Det er på tide med eit blogginnlegg. For å fortelja at eg lever og at snøen er komen. Og at alt elles er ved det gamle.
November ein tung og mørk månad. No vert den ljosare når snøen breiar seg utover jordene……..og vegane. Dette med vegane er alltid ei utordring.
Han som brøyta i fjor og føråret sa det frå seg i år. Har det berre vore meg som budde her har eg nok klart å måka ei renne dei opp i mot 100 metrane ned til vegen. Men når leiebuaren er handikappa går ikkje det. Og så veks ikkje brøytarar på trer?.. antakeleg veks dei slik som alle oss andre. Det er berre det å finna ein.
I går kveld rulla eg så sakte, så sakte heim…….for hjula på bilen leikar sommar enno. Men no har eg bestilt både dekk og time for skift. Det er i morgon tidleg. Det eine settet med felgar får halda fordi eg veit ikkje kor lenge bilen held.
Men alt ordnar seg på vegen og greier seg i sjøen er det sagt. Utan samanheng.
I dag har eg fri. Veka har hatt innhald. Møter i mange ulike variantar.
Frå dei “gråhåra menn” sine desillusjoner til situasjonen min. Men eg kom meg gjennom dagane og i dag har eg fri. Ein ettermiddag var eg bedt på middag, prøvesmaking av julematen kan ein seia, og lutefisken smaka fortreffeleg.
Og så sit eg her med drømmen frå natta tredd nedover hovudet. Det var sommar, eg data, folk bada, eg møtte mora som fortalte og viste bilete. Det var hus, ja mange bygningar, det var folk og ferjer. Butikkar og handling. Og eg spekulerte på kvar eg var i veg no.
Etter kvart no skal eg rista av meg og koma meg i gong, rulla føter, strekkje kropp, vaske opp, hente ved, henge klede, støvsuge og da trur eg det skal få duge.
Korleis er det meg deg i dag?