drøyme. Eg vann forresten 105 kr i lotto i går, etter å ha satsa 50. Eg sat på eit hotellrom og hadde slikt å gjera, så pr mobil kjøpte eg ein kupong.
Oldemorbloggen: Det har du rett i, drøymane er viktige. Litt drøymar og litt notid….og ein bit fortid :))).