Vi du vera med på tur?

Berre ein liten tur. Ein bitte, liten tur, opp og ned nokre bakkar.

 

Ein biletkavalkade av ein halvtime på tur. Så du skjønar dette ikkje var så store greia, men det som er viktig er at eg kom meg ut på denne turen.

Eg fekk på meg sko. 

Så la eg i veg i den holete buksa.

 Boffen, som forresten heiter Lucas, var ellevill av glede, sjølv utan band.

Der pilen peikar skal vi, for å sjå om vegen er kort etter juletre i år, for der er det eit bitte, lite plantefelt.

 

Det klukkar så fint i rennande vatn.

 

No er vi straks nede før vi må opp.

Her nede i botnen er vatnet frossen i sølepyttane.

Greiner utan lauv og ein bekk, den kalde, grå hausten er også fin.

Og så skal vi opp den kjempebratte bakken, phuu.

 Endeleg flatar det ut, der er trea………

………….og dei har vokse seg større ser eg, så i år vert dette enkelt.

Furu eller gran? Valet mitt er styrt av mange år med tradisjon, så det blir nok “same procedure as every year,…..”.

Etterpå går turen attende, ned den bratte bakken…….

……..heilt ned (nokon likar nok å pynte opp i naturen).

“Hei bekk, er du her igjen ja.”

Så var den siste bakken, men sjå finværsskyene på himmelen.

 Mest heime igjen, og det ryk av pipa……yes, men det visest ikkje på bilete.

Det var godt og væra handfast heime att, men bør nok gjenta litt “bakke” turar kjennest det ut som.

 

 

 

Takk for turen J

 

Eg er i gong

 

Etter månadar med tanken om fortsetjing og etter kvart ny oppstart, har eg klart det. Riktig nok er det eg har klart ikkje noko å rekna på, enno. Men med dag pluss dag over lang tid, vil det verta eit godt reknestykke.

 

Så har eg starta. Eg fortset der eg var i går. Eit så frykteleg vanleg og så frykteleg kjedeleg tema. Mat, vekt, helse og fysiske krumspring. Her har eg gått i månader og tenkt “no må eg i gong”. Men det har vore heilt håplaust. Eigentleg er det ikkje nokon forskjell på gårsdagen og alle dei andre dagane. Berre at alt er ørlite grann verre, slik det vert dag for dag når ein ikkje tek tak. Vi kan alle desse frasene om å være glad i seg sjølv slik ein er. Og det er viktig det, men eg er glad i meg sjølv eg………..og greier eg no å legge dag oppå dag med meir kontroll av fôrinntak, syner eg det og. For meg sjølv. Dei andre er ikkje så viktig her. Greier eg det no, det eg vil greie, vil eg nok likna ei skrukka rosin, det er så. No fyller feita fint ut skrukkene i ansiktet.


Eg må letna på skrotten fordi eg vil leva medan eg gjer det. Synest ikkje noko om at knea sukkar og stønner når eg beveger meg i større eller mindre grader. Ikkje bra at stolen held meg igjen når eg må opp av den, av og til blåheld den faktisk. I går kom eg inn på eit kontor etter og ha gått opp ei trapp, eg var flau over pusten min. Inni meg er eg ikkje den gamle dama eg held på å bli utvendig.


I dag gjekk eg på vekta, så no har eg gjort det. Eg er ikkje attende til der eg var siste gong eg starta, sist haust, men nok å taka tak i – for å seia det slik. Vekta er ikkje målet tenkte eg i dag. Målet er å få energien på plass. Eit lettare liv kvar dag. Lettare å ta dei kampane som alltid vil koma innom. Lettare å ta ein rask tur opp i skogen, eller ned til sjøen. For eg ynskjer å hoppa frå topp til topp, lett som ei fjør, svinga meg i greinene og jodle. Det siste var kanskje litt overdrive. 

 

Og kva for strategi eg har skal eg fortelja. Det er for så vidt ingen kur av noko slag, ikkje noko kurs heller. Eg fortset berre det vanleg livet mitt med nokre små grep. Verktøyet mitt er VG sin vektklubb. Den har eg bruka mange gong før og den funker for meg, når eg held fokuset. Det som er den største utfordringa med den er tida. Eg må føre opp det eg et og bruke ein del tid på data. Men hallo, eg er da eit datamenneske, eg skriv da blogg. Og med den delvise sjukemeldinga eg har, skal dette fungere. Men for høgføtt bør eg ikkje væra etter berre ein dag.


Rundt 30 år og ingen barn, årstala er rundt -88/89.


Eg er i gong med svangerskap og har etter hvert to barn, årstala frå -90 til -93.

