Å sitja her, i ro og fred utan ei plan men med tankane om alt ein kan.
I dag har eg fri. Det er så mykje eg har lyst til å putta inn i ein fridag. Skriva blogginnlegg. Rydde i heimen……eller lyst og lyst…….det er resultatet eg har lyst på. Ut å gå i skogen. Henge opp meir mat til fuglane. Kjøpte nytt da eg var i byen tidlegare i veka. Det er så artig med alle fuglane som kvitrar om morgonen.
Eg må nok i butikken å kjøpa frukt. Til fruktsalat. Dessert i morgon. Far fyller år på søndag og feiringa tek vi i morgon. Eg har lova fruktsalat og agurksalat.
Enno er det mykje meir eg har lyst til å gjera. Men eg kjenner både dagen og meg sjølv.
Det er ialle fall godt med både fredag og helg.
Nyt dagen din.
8 kommentarer
Jeg ønsker deg en fin fredag
en skal lytte til kroppen sin,trenger den en langhelg så gi den en langhelg )) du får nok gjort litt innimellom uansett tenker eg )
Ja, det er mye en har lyst til å gjøre…. men – en og en ting – og så være glad og fornøyd og nyte! Klemmer og god helg <3
Ein må nytte høvet når lysta er der, i går fekk eg lyst å blogge, noko eg ikkje har hatt lyst til i det siste.
Victoria Larsen: Takk det samme.
fruensvilje: Det er bare at en lang helg skulle vært mye lengre :). Klem
Margrethe: Takk, og det har du helt rett i…en og en ting :). Håper du har en vakker helg. Klem
Oldemorbloggen: Er det ikkje godt når ein har LYST til å gjera det eller det…. Og heilt einig, da må ein skunda seg å nytta høve :).