Fram til eg var over tretti var eg mest tynn som ein tråd. Men så kom alle barna, også dei som ikkje kom levande. Da var det gjort. Etter 25 månader samanlagt med graviditet, der 2 x 3 månadar var utan nokon i magen inn i mellom, var eg vorte stor og endeleg mor. I tillegg var skjela skrapa og alt var annleis enn kva det hadde vore. Så eg gjekk inn i rolla med alt eg hadde å gje. Og så gløymde eg meg sjølv, det med vekta vart ei “ikkje sak”. Etter kvart kom alle vondtane og så starta eg å prøve. Det har vore mange forsøk, men enno har eg vore fleire år tynn enn tjukk. Det er likevel på høg tid. For om ikkje er det berre å pakka meg ned snart, og det synest eg er for dumt.


No tida no.

Derfor er det eg skal inn i munnen med i dag planlagt. Og så tenkte eg at kanskje skal eg ta meg ein tur ut i regnet, opp i skogen, bort til eit plantefelt med ei samling tre, som etter kvart vil høve til juletre. Kanskje eg kan hauste der i frå i år? Det kan nok være greitt å finne ut. Da må eg opp ein uhorveleg bratt bakke, og der er det ingen som vil høra pusten min. Berre boffen, og han vil berre væra overlykkeleg.

 

Om att og om att att

 

 

Veka er i gong. Dei gamle tankane blir børsta støv av nok ein gong. Eg ser på dei og spekulerer. Og ikkje minst dreg eg i håpet.


Som eit vrak sit eg her ein måndag og tenkjer dette går ikkje lengre. Eg må til å ta kontroll. Kjenner berre ordet er stort, for stort. Men eg må. No trivest eg ikkje. Det har gått over alle kosteskaft og unnskyldning finn ein bak kvar ei busk. Men trur hjernen må ryddast kraftig i først. Så eg må nok ta skippertak og julevasken der først. For eg vil da. Eg vil så mykje.

 
No er det meste eit tiltak. Eg tynger meg sjølv så ned. Og så veit eg. Eg veit alt. Eller ikkje alt, men mykje. Og gleda som følgjer med. Eg veit korleis det kjennest og stramma magemusklar  gjentatt gong. Kor godt kroppen har etter ein rask marsj ute, eller kanskje hovudet over kroppen har det best. Og knea. Knea som no klagar når eg går ei trapp.

 
Det er berre at eg blir så lei. Ikkje av å være i gong, men av å slutta og være i gong. Over snavlebehovet når ein har tapt vegen av synet.

 
Dette er andre gong på ei kort tid eg spikrar på veggen sanninga. Fordi eg har eit håp om at når eg legg alt fram at eg skal ha skamvett nok. Til å ta kontrollen for å innhenta krefter som er borte. For dei kreftene vil eg ha. Fordi eg treng dei.


Kan du trylle med hovudet mitt?

 

Det regnar nitrist. Det er så vått og grått at det kjennes. Eg ser mistrøstig ut og prøver å huke meg fast i noko positivt. Ser lista er lang. På det som er negativt.

 

Framtida, tenkjer eg. Jula. Det er ein bra tanke. Eg gleder meg til den, til maten, varmen og ljosa. Dele tid med dei eg er glad i. Fekk og ein invitasjon i dag som gjorde meg glad. Frå kjærasten til sonen. Leilegheita dei hadde flytta til var slik omtrentleg ferdig og dei hadde fri i helga, så dei ville invitere meg nedover. Men bil som treng reperasjon og billettar som er høge i pris så nære inntil, så må eg berre seia nei…. no. Likevel skal eg ta turen nedover, snart.

 

Det regnar.

 

Eg er eit vrak og ikkje snill verken med eller mot meg sjølv. Eg et lakris og anna usunt, om det er berre er i helger så er aktiviteten på eit lågmål i tillegg. Den har vore det lenge no. Lenge nok. Det har eg tenkt ei stund. Og resultatet let seg ikkje skjulast. Eg ser gravid ut. Gravid med mi eiga usunnhet. Nokså tragisk eigentleg.

 

Her om dagen opna eg lokket på nokre vitaminer. Ei positiv utvikling. Eg tok omega3. Det er nok både alfa og omega. Og eg trur at eg er mindre stiv i ledda når eg reiser meg opp no etter eg starta å ta lokke av og ta kapslane opp for å putte i munnen. Så kva skal eg gjera for og koma meg vidare?

 

Eg vil ikkje sitja og sjå trist ut på verda fordi eg har så dårleg form. Så eg må.

Må!

Eg seier det til meg sjølv opp mot mange gong om dagen. For eg har ikkje planar om å bli ei gamal kjerring enno. Ikkje på mange år skal eg dit. Så eg må. Må, må og må.

 

Kanskje det hjelper å skrive om det, tenkte eg. For og setja søkelyset på det. Kanskje det kan skje noko i tankemønster og handling da, tenkte eg.

 

Det regnar.

 

No får eg berre sjå om det var noko hjelp i å skrive om elendigheita. Men forventar nok uansett ikkje joggetur i morgon.

 

Men har du, som no kanskje har greidd å lese gjennom heile innlegget, nokre gode tips og koma med for og koma seg i gong og i form…..ja, så er eg skikkeleg takksam for det.


Korleis overtyda seg sjølv om at ein må koma seg over dørstokken?